Ordsamling | Grammatikk | Målføreprøve

Grammatikk i vikjamålet

Av Olav Skjerven, publisert i Bygdabok for Vik i Sogn, 1956. Klikk på talemålsgjengiving (i kursiv) for å veksla til IPA-lydskrift.

Grensa millom Kyrkjebø og Vik skil ikkje berre millom to herad, der går og vestgrensa for det eigenlege sognamålet. Utanfor, på Sognfjøra, fylgjer dialekten mest sunnfjordmålet. Det er e-mål skrive/²skreiːvə, lese²leːsə/, og sterke hokjønsord endar i bundi form eintal på -a bygda/¹bygda, sola¹soʊːla/. Men sognfjøremålet har ao/aʊ/ for å (gamalnorsk á), som i midtre og indre Sogn. Millom Vik og Balestrand med Vangsnes er det ingi skarp målgrensa, um ein no alltid kan merka skilnaden.

Ljodverk

Vokalar

. A er høg og ljos, som i vestlandsk mann og i engelsk father. Det er full tviljoding på gn. å: gao/gaʊ, sjaoʃjaʊ/. Det er litt tviljoding på trong i og o. Lang og trong o i slutten av ord vert ou: sou (for so) og glou (for glo). A og o vert fyre ng og nk ao: laong/laʊŋg/ (for lang) og taong/taʊŋg/ (for tong), baonk/baʊŋk/ (for bank) og haonk/haʊŋk/ (for honk). Framfor ng og nk vert u til trong o: óng/oʊŋg, tóngtoʊŋg, mónkmoʊŋk/ (for ung, tung, munk). Au har i nokre ord vorte ø: løk/løːk/ (for lauk, gn. laukr m.), brø/brøː/ (for braud, gn. brauð n), løn/løːn/ (for gn. laun f. = løn, vederlag). Dette vokalskiftet må vera gamalt. Av verb har laug (av ljuga) vorte løg/løːg/ . Merk og: løksta/²løksta/ (for laugsta = skulda for lygn). Mest brukt i uttrykket: da løkst du! Det vart teke mest som ei banning. Open e kan stundom bli ø; soleis i gardsnamni Røfsdal/²røfsdaːl/ (for Refsdal) og Skjørvo/²ʃjørvoʊ/ (for Skjervo). Og i løpsa/²løpsa/ (for lefsa), røkka/²røkːa/ (for verbet rekka. Men dei seier rekkja/²rɛc͡çːa/ , rekkjeveg). Dei sa berr/bɛrː, berrbaka²bɛrːbaːka, berrhovda²bɛrːhɔvda/ , men børrføtt/²børːføtː/ . At e vart ø i fyrste staving av det ordet, kallar dei ljodjamning eller assimilasjon. E fyre lang gg vert ei/aiː/: eigg/aigː/ (for egg) , veigg/vaigː/ (for vegg), og sameleis fyre ng og nk: seing/saiŋg/ (for seng) og beink/baiŋk/ (for benk). Lang og trong e fell saman med open i: sén vert uttala som sin/siːn/ , lét som lit/liːt/ . Lang og trong u vert hjå sume eu: deu (for du) og sjeuk (for sjuk). Men det er helst hjå folk som er komne frå bygder lenger inne i Sogn. Æ er ikkje so djup som austlandsk æ. Denne vokalen burde helst skrivast è.

Konsonantar

. Lang ll vert dl: kadla, tròdl for kalla, troll. Rn vert dn: bòdn, kòdn (for born, korn). Vn har vorte til bn: habn, nabn. SI fell saman med tl: hattel, putla (for hassel, pusla). Gamal nd, Id, mb og ng held seg: land, mold, kamb, saong. F vert p fyre s: løpsa (for lefsa), òpse (for ofse), ups (for ufs). G og k vert mjuke (palatale) fyre dei bundne artiklane en og i og i fleirtal edna: seing - seingji - seingje - seingjedna, beink - beinkjen - beinkje - beinkjedna. Som ein ser, vert g og k ogso mjuke framfor fleirtalsendingi -e. Men i adjektiv og verb vert ikkje dei to konsonantane palatale framfor e, en og i: laonge, rike, lege, teken, teki.

Bøygningsverk

Substantiv. Frå gamalt har namnordi hatt tre kjøn. Hankjønsord er gutenn/¹giʉːtn̩, grannen²granːn̩/. Hokjønsord er soli/¹soʊːlei, jentao²jəntaʊ/. Inkjekjønsord: huse/¹hiʉːsə, eple²ɛplə/.

Eintal: Fleirtal:
Ubundi form Bundi form Ubundi form Bundi form
ein gut/aiːn giʉːt/ guten/¹giʉːtn̩/ guta/²giʉːta/ gutadne/²giʉːtadnə/
ein granne/aiːn ²granːə/ grannen/²granːn̩/ granna/²granːa/ grannadne/²granːadnə/

Ord som endar på -g eller -k med konsonant fyre, får - e/ə/ i fleital:

gaong - gaongjen - gaongje - gaongjedna/gaʊŋg - ¹gaʊnɟ͡jən - ²gaʊnɟ͡jə - ²gaʊnɟ͡jɛdna/
rygg - ryggjen - ryggje - ryggjedna/rygː - ¹ryɟ͡jːən - ²ryɟ͡jːə - ²ryɟ͡jːɛdna/
bekk - bekkjen - bekkje - bekkjedna/bɛkː - ¹bɛc͡çːən - ²bɛc͡çːə - ²bɛc͡çːɛdna/
sekk- sekkjen - sekkje - sekkjedna/sɛkː- ¹sɛc͡çːən - ²sɛc͡çːə - ²sɛc͡çːɛdna/

Soleis bøygjer ein og t. d. sau - saue/seʉː - ²seʉːə, ven - veneviːn - ²viːnə, øyk - øykjeɔiːk - ²ɔiːc͡çə, mann - menne.manː - ¹mənnɛ./

Vokalskiftet i mann - menne/manː - ¹mənnə/ kallar me umlyd eller i-umlyd. Ved dette vokalskiftet vert som nemnt a til e,

ao til e: tao - te/¹taʊː - teː/ ,
o til ø: klo - klø/kloʊː - kløː/ ,
u til y: sut - syta/siʉːt - ²søyːta, /
au til øy: blaut - bløyta/bleʉːt - ²blɔiːta, /
jo til y: ljos - lyse./ljoʊːs - ²løyːsɛ./

Med ending -e og umlyd i fleirtal: bror - brøre - brødna/broʊːr - ¹brøːrə - ¹brødna, sån - søne - sønedna.sɔːn - ²søːnə - ²søːnɛdna./ Botn og mòr'ó bøygjer ein soleis: botn - betne - betnedna/¹bɔtːn̩ - ²bɛtnə - ²bɛtnɛdna, mòr'ó - medna - mednadne²mɔːroʊ - ²mɛdna - ²mɛdnadnə/. Den bundne hankjønsartikkelen er som ein ser: -en eller -n.

Hokjønsord

. Me tek nokre prøver:
grein - greini - greine - greinedna/graiːn - ¹graiːnei - ²graiːnə - ²graiːnɛdna,
jenta - jentao - jente - jentedna²jənta - ²jəntaʊ - ²jəntə - ²jəntɛdna,
elv - elvi - elva - elvadneɛlv - ¹ɛlvei - ²ɛlva - ²ɛlvadnə,
bru - brunao - brue - bruednabriʉː - ¹briʉːnaʊ - ²briʉːə - ²briʉːɛdna/.

Med umlyd og -e i fleirtal:

bok - bokji - bøkje - bøkjedna/boʊːk - ¹boʊːc͡çei - ¹bøːc͡çə - ¹bøːc͡çɛdna,
bot - boti - bøte - bøtnaboʊːt - ¹boʊːtei - ¹bøːtə - ¹bøtna,
natt - natti - nete - netna.natː - ¹natːei - ¹neːtə - ¹nɛtna./

Den bundne artikkelen er i linn bøygning eintal ao/aʊ/ og i sterkt bøygde ord i/ei/.

Inkjekjønsord

. Den bundne artikkelen er i eintal -e/-ə/ og i fleirtal -i/-ei/:

aor - aore - aor - aori/aʊːr - ¹aʊːrə - aʊːr - ¹aʊːrei,
eple - eple - eple - epli²ɛplə - ²ɛplə - ²ɛplə - ²ɛplei,
merkje - merkje - merkje - merkji²mɛrc͡çə - ²mɛrc͡çə - ²mɛrc͡çə - ²mɛrc͡çei/

Badn/baːdn/ heiter i fleirtal bòdn/bɔːdn/ .

Auga bøygjer ein soleis:

auga - auga - auge - augo./eʉːga - eʉːga - eʉːgə - eʉːgoʊ./

Kasus. I gamalnorsk var det fire kasus, som i tysk: nominativ, genitiv, dativ og akkussativ. Namnordet mann var bøygt soleis: nom. maðr, gen. manns, dativ manni, akk. mann. I vikjamålet er det berre ei form med fullt liv, nominativ (nemneform).

Genitiv finst enno i faste uttrykk, slike som ti fjells/tiː fjɛlːs, ti skogstiː skoʊgs, ti sysstiː sysː, ti kjyrkjetiː c͡çyrc͡çə/ . I det gamle målet styrde til genitiv. Dativ finn ein i sume ordelag: i live/eiː ²leiːvə, mæ godt å gó'ómeː gɔtː ɔː ²goʊːoʊ, i smautoeiː ²smeʉːtoʊ /(i dulsmål), mæ harnjaoko/meː ²haːrnjaʊːkoʊ /(med hardskap), mæ nø'ne/meː ¹nøːnə, pao nyo bél.paʊː ²nøyːoʊ biːl./

Det kan vel vera kring 100 år sidan dativen miste taket i vikjamålet (dvs ca. 1850 - T.H.). Denne kasusformi har enno stor livskraft t. d. på Voss og Sunnfjord. Ho finst på Sognfjøra med, og i indre Sogn (Lærdal). Lengst heldt denne sideformi seg i sterke hokjønsord. Ein gamal mann sa: "Døri æ laog å brei", men: "Han sto i dørene". Dette siste er dativform av dør. Eg kan ikkje hugsa at nokon brukte dativ i eintal av inkjekjønsord.

Her kjem nokre hermer. Det var i 90-åri, då dei sette opp den fyrste telefonlina millom Vik og Voss. Telefon er hankjøn. Ein kall som snakka gamaldags, likte ikkje ùmen i trådane og sa: "Da æ ein fælte med denna telefoni". Um snikkarane, som han tykte hadde for stor dagløn og var sère på kosten, sa han: "Dei sit uppi smøraskji å synda peinga". D'æ besta grase aottmæ steino å besta kjøte aottmær beino. I dette gamle ordtøket heldt dei på dativen, elles vilde rimet og rytmen vorte øydelagde. Ei gamal legdekjering likte seg ikkje på Skjervo, for det sat ofte mange kråker og skjorer i dei store trei nedanfor husi der. Um dette sa ho: "D'æ so kallsle' pao denne gari, her æ so fullt ao dessa trollfuglo".

Genitiv

. Den gamle genitivformi -ar finst i nokre samansette ord. Ein kan enno møta folk som seier sjoarveg. Elles har den gamalnorske eigeformi halde seg best i stadnamn. (Sjå Nokre stadnamn og kva dei tyder i fyrste bandet.) Her kjem 6, der finst kanskje fleire: Beitarhaug, Igdarhaug, Sjoarreset, Sjonarhaug, Skjeldarkol, Øyarkodl. Etter vanleg bøygning skulle det siste bli Øynakodln. Bindevokalane i samansette ord er a eller e: hundastykkje, bygdaveg, nautabeist, hanakjukling, bringeverk, minnebok.

Kva ending fyrste lekken i samansette ord skal ha, er det ikkje alltid greide reglar for. Det kan skifta mykje. Her kjem nokre døme: bjødn/¹bjødn̩, Bjønndalen²bjønːdaːln̩, bjønnservbjønːsɛrv, bjødnakjøt²bjødnakjøːt, Bjødnahie. Gjeit²bjødnaheiːɛ. jaiːt, gjeitostjaiːtɔst, gjeitastøljaiːtastøːl/ , men gjeissbeist/jaisːbaist/ . Det må vel vera s-en i beist som har gjort at det vart s i fyrste staving òg. Det er som geit skulde vore hankjøn ikkje berre i det ordet, men igjeisshòdn/¹jaisːhɔdn/ med. Trodl/¹trɔdl̩, trollkatt²trɔlːkatː, trollshovetrɔlːshɔːvə/ . Merk: Trodlekjyrkjao/²trɔdləc͡çyrc͡çaʊ/ , men Trådlavådlsvae/²trɔdlavɔdlsvaːə/ . Som ein ser, går dl i samansetningar ofte attende til ll, dn vert gjerne nn: bjødn - bjønn-/¹bjødn̩ - bjønː-, kòdn - kònn-; kònnstaur¹kɔdn̩ - kɔnː-; ²kɔnːsteʉːr, ein goe kònngaraiːn ¹goʊːə ²kɔnːgaːr/ . Ld kan bli ll: kald - kallsle'/kald - kalːslə, ei kallglyaaiː ²kalːgløyːa, kallsyrao²kalːsøyːraʊ/ . Lv kan bli ll: kallslægje/kalːsleːjə, kallsaskkalːsask, men kalvadans/²kalvadans, kalvakjøt²kalvakjøːt/.

Adjektiv. Dei fleste adjektiv vert bøygde i kjøn og tal.

Hankjøn Hokjøn Inkjekjøn Fleirtal
stor'e/¹stoʊːrə/ (gn. stórr) stor/stoʊːr/ stort/stoʊrt/ store/²stoʊːrə/
liten/²leiːtn̩/ liti/²leiːtei/ lite/²leitə/ smaoe/²smaʊːə/

i Vik sa bygdarane: han e stor'e/hanː eː ¹stoʊːrə/ , men ho e stor/hoʊː eː stoʊːr/ . På Øyri og i anneksene sa dei helst:han e store/hanː eː ¹stoʊːrə, ho e storehoʊː eː ¹stoʊːrə/ . I bundi form: dann store mann'n/danː ²stoʊːrə ¹manːn̩, dann stora jentaodanː stoʊːra ²jəntaʊ, da stora husedaː stoʊːra hiʉsə, dei store mennednadaiː stoʊːrə ²mənnɛdna, dei stora jentednadaiː stoʊːra ²jəntɛdna, dei store husidaiː ²stoʊːrə ¹hiʉːsei/ . Eldre form for gammadl/²gamːadl/ (hokj.) var gòmmòdl; i gòmmòdl ti/²gɔmːɔdl; eiː ²gɔmːɔdl teiː/ .

Talord

Grunntal

: ein/aiːn, eiaiː, eittaitː, tvotvoʊ/: (nyare form: to/toʊː/), tri/triː, fira²feiːra, femmfɛmː, sekssɛks, sjauʃjeʉː, aottaaʊtːa, nieneiːə, tieteiːə, edleva²ɛdlɛva, tålltɔlː, trettan²trɛtːan, fjortan²fjoʊrtan, femtan²fɛmtan, sekstan²sɛkstan, saukjan²seʉːc͡çan, akjan²aːc͡çan, nikkjan²nic͡çːan, kjue²c͡çiʉːə, tredve²treːdvə, fyrrti¹fyrːtei, femti¹fɛmtei, seksti¹sɛkstei, sytti¹sytːei, aotti¹aʊtːei/ (eller aotteti/aʊtːətei/), nitti/¹nitːei, hundra²hʊndra/ .

Rekkjetal

. Hankjøn: fysste/²fysːtə, are²aːrə, trie²triːə, fjere²fjeːrə, femte²fɛmtə, sekste²sɛkstə, sjaunde²ʃjeʉndə, aottande²aʊtːandə, niande²neiːandə, tiande²teiːandə, edlefte²ɛdlɛftə, tållte²tɔlːtə, trettande²trɛtːandə, fjortande²fjoʊrtandə, femtande²fɛmtandə, sekstande²sɛkstandə, saukjande²seʉːc͡çandə, akjande²aːc͡çandə, nikkjande²nic͡çːandə, kjuande²c͡çiʉːandə/. Hokjøn og inkjekjøn: fyssta/²fysːta, ara²aːra, tria²triːa, fjera²fjeːra, femta²fɛmta, seksta²sɛksta, sjaunda²ʃjeʉnda, aottande²aʊtːandə, niande²neiːandə, tiande²teiːandə/ .

Ein, ei og eit er og ubunden artikkel: ein kar/aiːn kaːr, ei gjentaaiː ²jənta, eit husaitː hiʉːs/ .

I norsk brukar ein no den ubundne artikkel berre framfor ord i eintal. I gamalnorsk kunde han og brukast fyre ord i fleirtal. Det er rester etter dette i vikjamålet som i mange andre dialektar. Her ei herma etter ei gamal kjering. Det var um kva slags mat dei skulde gje ein skran og bleik gutunge: "Gje 'an brimkling, so vert 'an kar, men gje du 'an fisk å petete, verte leiggjedna nett so ei skjevla". Skjevla er fleirtal av skjevedl = skjevling, kjepp som er skaven.

Pronomen

Personlege pronomen. Dei har tre kasus, som i vanleg nynorsk: nemneform (subjektform), objektform og eigeform.

Eintal 1. person 2. person 3. person
Nemneform eg/eːg/ du/diʉː/ han/hanː, hohoʊː, dadaː/
Objektform meg/meːg/ deg/deːg/ han/hanː, hinne (ho)²hinːə (hoʊː), dadaː /
Eigeform hass/hasː, hinna²hinːa, dess (ti dess)dɛsː (tiː dɛsː) /
Fleirtal 1. person 2. person 3. person
Nemneform mi/miː/ di/diː/ dei/daiː/
Objektform åss/ɔsː/ dikka/²dikːa/ dei/daiː/
Eigeform dikka/²dikːa/ deira/²daiːra/

Når personlege pronomen er predikatsord, brukar dei som talar rett vikjamål, nemneformi: da æ du, da va eg so gjore da.

Det refleksive pronomen heiter seg/seːg/; han slo seg, dei slo seg.

Resiproke pronomen er einan/ain¹aːn/ og kverare/kvɛr²aːrə/: dei va so goe mæ einan, dei to. Me lyte hjelpa kverare.

Eigedomspronomen

: minn/minː, mime, mittmitː, mine²meiːnɛ/. I fleirtal hokjøn: mina/²meiːna/. Døme: d'æ mine vette (av vott m.), d'æ mina bøkje, d'æ mine eple. dinn/dinː, dide, dittditː, dine²deiːnə/. I hokjøn fleirtal: dina/²deiːna/; detta æ dina bøkje. vaor/vaʊːr/ (både hankjøn og hokjøn), vaort/vaʊrt, vaore²vaʊːrə/ . I hokjøn fleirtal: vaora/²vaʊːra/ ; d'æ vaora bøkje.

Demonstrative pronomen er bøygde i kjøn og tal, men ikkje i kasus: denne/²dənnə, dette²dɛtːə, desse²dɛsːə, denna²dənna, detta²dɛtːa, dessa²dɛsːa, danndanː, dadaː, deidaiː, hinnhinː, hihe, hitthitː, hineheiːnə/ . I hokjøn fleirtal hina/²heiːna/ ; hina jentedna/²heiːna ²jəntɛdna/ , men: hine gutadne/²heiːnə ²giʉːtadnə/ .

Dei skilde millom denne, dette, desse og denna, detta og dessa. Dei tre fyrste vart brukte um det som er nær: denne bokji æ mi. Og dei tre siste um noko som er lenger burte: Denna (dar burte) æ di. Hinn og dann vart ofte brukt um styggemannen: lyg´e du, so skulde hinn å dann ta deg!

Spyrjepronomen er kvenn/kvənn/ og /kɔː/ . Dei vert ikkje bøygde: kvenn va da? Kå æ da?

Spyrjeadverb

er /kɔː, kåfårkɔfɔr/ (eldre form: kåfy/kɔfy/), kåleis/kɔːlɛeis/ ; kå rik æ han? Kåleis leve du? Kår bur han?

Det relative pronomen heiter so/soʊː/ . Kven var da so gjore da?

Ubundne pronomen:

Hankjøn Hokjøn Inkjekjøn Fleirtal
adl/¹adl̩/ adl/¹adl̩/ alt/alt/ adle/²adlə/
an'/aːn/ onnor (anna)/²ɔnːɔr (²anːa)/ anna/²anːa/ are/²arə/
innkon (innkorein)eiŋkɔn (²eiŋkɔraiːn)/ innkoreieiŋkɔraiː/ innkorteiŋkɔrt/
inngjeneinɟ͡jən/ inngjieinɟ͡jei/ innkjeeinc͡çə/ inngjieinɟ͡jei/
kver/kveːr/ kver/kveːr/ kvert/kvɛrt/
maongein/¹maʊŋgaiːn/ maongei/¹maʊŋgaiː/ maongt/maʊŋgt, maongteit¹maʊŋgtait/ maonge/²maʊŋgə, maonga²maʊŋga/
nòken/²nɔːkən/ nòki/²nɔːkei/ nòke/²nɔːkə/ nòkre/²nɔkrə/
sumt/sʊmt/ summe/²sʊmːə/

Dei sa: d'æ innkån so ropa. Soli skjin'e berre innkorein dagjen. Han sat å trykte, da kom berre innkorteit óre. Eller: da kom berre innkorei glosao.

Korgje vert ikkje brukt. Inkjekjønsformi korkje er no bindeord: han fekk korkje vaott elde turt. Korkje eg elde du. Nynorsk ein (bokmål en eller man) heiter an/an/ : an faor tiga mæ an tyggj'e. An tar' ikkje gao laongt itte ustundi.

Da/daː/ kan og vera ubunde pronomen: da rigna. Da dagast.

Verb

Linne verb

.

Fyrste klasse: -a, -a.
å kasta/ɔː ²kasta/ , notid: han kasta/hanː ²kasta/ , fortid: han kasta/hanː ²kasta/ , perf. part.: han ha kasta/hanː haː ²kasta/ .

Andre klasse: -de og te, -t.
å leva/ɔː ²liːva, leve²liːvə, livde²livdə, levt; å kjøpalift; ɔː ²c͡çøːpa, kjøpe²c͡çøːpə, kjøpte²c͡çøptə, kjøptc͡çøpt/ .

Tredje klasse: -de, -t.
å spyrja/ɔː ²spyrja, spyr'e¹spyːrə, spurde²spʊrdə, spurtspʊrt/ .

Fjerde klasse: -dde, -tt.
å tru/ɔː triʉː, trurtriʉːr, trudde²triʉdːə, trutttriʉtː/ .

Uregelrette linne verb:
å eiga/ɔː aiːga, han eigehanː ¹aiːgə, han aottehanː ²aʊtːə /(eigde), han ha aott/hanː haː aʊtː/ (ein høyrer og: eigt/aikt/ ).
å vita/ɔː ²viːta, han veithanː vaiːt, han visstehanː ²visːtə, han ha vissthanː haː visːt/ (ein høyrer og: han ha vita da/hanː haː ²viːta daː/ ).

Modale hjelpeverb :
å kunna/ɔː ²kʊnːa, han kannhanː kanː, han kundehanː ²kʊndə, han ha kunna. han skahanː haː kʊnːa. hanː skaː, han skulde. å turvahanː ²skʊldɛ. ɔː ²tʊrva, han tarhanː taːr, han turrte. han maohanː ²tʊrːtɛ. hanː maʊː, han måttehanː ²mɔtːə/ (sjeldhøyrt: maotte/²maʊtːə/).
A vilja/ɔː ²vilja, han vèhanː viː, han vildehanː ²vildə/ .

For 'å skulla' og 'å måtta' brukar ein 'å ljota':
eg lyt'e/eːg ¹løyːtə, eg lauteːg leʉːt, eg ha lòteeːg haː ²lɔːtə/ .

Sterke verb

. Her er teke med eit par av kvar klasse.

Fyrste klasse: Vokalskifte: i (e) -a -o (u).
bera/²beːra, ber'e¹beːrə, barbaːr, bòre²bɔːrə, finna²finːa, finn'e¹finːə, fannfanː, funne²fʊnːə/ .

Andre klasse. Vokalskifte: e (i) -a -e.
lesa/²leːsa, les'e¹leːsə, laslaːs, lese. ligggja²leːsɛ. ²ligɟ͡jːa, liggj'e¹leiɟ͡jːə, laoglaʊːg, lege²leːgə/ .

Tredje klasse. Vokalskifte: i- ei- é(i).
bita/²beiːta, bit'e¹beiːtə, beitbaiːt, béte. ria²biːtɛ. ²reiːa, ri'e¹reiːə, reiraiː, rée²riːə/ .

Fjerde klasse. Vokalskifte: jo (u)- au- o.
brjota/²brjoʊːta/ (no vanleg: brota/²broʊːta/), bryt'e/¹brøyːtə, brautbreʉːt, bråte. kluga²brɔːtɛ. ²kliʉːga, klyg'e¹kløyːgə, klaugkleʉːg, klòge²klɔːgə/ .

Femte klasse. Vokalskifte: a (ao) - o- a (framfor g og k: e)
fara/²faːra, fer'e¹feːrə, forfoʊːr, fare²faːrə/ (eller fòre/²fɔːrə/). flao/flaʊː, flèrfleːr, flofloʊː, flège²fleːgə/ .

Sjette klasse. Vokalskifte: ao (a) - e- ao (e).
fao/faʊː, faorfaʊːr, fekkfɛkː, faott. haldafaʊtː. ²halda, held'e¹hɛldə, helthɛlt, helde²hɛldə/ .

Verbet har berre ei talform: eg skriv'e, me skriv'e. Ikkje som t. d. på Voss, der dei seier: eg skriv'ù, me skriv'a.

Sterke perfektum partisip på -en vert bøygde i kjøn og tal:
han e kommen/hanː eː ²kɔmːən, ho e kommihoʊː eː ²kɔmːei, da e kommedaː eː ²kɔmːə, dei e komnedaiː eː ²kɔmnə/ .

Adverb, preposisjonar og konjunksjonar

Stadsadverb : dar/daːr, herheːr, kår; kår bur du?kɔːr; kɔːr biʉːr diʉː?/

Tidsadverb : endao/²əndaʊː, daodaʊː, førføːr, nonoʊː/ .

Gradsadverb : framifrao/¹frameifraʊː, serssɛrs, sérlaga²seːrlaga, sværtsvɛrt/ : Dette va sérlaga (eller framifrao) go'e eple.

Preposisjonar

: itte/²itːə, får (fy)fɔr (fyː), framfyrefram²fyrə, fraofraʊː, fyre²fyrə, gjøno¹jøːnoʊ, hjaojaʊː, ie, motmoʊːt, meː, mydlo²mydloʊ, oroʊːr, paopaʊː, titiː, unde²ʊndə, utan²iʉːtan, yve²yvə, aottaʊtː, aottmæ²aʊtːmeː/ .

Konjunksjonar

: både - og/²bɔːdə - ɔːg, antan - elde²antan - ¹ɛldə, korkje - elde²kɔrc͡çə - ¹ɛldə, elde¹ɛldə/ , og mange fleire, på lag dei same som i vanleg nynorsk. Tidskonjunksjonen naor/naʊːr/ vert ofte brukt når ein på nynorsk og bokmål burde sagt då (da): Naor me kom heim, fekk me mat mæ ein gaong. Soleis er det i mange bygdemål på Vestlandet.

Utropsord: Titte meg!