Gjestebok

Søk i gjesteboki

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Arkiv
Vevmeistaren
Vodl

1. mai 2005 kl. 12:13
Innspelet til Z er typisk tale for ein som har vore for lenge uteggjes. Som andre eksilvikjer romantiserer han heimbygdi, han frys minna til eit slags eventyrsamfunn der alt står i ro og folk framleis går i Ball-gensar og høyrer på Limahl (forøvrig eit anagram for etternamnet Hamill, red.). Nett som dei gjorde då den opprørske tenåringen Z tok sine fyrste prøvande steg ut or "nisse-Vik".

Nei, Z, det er nye tider no. Folkelivet blomstar. I mai kan ein høyra amerikanarane bræka kring kyrkjene. Om sommaren garpar trekktyskarane i Arnafjorden, og heile året kan ein høyra nederlendarar som harkar og sputtar i sentrumsområdet og utetter dalane. Alt saman drapert over ein bakgrunnssus av vikjakvekking.

PS: 1. mai, Gaukmesse, Store gylledag. Dagen i dag har mange namn, men det var trasig at han skulle falla på ein sundag. I dag har me jo ikkje noko arbeid å ta fri frå.

Z
på ARBEID

1. mai 2005 kl. 13:40
Ja ja ja... Her var det mykje svada på ein gang! At vevmeistaren ligg i dvale på sundagsmorgonen er vel ikkje noko nytt, men makan til tull er lenge sidan eg har sett!

Grunnen til at amerikanarane går å brækar rundt kyrkjene i mai er jo nettopp kyrkjene! At det for dei er eit slags eventyrsamfunn som har halde på det romantiske og gamle frå fordums tider. Og tyskarane i Arnafjorden ligg jo å pilkar småhyser nettopp på grunn av manglande småhyser i Tyskland. Og nederlenderane takla ikkje meir av bråk og ståk i eit land som snart er kun ein stor by. So då reiste dei til vesle romantiske Vik!

Nye tider no seier vevmeistaren so kjekt. Kanskje det? Til jul vil du vel kanskje ha julelys à la amerika på stavkyrkja? Farga, blinkande lys heilt opp til spiret medan "Jingle bell" ljomar utover stokkabømarki? Kva med ein stor, tjukk og sølvglinsande nissefar som roterar å ropa "happy christmas" medan tassen i krybba ropar "God bless america" tilbake? Kanskje Coca Cola kunne ha sponsa heile kyrkja so kunne ho vorte raud og kvit istaden for den tarvelege brunfargen? Lure på om dei brækande tjukkasane hadde komme igjen då?

Fjorden kan sikkert fyllast igjen med stein frå nedskotne fjell, nynorsk-ordbøker, Fridtjov-statuen og andre ting ein ikkje treng i den nye tidi. Men då trur eg nok hysepilkarane frå Tyskland hadde funne seg nye hyseplassar!

Kanskje vevmeistaren vil følga med i tidi å laga rundkøyringar, lyskryss og drabantbyar i søbbe? Kva med eit Red Light District på vetleøyri? Asfaltert alt mellom Teigane-Vetleøyri-Havn-Bø-Teigane? I tre etasjar! Med djupvasskai kunne ein jo fyllt opp heile bygda med containerar, so hadde ein fått Rotterdam-følelsen! Då tenke eg nederlendarane hadde vorte nøgde!

Norsk på vikjavev!!!!

Vevmeistaren
Vodl

1. mai 2005 kl. 22:22
Z vil vel helst at alle bøndene klær seg i vadmål og tresko og poserer for turistane heile sommarhalvåret. Og at me som ikkje er bønder går inn i høvelege rollar som gagnar turismen. Sjå, på kyrkjetrappa står kommunegartnaren med høg hatt og linskjorte, med i potet i neven hyttar han mot kyrkjelyden og proklamerer "nu maa Eder (den tarvelige Bonde-Allmuge [red. anm.]) se at antage disse udmærkede Kartofler i Eders agriculturelle Repetoir!". Og ved steinkyrkja står ein bonde i fillete klede og høvlar kistefjøler til barnet som har svolte i hel. Knips! "How authentic" seier turisten. "Look, he's even got a teardrop in his eye!"

Darky
dar folk daua fordi potethausten slo feil, sjølv om dei hadde flest sauer i heile verden! Gaptrostar!

2. mai 2005 kl. 8:06
Tåra kjem sjølvsagt av at vadmel klør og stikk noko heilt for j*****, og i tillegg har han fått flis av høvlinga!

Z
down town Oslo by

2. mai 2005 kl. 16:02
Med fare for reprisaliar: Bønder har vel ikkje so mykje anna å finna på i sommarhalvåret enn å posera for turistar? Pinnakjøtet ligg jo i aovelta oppe i fjellheimen! Det er om vinteren det er stress, då skal jo ulldottane ha mat to gangar i døgeret!

Norsk på vikjavev!

Strending
Bergen

3. mai 2005 kl. 7:49
Eg vil leggja inn protest mot snjomælaren. Den viser for mykje! Kan du ikkje leggja inn nye tal der, slik at det ikkje vert meir snø enn i fjor? Det vert så sein vår elles!!

Strending
Bergen

3. mai 2005 kl. 19:09
Det var jo forsåvidt ein god idé! Skal ha ein sekk liggjande i bilen spreieklar om eg skulle passere der! Oppmodinga går ut til alle som måtte ferdast over fjellet! Med litt dugnad kan me klare å kalka heile Vikafjellet fram nokre dagar! Det burde vere ei sunn avveksling frå all den rekinga i Subbe de putlar slik på med der inne!!

Memo
5. mai 2005 kl. 11:46
Præsten Hønsi var en høist elskverdig og agtbar Mand af den strengeste Retskaffenhed, den ærligste iver for sit Kald og den blideste Caracteer, og jeg er stolt over at have besiddet hans Venskab. Men han var en Mand af indskrænkede Aandsevner og aldeles ubegavet som Taler. Hans Prækener faldt stundom i det Latterlige. Derhos havde han faaet en meget gammelmodisk Opdragelse, var meget ængstelig for at vende Nogen Ryggen, og gik derfor altid baglænds ud af døren. Dette havde engang nær kostet han Livet. Han havde havt noget at tale med Stiftsamtmand Tuchs, hvis Contoir i Overetagen laae saaledes, at Trappen naaede lige op til Dørtærskelen. Da Hønsie skulde gaae, advarede Tuchs ham for Trappen; men den gode gamle Præst kunde umulig gaae annerledes ud af Døren end bukkende, skrabende og baglænds; og saaledes styrtede han baglæns paa Hovedet ned af den høie Trappe og forslog sig ynkelig.

Jah!
7. mai 2005 kl. 21:38
No flyttar eg heim!

Rado
Slovakia

9. mai 2005 kl. 8:22
Thanks for beautiful web site, snow meter is really great. I have visited Norway twice and I am sure I would come again.
Rado

Vevmeistaren
10. mai 2005 kl. 8:48
Vyrde lesar! Skriv under på oppropet mot nynorskforbod i Dagbladet og VG på http://www.nm.no/sleppnynorskentil.

For å setja fart på Akersgata vurderer eg å forby bokmål på Vikjaveven midlertidig.

PS: Søk i Noreg.no sin database viser at det er 666 postnummer i Oslo. Spooky.

Z
Vik om 14 dagar

11. mai 2005 kl. 0:42
Det er godt å sjå at vevmeistaren endeleg har greidd å opna augo! Som ein liten latterligjort Gallileo Gallilei sit eg her, men verda rundt meg kjem etter! No er bokmål midlertidig forbode, eg ventar berre på at utanlandsk blir neste. Men eit lite steg nærmare er me!

(Underskrifta mi er på plass)

Z
Vik om 13 d, 23 t, 55 min

11. mai 2005 kl. 0:45
Å fan!

No såg eg at du berre vurderER (?) å forby bokmål! Eit lite steg tilbake, men kampen fortset!

PS! Eg har lagt ut og anbefalt adressa di på intranettet på jobben, 550 potensielle vikjavev-fans på gang! Premie?

Paul L. Butler
United States

13. mai 2005 kl. 2:58
Excellent site. Very well done and interactive. Photographs are outstanding. Nightime photos are visually stunning.

Are
15. mai 2005 kl. 13:46
Det er kommet meg for øret en "lille" tildragelse i Garpastaden. Buss-sjåføren blev avspist med et par lunkne øl, med det resultat at han "oversatt" siste avgang på flybussen, og dermed måtte ta "den tunge taxituren" til flesland. Dette sår tvil, og forbannelse, da selvsamme mann herved måtte betale NKr 350, istedetfor NKr 70!

Z
flatlandet aust for langfjella

15. mai 2005 kl. 20:12
Eg les at Are er litt snurt for at eg får ei, vil mange seia, velfortent pils for å spreia vikjavevadressa her på det kunnskapslause flatlandet! Dette tek eg meg ikkje nær av, men vil gratulera samningen med, vil mange seia, dustetittelen sjnomælarkongen! Eit veltrena auga vil sjå at verken eg, Tux, Tor, Søbben eller andre fjellfantar er å finna på topp 20 lista. Men so er ikkje desse karane kjent for å køyra safe, slik som det verkar som mange gjer i denne konkuransen. "Drillofotball skapar ikkje fotballvener" seier no eg!

Stine
Oslo

16. mai 2005 kl. 9:06
Titter innom her igjen og ønsker alle en SUPER nasjonaldag i morgen!

Are
17. mai 2005 kl. 9:44
No er det viktig å halde fokus! Såvidt eg kan sjå utstyrer Z seg meg GAMASJER når han legg i veg i lysløypa. Dette minnar meg om personar som har med seg paraply når dei går på utelivet, eller når dei går på stadion ein skyfri 16. mai! Set ein dette opp mot den jamne samning som legg i veg på vikafjellet i dongeri-bukse, T-skjorte og fleeze-jakke, kun utrusta med ei appelsin som niste, er det vel lett å sjå kven som køyrer SAFE. "SAFA-sokkane redda livet mitt" sa den smørblide fjellfanten etter tre døger nedgravd i snøen. "Eg set mi lit til Gud" legg han til. Kallar du dette å køyre SAFE?
Heller Drillo enn Semb!

Butler
USA

17. mai 2005 kl. 23:56
Would you provide a translation into English for this slide? What is this interesting structure? Thank you.

Butler
USA

18. mai 2005 kl. 21:33
I noticed that the Viking carving that you use on your website has a blue eye. However, your photograph of the same carving shows no color. Is there a reason for this difference? Also, exactly which farm was the carving discovered? Is there a picture of the area? Is there any evidence that the inhabitants of Vik can trace their roots back to the Vikings?

Z
hjå Gud å drikke kaffi

19. mai 2005 kl. 13:55
Eg tenkte eg ikkje skulle øsa meg opp pga usaklege kommentarar og usanningar fremja av samningar, men dette kan ikkje teiast vekk! Gamasjar i LYSLØYPA?? Bilete den godeste Are siktar til, er teke langt inne i den vestnorske fjellheimen. Det var blest, kaldt og tidvis null sikt! Det var ein tour extreme so dei seier so fint i Alpane. At både eg og vevmeistaren kom frå det med helsa intakt er ikkje Gud si forteneste i alle fall. "Eg set mi lit til Gud" (?) Gud kan sikkert vera god å ha, men han har vel ikkje akkurat so mykje å visa til når han har jobba på eiga hand! Og kvar er resten av fjellfantane? Tore de ikkje skriva inn her pga at samningen begynna å risla med religion-sabelen sin?

Helmi
Utrecht

19. mai 2005 kl. 16:08
Hi Torstein,

How are you, and your family?

Nice pictures, but we already knew that! How are the sheep and little lambs? I hope everything is fine. We spend some days in Bergen and Stavanger (prekestuhle) after we left on saturday. (and we had to catch a lot of sleep, nice to be able to count sheep when you're asleep!!)
Send greetings to your parents and Svein! (and tussi as well, how is her home, almost finished?)

Oddgeir
Stavanger

19. mai 2005 kl. 22:18
Eg har forresten skrytt av heimesida di på jobben. Potensielt 700 nye fans. At mange Stavangerbuer etterkvart og vil få auga opp for Vik no, synest meg også truleg. Utan at det kan vere noko mål... Kasse pils?

Darky
Internatinoal University Totelos Champion (almost)

20. mai 2005 kl. 8:02
Eg har lagt ut linken på sjølvaste Vik Fotball sine sider. Desse fan-sidene har eit enormt publikumspotensiale, det er ikkje måte på til supportarskare dette laget har.

I tillegg sender eg ein og anna ire hit. Synes heilt klart at dette er vel på høgde med det andre har gjort.

Z
oslo

20. mai 2005 kl. 11:36
Dette er typisk! Her gjer eg ein heilhjarta innovativ innsats for å spre kunnskap om Sogn her i aust. Ikkje før har eg logga meg av poppar det opp "gold-diggers" som vil ha ein bit av kaka! Eg har fått lovnad om ei pils, og den ser eg fram til. So kjem det folk og masar om kasse på kasse med øl? Og gjengen som Darky kallar fan-skare, kan jo ikkje skriva ein gong! Nei, stå på vevmeistar! Ikkje lat slike kviser styra deg. Dei er jo verre enn John Shittu heile gjengen!

Darky
where the buggalo roam

20. mai 2005 kl. 13:08
No vil eg påpeike at eg ikkje satte fram krav om noko øl! Eg gjorde berre folk merksam på min vesle skjerv til den gode sak.

At folk utanfra forlangar kassevis med øl for å promotere desse gode sidene er sjølvsagt ein skandale.
Eg ser meir på det som ei glede å spre den gode bodskapen! Eventuelle pils som vevmeistaren måtte få lyst til å dele ut kan heller gå til forbipasserande turistar eller andre trengande. (så sant det ikkje er luskelauritsar fra nabofylka som leikar turist for å få øl da)

Oddgeir
Avbaksla

20. mai 2005 kl. 21:36
Idealisme er vel og bra, men ei øl i ny og ne har aldri vore å forakte. Ærlegheit er mitt motto i slike spyrsmål. Ein ting er visst: Folk har ALLTID ein baktanke. Når eg fortel vevmeisteren kor sver eg er å skryte over heimesida hans, er sjølvsagt tanken å oppnå ein eller annan form for fordel - i dette tilfellet ein kasse øl. Når Z då smiskar etter 1 stakkars øl (for å høyrest moderat ut?), er dette sjølvsagt eit hykleri verre enn Bondevik si motstand mot krig i Irak! Nei, sei det som det er karar. Og dette ølet som dei er så redde skal hamne utanbygds, det er vel ikkje akkurat laga i Vik? Eller kanskje det er....

Are
Lýlleasýa

21. mai 2005 kl. 8:32
Ikkje for aa vaere ufin, men eg tykkjer trivselsfylket no viser skuggesida si her paa veven. Ikkje foer har ein kaara ein rettmessig vinnar, med der tilhoyrande premietilfangst, foer det popper opp "wannabees" fraa fjern og naer.

Ateregoti !!!

Butler
USA

24. mai 2005 kl. 15:19
I've seen pictures of three churches so far (bravo on the night views of the older churches). How many churches are there in Vik? What are the denominations? Who owns the church properties?

Harley
sentrumsnært - Oslo

26. mai 2005 kl. 9:48
Utrolig bra nettside! Vik har kommet på kartet for oss som trodde stedet lå like ved Vennesla. Det er alltid frydefullt å høre en sogning snakke, og ikke desto mindre å lese alle innleggene her. Stå på for dialekten!
Z får ha meg unnskyldt for at jeg ikke greier å skrive som en ekte sogning....men jeg syr bunader, hvis det kan oppveie dette.

Nicolas Duault
Rouen-Frankrike

26. mai 2005 kl. 13:08
Hei
Bra nettside, veldig bra...
Vik er jo også ett av de flotteste stedene i Norge.
Hilsen en fransk-norsk reiseleder med hjertet som banker for Vik - med eller uten sol !

Nico

Darky
I nær kooperasjon med SAS Braathens

26. mai 2005 kl. 14:18
"Vik har kommet på kartet for oss som trodde stedet lå like ved Vennesla..."

Her ser vi jo heilt tydleg kor stort behovet for folkeopplysning er, men likevel skal altså enkelte nytte dette som eit middel for å tuske til seg skarve slantar med øl...

Harley
Oslo

26. mai 2005 kl. 16:14
...hvem kan vite om alle avsidesliggende perler i dette langstrakte land? Apropos "..ein øl.." - Smøring og kammeraderi er styggedom.

Z
Midt på vestlandet

27. mai 2005 kl. 0:32
Ja ja, eg ser moralens voktarar er ute med sleivkjeften igjen, men utan smyrjing og kompiskøyr stoggar nok heile samfunnet! Men det er godt nokon er "moralske", slik som Harley verkar til å vera! he he... Ellers kan eg opplysa almugen om at det er flott å koma heim til Sogn, gledar meg til pilsnerølet på Vodl. So kan no røkla meina kva dei vil!

Vevmeistaren
Søbbejordet

27. mai 2005 kl. 11:42
Lat meg understreka at denne pilsen ikkje er ei betaling for ei teneste som Z har utført, men snarare ei gåve som kom uoppmoda i etterkant av at Z hadde gleda meg. Meir som ein norsk diplomat som får ein "signaturbonus" når han har gleda nigerianarane ved å skriva under ein viktig oljekontrakt. Dette står i sterk kontrast til det kobbelet av lukkejegrar som kom i kjølvatnet av Z og trudde vevmeistaren var den reine salgsmaskin der ein kunne putta inn sine eigne reklameframstøyt og få ut att plenpils.

Rysta, Vevmeistaren.

Harley
stålende sol frå aust

27. mai 2005 kl. 13:14
"....ei gåve som kom uoppmoda i etterkant av at Z hadde gleda meg"
For å si det sånn har Z gleda mange uten å få pils.
H-H sko ruler!!!

Z
bergje

27. mai 2005 kl. 15:04
Eg takkar for støtta vyrde vevmeistar! Håpar no det blir slutt på denna tyleskapen her inne ein gong for alle. Og som Harley korrekt påpeikar har eg gleda fleire utan å få noko skjerv i form av pilsnerøl. Men so lenge andre er glad, er eg glad! Men no må eg på handels-laget å bunkra til helgi, kjenne eg karadn rett held det ikkje med ei flaske på ei helg.

Darky
I heimlandet

28. mai 2005 kl. 3:54
Eg meinte da aldri å gå til åtak på Z, han fekk berre ein bonus av vevmeistaren.

Det er desse utabygdsfolka eg vil til livs! Desse som vil snylte på vevmeistaren, slik at han ikkje har øl å gi som rein bonus til rettskafne og trufaste slitarar, som til dømes Z.

Butler
USA

29. mai 2005 kl. 21:47
I received a copy of the Bygdabok for Vik i Sogn. Across the top of each gard section are what look like runes with names and dates. Do you know what these runes represent and how they were developed?

Strending
30. mai 2005 kl. 19:45
Korleis er det med snøen på Vikafjellet for tida? Smeltar den i det heile teke eller??

-Strending i eksil

stian
bergen

31. mai 2005 kl. 9:10
Synst da bynna å bli lenge siao fotoalbummet er blitt oppdatert no. Håpa da snart kjem fleire bilder fra gamlelandet.

Oddgeir
Heime

31. mai 2005 kl. 21:09
Her kjem mykje rart for dagen. I salig rus (!) over den opnådde gunst hjå vevmeisteren, vert det frå unemnt hald retta hatske utfall i aust og i vest når andre kjem på banen. (Kan forresten mitt opphavelege innlegg i denne saka sjåast i eit aldri så lite ironisk lys..? Tenk på den…) Det interessante er argumentasjonen i det vidare: IKKJE EI PILS UT OR VIK (les: til utanbygdingar). Me hugsar alle fiskeriminister Nofish Olsen, her snakar me om Nopils Z (godt rappar-namn forresten). Dette speglar ei interessant haldning til omverda, sett frå verdsnavlen Vik. Også i denne navlen ligg det ein del grums og luktar, eller framandfrykt om ein vil. Dette har vel samanheng med det til dels isolerte plasseringa langt inne i ein fjord på Vestlandet, kontakten med anna folk var vel begrensa, og meir før enn no. Ute på kysten var dei meir vane med å sjå folk frå andre stader, jamfør til dømes fiskeria (der delte ein villig både pils og dram – ikkje so i ein poteåker i Vik). Splinten såg seg vel heller ikkje syn med å reise innover i fjorden, so me forstår, vilde han fort svelte i hel…(gratispoeng til dei som vil…splint…kysten..aha..). Vervmeisteren har vel funne dette noko pinleg allereie, og har no nedvurdert si eiga gåvmildheit til ”signaturbonus”, heilt greitt, dette er jo vanleg i dei fleste bananrepublikkar.

Med framleis von om signaturpils…

Are
Dalen

31. mai 2005 kl. 23:29
Etter mykje Pilsersnakk, (tildels i ein uvenleg tone. Skal tru om debattantane "drikk seg til mot" framføre EDB-maskina?), tenkte eg eg ville sparke liv i diktserien "Pils i Søbbe". Det er viktig å roa gemyttane no like før me "går inn i sesongen". Eg har vore i Søbbe. Eg har blitt påspandert pils i usømelege mengder. Slik gjekk det:


Frå Søbbe til Hønsi

Dyvåt til skinnet, nyklane vekk!
Etter to gongar kryssing av elv

”Faen, kor e’ eg?” Må kryssa igjen!
til tross for den storslagne risk

På rygg uti elva so lausøyri fyk!
- men vitet det vende attende


2000-2020 © Torstein Hønsi