Gjestebok

Søk i gjesteboki

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Arkiv
Strending
Bergen

2. februar 2009 kl. 13:18
Er det lov å byte til 138 cm i snjotippen?

Batt Flathove
Godstolen

4. februar 2009 kl. 18:25
Såg i avisa at kommunen vil byggja turveg langs Hopra. Sponsing frå Statkraft og utviklingsmidlar frå KRD og fylkeskommunen er vel og bra, men det hadde kanskje vore meir midlar å henta ved å knipa inn litt utgifter i småbygdene innaføre? Når ein først held på så hadde det og vore veldig freistande å byrja med ein aldri så liten tunnel i enden av turvegen. Med tid og stunder så skulle det vel vera råd å gnaga seg gjennom til Hola med fylkeskommunale midlar.

Edward Schwabecher
Sunnyvale, CA, USA

6. februar 2009 kl. 18:16
Thank you for posting pictures and webcam of lovely Norway

Ed & Ann Schwabecher

Darky
Aker. Lys Aker.

9. februar 2009 kl. 13:18
Vik vil vere Vik i Sogn uansett om det høyrer til Sogn og Fjordane, Hordaland eller eit vestlandsfylke. Det er ikkje snakk om å flytte kommunen FYSISK, veit du/

Men lat oss sjå litt realistisk på sakene. Det er eit par fakta som må på bordet før ein kan byrje å diskutere kvar kommunen skal hoppe. (orsak om dette ikkje ser bra ut, gjesteboki til veverten ser ikkje ut til å like tabellframstillingar!)

1. Det kjem ein kommunerevisjon frå stortinget om ikkje så lenge. Det har vore ulike lydar og knurringar derfrå i lang tid om at kommunenorge må omorganiserast i større driftseiningar. Det siste no var vel ein FRP-mann som hevda at ein måtte slå saman kommunar og nå størrelsar på omlag 20.000 innbyggarar for at det skulle bli samfunnsøkonomisk berekraftig.

2. Vik har lenge vore ein "utkant" i regionen Sogn. Ikkje heilt Indre Sogn, og definitivt ikkje Ytre Sogn. Dette har lenge gitt seg utslag i det såkalla "regionsrådet", som snarast bør døypast om til "Råd for fremjing og beskyttelse av Sogndølers interesser!" Vik utgjer omlag 10% av folketalet i Indre Sogn, om ein legg folketalsopplysningane på Wikipedia til grunn, og er med det 4. største kommune etter Sogndal, Årdal og Luster.

3. Vik har i ei årrekke blødd innbyggarar ut av kommunen, pga. den manglande heilårsvegen, og pga. at arbeidsplassar har gått tapt.
Denne utviklinga vil halde fram til eit naturleg lågt ekvilibrium vert nådd, truleg på rundt 1.500 - 2000 innbyggarar.

Så kva retning bør Vik søkje seg no når ein så står framfor dette vegskiljet?
Lat oss sjå på alternativa for å nå ca. 20.000 innbyggarar:

1. Næraste naboar i Sogn
Vik - 2784/14,47 %
Balestrand - 1347/7,00 %
Leikanger - 2167/11,26 %
Høyanger - 4344/22,58 %
Aurland - 1685/8,76 %
Sogndal - 6914/35,93 %
Totalt - 19241/100,00 %

Dette alternativet vil kanskje for mange framstå som det mest naturlege. Problemet er at ein då står att med Luster, Lærdal og Årdal, med sine 12.000 innbyggarar, som må ut av fylket for å nå sine 20.000.

2: Næraste naboar på sørsida
Voss - 13818/69,98 %
Vik - 2784/14,10 %
Aurland - 1685/8,53 %
Ulvik - 1112/5,63 %
Modalen - 347/1,76 %
Totalt - 19746/100,00 %

Dersom Vik skulle gå til Hordaland, og ta Aurland med seg, så vil ein kunne få ein storkommune med Voss, Ulvik og Modalen. Sambandet mellom Vinje og Aurland er alt utbygd i så stor grad at Vik og Aurland i mange år hadde eit politisamarbeid sommarstid.

Resten av Indre Sogn vil då kunne danne ein "storkommune" utan Vik, og i det store og heile ture på som dei gjer no. Dei vil vel knapt merke noko forskjell, bortsett frå at dei då må finne nokon andre å seie nei til:

3. Indre Sogn Storkommune utan Vik
Sogndal - 6914/29,96 %
Luster - 4887/21,18 %
Årdal - 5565/24,11 %
Lærdal - 2198/9,52 %
Balestrand - 1347/5,84 %
Leikanger - 2167/9,39 %
Totalt - 23078/100,00 %
Desse kjeltringane hadde nok hatt mykje moro i lag.


Eit anna alternativ er å sjå seg vestover, ut i havet.
4. Ytre Sogn Storkommune (med nokre slengarar frå Hordaland)
Høyanger - 4344/22,12 %
Gulen - 2289/11,65 %
Hyllestad - 1481/7,54 %
Vik - 2784/14,17 %
Solund - 882/4,49 %
Masfjorden - 1653/8,42 %
Modalen - 347/1,77 %
Fjaler - 2816/14,34 %
Askvoll - 3045/15,50 %
Totalt - 19641/100,00 %
Det er slett ikkje sikkert at Vik ville fått noko større gjennomslagskraft her, men det ville nok ikkje blitt MINDRE enn det er i dag.

Til slutt er det nok følgande som blir realitet før eller seinare:

5. Indre Sogn Storkommune
Vik - 2784/10,11 %
Balestrand - 1347/4,89 %
Leikanger - 2167/7,87 %
Sogndal - 6914/25,10 %
Luster - 4887/17,74 %
Årdal - 5565/20,20 %
Aurland - 1685/6,12 %
Lærdal - 2198/7,98 %
Totalt - 27547/100,00 %

Dette vil utan tvil føre til ei enda sterkare avfolkning av dei perifære bygdene, og ei styrking av kommunesenteret, kvar no det måtte ende opp. (Ikkje set pengar på Vik, det er større sjanse for å vinne i Lotto!)


Grunnen til at mange truleg vil foretrekke Alternativ 2 (Voss, Ulvik Aurland og Modalen) framfor Alternativ 5 (heile indre sogn) er jo nettopp det at alternativ 5 består av dei samme kanaljane som Vik har forsøkt å forhandle med og leve med i alle år utan å få gjennomslag. Det er dessutan 8 bygder med sine interesser som skal bli einige der, i motsetning til 5 i Alternativ 2.

Det kan også fort vise seg svært fåfengt å henge seg opp i om Vik er ein del av Sogn & Fjordane, Hordaland eller Akershus fylke for den saks skuld, idet det neste steget for kommune-revisjonistane vil vere å slå saman fylke...

Stian
Bergen

9. februar 2009 kl. 20:39
Lat no vel Vik få rotna vekk vel? Dao bli da so fint å komma heim til garden. Siao da ikkje bur nåken dar meir so kan ein jo liksom seia at ein eig heile teigen.... Dan nye storbonden liksom.. Sjølv om ein ikkje ser bygdi før berre skog. Teink deg å vandra nedøve dan måsegrodde Rv.13 Om nåki år når klimaendringane har tatt realt tak so er da kansje palme i stadenfor dei pjuskete bjørkene... Kaktusa pryda oppette Hopperstadmarka og greier... Jammen ser eg fram til da!

Vevmeistaren
Kjellaren

12. februar 2009 kl. 13:36
Darky,

Difi lyser etter lyse datahovud, så viss du absolutt vil gjera den framtidige storkommunen ei beina så tek du med deg nokre irar og kjem over dammen att. Dei treng utviklarar såvel som driftekarar.

Darky
Attme toget

12. februar 2009 kl. 14:01
Dammen er kryssa. No tjener eg staten, og yter min skjerv til fattigkommunen Oslo. Enno har eg ikkje blitt med i hylekoret om at alle vegmidlar må gå til 9-feltsveg på austlandet, men det er vel kun eit spørsmål om tid.

Håvard
Trondheim

16. februar 2009 kl. 13:20
Hei Torstein. Var bare her og hentet siste versjon av Highslide til bruk på privat hjemmeside, og så til min store fornøyelse at du ikke har endret layouten siden sist jeg var her for 3-4 år siden (?). Det er bra. Dette er den stiligste og mest tidløse layouten jeg har sett på nettet, så la det være som det er. Et utrolig flott nettested for Vik, men jeg kan ikke skjønne at du har tid til alt dette i tillegg til jobb. Men om hjemmesiden er bra, er Highslide JS ennå bedre. Så i et glimt at Finn.no brukte scriptet ditt i januar,- var dette en test, for jeg kan ikke se det brukt under noen kategorier der nå? Uansett,- et bedre bildepresentasjonsverktøy for internett skal du lete lenge etter. Min stesønn går webdesign på videregående nå, og holder på å sette seg inn i Highslide. Heldigg !

Dhanishta
Australia

18. februar 2009 kl. 6:14
you have a nice website and I enjoyed viewing the webcam images.

Heddis
so faen

19. februar 2009 kl. 20:09
1) Beste kommune:
2) Beste regionsenter:
3) Beste 70tals band:
4) Beste 80tals band:
5) Beste 90tals band:
6) Beste 20tals band:
7) Beste kle merke:
smilie me bridle) (koden er aotta og parantes8) Beste bil:
9) Beste øl:


Mine svar.
1. Vik
2. Bergen
3. The Fall
4. The Fall
5. The Fall
6. The Fall
7. Ben Sherman
8. Alfa Romeo
9. Deuchars ipa

Borghild
AttmedSøbbe

20. februar 2009 kl. 8:17
1. Vik
2. Bergen
3. Zeppelin
4. Siouxie and The Banshees
5. The Strokes
6. The Strokes
7. HM
8. Golf
9. Stella Artois

Darky
over alle blåner

20. februar 2009 kl. 9:57
Stella? STELLAAAAAAA!

Stella er ikkje øl. Stella er ein kjemisk substans på linje med LSD, men som tilfeldigvis har ølsmak og ølfarge (svak sådan).

http://www.google.no/search?q=stella+artois+wife+beater
http://www.dailymail.co.uk/news/article-494149/Where-did-wrong-beer-wife-beater.html

mvh.
Professor Darky
-Internasjonalt anerkjent ølkjennar

Borghild
AttmedSøbbe

20. februar 2009 kl. 13:12
Samme kjemisk substans som LSD? Og du lurer på kvifor det er favoritten min?

Heddis
sof aen

20. februar 2009 kl. 16:38
Hm 10) 6otals musikk mao med og.

The Monks

Darky, du konde gått ha skribla ned nokre svar.

Darky
i kjedlaren

20. februar 2009 kl. 20:04
Sorry, Heddis, det var ein glipp!

1) Beste kommune: Vik
2) Beste regionsenter: Dublin
3) Beste 70tals band: Scorpions
4) Beste 80tals band: Pseudo Echo.
5) Beste 90tals band: U2
6) Beste 20tals band: Bill Murray - "the Tipperary song" (eller meinte du frå 2000-talet? Eg trudde det var 1920-talet du meinte....)
7) Beste kle merke: Poco Loco/Pocolino. Klarar ikkje bestemme meg.
8) Beste bil: min bil.
9) Beste øl: Det der engelske... Pint, trur eg det heiter.
10) Beste 60tals band: The Flying Burrito Brothers. Eller kanskje The Beatles. Close call.

Z
GOM

22. februar 2009 kl. 22:44
1. Vik
2. Bergen
3. AC/DC
4. Raga Rockers
5. Tool
6. Interpol
7. Levi's
8. Volvo 740
9. The man in black

Heddiz
S ofaen

23. februar 2009 kl. 17:36
Har Mr. Z galant overzett zpørzmål nummer ni eller ti?
The man in black kan jo vera ein metafor for det ekzellente ølet Guinnezz, eller, zjølzagt, Johnny Cazh. Det kan jo og vere at Hr. Z forkortar zitt eige innlegg med å zvara på begge zpørzmåla med eit zvar. Medan eg ventar på zvar lever eg i uvizza.
Ja Ja, John Olav Nilzen & gjengen leverer heldigviz varene.

Z
stilll GOM

23. februar 2009 kl. 19:20
Der trakka eg i salaten gitt. Oversåg spørsmål 9. So då blir det slik:

9. Cerveza Panama
10. The man in black

Oddgeir
Oseberg Sør

24. februar 2009 kl. 1:02
Hmmm...
Ser ut til å verte eit dårleg år for snjo-tipparar frå ytre Sogn. Eg kan melde at det var rundt ein meter og tjue på Solrenningen for ei veke sidan, kan tyde på at stauren på Vikafjellet korrolerer godt med Solrenningen med andre ord. Til fanatiske antirøykjarar og turlagsfolk kan eg og meddele at eg røykte pipe inne på turisthytta, akkompgnert av ein jegermeister, mutters åleine laurdag 15 februar 2009, klokka 22:00. Eg ventar på ekslusjons-vedtak i turistforeningen (sjølv om der var ingen som klaga...) Returen til Steinsland tok meg imidlertid seks heile timar sundagen, ikkje grunna overdriven piperøykjing (å nei), men grunna eit lass med nysnø. Og på toppen av det heile har kjeringa no lagt ned forbod mot den slags tylefakter meir. Kva kan ein stakkar gjere?

Ginge
Fana

24. februar 2009 kl. 10:19
1. Vik
2. Kleppestø
3. Lynyrd Skynyrd
4. Bjelleklang
5. U2
6. Madrugada
7. Bergans
8. V70
9. Nøgne Ø, Brown Ale (kjellarkald)
10. Johnny Cash


2000-2020 © Torstein Hønsi