Gjestebok

Søk i gjesteboki

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Arkiv
tux
bendix

1. mars 2005 kl. 20:10
Mykje skriveri om snømengden på fjellet, men lite folk å sjå der oppe. Då er verksemda på veven heller større. Lurer på korleis dette har seg? Er det det moderne friluftsmenneske som pratar? Skiboks på taket, det må ein jo ha! Eit perfekte symbolet på det moderne friluftsmennesket! Latterleg med eit par ski! Må ha skare-ski, kartongsnø-ski, pudder-ski, djupsnø-ski, grovkornasnø-ski, fjorårssnø-ski, nysnø-ski, storbakke-ski, brattbakke-ski, bakke som går mykje ned og så litt opp før ned-ski, og så bortetter-ski! Ikkje rart ein treng skiboks! Gjerne trekk på alle fire hjula slik at me kan få med oss snøskuteren. Kjellaren er også full av utstyr til ulike friluftsaktivitetar. Kleskapet renn snart over i flotte tekstilar som skal ivareta deg når du er ute å ferdast i den ville naturen.
Mange som lever på gamle bragder. Den gongen du sov i telt i hagen!Uhuuu! Vanskeleg å gløyme, spesielt då mjelkebilen køyrde så fort forbi at teltet nesten klappa i hop!

Røvi e tung og fingrane lange,
skjorta og skoa så altfor trange
skulle også ha kjøpt meg ei vantett brok
nei faen heller, eg blir heime og skriv i Torstein si gjestebok

Kom å ta meg! Om du finn meg, der eg knappe 10 cm over bakken leitar etter soveposen som passar meg og kuldegradene på Dunevollen.

Tor
ini Oslo

2. mars 2005 kl. 11:14
Same melodien heile tida..."utstyr er noko drit" "treng ikkje ditt og treng ikkje datt" "bomull innerst er vel meir enn godt nok" "meir enn eit par ski? - herregud så teit"
Eg er pisse lei denne politisk korrekte hetsinga av utstyr. Kva er det med dykk? Kvifor slik aversjon?

Godt utstyr er halve turen. Ingen tvil. Kvifor fryse når ein kan vera varm? Kvifor tryne på to strikkepinnar av nokre ski? Kvifor ikkje sove heile natta i staden for å måtte ut og leite etter teltet?
Nei, køyr på gutar - og frys i veg. Eg skal faen meg ned på sportslageret ein tur.

Darky
up where we belong

2. mars 2005 kl. 11:38
Tenk om ein skulle drive service på fly etter den mentaliteten. "Treng ikkje slikt, flaps er for kyllingar, slats er oppskrytt, landingshjul er heilt unødvendig. Rullebaner? Slik luksus brukte ikkje vi når vi var unge! Flyvertinner? Nei det må ein ha!"

Vevmeistaren
Vodl

2. mars 2005 kl. 19:03
Etter at Tuxa-oksen gjekk amokk i glasmagasinet har Tor nok ein gong gitt meg grunn til å retta søkjelyset på hans omgang med tal. Ankepunktet mitt er utsegi "Godt utstyr er halve turen. Ingen tvil" (sic). Me analyserer. Tor overlet her 50% til andre verdiar. Viss me tek tre av mine viktigaste turverdiar, som eg går ut frå at eg deler med Tor, nemleg 1) naturoppleving, 2) trening og 3) kameratskap, ser me at desse vert tilgodesett med 16,7% kvar.

1) Naturoppleving. Viss det gode utstyret er tre gonger so viktig som naturopplevingi er det ikkje til å undrast over at Tor heller går på Sportslageret enn å gå ein tur i Marka. Det skal nemleg tre turar i Marka til for å matcha éin tur på Sportslageret gitt at han er godt utstyrd for sistnemnde.
2) Trening. Eg vil sei at å gå til Dunevollen med ein sekk som i seg sjølv veg 3 kg gir betre trening enn å gå med ein sekk på 1 kg. Dette er ogso grunnen til at me draksar øl med oss like til Dunevollen. Då blir me dessutan mykje slitnare når me skal heim att, og det gir ein illusjon av effektiv trening.
3) Kameratskap. Det bekymrar meg litt at utstyret i alle høve må vera betydeleg viktigare enn kameratskapet. I fylgje prosentfordelinga ovanfor må ein kamerat for Tor vera omtrent like viktig som ein Ulvang-sokk, og viss ein av oss gjekk gjennom isen på Stølsdammen ville det ikkje leggja nokon nemneverdig dempar på turen. Turen ville framleis gje ei utteljing på 83,3% for Tor, gitt at han var turr på føtene og hadde full klaff med skismurninga.

Gandatroddle
Klyv

2. mars 2005 kl. 20:35
Nei detta bere yve,,,,,,,,mao no sai at denna jestebokji
bjynna å ligna ei dårlige avis sia.
Snjomeingden ,søbbe,tux,,,nei fao inn nåke sjikkele so hollendaradn,amrikanaradn og oss oppegaongande kan vera med å dibbatera her inne.

huff i dag va da kaldt atte,mao henta fram strikkatrøyao trur eg.

hels na Lovisa

Tor
ini Oslo

3. mars 2005 kl. 11:38
Torstein tek utgangspunkt i at godt utstyr skyggar for naturoppleving, trening og kameratskap. Ein spekulativ og tabloid framstilling om ein påstått konflikt, fullstendig utan rot i verkelegheita. Lettsindig omgang med prosentreknig vitnar om bevisst tåkeleggjing av sakens kjerne. Forfattaren er på tynn is, og veit det nok sjølv.
Vi veit alle at godt utstyr derimot kan berike naturoppleving, trening og kameratskap.

Tux og vevmeister meiner at godt utstyr er tull. Ergo meiner dei at dårleg utstyr er bra...det talar for seg sjølv.

Godt utstyr har aldri, og kjem aldri til å gå på bekostning av desse tre grunn-verdiane. Godt utstyr har alltid, og kjem alltid til å vera eit supplement.

Z
hovudstaden

3. mars 2005 kl. 12:27
Eg føl interessert med i denne sokalla utstyrsdebatten her på sidene, men kva utstyr er det snakk om? Eg vil koma med eit par gode råd som eg har snappa opp. Ein kar som jobbar på Ågotnes men bur inne i Bjørgvin by har sagt meg at det beste du kan ha på deg i fjellheimen er forsvaret si feltskjorte supplert med canadaskjorte. So glad er han i denne feltskjorta at han kalla ho handklede, eit godt kjælenavn på eit kjært plagg. Viss du i tillegg har forsvaret sine lærstøvlar på plattfoten vil det gå deg vel oppe i høgfjellet!

Tor
ini oslo

3. mars 2005 kl. 14:01
Alt som finnes av forsvarsutstyr kan avskrivast som drit. Nemde feltskjorte er eit håplaust bomullsplagg som frys til is viss ein skulle vera so uheldig og svette litt om vinteren. Marsjstøvlane er laga av papp.
Karen frå Bjørgvin kan ikkje vita kva han snakkar om.

hmm
oslo

3. mars 2005 kl. 15:08
hva slaks side er dette? for vik i sogn folk?

Vik I Sogn
3. mars 2005 kl. 17:29
Slaks side????? Køyr språkdebatt!

Are
Groruddalen

3. mars 2005 kl. 17:43
Kan være enig med Tor. Etter at eg er blitt noko feitare, og dermed svettar kraftig, avskriv eg alle bomullsplagg innst mot kroppen. Likevel meinar eg FORSVARET har i sitt sortiment den optimale effekt for både trivsel, nytte og sikkerheit. Eg snakkar om ATOMBØRSTEN. Skal være effektiv mot fukt, smuss og snø. Berre børst i veg! Skal i militær samanheng presumtivt brukast mot gass og radioaktivt "smuss". Børst deg tørr, rein eller strålefri. Børst, børst, børst (i Søbbe).

Gandatroddle
Klyv

3. mars 2005 kl. 19:56
Da besta utstyret tykkje no eg e (ja utenom kaddel sitt)
strikkatrøya.

hels na Lovisa

hmmm
oslo

3. mars 2005 kl. 23:07
oj, slags mente jeg...

Geddy
Nord på Sotra

4. mars 2005 kl. 11:10
Eg noterar meg at det er delte meiningar om forsvarets feltskjorte. Dette er eit sterkt undervurdert plagg! Den varmar godt heilt fram til fyrste pausen, den held godt på vatnet heile dagen og det blir varmt og godt i hytta når ein sprengfyrer for å tørka plagget om kvelden. Eit plagg som skapar trivsel rett og slett!

Z
k-rom

4. mars 2005 kl. 11:38
Det er godt det er meiningssterke folk rundt om i det ganske land, lurer meg på om ikkje Ågotnes ligg nord på Sotra...?

Og til den flygande bussjåføren vil eg berre sei at viss du avskriv alt utstyret til forsvaret som drit kan du umogeleg ha smakt nykokt rsp! Heller ikkje nytta det moderande sambandsutstyret deira. Hadde hjelpemannskap, hundeeigarar, flyselskap og andre hatt slikt utstyr ville verda vore ein tryggare stad å vera! PS! Viss du svettar om vinteren må du ha mindre klede på deg! (barnelærdom)

tux
bendix

5. mars 2005 kl. 13:21
God respons må ein seie. Tuxa-oksen har knust nokre glas og fått litt liv i magsinet. Det byrjar å bli folksomt her. Han inni Oslo er like bitevillig som småsei i juli, Are og Z drøymer seg tilbake til detta fantastiske militæret som verkeleg har forma dei som menneske. Bra jobba gutar! Godt å vita at catwalken i forsvaret gjer gjenklang langt inn folkesjela. Bevisst og ubevisst. Kva veit no eg om slikt?
Men det som undrar meg, er at aktiviteten her inne, tyder på lite friluftsliv? Vil derfor kome med ei oppfordring til alle om å slenge seg med på tur palmehelga! Avreise fredag og tilbakereise søndag. Då har ein heile påska å kome seg på for den som gjekk med feltskjorte og ordinære bortetter-ski! Turen går til Dunevollen frå vest, om Solrenningen. Her vil me få røynsle med ulikt utstyr, mat og andre valg som set standaren for trivsel på turen. Kanskje me i samarbeid kan sette opp mål og delmål med tanke på utbytte av ein slik tur? Seinare vil me kunne sette oss ned og evaluere turen, kanskje kome med konklusjonar! Eit steg vidare!
Ventar på rask respons frå alle mine kjære vev-vener.

Z
Hovudstaden

5. mars 2005 kl. 14:58
Er i Oslo no, og her kjem eg og til å vera palmehelga. Nokre av oss sokalla vev-vener må halda hjula i gang i samfunnet og! Kan ikkje berre stryna til fjells med ein gang nokre ropar "kom og ver med!". Sjølv om eg gjerne skulle ha sett mr. Ågotnes trava innover fjellheimen i den nye feltskjorta si.

Til vevsmeistaren vil eg sei at tiltrua til lovnadane dine begynnar å ruste litt. Eg vart lovt nye bilete for ei veke sidan, men ingenting har skjedd.

Dessutan kan eg avkrefte alle rykter om at eg har ein lengt tilbake til forsvaret. Tydelig at du vesle Tuxemann ikkje har smaka rsp eller prøvd å få kontakt med andre levande vesen på sambandet deira. Men ein kan vel ikkje forventa for mykje av ein pasifist som elskar å gå med våpen i hand. (truverdig type)

Darky
5. mars 2005 kl. 15:35
Forsvarets feltskjorter, Canada-skjorter, RSP, kommunikasjonsutstyr av førkrigsmodell...

Ta med ein diskusjon om AG3'ens fortreffelegheit/svakheit, så er jo dette som eit standard (dårleg) guttevorspiel.

De skal ikkje byrje å diskutere bilmotorar og stereo-anlegg også?

Vevmeistaren
Vodl

5. mars 2005 kl. 17:09
Med fåre for å virka hårsår, dette kallar Z ein lovnad: "Bilete kjem nok, kanskje allereie i morgon viss eg får noko å festa linsa på i helgi".

Av og til skulle eg ynskja folk var meir like datamaskiner. Ei datamaskin vert ikkje sur viss ein if-setning slår til. Ho har dessutan evne til å lesa heile setningen, medan folk ofte tolkar det slik: "Bilete kjem nok [...] allereie i morgon bla bla bla bla".

Z
nikita tupèsalong

6. mars 2005 kl. 11:06
Viss ditt og viss datt, kanskje her og kanskje der.. Fan og! Eg vil ha BILETE frå HEIMKOMMUNEN! Å skulda meg for å vera hårsår fell på sin eigen urimeligheit. (vevsmeisteren skal få ta ein kikk oppi kruna mi når eg kjem heim til påske)

Bilar og stereo kan eg ikkje noko om, men karavorspiel er bra greier.

Z
snart heime

6. mars 2005 kl. 13:02
Eg klagar til Søbben!

olga
6. mars 2005 kl. 23:45
Soli:
Opp 07:19 Ned 18:12

Reknar med det dette du refererar til som solskiva. Altså, kom deg ut og ta bilete...

Z
aust

7. mars 2005 kl. 15:42
Takkar for bilete, endeleg ro å få i ei til tider uroa sjel.

Darky
Parnell Street

7. mars 2005 kl. 15:56
Du skjønnar det, kjære vevert, vi er ikkje kresne! Stikk snuten ut og ta eit bilete av kyrelvi, hovsåsen eller noko anna du ser fra tunet. Dersom ingenting inspirerar, bruk sjølvutløysar og ta bilete av deg sjølv.

Z
demonstrasjonstoget

8. mars 2005 kl. 18:20
Heisann alle vikjavev-fans! Som dei fleste bør ha fått med seg er det den internasjonale kvinnedagen i dag, og då tenkte eg at eg skulle slå eit slag for kvinnene. So her er ei oppfordring til alle: Søk etter Aishwarya Rai på nettet og sjå på kvinna til auga blir stort og vått!

Ola (ikke Olga)
Sandefjord

8. mars 2005 kl. 22:37
Kan ikke dette søbb eller søbben eller hva det nå heter få litt fred rundt seg ? Dette holder jo på å bli en mobbeside og ikke noe vev. (Vev er gresk og betyr "holde sammen" .
Således er det også med alle disse merkelige, lokale matrettene dere snakker om som karavorspiel, kyrelvi og vevert. Dette må absolutt være lokale gourmetretter som vi ikke skjønner noe av.
Vi utenfor er fortsatt utenfor, også på kvinnedagen. Hvor tid skal vi inkluderes ?

Darky
Tir Na Nog

9. mars 2005 kl. 8:15
Mobbing? Nei, snarare hylling!

elli
uri

10. mars 2005 kl. 21:21
Ja, sognakaradn fornektar seg ikkje! Patriotismen lyser opp innlegg etter innlegg. Vevsmeisteren kan sjå fram til å gi ut bok - kanskje ei elektronisk? - om utflytte vikjer sin lengt etter Sogn, heimlege trakter, etter høge fjell, vide vidder, feltskjorter, øl og mykje meir. Godt stoff til ei oppkvikking ein vanleg kveld. I kveld har eg lese fleire sider. Koseleg! No får eg stad å kikka på dei etterlengta bileta, eg og.
Gjesteboka er blitt ein aktiv møteplass for ein fast gjeng. Ein og annan utlending ser ut til å stikka innom. Men toppen for meg er alle dei flotte bileta! Kjempebra levert dette vevsarbeidet. Du har grunn til å vera ein stolt vevsmeister.

Øyvind
Flatlandet

14. mars 2005 kl. 7:11
Da e maonge Sognatause som e vakrare enn Aishwarya Rai !

Gandatroddle
Klyv

16. mars 2005 kl. 8:48
Va nettopp ein tur i heimbygdi,men du og du so dautt.
Saog ikkje eit mennesje ute kl 18.00.
K e ra so sjer?
Glær meg t paosjen,,, fy dao blir da vel eit glas med andre utvandrarar,,, pao Dampen.

Nei faor breia strikkatrøyao yve meg.
Hels na Lovisa.

Darky
Langt vest i havet

17. mars 2005 kl. 16:27
Happy St. Patricks Day, i dag drikk Irland seg full!

Darky
Snart på golfbana

23. mars 2005 kl. 13:58
Vil ønske god påske til alle som er heime i Vik i påska!

Send ein tanke til oss i utlandet når de hiv lilla klister under skia og trør innover fjellheimen.

Så skal eg sende nokre tankar tilbake her eg traskar på golfbana og ødelegg fint gras.

Hans Timmers
Nederland

28. mars 2005 kl. 17:21
Ik ben blij dat ik deze site gevonden heb; prachtige foto's waar ik keer op keer weer van geniet. Dankzij deze site heb ik een goede indruk gekregen van de plaats Vik zonder daar geweest te zijn. Ik hoop over enkele maanden een bezoek te brengen aan deze plaats.
Heel hartelijk dank voor al de moeite en het vele werk.

Stephan Sommer
Berlin

29. mars 2005 kl. 0:42
Hei, jeg er riktig glad over de vakre sidene av deres hjemmestad. Jeg komme snart til å besøke dere, på to hjul, min venn og jeg blir sykle fra Voss til Runde og vil gjerne ta noen dager pause i Vik. Vær så snil og sørg for flott vær til Kristi Himmelfart! Ha det bra! Øyvind

Geirmund Dyrdal
Ferstad.Os/Hordaland

29. mars 2005 kl. 20:59
Hallo!
Ja,dette var nokre flotte nettsider! Informative og framifrå design. Eg har særleg vore inne på sidene om Fidnabotten. Grunnen til det er at oldefar(Markus Jonson Dyrdal) og bestefar(Gullak) kom frå denne garden til garden Ferstad i Os i 1911.(var eit par år på Nese) Oldefar kom frå Geithus til Fidnabotten truleg kring 1886.Men måtte forlata herfrå grunna odel.
Namnet Dyrdal kjem frå Høynger kommune.
Bror til til Gullak,Jon M Finnebotten vart gift på Otterskreda

Beste helsing
Geirmund Dyrdal

Gandatroddle
Klyv

31. mars 2005 kl. 11:09
Ja ja so e paosjen yve,,,,,,,da va no so som so med
utflytta Vikje heima pao besøk.
Bere før om aori !!!!
Men me kan ikkje fao i påse å sekk..
Holdt pikadag pao å gløyma atte strikkatrøyao på dampen,,,,,nei da va fælt du!!! Men heldigvis va da ein oppattifrao Prestberje so jore meg oppmerksom pao da.
Takk ska du ha (hakje sitt deg siao du va ein liten
travalarkje)
Hels na Lovisa

Darky
Under det svenske flagget

31. mars 2005 kl. 14:38
Jaggu godt at vevmeistaren har lagt ut nye bilete. Heimlengsla riv og slit i sjeli!

Det er forresten eit velkjent problem at enkelte lever med hovudet i fortida, og ikkje heilt klarar å henge med. Men at dette var tilfelle med vevmeistaren var eg ikkje klar over. Dessverre er det nok slik, han signerar framleis bileta sine med "2004" trass i at me no går inn i den fjerde månaden i 2005.

Dersom snjomelar-konkurransen vert avgjort frå denne mannens kalendar, så blir det føreteke målingar til langt ut i juli.

I Ivarr Beinlaus' fotfar tre Vikjer trødde,
ovdrykk og friller mål for deira jakt.
Mjød i stride straumar sildra.
Dei kvar ein morgon vakna aleine som slakt.

Som seg høver søner av Haralds rike,
vesterled dei i viking sigla
Tusen år etter sist det blei skrike
"From the fury of the Norsemen, Good Lord deliver us"


(Utdrag frå Pils i Søbbe, band IV, "På tur i Dublin"


2000-2020 © Torstein Hønsi