Gjestebok

Søk i gjesteboki

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Arkiv
Darky
i could tell you, but then I'd have to whack you...

8. desember 2010 kl. 19:00
Eg må seie eg likar kurvene på årets snjomælar-graf, der den ligg og vakar i same spor som 2002, medan den på snedigaste vis freistar å kamuflere seg som ei 2010-kurve.

Kun RETTE statistikarar klarar å bryte mønsteret, og sjå at det eigentleg er 2009-kurva som er målet for årets kurve.

Her blir det mykje moro utover vinteren, denne kurva har ikkje føreteke si siste bukt enno, det er sikkert!

Are
Uteggjes

11. desember 2010 kl. 21:55
Artig observasjon!
Paradokset er at vi kan tolka den retrospektivt framtidige framferda til 2010 kurva, setje opp ulike utfall basert på anayse, teft, pur statistikk og synsing.
Nokon vil endog til gissa på kva kurve vi vil få sjå. Kamuflèrt 2010? 2009? Andre mogelege speglingar kan være 2007 eller, ei av mine favorittar; 2002!
Vi sit med eit Schrödingers katt-liknande paradox i hendene. Siste måling er datert 21/11, vi skriv no 11/12 og nokre/alle av dei ovanståande kurvespeglingane vil være omogelege ved oppdatert snømåling.
2010-kurva er inntil vi får ei oppdatert avlesning i ein sokalla superposisjon, og godt er det!

PS!
Ellers takk for eit skapeleg innlegg og sterkt bidrag til å løysa opp i apatien og skrivesperra.

Jens
Vikøyri

22. desember 2010 kl. 20:53
Snjotippremiar 2011

Det er æra som er viktigast i snjotippen, men gåvekortpremiane frå IT-partnaren har liksom vore rosina i pølsa som skil snjotippen frå mange andre tippar. Men kva er det eg ser i år? Fyrstepremien er eit gåvekort hjå Fotefar temareiser pålydande 1000 kroner! Enten vanter det ein null, eller so er dette hol i hovudet. Billegaste produktet til Fotreisene er ein 6-dagarstur til Berlin til den nette sum av kroner 9995,-. Nei, då er det betre å vinna eit gåvekort på 100,- på Dampen. Det kan i alle fall bli brukt. Takk og god jul, herr Vevmeistar.


2000-2020 © Torstein Hønsi