Guestbook

Search the guestbook

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Archive
Torstein
Trodl

January 2, 2006 8:49 PM
Eg øydelagde skiene mine i julehelgi. Får laga meg nokre nye når eg kjem heim.

avest
hardanger

January 3, 2006 2:42 PM
Blir huldra med på hytttetur?

avest
hardanger

January 3, 2006 2:45 PM

gunda
January 3, 2006 3:17 PM
E takkar ja. Når og kor?

gunda
January 3, 2006 3:28 PM
Kva med veke 9 i tillegg?

a utan vest
hardanger II

January 3, 2006 4:22 PM
ja, pluss meir!

Supergutt
Vikjo

January 4, 2006 2:53 PM
I kveld ska vi på fydlo. Stord rule. Gir oss ikkje førvi ser bunnen på vodka flasko.

tora
bergen

January 5, 2006 1:14 AM
Saknar ord i Kalling og skjemteord !!!

Som e typiske i VIK

Fks,,Ein Turrnavar,,,,,,Ein Slamp,,,,Eit Beinrangel,,,,,Ei Brya,,,,Ein Røysekatt(forviten person)

gunda
January 5, 2006 9:10 AM
Typisk "harding" å ikkje svare på spm?

John J.
Where the Buffalo Roam and the Skies are Not Cloudy All Day

January 5, 2006 5:44 PM
Jeg leste i Aftenposten et par dager siden at Norge skal separere "church and state". Gratulerer! Hva er hastverket?

Jarle Drevdal
Asker

January 6, 2006 12:56 PM
Eg fere vidt pao internett, men kan knapt hugsa å ha sitt so gjennomført, forseggjort og pen design. Fantastisk flott! Eg e gruele imponert. Kå mange aorsverk ha gaott me?

Willeke
Holland (NL)

January 9, 2006 3:24 PM
hallo friends at Vik.

We got this siteadress when we passed the little restaurant in your Vik in our wonderfull holidays in Norway.(august 2005)
Now and then I visit this site and enjoy the pictures of your beuatifull surrounding and country.
I like this initative very much and wish you all good luck in this New Year and with your activities.
Many Greatings from a rainy and wed Holland.
Willeke

Tor
Oslo

January 10, 2006 9:15 PM
Kva med offentleggjering av navn og tippa snjomengde for snjotippen 06?

So kan vi ha det moro med å henge kvarandre ut i heile vinter.

tux
bendix og bevegar seg brått og brautande i bristeklar skare

January 11, 2006 10:55 AM
Godt forslag frå Tor, han tippar vel det same som meg skal du sjå.
Fjor-årets tippekonk var ein fin generalprøve, men mykje gjekk vel på slump og fru Fortuna har vist slekt inni Samnanger har eg høyrt? I år har Snjotippen mogna og freista tungvektarane utpå, prestisjen ligg heilt opp under skaren!
Oppdateringa av mælaren står ikkje til interessa og prestisjen, her må vevsmeitstaren gjere ein jobb! Dårleg ver! Den er for tynn, med den nye linsa di kan du vel sitte i bilen å sjekke! Og kva med å aktivisere Prinsen av Søbbe, allmektige herre over Kjedlarstova og dens herlegdom?

Heddis
Stadda

January 11, 2006 4:33 PM
Grov utnytting av kjedlartrodlet i Søbbe skal ikkje forekomma, eg skal sei til han at sponsormidlar må krevast viss noko somhelst skal målast leingd, høgd eller djupn på!

Gudlaug Sudle
Indre Sogn

January 13, 2006 12:22 PM
Ka dokk gjer pao innpao dinnå sio?? Dokke berre sullar, det e da einaste!! offa!! yssa!

Blesmegubben
bromma

January 13, 2006 12:36 PM
Bli'ra nåke blesming her elde?

Texas Ranger
Sør-Norge

January 13, 2006 4:10 PM
Gauder

January 14, 2006 3:26 AM

Z
nisseland

January 15, 2006 1:12 PM
Kva med sensurering av idiotar?

Z
pisseland

January 15, 2006 1:16 PM
Sorry! Gløymde at det var idiotar det var snakk om. Til idiotane: Sensurering er eit framandord og tyder kontroll av det som vert skrive her.

Darky
The land of the.. hmm.. drunk?

January 16, 2006 10:00 AM
Det må eg seie! For eit knefall vi er vitne til her!
Z, som _sjølv_ har opplevd å bli sensurert, forsøkt kontrollert, og generelt herja med av den herskande elite, tek altså til orde for strengare kontroll av gjesteboka.

Dette er i sannheit ein merkedag. Ein kan spørje seg kva det var som eigentleg har skjedd her, om vevmeistaren har nytta uetiske metodar for å få denne tidlegare rebellen under sin kontroll. Er det snakk om tortur, bestikkelsar, eller andre lugubre metodar? ER det tilfeldig at dette knefallet kjem samtidig med ein ny prestisjetung snjomælarkonkurranse? Har Z blitt truga med startnekt om ikkje han slutta rekkene og oppførte seg?

Den frie stemma fra Europa vil ikkje kvile før dette er oppklart.

Z
i eit land i forfall?

January 16, 2006 4:51 PM
Her trengst det visst ein oppklåring. Eg var utestengt pga at eg stilte kritiske spørsmål ved framferda til vevmeistaren, noko eg framleis meinar er vanvittig i ytringsfridomens namn. Noko heilt anna er det når folk lirer av seg smilefjes og usamanhengande vrøvl. Eit minimumskrav til folk som skriv inn her må vera at ein veit kva rekkefølgje ein skal plassera bokstavane i for å få fram eit ord, og at ein kan fleire ulike ord slik at ein kan byggja opp ein setning. Om ein meinar opp eller ned, høgre eller venstre, bak eller fram drit eg langt opp i. Folk får meina, ytra, kommentera, provosera, protestera og kverulera på kva dei vil, men først må ein altso læra seg å trykka på tastane i riktig rekkefølgje!

Du Darky Parky har ikkje vore vitne til noko knefall, viss vevmeistaren kjem med tant og fjas i framtida er eg der med ein gang, det kan eg lova! Og det har ingenting med den høgthengande sjnomælarkonkurransen å gjera. Eg har tippa, og har stor tru på tipset mitt. Men fusk og fanteri gir som kjent sigeren ein bitter bismak og det er eg ikkje interressert i.

Vevmeistaren
Pinnastolen

January 16, 2006 11:21 PM
Heisann folkens, ville berre spreia det nye ondsinna viruset som eg har laga. Gå til http://www.vikjavev.no/megsjol/ og klikk på lenka "Ikkje klikk her" heilt nedst på sida. Ventar spent på tilbakemeldingar!

Torstein

Are
Eggjes

January 17, 2006 3:30 AM
Viruset var sikkert greitt det, men teksten vart lagt oppå eksisterande text, og slik vart eg ikkje råka av dei sitrande sekunda då ein føler livet renn ut or ein, eller "passerar revy", so dei seier på Austlandet.
PS! Søkefunksjonen på biletsidene dine virkar ikkje. Eg meiner bestemt å hugse eit bilete av ein Bjørkefink, men søkjeordet "bjørkefink" RETURNERER" null - 0 - treff!
Ellers er sida flott!

Darky
in a feverish state of mind

January 17, 2006 6:23 PM
Så det Z vil er altså å innføre eit iq-basert sensursystem. Kven skal tale idiotane si sak, når dei ikkje får trykke på tastane sjølv? Eg tykkjer det er heilt ok at ein og anna idiot slenger innom ei melding med kun eit smilefjes eller eit tappert forsøk på å skrive eit samanhengande ord, om ikkje ei samanhengande setning.
Z bør heller forsøke å overbevise desse mindre heldige om språkets fortreffelege skjønheit og makt gjennom å vise korleis språket kan nyttast. Kanskje vil han da oppleve at han har evna til å inspirere andre på same vis som høvding Mao i si tid inspirerte han?

Eller er det rett og slett den gamle sosialistiske tanken om "like barn leikar best, men nokre er likare enn andre" som igjen hevar sitt stygge hovud?

Z
med nasa i ei lita raud

January 17, 2006 8:32 PM
Ein må kunna krabba før ein kan gå!

Oddgeir
Ein våt stad på vestlandet

January 17, 2006 10:01 PM
Då får eg gratulere med nok ein vel avvikla snjotipp. Måtte den heldigaste vinne.
Eg har teke meg fridomen å gjere ei rask statistisk analyse av dei innkomne lotto-tala. Dette i eit forsøk på å bekrefte ein mistanke eg lenge har hatt når det gjeld folk si evne til å komme opp med sokalla tilfeldige tal. For noko anna kan vel knapt denne lista kallast?

Hypotese: Det mest tilfeldige talet folk kan komme på, er talet 7!
Delhypotese: Oddetal er meir tilfeldige ( i hovudet til den jevne borgar...) enn partal.
(Talet 7 er jo ikkje berre eit oddetal, men primal attpåtil - definitivt tilfeldig!)

Lat oss so sjå på dei innkomne forslaga:
Det viser seg at 55.3 % av forslaga er oddetal. EIn svak, men tydeleg tendens gitt det relativt store utvalget på 152 forslag.
Men, lat oss sjå på detaljane, som metrologen seier. Eg har då teke for meg samtlege forslag, og systematisert etter siste siffer. Vi får då:

0 ...... 1 ...... 2 ...... 3 ....... 4 ....... 5 ...... 6........ 7 ...... 8 ....... 9
9,2 ... 3,9 ... 7,9 ... 11,8 ... 9,2 ... 12,5 ... 9,9 ... 19,7... 11,2 ... 4,6


Me ser straks at talet sju opptrer i nesten 20% av tilfella, altså dobbelt så ofte som det burde, dersom folk tippa "tilfeldig". Ei interessant alternativ hypotese melder seg: Er det slik at folk faktisk meiner at det kjem til å snøe noko med 7 cm på Vikafjellet i år? 1 meter eller 3 meter, men i alle fall noko som sluttar på 7! Likeiens ser folk ut å vere samde om at noko som sluttar på ein, vert det i alle fall ikkje.

Håpar herved å vere kvalifisert til prisen for unyttig forsking. No i desse forskningstider kan det vere vel så bra, når eg tenkjer meg om. Dei spesielt interesserte kan forresten få tilsendt talmaterialte (eller sjekke lista sjølv!), ved å ta kontakt med underteikna. Her er ingen oppdikta tal. Eit tips til slutt: Vil du sittje med lottogevinsten åleine, hald deg unna talet 7!

Oddgeir

Are
Eggjes

January 17, 2006 11:29 PM
Som sagt før: - Dette er ikkje TIPPEKONKURRANSE med tilfeldige tal henta frå lause lufta. Som regjerande meister veit eg kva arbeid som ligg bak ei mest mogeleg korrekt "melding" av vinterens snødjupn (pr meter). Om ein då skulle ende på siste siffer 7, vert forutseiinga 7.
Grei tal-gymnastikk frå Oddgeir, ikkje noko meir. At dette skulle kvalifisere til nokon heiderstittel frå vevmeistaren er meir enn eg begrip.

Are - med hovudet på blokka.

John J.
Cyberspace

January 18, 2006 12:12 AM
I don't trust my Norwegian on this one, webmaster. Did you advise to click where it says do not click?

Oddgeir
Som i går

January 18, 2006 12:11 PM
Eg noterer meg at visse folk ellereie er på banen med misunnelege kommentarar. Slikt bit ikkje på. Finn heller på noko sjølv. For eksempel hadde eg no tenkt å analysere forekomsten av bokstavane A til Å (i alt 29) på Vikjavev.com. Hypotesen er at bokstaven E er den vanlegaste, sidan dette er tilfellet i vanleg norsk (les: utanfor indre Sogn). Men no overlet eg til deg Are å gjennomføre dette nybrottsarbeidet, slik kan det nok vanke ein heiderstittel på deg også. Uten at eg torer forskottera noko på vevmeisteren sine vegne...

Oddgeir,
Æressnjomælar med vekt på Statistisk Analyse

Lille My
January 18, 2006 1:28 PM
Papegøyen Ziggy???

Z
i godstolen

January 18, 2006 3:53 PM
Lomhunden My??

Lille My
January 18, 2006 5:51 PM
La oss få Jon Blund, idealkommunisten, tilbake i apparaturen. Oppgaven hans var ikke å få barna til å sove, men å oppdra de til å bli gode sosialister... Det hadde vært noe det Ziggy! Forresten, hvorfor kjører du ikke Trabant??

Susan Eastman
Maine, USA

January 18, 2006 5:51 PM
THANK YOU for making this site! It is beautiful, and I will love to see Spring come in the photo. My Vik ancestor was a Hopperstad; I have been to Hopperstad (the church) in 1969.

Z
med krossa fingrar framfor vermeldingen

January 18, 2006 7:39 PM
At eg blir framstilt som ein kommunist her er eine og åleine Darky si skuld, men eg kan leva med det. At ein slik kapasitet brukar tid og krefter på å framstilla meg som Mao jr. ser eg på som ei stor ære, fyren er jo eit oppkomme av kunnskap. (Darky altso).

Det som bekymrar meg meir er at nokre ser på sjnomælarkonkurransen som ei tevling laga i stand av statistisk sentralbyrå. Dette vitnar om svært lite kunnskap om det norske høgfjellet! Og ein tittel som Æressjnomælar med vekt på Statistisk Analyse skal du få gratis av meg. Viss ein ser på dei personane eg plar å driva rundt i fjellheimen med ser ein at tipsa varierar med 109 cm... Dette ser eg på som kunnskap om fjellet, ikkje ukunne! Dette er svært fjellvane folk som veit kva eit høgfjell er for noko. Dei veit det er umogeleg å kikka i ein almanakk i byn for å finna ut kor mykje sjnomælarpila stoggar på, ting skjer alt for fort og uventa i fjellheimen til det. Det er ikkje som ute på kysten der ein kan setja seg på eit skjær, kikka bak på BT og sjå kor tid det er flo og fjøre.

Lille My
January 18, 2006 8:04 PM
Å, jeg har da sett deg vifte med den lille røde jeg, så all skyld kan nå ikke Darky få.
PS. skrives det ikke lomund.....???? ha ha

Z
med nasa i ordboka

January 18, 2006 8:22 PM
Sorry, min feil! Sjølvsagt er det lomund, og det er heller ikkje kommunist men komuist...

Tor
Oslo

January 18, 2006 8:50 PM
Må sei meg einig med Stig. Oddgeir og Are trivst nok best i fjøresteinane og gøymer seg som best dei kan bak statistisk snobberi. Med flotte grafar og vanskelege tal freistar dei å forvirre og forlede oss fjellfolk som kanskje ikkje er fullt så tunge på kalkulatoren.
Eg får også ei dårleg kjensle når eg ser på innsamla dataunderlag. Det luktar fabrikkert heilt til Oslo. Djupedal er orientert.

Men statistikk til husbruk kan vera litt artig og. Ser til mi store overrasking at det berre er kjensfolk som har valt 1-talet som siste siffer i tippet sitt. Ser då bort ifrå Geir Dyvik. Han veit eg ikkje kven er.

Lille MY
January 18, 2006 9:11 PM
Ja, ja festlig var det nå, den dagen lomundhund var på dagsorden. Uttalen var vel best. Går det forresten greit med reslappen?

Z
med sikt utover skedsmo

January 18, 2006 9:28 PM
Kan opplysa vevmeistaren om at eg ikkje er forbanna lenger! Gjekk over når dei til dels særs gode innlegga byrja å renna inn.

Lille My
January 18, 2006 9:30 PM
Ærede meister! Det vet jeg vel...Øver meg hver kveld på denne fantastiske dialekt. Spiser pinnekjøtt og gamalost med spælsauskinnet ved min side. Jeg er virkelig klar for å bli en indre-sogning. Så til sommeren skal jeg besøke Vik igjen, og gjøre det samme som jeg gjorde i sommer....

Darky
I eit statistisk helvete

January 19, 2006 2:13 PM
For ikkje å bli heilt satt i skuggen av desse talknusarane så tenkte eg at eg skulle sjekke samanhengen mellom tippa snjomengde og kroppsmål, som til dømes høgde og vekt. Og i forhold til anbefalt skilengde.

Heldigvis gjekk den tanken fort over.

Kari
Med utsikt til vevmeisterstova

January 19, 2006 2:14 PM
E da muleg å bli snjomelardronning og?

thomas
January 19, 2006 5:49 PM
Hej!

Your site in VERY good, thaks to your fotos and to the accurancy of all your informations i have found where I camped (lol) 4 years ago and where i hung around and climb the mountains ! (Fosse old farm, etc...)


very very good site, hej from Paris and from a Noreg lover. Will be back soon ti live some months in Norway.

Z
aust for youngstorget

January 19, 2006 5:54 PM
Eg har sjekka tipset ditt Darky, og viss ikkje noko svært uvanleg har skjedd sidan sist eg såg deg kan eg vanskeleg sjå at det er nokon samanheng mellom høgd og sjnomælartipset...

Du Kari lanserar ein svært spanande tanke, viss det vert ei sjnomælardronning i 2006-sesongen kan me ha eit sjnomælarbryllaup på vevmeistarplenen til sumaren! Jonsokbryllaup er jo eit kjent fenomen. Brudgomen fekk me i 2005-sesongen... Men i desse moderande tider kan me jo også berre køyra på, å arrangera bryllaupet uavhengig av om det vert dronning eller konge!

Darky
January 19, 2006 7:45 PM
Mitt tips ligg jo på ein ratio på 1,66 i forholdet Snjo/kroppshøgd. Det eg var ute etter var om det også var tilfelle for dei øvrige. Noko som ville sett rart ut for dei som berre har tippa nokre få centimeter.

Oddgeir
Regnbyen

January 19, 2006 7:57 PM
Eg anbefalar å halde diskusjonane på dette forumet innanfor det som har med landbruk, sauehald og stølsdrift å gjere. Forsøke frå Z på å trekke inn maritime og fiskerimessige problemstillingar, illustrerer kvifor: Dei som er fødde på kysten veit mykje om flo og fjøre. Blant anna at dersom ein sit på eit skjer, treng ein ikkje lese BT for å finne ut når det er flo, det merkar ein nemleg når ein vert våt i brokaræva. Eventuelle fjordabønder som måtte betvile dette faktum, er herved invitert til Gulen for å prøvesitje eit av skjera i Småsvalene (6765988 N, 263347 Ø etter http://ngis2.statkart.no/ng2/ng2.html) når det vårast litt. Eg stiller med båtskyss.

Are
Fangat i en stormvind

January 19, 2006 8:11 PM
"Men i desse moderande tider kan me jo også berre køyra på, å arrangera bryllaupet uavhengig av om det vert dronning eller konge! " - Z

Eg veit ikkje heilt, men kanskje skulle vevmeistaren to opp att kongstanken sin når det gjeld sensur. Ikkje for å stogga idioti frå enkle sjeler, men som eit vern for (den tilsynelatande oppegåande-) innskrivaren sjølv.
Her kjem Z med ein utilsløra bryllaupsinvitt til ein mannleg regent (sic!). Eg går jo ut frå at "tipset" hans er ein freist til å erobra kongskruna, og i stormannsgalskapen og i den premature sigersrusen vil han ta den førre "regenten" til ektemake. Attereigoti.

Realistisk sett vil vi til sumaren oppleve eit "inngifte" utan sidestykke. RexIV giftar seg med RexV, ein og same person!
Endeleg kjem Alfred E. Neumann sin ord til sin rett: "Jeg elsker meg selv, og har ingen rivaler"

Z
January 19, 2006 9:27 PM
Det er med interesse eg legg merke til at Are ikkje har eitt einaste ord om den eventuelle sjnomælardronninga i innlegget sitt. Her er visst redsla for å tapa større enn ynskje om å vinna! Slike passive haldningar har eg liten sans for. Det var no berre eit godt meint forslag!
Tanken var at ein kan vinna og tapa på fleire frontar, sjølvsagt er det uheldig både for deg og den stakkaren det gjeld viss det vert ein kar som vinn. Men med eigen kalkulert risiko held eg forslaget fortsatt ope for diskusjon.

Z
på veg til Randsfjorden for å sjå etter floa

January 19, 2006 9:30 PM
Gløymde ein ting. Eg klikka på linken du Oddgeir har hekta ved innlegget ditt. Er småsvalene øya rett til høgre for Hønefoss sentrum?? Snakkar meg om kystsame.........

Are
ute

January 19, 2006 10:10 PM
Trur eg må ta meg ein oppfrisking på romartal.

tux
bendix

January 20, 2006 9:35 AM
Ein er vel Snjomælarkonge for eit år om gongen? Og kva skal me med ei dronning??? Leve Snjomælarkongen!
Det er tydeleg at folk lengtar etter titlar som gjev ære og berømmelse. Eit gåvekort på 500,- kroner er ei hån mot tippet, og etterarbeidet i gjesteboki!
Forslaget mitt gjev vinnaren ein vandre-pokal, Snjomælaren utskåren i papp, av sjølvaste vevsmeistaren! Og når du er ferdig med utskjeringa kan du pitla deg ut å ta nye mål!

Tor
Oslo

January 20, 2006 12:00 PM
Ein ting er no sikkert, og det er at dersom det er du Helge som røvar med deg årets konge-tittel veit vi begge kven som er den moralske vinnaren.
Her for nokre veker sidan tikkar det inn ein sms frå Bergen, der Helge lurer på kva eg hadde tippa. Dumsnill som eg er svarar eg oppriktig 181cm, og spør i same slengen kva han hadde tippa. Etter langt om lenge kjem svaret. 179cm!!!

Det svartna for meg. Godt kameratskap har vorte kynisk utnytta, og for å kamuflere har han justert tippet ned 1 cm.

Korleis stiller sekretariatet seg til slik openbar juks?

tux
bendix

January 20, 2006 6:15 PM
Huff å huffameg Tor! Er det svartsinn eller flymatte?

ps:kan du sjekke tidspunkt for innkomne forslag?

Ebert Frank
01217 Dresden - Germany

January 22, 2006 5:19 PM
Hallo,

wir waren im letzten Sommer in der Region sowie mehrmals auch in Ihrem Lokal mit
der schönen Aussicht.
Daher haben wir auch Ihre Internet- Adresse.
Ihre Homepage ist sehr gelungen - wir erinnern uns gern an die schönen Tage.

Viele Grüße

Frank Ebert und Kerstin Seifert

siggi
BRD

January 22, 2006 10:22 PM
Hallo Leute, schöne Seite, gefällt mir gut. Komme bestimmt
öfters mal vorbei, Gruss aus NRW
Nadine

Z
austafyre

January 23, 2006 11:04 PM
Eg kikka på sjnomælaren no og ser at det går akkurat som venta. Kurva for 2006 legg seg på kurva frå 2002 som var utgangspunktet for tipset mitt.

Are: Etter nærare tankeverksemd tykkjer eg at mitt forrige forslag var uhorveleg dårlig! Orsak.

sir
Fageråsen

January 24, 2006 9:14 AM
Blir ikkje spøk å gje seg ut på mæling idag, nei ""

Hestavollane (06:00)

1,9 ºC
252,3 m/s (orkan)
- (0,0 º)

Joleik
Migande

January 25, 2006 1:19 AM
Eg tippa 188,5 cm

Z
ikkje langt frå Gardermoen, men ingen fly i lufta...

January 25, 2006 1:52 AM
Eg lurer felt på korleis det går med deg Tor? Er du frisk nok til å skriva på EDB-tastaturet ditt? Dei seier på nyhendene at du må hosta opp ein legeerklæring!! Det var vel ikkje heilt etter planen? Kanskje du kan snakka med Tux, han har jo kontaktar.

tux
bendix

January 25, 2006 10:53 AM
Det er snart ein månad sida siste foto-kollktion!Her må me alle ta ansvar og iverksette naudsynte grep. Go harry from 25 januar!!!

Tor
I senga

January 25, 2006 4:57 PM
Jau...nei...host, hark og kremt...trur ikkje eg skal gå i detalj her på denne sida. Greit nok at de er kompisar, men trur 1000-tipset til VG veg vel så tungt som kameratskap.

Nøyer meg difor med å helse Lindagaard med Bravehart sine ord;

YOU CAN TAKE OUR LIFES, BUT YOU CAN NEVER TAKE OUR FREEDOM!!!

Ok, veit at dette kanskje var litt overkill, men det er faktisk det einaste slagordet eg veit om som har litt pondus.

Darky
in the air

January 25, 2006 7:36 PM
Freedom? I ein Fokker 50 minibuss?

Tor
snartur utor senga

January 25, 2006 8:25 PM
Ja, freedom faktisk. Eg kan fly til afrika, kautokeino og mongolia med fokkeren min. Eg kan faktisk fly nesten heilt til månen med fokkeren min. Dersom eg hadde gidda. Men eg gidd ikkje.

Darky
utanfor sas si rekkevidde

January 25, 2006 9:55 PM
synes berre det var så bra tegning i BT om denne flygar-konflikten:
http://www.bt.no/multimedia/archive/00237/BTimg_Marvinskommen_237279b.jpg

(før Tor går heilt bananas så får eg vel seie at eg er høgst nøytral i saka, og erklærar meg ugild. Så lenge flya går neste gang eg skal ut og fly så kan dei få herje så mykje dei vil no.)

Mann
January 26, 2006 9:36 PM
Digger voss!!vært der masse de siste årene,føler meg hjemme

Are
Inneggjes

January 27, 2006 12:00 AM
NISSE NORIG

"I Nisse-Norig der lyt eg bu
d'er rangleg tilskipa kann du tru.
Me slit oss ut for å betala skatt
til Staten - men kva får me eigentleg att?

Ein skulle tru det var um å gjera
å leggja på det me maktar å bera.
For Stortinget styrer og steller med sitt,
der burte frå Drittlandet kjem jo all skitt.

Attende går ulja og fisk og straum
og Oslo blømer som i ein draum.
Ja slik har det vorte her uppe på bergjet
at byfark og kristlege fritt får herje.

På byen stengjer dei klokka tre
og segjer "Ut, no har kvelden gje!".
Det er so vrangt at det er ei gru;
i Syden stengjer dei klokka sju.

Kva kostar ølet i Syden då?
For under tiaren kan du få
ei flaske øl og ein sigarett
og gjerne ein kebab på eit brett.

Og ulje-pengarne strøymer in
og utav ulja blir det bensin
men skrur dei prisarne ned for dèt?
- Nei, utanlandsk pris kan du ganga med tre.

Slik er det ogso med kjøt og flesk
at det som ein får over grensa er best
og billegast, det kan du tvila meg fyre!
- Sjølv om det sku' stamma frå sama dyret!

I Nisse-Norig der lyt eg bu
for her er kje fly eller Øresund-bru.
Og får eg kje sova heima kvar natt
so får eg kje sova i heila tatt."

-Fritt (ordrett) etter vevmeistaren

Lille My
January 27, 2006 8:20 PM
Har du spist opp frukten?

Z
k-rom

January 27, 2006 9:09 PM
Eple, pære, snus, appelsin, kaffi og banan. Her glir alt ned! Takk takk...

Kan ikkje du ta med gjengen til månen i Fokker 50'en din Tor? Hadde vore moro! Skjønna ikkje kvifor ikkje NASA ha kontakta deg viss det berre er å fresa i gang propellane på Fokkeren å ta seg ein tur.

Lille My
i oppussingens bedritne verden

January 28, 2006 4:51 PM
"...har lært meg å svingjjjjja!" hvisket han fram, men med tydelig stolthet i stemmen. HÆÆÆ??? Hopstock? Stein Eriksen, Grenoble '68???? Hvis så er, er du velkommen i svart løype.... NB. Kan låne deg hansker!