Meg sjølv

Sjå større versjon av biletet Heimesidesnikkaren på aurefiske i Skjervheims-Grøndalen sommaren 2000. Fisken var 191 cm lang.

Fødd i 1974, oppvaksen på slektsgarden Hønsi i Vik i Sogn.

Utdanna innanfor geologi ved Universitetet i Bergen. Jobba som slamloggar i Nordsjøen frå 2000 til 2003. I november 2003 vart eg tilsett hjå Vik IT-Partnar AS der eg dreiv med forskjellige IT-ting, mest web-programmering og -design. I september 2005 byrja eg att som slamloggar, men gjekk i tilbake til Vik IT-Partnar i 2007. Frå 2008 jobba eg som sjølvstending næringsdrivande og produserte dataprogramma Highslide og Highcharts. Frå 2010 var selskapet omdanna til aksjeselskapet Highsoft Solutions, som pr. 2012 har seks tilsette og fire faste innleigde.

Eg har drive mykje med lokalhistorie, både som sommarassistent ved Vik lokalhistoriske arkiv 1996-2000 og som leigd hjelp eller av eiga interesse.

Eg budde i Bergen til våren 2002 då eg kjøpte eit gamalt hus på Voll i Vik, som eg har pussa opp. No bur eg der saman med kona mi Eli og sønene våre Anders (fødd 2008) og Lars (fødd 2011).

Oppdatert 04.09.12


Ikkje klikk her!

Microsoft Windows XP [Version 5.1.2600]
(C) Copyright 1985-2001 Microsoft Corporation

C:\Documents and Settings\User>
2000-2020 © Torstein Hønsi