Gjestebok

Søk i gjesteboki

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Arkiv
fjellfarar
3. november 2004 kl. 12:24
Er gyseleg spend påkva farge snjomælaren får iår.

Ol' Ironside
3. november 2004 kl. 19:23
Fargevalg på snjomælaren er ikkje berre-berre! Men no tykkjer eg det snart er på tide at den kjem i drift! Eg har ved sjølvsyn observert opptil fleire cm snjo/slaps især i norvendte hellingar!

Her må snjomælaransvarleg kjenne sitt ansvar!


Styreleiar
3. november 2004 kl. 21:16
Bestyrelsen i avdeling for meteorologi ved Vikjavev har no, i høve den uventa vinteren, sett ned ei snjomælar-komite som skal vurdera fargen på kommande vinters kurve. Inntil rapporten frå komiteen føreligg, og denne er godkjend i bestyrelsen, vert det ikkje publisert ytterlegare data frå snjomælaren. Ein vurderer og å setja ned eit snjomælar-politi som skal spora opp og reinska ut alle som kjem med spitige innlegg om snjomælaren.

Vevmeistaren
7. november 2004 kl. 18:40
Som mine kjære lesarar nok allereie har lagt merke til, har no snjomælarenkurva starta den møysommelege stigninga mot ein ny sesongtopp. Ein meir kritisk lesar (kritisk sans er sunt) har ytra bekymring for årets farge, men hertil kan eg røpa at årets kurve alltid har vore blå. Komiteen vel heller å endra føregåande års farge, for ikkje å kompromittera den skjøre fargebalansen på snjomælargrafen.

fjellfarar
10. november 2004 kl. 15:43
Eg er særs nøgd med årets fargeval på snjomælaren, måtte snjomælaren i vinter nå nye høgdar

Big Stix
Feios Drabantby

11. november 2004 kl. 17:48
Det er berre ein ting som er betre enn sex!
Nemleg å sjå at det sprakar til liv i "snjomælaren"!!!

tux
bedix

16. november 2004 kl. 19:30
Snjomelar og Tom Cruise??? Mykje pjatt for tida Vevert? Her trengs det forfriskningar! Sit i Bendix med bredde på bandet, då treng eg utfordringar som stimulerar og gjev meg innputt i dagleglivet. Har i lengre tid holdt meg unna søkelyset av ulike grunnar, er no modnare og føler meg klar til dyst!

Veit det sit ein kar
med rygg lengre enn eit stort badekar
ryggen er skeiv og kroppen sliten
Vil han til helga klare hyttebiten?

Tøff han sa, ingen problem
klart til helga eg dit hen kjem
det er stor skilnad på mann og mus
eg tek meg bere eit glas med eple-juice

Tida vil snart gje oss svar på det
om guten er heime eller om han er rmed
I mens sit eg her drikk kaffi og et kjeks
på vikjavev les eg, snjomelaren er betre enn sex



Tihi!!!
16. november 2004 kl. 19:36
Jadao! Her va da no liv!?

Tihi 8-)
16. november 2004 kl. 19:38
Forresten: tøffe bilde!!

Z
reaktoren

17. november 2004 kl. 8:39
Karen med den lange skeive ryggen er med til helga, reise vestover i dag. So vil det jo visa seg om det har snøa so mykje at den vesle raude fyren i Bendix forsvinn under skaren? Kanskje han må ligga baki rypenettet på sekken min? Er vevsmeisteren i heimbygda i helga?

darky
17. november 2004 kl. 9:47
Det er vel kun ei flaske Famous Grouse som skal "skytast" tenkjer eg.

Likar ikkje heilt tanken på at desse to uvørne fyrane traskar rundt i dei vikske fjell fullt bevæpna. Hytteveggar, anleggsmaskiner og den gjengse fjell-turist går ei tøff tid i møte.


lang veidemann
snart vest

17. november 2004 kl. 12:08
Darky?!?! "Uvørne" er vel eit ord som ikkje passar inn her i det heile. Her snakkar me om to veidemenn med eit tosifra antal sansar som kan smyga seg rundt i meterdjup snø utan å sette fotefar etter seg! Dei kan overleva på lav og rypeskit i veker, og orientera i storm på nattetimen etter snøen som fall i fjor!

Vevmeistaren
Søbbejordet

17. november 2004 kl. 13:19
Vevmeistaren skal til Sogndal og spela rockemusikk på fredag, men kjem att laurdag og er klar for hyttetur.

tux
Bendix

17. november 2004 kl. 23:20
Det er vel til stadigheit ledig plass i rypenettet ditt tippar eg. Kanskje det vert mi oppgåve å fylle det, om ikkje med mi eiga kjøttmasse, so med middagsmat som Austbø ville sagt det.
Og til deg Darky park; sjå å finn deg ei anna gjestebok der bjeffing under dyna høyrer heime!

darky
18. november 2004 kl. 14:05
"Dei kan overleva på lav og rypeskit i veker"

Ja, det er kanskje like greit, med dei skyteferdigheitene dei oppviser...


Vevmeistaren
19. november 2004 kl. 16:21
Karane upp mot hytta gjeng
rjupone søv på pudderseng.
Vakna, du rjupe, fljug upp og i skjul!
I morgon skal karane tidleg i veg.

Darky
19. november 2004 kl. 20:18
Haika til ære for jegrane i fjellet:

Snjoen glitrar kaldt,
hagla mot oksel ligg.
Rjupefjør i vinden.

Langrygg og Raudtopp
månebleink i våpenpuss
Trygge rjuper.

Dynebjeff frå Darky
Treffer ømme punkt hjå to
Bra han vantar hagle!

SkapSogning
22. november 2004 kl. 3:47
Du har trakt,
og eg har tut.
Du er jente ,
og eg er gut.

God Jol til alle ´Vikjer´!
Helsing frå ´SkapSogning´

Joan Arthur
Oxford, England

22. november 2004 kl. 13:48
I cannot get the main picture on the home page. The oppdater does not work and there is no chance to \´ta bilete no\´. And the view is so beautiful just now (Arkiv is working). I\´m viewing through Netscape, and Internet Explorer. Any suggestions?
Thanks ever so much...
A dedicated fan...Joan

Myrkaskog
Bhaile Bhlainséir

26. november 2004 kl. 12:36
Mykje stor poesi ute og går her. Nesten så ein blir varm om hjarterøtene. Kan vi sjå fram mot ei "Vikjavevs beste"-samling? Kasnkje illustrert av Tom Cruise-spesialisten?


Tor
ini Oslo

29. november 2004 kl. 10:07
Eg må nett tilbake til snjomelaren.

Ein vinter sneiar som kjent inom to kalenderår. ein kan til dømes snakke om vinteren 2002/2003. Dette er ein typisk norsk vinter som startar ein gong i november i 02, og smeltar vekk ein gong utpå våren året 03. Slik at det iallefall blitt meg fortalt i skulen.
Sida målestasjon Ygnisdal vart oppretta i 2000, har dei norske vintrane starta den 01.01 - for å fortsettje gjennom vår, sumar og haust - for først å ende den 31.12. Hittil har det gått bra. Tilfeldigsvis har det vore akkurat like mykje snjo den 01.01 som den 31.12 (eit heilt år etterpå) - slik at grafen heng saman. Men vi kan ikkje stole på ein slik griseflaks i framtida.

Tek sjølvsagt atterhald for at vintrane artar seg annleis i andre land, men dette er ein norsk mælar som mæl norske vintrar - då må ein forvente at det er norsk lovgjeving og praksis som gjeld.

Ingen kritikk - vil berre settje fokus.



Oddgeir
Byd'n

29. november 2004 kl. 23:43
Tor, dette trur eg må skuldast at Vikafjellet nyleg er hamna på den sørlege halvkule. Truleg er det av dei fyrste teikna på den lenge spådde reverseringa av nord-og sørpolen me er vitne til her. Det er over 700.000 år sidan sist, so det er på høg tid. Ingenting å bry seg om. Eg framset hermed namnet Nonhaugen Magnetic Reversal på denne hendinga. Her luktar det nobelpris, eg seier ikkje meir...
Ein ting som bekymrar meg meir, er at eininga på ordinat-aksen på mælaren, er gjeven som djup/m. Djup per meter! Vinteren 2000 (eller vert det sumaren etter den nye, reverserte tidsrekinga) kan me soleis lese at det var nærmare 3 meter snø PER METER! Dette kan mogelegens vere ein forbigåande relativistisk effekt (ein sokalla Lorentz-kontraksjon) som fylgje av reverseringa av polretningane på Vikafjellet. Dette bør skigåarar på fjellet vere merksame på til vinteren. Det er kun 1/3-del so langt! Her bør ein kunne klare Romarheim - Vikafjellet på halvannan dag dersom dette fortset å reversere! Her lyt me fylgje nøy med på relativitets-stauren på Nonhaugen.

Vevmeistaren
30. november 2004 kl. 8:34
Eigentleg var eg tenkt å lata dettte med sesongnedbøren fara, eg tenkte at gutane får no få lov å skøya litt utan at ein som Vevmeistar treng å korrigera kvar vesle villfarelse.
Verre er det når ein skulert mann steilar over at aksen er oppgjeven i djup/m! Her har me tydelegvis med ein mann å gjera som har jobba for lenge i Nordsjøen, i ein bransje som er gjennomsyra av amerikanske einingar og konvensjonar frå den tida SI berre var eit spansk svarord. Viss Oddgeir var like oppteken av kunnskap som av spitord ville han hugsa frå fysikktimane at dette er den korrekte måten å oppgje eininga på ein akse. Fylgjande døme viser den slåande logikken:

Djup/m = 2

Gangar me opp med m på begge sider av likskapsteiknet får me:

Djup = 2m

Her vil Oddgeir sin logikk gje djup = 2. To kva då? Tommar, oljefat, gymsokkar? Eller to "kritikarar" som sit og finles Vikjaveven og trur dei kan kritisera alt dei ikkje forstår?

Tor
ini Oslo

30. november 2004 kl. 9:58
Som sagt tidlegare så tek eg atterhald på alt som vert sagt, og etter siste kraftdemonstrasjon frå meistaren på einingsfronten er eg endå meir kvien for å ytre meg.
Men når noko skurrar lyt ein sei ifrå. Det er min rett og plikt. Det gjeld også for Oddgeir, som du så hjartelaust slo i golvet med dei flottaste likningar. Ein kan ikkje argumentera mot slikt.

Så tilbake til saka mi som eg ikkje fekk heilt gjennomslag for. No tek vi te-skeia fatt.

Ta f.eks grafen du kallar 2004. I november 04 fell den fyrtse målbare snyen. Det aukar på utover, og i slutten av desember har vi oppunder 70 cm djup/m (korrekt bruk av eining?)
Så kjem vi til saka. grafen fortset - medan vi set oss i tidsmaskina - og reiser heilt tilbake til januar 04. Tilfeldigvis er det akkurat like mykje sny eit år tidlegare, slik at ikkje grafen ser heilt noldus ut. Flaks for deg, men tilfeldig? Neppe.

Det er her eg meinar Oddgeir er inne på noko vesentleg med reversjonsteorien sin. Evt. reletivitetsteorien. I allefall ein av dei to.

Eg vil berre oppmode deg til å høyre på mannen. Einstein vart i starten også sett på som ein tufs. Noko vi ikkje kjenner til er på gang, og men ein hastigheit vi ikkje har sett maken til.

Du fanga dette heilt tilfeldig i 2000, Meistar, men lat andre tyde teikna.

Vevmeistaren
Søbbejordi

30. november 2004 kl. 13:59
Forøvrig var grunngjevinga for at nedbørdøgeret starta kl 19 at det ikkje skulle vera for seint på kvelden for dei som las av mælaren. Ein kunne jo risikera at det gjekk i ball med tal og einingar. Kanskje dette kan takast til etterretning av enkelte debattantar her på sida? Eg tenkjer då særskilt på slike som sit oppe og skriv innlegg når klokka nærmar seg tolv om natti. Når enkel algebra vert tillagd relativistiske dimensjonar kan ein få ein mistanke om at debattanten er på god veg inn i drøymeland.

Darky
Ein mørk og stormfull plass

30. november 2004 kl. 14:05
Eg etterlyser forøvrig fangstrapport frå Langrygg og Raudtopp som var så tøffe i bjeffet her førre helg...



2000-2020 © Torstein Hønsi