Gjestebok

Søk i gjesteboki

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Arkiv
Vevmeistaren
Voll

1. juli 2003 kl. 22:17
Ville berre skjota inn at den vesle raudhåra tassen har kasta seg lukst til topps på hitlista på Vikjanatur.com med 171 visningar siste 30 døger, og ligg med det suverent i leiing. Vevmeistaren gratulerer på vegne av Vikjavev, Vikjanatur, Tussi, snjomælaren på fjellet, verstasjonen på Hestavollane og knapperekkja til venstre.

Sonja Thiel
Indiana...USA

1. juli 2003 kl. 22:37
Torstein, I've tried to send you an email but it says your email address is not correct anymore. Have you changed it? I clicked on your email on your website and it will not go through, either.

Ringen
NOR

4. juli 2003 kl. 18:38
Har berre eit ord til denne Ziggy-fyren, SKRYTEPAVE!!

Du har kanskje ein moglegheit vist du legg saman alle "spretta" du har produsert i ditt lange liv, slår dei saman med T.Grunerløkken sine og gangar med fire, då vil kanskje ringane rekke so langt som auge ditt ser, muldvarp-augene dine. Men ein ting skal eg fortelje deg ditt jord-dyr, eg skal lage ti ringar i det mislukka kastet ditt, lett og slentrande vil steinen eg kastar danse i den eine uverdige ringen du lagar. Du vil ikkje kunne sjå hånfliret mitt men du vil føle det, og aldri, ALDRI vil du kaste ein einaste stein i heile ditt patetiske steinkastarliv, utan at denne kjensla når deg og får deg til å skjelve og gyse. Eg pissar på dine "fiskesprettmerittar"

Ringen

Ziggy
Tigerstaden

14. juli 2003 kl. 11:47
Du verden!! Er det nokon som veit kor gamal denne Ringen eigentlig er? Er det Silvio Berlusconi som gøymer seg bak? Sitat: "Alle ringane i heile ditt liv." "Ganga med fire." Kva i all verden slags pisspreik er dette? Med ein slik latterlig ordbruk reknar eg med at du har fått hjelp ein vaksen til å trykka på tastaturet! Men ein ting skal du ha, forslaget om ein omg. i ferskvatn og ein i sjøen vil jo visa ein gang for alle at Ziggy tha man er fiskesprettkongen i Vest!! (eller Martin Schulz som han også blir kalla) PS! At biletet av den vesle raudhåra tassen har flest treff her kjem ikkje som nokon bombe, folk har jo valfarta til Kristiansand for å sjå Julius i 20 år!

Ziggy
snart i vest

18. juli 2003 kl. 13:21
Du vart stille no ja, din tasselass.

Helsing Ringenes Herre

Oddgeir
Bergen

22. juli 2003 kl. 20:03
Det er lengje sidan du har vore og målt snødjupna no. Eg bere nemner det...


2000-2020 © Torstein Hønsi