Snjomengd på Vikjafjellet

"Kanskje det viktigaste på heile Internett" - lærar Asbjørn Brekke, 2002

Gjennomsnittet (grå kurve) gjeld vintrane 2000-2023. Målingane er utførde på ei flat myr ved Nonhaugen til Ygnesdal, 920 m over havet (sjå kart). Først las eg av høgdene på ein staur, men frå sesongen 2017 vert målingane gjort automatisk med ein solcelledreven sensor som sender resultatet over GSM. Det er ikkje godt å sei om målingane viser ei gjennomsnittleg snødjupn på fjellet, men ein kan i alle fall med rimeleg sikkerheit samanlikna frå år til år og månad til månad.

2000-2020 © Torstein Hønsi