Heisann Sognajenta
Eg har tungt for å skjøna at du ser eit problem i at ein gjeng fjosnissar driv med spit og intern fanteskap på "Torstein Hønsi sine heimesider om Vik i Sogn". Du kallar det navlebeskuande, og seier at det er for spesielt interesserte. Dette kan eg vera einig i, men det tykkjer eg fell fint inn i konseptet vikjavev. Av dei vel 6 milliardar menneska i verda vil eg tru at det er ein ytterst liten folkelyd som er interessert i å bruke fritida si på å granske stølsbilete frå Vik kommune, eller lese om grammatikken i vikjamålet. For ikkje å snakke om "sjnodjupn rundt ein staur på ei myr i Ygnisdalen"! Slå opp i valfritt leksikon på "ting som er for spesielt interesserte", og dette er det døme du finn. Eit fargefoto av stauren. Peruansk 80-tals musikk, russiske traktor-reiskap frå mellomkrigstida og rørslehemningar hjå tse-tse fluga er ingenting. Definisjonen på ting som er for spesielt interesserte finn du i Ygnisdalen.
Som vevmeistaren påpeika lenger nede var det mykje meir syrlege kommentarar før, so på det punktet har du direkte feil. No om dagen står me igjen med ein og anna kommentar frå kløyvarane, samt nokre utlendingar som skriv om hårfargen til forfedrene sine og lurer på om vevmeistaren kan gi dei nokre tips om kven dei er i slekt med. Vevmeistaren ga deg eit flott svar på kvifor biletseriane ikkje vert oppdaterte som før. Viss du i tillegg vil ha vekk den vesle aktiviteten på gjesteboki, står du igjen med å stira på det trafikklyset som indikerar om fjellet er ope eller stengt. Spesielt i sommarhalvåret vert dette ganske so statiske greier.
|