Guestbook

Search the guestbook

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Archive
Borghild
AttmedSøbbe

April 7, 2010 12:08 PM
Eg er innom gjestebokji KUN for å sjå om det er noko nytt frå ordkløyvar-mafiaen. Smaken er som baken, veit du.

Darky
ved hoggestabben og kløyver ord

April 8, 2010 7:31 PM
Kløyve no gjedna eit ord elde tri. Betre med ordkløyarmafia enn ingen mafia!

tux
Landås

April 8, 2010 10:35 PM
Om baken er kløyvd på midten er det også betre å sitja!

Z
Jugendbyen

April 10, 2010 9:02 PM
Viss baken ikkje hadde vore kløyvd hadde det vertfall vore heilt håplaust å sett seg til på ramma.

Smalen
haugalandet

April 12, 2010 9:05 AM
Sama kor du snur deg,so ha du røvi bak

Darky
Pao toppen ao byggje

April 12, 2010 4:15 PM
Da e no enkelte so preika so mykje drit at ein skulde tru dei ikkje hadde røv..

Thor Inge Kjebekk Thue - Nilsen
Arendal

April 17, 2010 1:43 PM
Hello Torstein.

I found link to your lovely homepage and Vikavev.no at http://vBulletin.com.

It's great that there now are some Norwegian people in the vBulletin section.

As you can see so are my English not so good, and I have a question about an error with vB.

Can you please send me an short mail so I can ask you about the issue on Norwegian?

Anyway, lots of great and lovely picture in this great homepage.

Thanks from Thor in Arendal - Norway

Sognajenta
April 21, 2010 1:08 AM
Hei igjen - ordkløyvar-mafiaen.
Eg fortener vel røvkløyvar-inkjevetta-vitsane som attendemelding på mine utspel. Og eg skjønar no at dette forumet er for spesielt interesserte. Det eg ikkje skjønte var at ei så "offisiell" side blei så intenst intern. De er sikkert intelligente og trivelege folk, men det høyrest så sabla in-house ut det som vert framført dykk imellom. Ha det kjempefint - og kos dykk vidare med kvarandre - ordkløyvarar.
Sognajenta

Z
in cabin

April 24, 2010 9:56 PM
Heisann Sognajenta

Eg har tungt for å skjøna at du ser eit problem i at ein gjeng fjosnissar driv med spit og intern fanteskap på "Torstein Hønsi sine heimesider om Vik i Sogn". Du kallar det navlebeskuande, og seier at det er for spesielt interesserte. Dette kan eg vera einig i, men det tykkjer eg fell fint inn i konseptet vikjavev. Av dei vel 6 milliardar menneska i verda vil eg tru at det er ein ytterst liten folkelyd som er interessert i å bruke fritida si på å granske stølsbilete frå Vik kommune, eller lese om grammatikken i vikjamålet. For ikkje å snakke om "sjnodjupn rundt ein staur på ei myr i Ygnisdalen"! Slå opp i valfritt leksikon på "ting som er for spesielt interesserte", og dette er det døme du finn. Eit fargefoto av stauren. Peruansk 80-tals musikk, russiske traktor-reiskap frå mellomkrigstida og rørslehemningar hjå tse-tse fluga er ingenting. Definisjonen på ting som er for spesielt interesserte finn du i Ygnisdalen.

Som vevmeistaren påpeika lenger nede var det mykje meir syrlege kommentarar før, so på det punktet har du direkte feil. No om dagen står me igjen med ein og anna kommentar frå kløyvarane, samt nokre utlendingar som skriv om hårfargen til forfedrene sine og lurer på om vevmeistaren kan gi dei nokre tips om kven dei er i slekt med. Vevmeistaren ga deg eit flott svar på kvifor biletseriane ikkje vert oppdaterte som før. Viss du i tillegg vil ha vekk den vesle aktiviteten på gjesteboki, står du igjen med å stira på det trafikklyset som indikerar om fjellet er ope eller stengt. Spesielt i sommarhalvåret vert dette ganske so statiske greier.

Darky
Ikkje i fjosen, da e no berre greitt!

April 29, 2010 5:25 PM
Godt sagt, Z!

Men ein ting skal du no ha klart føre deg, noko fjosnisse vil eg ha meg fråbedt å bli kalla.
Eg har knappast vore innaføre ei fjosdør på mangfoldige år, og det næraste eg har vore husdyrhald i det siste må vel vere eit par-tre floge som surra i vinduskarmen her sist sommar.

Vabbakadl, fjome, av og til ein gap. Men fjosnisse? Aldri!


2019 © Torstein Hønsi