Gjestebok

Søk i gjesteboki

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Arkiv
Frode F
Bergen

2. november 2006 kl. 13:39
Hai
Er det nåken so kan gi ei oppdatering over rypeforekomsten pao Vikjafjedle?

Rypejeger
Bergen

2. november 2006 kl. 20:00
Nja... Eg va øve her i forrige veka. Men da ser ut so rypedn ha trekt sørøve. Ivertfall eksosrypedn.

Are
Børs Cafè

3. november 2006 kl. 0:05
MED FARE FOR Å SLÅ INN VIDÅPNE DØRER:

Det har no gått to-2-månader utan nye bilete i fotoalbumet, men vaktbikkjene er merkjeleg tause. Kvar er det blitt av den kritiske journalistikken?
Har vevmeistaren si utestengjingslinje (Les: einvegs og privat "vær varsom-plakat) knebla opposisjonen? Det er grunn til å ropa varsku!
Ein kan ikkje la personlege motiv komme i vegen for den objektive debatten. Eg veit enkelte er blitt truga til å teie. Andre fryktar represalier frå "ledelsen" (inndraging av plenpils t.d.) og avstår av den grunn frå å delta i debatten.
Er vi i ferd med å få eit skrekkregime på Vikjavev?
Eg stikk fram hovudet i denne prinsippielt viktige saka i von om å vekkja dei slumrande skriveknektane som les (og før skreiv) denne spalta. Skribentar som i tidlegare saker har bore fram ramsalt kritikk når det trengs.
Vakn opp!

Gus
6. november 2006 kl. 13:17
A really decent site with nice graphics/design. Also found map section pretty handy. Congrats .. //Gus

ykraD
I skjul i Darkyparken

7. november 2006 kl. 15:07
Denne anonyme ramsalte kritikaren har i alle fall blitt skremt til å ta pseudonym.

Vevmeistaren har tidlegare vist seg særs sår og vrang når det gjeld kritikk mot biletepublisering på veven, og trugsmål om represaliar har ikkje vore langt unna når heidersmenn som Z, Tux eller Tor har ymta frampå konstruktive forslag eller små hint om misnøye.

Me har stor forståelse for at vevmeistaren har eit liv ved sida av veven, men han burde ta hensyn til dei av oss som ikkje har det. Det kostar han ein fraksjon av hans tid å snøra sekken, spenna føre skidna sine og ta seg ein tur i stølsheimen med vidvinkel og zoom-linse og bringe herlegheita heim til gud og kvarmann.

Han burde i alle fall ikkje sende oss ut i elendet på eit slikt brutalt vis. Cold turkey er den mest brutale av avvenningsmetodane som er, og sjølv om det er effektivt, så er det i overkant inhumant.

Spørsmålet er om det er dette han vil, at det er eit prøveprosjekt for å sjå korleis reaksjonane ville vorte om han privatiserte vikjaveven heilt, og la den til dømes på vevmeistaren sitt eige intranett på Voll, utilgjengeleg for massane. Det ville vore likt desse kapitalistane i olja å finne på noko slikt.

Og sjnomælaren? Alle solemerker peikar no mot at det må vere snø på Vikafjellet. Graset i Irland har endra farge fra signalgrønt til kun vanleg grasgrønt, blada på trærne har ein matt glans, og fuglane startar bråket sitt eit par timar seinare enn vanleg. Alt dette er klare tegn på vinter, og det vi alle veit er at vinter betyr snø på Vikafjellet.

Dersom sjnomælaravlesninga er for mykje for vevmeistaren å ta hand om, så bør han kanskje sjå litt på moglegheiter for å outsource denne delen av verksemda. Det finnes sikkert eit eller anna selskap i Bangalore, India som kan gjere denne jobben for ein fraksjon av kostnaden.

Eg henger meg på føregåande talars etterlysning av våre medkritiske røyster. Z har vore faretrugande taus i det siste, noko som får meg til å spekulere i om Vevmeistaren har lukkast med sin hemmelege draum om å stilne denne friheitas røyst frå bergje. Og det har også vore taust frå Bendix-buarane, så det kan sjå ut som om vevmeistaren sine vidtrekkande klør ikkje kjenner grenser.

ykraD
7. november 2006 kl. 15:09
og snjnomælar skrives ikkje sjnomælar. Det var kun for å forvirre vevmeistaren vekk frå min identitet!

Grevlingen
I dyreparken på Hove

7. november 2006 kl. 22:22
Tykkje da ligna meir og meir på eit pølsevev detta her eg.....

Heddis
8. november 2006 kl. 16:57
Da heite ein pylsevev, og eg er einig

Øyvind
Oslo

9. november 2006 kl. 19:11
Her kan dykk sjå, Vikingar:
http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1526606.ece

Virker kjent???

Z
i ei sjuk sjuk verd

10. november 2006 kl. 11:35
Eg gjer forsøk etter forsøk, men innlegga mine kjem ikkje inn i gjesteboka. Håpar dette kjem. Er det vevmeistaren som har ein fing med i spelet? Hin dagen fekk eg ein feilmelding, dette har skjedd før og. Resultat: Innlegget vert sletta og mange gode ord forsvinn ut i det store intet. I går fekk eg ikkje noko feilmelding men innlegget var sporlaust forsvunne når eg var inne å sjekka 5-6 timar etterpå....?

Heddis
Bergen

10. november 2006 kl. 15:22
Banan Bugg og sjiraffdrops er best

Michael
Boston, USA

15. november 2006 kl. 6:35
You have a beautiful country and you take beautiful photographs.

A. Brekke
Feios City

15. november 2006 kl. 21:53
Kanonbra at snjomælaren er oppe og går. Den har dei siste åra vist seg å vera ein viktig peikepinn på mitt eige liv og ikkje minst potens.

At det går tregt med oppdatering av foto er forståeleg. Damene har for alvor sett sitt preg på Snikkartunet på Hønsi og omliggande grender.
Alle me som har vore forelska eingong veit at dette er vanvittig tidkrevjande og til dels dyrt!
Difor vil eg oppfordra alle til å la vevmeistaren få arbeidsro. Folkens; Hugs at internett ikkje er alt, slik det også er med pengar, men det er jaggu ikkje langt unna!

PS: Bror din har lange friperiodar mellom kvart damebesøk. Skulle meine han hadde god til til å oppdatere snjomælaren

Damebesøk
16. november 2006 kl. 10:31
Jeg lurer på om A. Brekke har glemt det stort tidkrevjande prosjekt som er på gang på Snikkartunet?

Luca
Milan Italy

16. november 2006 kl. 13:14
Che belle foto, spero un giorno di riuscire di poter visitare il tuo paese.

Ciao,
Luca

Torstein
16. november 2006 kl. 16:05
Ikkje gløym at bonden i Snikkartunet no har byrja å brøyta på fjellet i tillegg. Desse brøytarane, Viks Beste Menn, står på morgon og kveld for at utflytte vikjer skal få komma seg heim til feriehusa sine på Øyri, for at byfolk skal få ta helgaturar, og for at ressurssterke vikjer skal sleppa å køyra rundt halve Sogn med flyttelasset sitt når dei forlet reiret. Det er rett og slett ikkje lett for dei som har virra seg ut av bygdi å verta utestengde om vinteren. Stå på brøytarar!

Z
i arabarbyen

17. november 2006 kl. 12:11
Dette kan vel karakteriserast som eit realt ballespark! Og det frå leiinga i vikjavev-dynastiet og rett nedover i organisasjonslinene. Og kom ikkje i etterkant og sei dette er ein hyllest til brøytemannane, her er det ein djevelsk underliggjande tone som rettar seg mot vikjer som ikkje bur i Vik. Kva er bakgrunnen for eit slikt innlegg? Utflytta vikjer som skal heim til feriehuset? Byfolk på helgetur? Ressurssterke vikjer som forlet reiret? Honen sprette! Sjølv er eg ein utflytta vikje som reiser til Vik på ferie, eg bur i ein by og eg tykkjer det er rævva når eg må køyra flyttelasset rundt halve Sogn. Einaste som kan diskuterast her er ressurssterk. Dette gjeld vel dei fleste som travar rundt inne på sida her. Rundt omkring i landet har vevmeistaren eit heilt lite misjonskorps som jobbar som svarte fan for å spre det glade bodskap om den vakre bygda vår og so får me sånt midt i trynet når me loggar oss på. Ein må ikkje gløyme at heile eksistensgrunnlaget til vikjaveven er utflytta vikjer. Kven gidd å sjå på eit lite bilete av Rambera eller Kyrelva på EDB-monitoren sin viss ein berre kan kike ut glaset på kjøkenet og sjå det samme? Kven gidd å skrive slike innlegg som dette viss ein kan opne døra å gaula bort til naboen? Vikjaveven er for utflytta vikjer det sjømannskyrkja er for sjømenn, og dette må leiinga skjøna!

Med atterhald om at det er vevmeistaren som har vore frampå.

oljesjeiken
melkøya

17. november 2006 kl. 19:31
melde om store rype forekomsta over vikjafjedle

Knut Svebakk-Johansen
Holmestrand

19. november 2006 kl. 22:25
Hei

Dette var ei fin hjemmeside. vi besøkte gården Finen i sommer og vil gjerne få tilsendt bilde av gården (19.juli 2003). Jeg skla lage et maleri av dette som skal gis til en som er født på denne gården . Han heter Gunnar Finden og min kammerat.
Håper på svar.

Bev Anderson
Minnesota

20. november 2006 kl. 1:59
MANGE TUSEN TAKK for a BEAUTIFUL web site, BEAUTIFUL pictures, and translations of the meaning of the farm names into English!!!

I am doing genealogy research for several side lineages for people who married siblings of my maternal grandmother and two of those lineages originate in Vik, Sogn og Fjordane. I am including a link to your web site with those families so they may see how lovely the area is, and photos of the farms where their ancestors lived.

Again, Mange Tusen Takk for publishing such a wonderful web site with all the beautiful photos!

Med vennlig hilsen,
Bev

Helge Bjarneson
kaupaonger

23. november 2006 kl. 14:38
Kom øve siao di itte ho hadde vore vekke frå den daglege rutinen på veven ei stund. Søkte egentle itte anane te han Adam Reutz, Fann kun eit bilete.
Men da e ikkje da..eg fann masse anna fint å sjå på. Ville berre leggja att ei liti helsing. og no va da gjort ... Tjo bing!

Maria
Polen

24. november 2006 kl. 3:47
Hai Torstoen

Do fekk skikkelegn fis. Folottttt dama do ha! Takk, sjønne du, Eki

Rita
Stad: Slovenia

24. november 2006 kl. 3:54
Hello mysterious man. i like the way you dress mystrious man. The green, green army pants.. Aaarrghh.... woff, woff...

I like.
Rita

Marianne
Holzminden/Tyskland

27. november 2006 kl. 21:16
Hallo, über viele Einträge bin ich schließlich auf dieser Webseite gelandet. Kompliment dieses ist eine auffallend gut gestaltete Seite. Beste Grüße Marianne

Wojtek
Gliwice,Poland

29. november 2006 kl. 15:03
Hello,
I really enjoyed to find your web site about Vik and places arround. Specilay I liked to see a mountain farms .I passed Vik one year ago with my friends. It was very nice and beautifull environment that we found there.


2000-2020 © Torstein Hønsi