Gjestebok

Søk i gjesteboki

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Arkiv
Z
Risøy

7. april 2008 kl. 16:42
Sol av og til, ellers bra.

Britt
Asker

8. april 2008 kl. 9:47
Supre sider!
Takk for at du ivaretar slektersgang!
Hadde ikke du et anehjul også? Prøver å gi jentene våre litt slektshistorie, det er ikke alltid like lett.

Klem fra Hvalstad

sir T
15. april 2008 kl. 8:49
Me må få ei måling til, sjef. Og berre ikkje slit deg ut på
sjølve målinga, ytterlegare 5cm held i massevis.
Eg ser av grafane for 2005, 2006 og 2007 at midten av april
er ein einaste snjokave i høgareliggjande strok. Ville overraska meg stort om tendensen
plutseleg er vekke, eventuelt er å finna tidleg i april istaden.
Eg høyrde her hindagen at snjosmeltinga ikkje var starta i
høgfjellet, og som seg hør og bør var det lite vetta nedbør
igår. Sikkert ikkje mykje snjoen som kom, men 50mm vil
gjera gull av nesten-gull.
Stig kunne sikkert ha bakka opp argumenta mine før milleniumsskiftet,
men eg ser han bomma litt på snjotippen i år. Tyngden hadde
ikkje blitt den same, likso. Det blir som då musikkjennaren(?)
Riise sprang uredd i kamp med nettopp Stig'en og tok for seg
opphavet/inspirasjonen til diverse norsk metallmusikk.

Annette
Braunschweig

15. april 2008 kl. 15:22
Thank you very much for your homepage. We'll be in Otterskrd next June and I am glad to have your pictures for the preparation. So I can have a little vacation just now from Germany.

Andy
15. april 2008 kl. 20:25
Great site, I like it.

Mark
Romania

18. april 2008 kl. 15:01
I love the site and the pictures from Vik. Great Job!

кенкенк
19. april 2008 kl. 23:59
кеныенвкнкен

fghfgh
20. april 2008 kl. 0:13
апр впарапрап

Rebecca Wangsness Davidson
Catalina Island, CA

20. april 2008 kl. 5:53
This website has brought me pure joy! So great to see such beautiful footage of my ancestor's homeland. My sisters and cousin and I are going to Vangsness on a pilgrimage this July 15-23. Any Vangsness' out there that want to meet their long lost relatives from the U.S.?

Tux
Landås

22. april 2008 kl. 20:41
Eg er skremt og rysta over å måtta sitje her å høyre, å sjå at riksantikvaren langar ut mot dei stakkars bøndene i Vik. Har han ikkje anna å gjere? Her har dei makka på å jobba som helta med å få tak over hovud på dyra! Det har vore ein kamp på mange måtar, blod, svette og ikkje minst tårer. Og når dei er ferdige og sveitten som sil i strie straumar har størkna, kjem han å pirkar i dei med pinnen sin. Vegen og skrotet må vekk seier han, og bua som ligg tett i muren til Kyrkja vil han også ha fjerna, skivebom! Den er skyttarlaget si!!! Skulle tru han levde av å plaga bønder! Sikkert noko han driv med på fritida også. Og Vegen( ikkje Vikafjellsvegen), som garantert er 1000 år gamal og verkeleg eit studium for turistar og andre intresserte, skal gjevnast med jorda. Vrøvl og tussepreik frå byråkratar og anna pakk!
Men vonar bøndene i Vik står fjellstøtt med crocsen godt planta i jorda og let snikksnakk vere snikksnakk til tunnelen kjem!

Z
naustet i bjørgvin amt

24. april 2008 kl. 15:32
I eit gamalt språk frå Kaukasus tyder ordet "kvaren" bonde. So då kan ein jo tenke seg til kva som er riks-anti-kvaren sitt mål her i livet. Kor tid denne styggedomen kom snikande inn i det norske samfunnet veit eg ikkje, men at det er noko grums som heng igjen frå gamal tid er vel utanfor ei kvar tvil. Er det kyrkja so er opphavet til denne elenda og? I tidligare tider var det jo kyrkja som hadde kontroll på jorda. Er heile antikvaren gjengen eit løynd broderskap som har eksistert sidan kyrkja si storhetstid i middelalderen? Kva vil dei i so fall? Me går ei spanande tid i møte!

Når det gjeld den sjnotippen har eg bomma stygt, og det orsakar eg T. Men eg må få legge til at eg kjem aldri meir til å stola på forståsegpåarar som seier at temperaturen aukar på kloden, og at me går mot varme vintrar med regn i fjellet. Drit og dra ekspertar! Ta med dykk vitnemåla, doktorgraden og dei digitale termometera dykkar til ein stad det er verkeleg varmt. Ekspertisen befinn seg på ei myr i Ygnisdalen, i form av ei nedsnødd bambusstang!

Darky
Bertieland

24. april 2008 kl. 19:01
Dei gamle kaukasus-orda har nok kome til landet same vegen som han gamle Odin og æsene. Det var vel erverdige Thor Heyerdal som sist var frampå med teorien om at Odin kom trekkande frå Kaukasus eller Asia, borti hogget der borte.

Korleis dette knyter saman med teorien din om at Kyrkja står bak veit eg ikkje.

Vevmeistaren
Voll

24. april 2008 kl. 21:57

Jaudå, det eksisterer ein link mellom æsene og Hovskyrkja. Namnet Hove tyder på at det har lege eit heidensk gudehov på staden. Folkeminnet vil ha det til at brakka til skyttarlaget har stått der i uminnelege tider, og det er då nærliggjande å tru at dette kan vera restar etter det gamle hovet. Rett spanande hadde det vore om Riksantikvaren kom og gjorde utgravingar kring brakka.

Eit anna minne om det gamle hovet har me i namnet på gravhaugen Guhaugen like ved kyrkja. Føreleddet viser kanskje til at presten ved hovet, gòden, er hauglagd her. Denne gravhaugen vart fjerna frå jordas overflate før Riks-antikristen var påtenkt, i alle fall lenge før han starta krosstoget sitt mot den jordeigande standen.

Men mysteria i dette spanande området stoggar ikkje der. Trekkjer ein ei rett linje på kartet mellom Hovskyrkja og Hopperstadkyrkja, vil ho gå rett gjennom plenen til Vevmeistaren. Det er det eine. Det andre er at tek du avstanden frå plenen min til Hopperstadkyrkja og deler med avstanden til Hovskyrkja, får du 1,618. Ganske riktig, talet φ (phi). Plenen er plassert med det gylne snitts presisjon mellom bygdas to heilage stader i middelalderen.

Her i dette krysningspunktet mellom aust og vest (-sidene av Flatbygdi) kunne eg tenkt meg å byggja ein tiande Moahaug til meg sjølv. Når den tid kjem kan etterkommarane sitja oppå haugen i dei grøne plastikkstolane sine og drikka øl og sjå utover Bøadalen. Og søla ein slant med øl ned i kruna på haugbuen frå tid til anna.


Z
inni ei sky

25. april 2008 kl. 11:30
Dette er krut! Krosstog og fartsdump om eit anna! Dersom riksantimannen skal gjera noko nytte for seg so kan han freda design og materialval i dei grøne plastikkstolane for all æva. Vern om fabrikken, arbeidsstokken, ikt avdelinga og maskinene. Set arbeidarane i avl. Genmanipuler om nødvendig. Eg ser med frykt på kva som skjer viss generasjonane etter oss ikkje kan setja seg ned i ein slik stol og leska strupen med drykk. Herre min skapar for eit scenario! Ein får indarleg håpa at Bøadalen eroderar vekk før plastikkstolane seier takk for seg!

Heinz
Køln

26. april 2008 kl. 10:39
Fan så lite seriøst her inne,,,,,,,,,,Bad site

Are
Vest i kanten

27. april 2008 kl. 21:39
"...kunne eg tenkt meg å byggja ein tiande Moahaug til meg sjølv. Når den tid kjem kan etterkommarane sitja oppå haugen i dei grøne plastikkstolane sine og drikka øl og sjå utover Bøadalen. Og søla ein slant med øl ned i kruna på haugbuen frå tid til anna."
- Eg oppfattar (med rette) dette som ei dårleg skjult bøn om plenpils i retur. Er det plenpils vevmeistaren higar etter så får han starta med å koma seg ut av tunet sitt, og inn på annan manns plen!

Velkomen!


2000-2020 © Torstein Hønsi