|
Forklaring av lydskrift som tidlegare var brukt i dialektgjengiving på Vikjavev. No er det erstatta med IPA. Kort oppsummert går denne lydskrifti ut på at:
|
|
| Teikn | |
| ' | Markerer einstavingstonelag eller tonem 1 og trykk på den etterfylgjande stavingi. Jfr. 'lai:Ken m som i 'den som er med på leiken...', men "lai:Ken adj som i 'katten er leiken'. I nokre tilfelle har eg måtta sløyfa trykkmarkering fordi dei skriftlege kjeldene ikkje har gitt opp tonelaget. |
| " | Markerer tostavingstonelag eller tonem 2 og trykk på den etterfylgjande stavingi. Jfr. dømet ovafor. |
| : | Kolon etter ein vokal eller diftong fortel at han er lang. Jfr. ma:n f (på hesten) mot mann m og grao:t m 'gråt' mot graott adj n 'grått'. |
| * | Kryss markerer ein stavingsberande konsonant. I t.d. 'bi:l*n m 'bilen' vert e-en sløyfa i uttalen, men ordet har likevel to stavingar. |
| Vokalar | |
| a | Vanleg a. |
| e | Open e. Denne lyden, som i nynorsk 'lesa', kan bli brukt der nynorsk har e eller æ. Til dømes "e:ta v,fe:l adj 'fæl', "hetta f, "tredde v pt 'trædde'. Lyden svarer til norrønt e, æ og i somme tilfelle é. Eg bruker denne bokstaven ogso om den slappe, halvrunda e-en i trykksvak stode, som i "hadde. |
| i | Trong i. Lyden har diftonguttale med eit innslag av e i byrjingi. "si:ga, "gli:sa, litt, likt. Svarer til norrønt í. |
| I | Open i eller trong e. Denne lyden står sterkt i vikjamålet og vert uttala som i austnorsk 'ski, pinne'. Han vert ofte brukt der nynorsk har e. "vI:ka f 'veke', "tI:le m 'tele', "drIkka v, "Itte a 'etter'. Merk skilnaden på bI:l n 'bel, klokkeslett' og bi:l. Tilsvarer norrønt i, é og sjeldan e. |
| o | Trong o. Har diftonguttale med eit innslag av u mot slutten, som i engelsk 'snow'. so:l, "ro:pa, "otte m 'otte, frykt', "rodde v pt. Svarer til norrønt ó. |
| u | Trong u. Har diftonguttale med eit innslag av e eller i i byrjingi. hu:s, "lu:ka, du:, "trudde. Svarer til norrønt ú. |
| U | Open u, som den europeiske u i tysk 'Ruhe' eller spansk 'uno', altso same uttalen som i austnorsk 'sol'. "fU:ra f 'furu', bU:l m 'kropp, torso', "Unde prep 'under', "Uppe prep 'oppe'. Svarer til norrønt u. |
| y | Trong y. Diftonguttale med innslag av ø i byrjingi, nærmast som øy. "Sjy:ta, "ry:pa, "ytte, "bydde. Tilsvarer norrønt ý. |
| Y | Open y, som i austnorsk 'syl'. Vert ofte brukt der nynorsk og bokmål har ø: fY:l 'føl', "lYtta, "bYtta f 'bøtte'. Merk skilnaden på hY:l m 'høl, dam' og hy:l n 'hyl, skrik'. Tilsvarer norrønt y. |
| ø | Vanleg ø som i "dømma, "rø:pa, smø:r. |
| å | Open o. Sjå ogso diftongen ao. "kå:na f 'kone', "så:va v 'sova', åst m 'ost'. Merk skilnaden på hå:l n 'hol, opning' og hao:l adj 'hål, glatt'. Tilsvarer norrønt o. |
| Diftongar | |
| ao | Denne diftongen blir brukt - med nokre heilt få unntak - der nynorsk har å: blao:, blaott, sao:, "saodde 'blå, blått, så, sådde'. Tilsvarer norrønt á. Denne lydutviklingi har ogso skjedd i resten av Sogn, på Voss, i Hardanger, på Island og Færøyane og elles i nokre andre mindre område i Norge. |
| eu | Nynorsk og norrøn au: seu:, bleutt. |
| ai | Nynorsk og norrøn ei: "hai:ta, "lai:ka, "haitte, "laikte. |
| åi | Nynorsk øy: håi:, "Sjåi:telø:p, "plåidde. Tilsvarer norrøn ey. |
| Spesielle konsonantar | |
| G | Stemd palatal klusil, "blaut g": "vaiGGen m 'veggen', "onGe m 'unge'. |
| K | Ustemd palatal klusil, "blaut k" som i 'kino, kiste': "Ki:no, "KIsta, "IKKe 'ikkje', "baKKe m 'bakke', "YrKe n 'yrke', "vi:Kamao:l n 'vikjamål'. |
| S | Ustemd palatal frikativ, vert berre nytta framfor j: "SjI:va f 'skive', "Sjo:ta v 'skjota, skyta', |
| r | Vikjamålet har ein hard rulle-r (so lenge det varer...) |