Guestbook

Search the guestbook

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Siste 20 innlegg

Heddis
Location: I gull rus

1. oktober 2007 kl. 13:39
Oppe i kjedlaren!
Gubbi vare meg.
Comment: Teknisk sett har Z rett. I fylgje sognekart.no er Søbbekjellaren 12 m o. h. medan Dampen er 2 m o. h..

Skal kampen mot vankunna og omtrentlegheiter aldri taka slutt?

Z
Location: i 1. etasje

1. oktober 2007 kl. 16:52
Ha!

Heddis
Location: Annen Etage

1. oktober 2007 kl. 17:57
Eg har rygg til å bæra dan dar. Eg lesse da berre over på nokon andre. Forskjellen blir mindre en 10 meter, sidan Z mest sansynleg sat eit par meter over bakke nivå og eg var under. Ha, sjøl.

Jean louis
Location: France

1. oktober 2007 kl. 22:58
Je suis passé le 16 juillet 2007, à vélo et j'ai bu un thé et mangé un gâteau. Je suis arrivé à Rambouillet, près de Paris le 13 août 2007. C'est maintenant un bonheur de retrouver en temps réel ce si beau paysage de Norvège. Bravo pour ce site et peut être à bientôt.

Z
Location: i ein by som skal til cupfinalen

2. oktober 2007 kl. 10:01
Det er godt å sjå at ein heidersmann frå søbbetunet tek ting til seg og lesser det over på nokon andre. Men eg lurer på korleis/kor hen du sit når du er på puben? Eg vil tru at den dagen du greier å plassere røvi fleire meter over bakkenivå inne i restauranten er vegen frå kaldt øl til lunka chili con carne ganske kort.

Heddis
Location: I gul russ

2. oktober 2007 kl. 13:40
Eg ramlar som regel opp på puben. Klatrar opp på eit podium. Slenger meg opp på ein høg barkrakk. Drikk opp nokre høge pintar. Kastar op... eh, eg gir meg no.

Are
Location: Korrekturavdelinga

2. oktober 2007 kl. 17:07
Det heiter moh.
Comment: Då eg gjekk i skulen i by'n lærde me at det heitte "m o. h.". Men eg tek sjølvkritikk og legg meg langflat for Språkrådet sine tilrådingar.

Tor
Location: Også korrekturavdelinga, men ein etasje over Are

3. oktober 2007 kl. 19:04
I fylgje Aschehoug og Gyldendals "Store Norske Leksikon", 4. utgåve 2006, kan det heite både moh., og m o.h.

Slik sett gir eg stryk til beggje. Torstein må dra dra h'en heilt inntil punktumet etter o'en, medan Are må lære å settje punktum etter h'en.

Ellers ser eg på førehansvisninga nokre helvetes skråstrek og nokre r'ar og n'ar vilkårleg plassert utover. Desse er ikkje underteikna sine verk, og eg ber om at eventuelle lesarar ser bort frå desse. Og ja, eg ser ironien i at eit petimeter-innlegg som dette ver besudla av slike "skrivefeil".
Comment: Førehandsvisinga er vevmeistaren sitt verk og slik lyt eg nok ein gong ta sjølvkritikk og leggja meg langflat.
Elles er det gledeleg at ikkje alt eg plukka opp då eg gjekk i jordkunnelæra i by'n lyt forkastast.

Tor
Location: Korrekturavdelinga, no same etasje som Are

3. oktober 2007 kl. 19:16
Ser forsåvidt at du har eit punktum etter h'en Are.

Slik sett kan du sjå bort i frå den krasse kommentaren i forrige innlegg, og eg legg meg allereie no langflat for den hudfleingjande kritikk som garantert kjem.

Ellers var alle feilplasserte skråstrek, n'ar og r'ar vekke på det forrige ferdig publiserte innleggjet, så eg ber alle lesarar også sjå vekk i frå heile det siste avsnittet på det forrige innleggjet.
Comment: Det er snart ikkje att noko av innlegget ditt som ikkje er dementert.

Noralv
Location: På tilskodarplass

3. oktober 2007 kl. 20:24
Beinhardt å gå så tøft ut, Tor. Neste gong held du kanskje - om ikkje heilt i mål - så iallfall gjennom fyrste avsnitt.

tux
Location: Landås

3. oktober 2007 kl. 22:09
Huksar så vel ein som sprang 800 meteren og spydde seg over målstreken. Skulle vore artig å bevitna noko liknande i tastaturell 800 meter! Om han i det heile kjem so langt!
Ein skal heller ikkje sjå bort frå at det er fleire tilskodarar denne gongen, nokon av dei er so vel frå utlandet!

Are
Location: Førstekonsulentkontoret

4. oktober 2007 kl. 09:53
Heihei... Hold an, anker!
Kanskje er allikevel Tor inne på noko, sjølv kor tilfeldig det kan synast. Det er i innlegget mitt rett nok eitt punktum etter moh. Frågan er om det skulle vore to?
Her i avdelinga kan me ikkje einast, og eg lèt Noralv (eller Torstein, om han tør seg utpå...) ta avgjerda.
Comment: Wikipedia støttar Are: http://nn.wikipedia.org/wiki/Moh.
So er det nokre eldsjeler som har laga ein sidemålsvariant av same sida (flott!), og dei har endåtil kjeldereferanse: http://no.wikipedia.org/wiki/Moh.

Are
Location: Attende i Avdelinga

4. oktober 2007 kl. 10:06
Vel og bra. Attende. Skal det være eitt eller to punktum etter moh? Det første for å "avslutta" avkortinga "moh". Det neste for å avslutta sjølve modersetninga.
"Det heiter moh.."?

Noralv
4. oktober 2007 kl. 10:45
Det er gamal sedvane i norsk at kjem det to punktum til slutt i ein setning, sløyfer me det eine. Det betyr at det berre skal vera eitt punktum etter moh.

Ginge
Location: Bydn

4. oktober 2007 kl. 11:03
Her lyt visst son av ein dreven norsklærar trø til. På Språkrådet si side står fylgjande tips:"Ikke ekstra punktum etter setning som avsluttes med en forkortelse med punktum." Hadde eg hatt Google tilgjengeleg i ungdommen, so skulle det ikkje vore vanskeleg å skriva stil utan skrivefeil!

Ginge
Location: Bydn, sjølvsagt

4. oktober 2007 kl. 11:07
Ser at det er fleire som brukar arbeidstida til å lesa denne eminente gjesteboka. Noralv kunne tydelegvis svaret utan å bruka Google e.l.

Z
Location: bibben

4. oktober 2007 kl. 12:14
Eg vil tru du Ginge har for stor tiltru til mannen frå øpsta krysset. Når Noralv skriv "Det er gamal sedvane....", gir han nok eit inntrykk av at dette er noko han har visst i heile si levetid. Men det er godt mogeleg at han har googla, og deretter gått ut hardt og høgt med ein slik småarrogant stil. Det er vel mange døme på at ein skal vera svært kritisk til ting som kjem frå media og folka som jobbar der.

Noralv
Location: Med Hans på fanget

4. oktober 2007 kl. 13:36
Gode Z har diverre forskinga og folkemeininga på si side når han ikkje har tiltru til meg og yrkesbrørne mine. Det som derimot gler ein frå lauget, er den naturleg konspiratoriske og kritiske brodden i innlegget hans. Skulle nesten tru han hadde fått journalistikken i nådegåve.

Z
Location: med nåsi i avisa

4. oktober 2007 kl. 19:44
Eg satsar alt på at "dette var ikkje ironi - kortet" og takkar og bukkar for rosen frå lauget. Men du tek skammelig feil når du påstår at eg ikkje har tiltru til deg og yrkesbrørene dine, ein må jo ha stor respekt for ei yrkesgruppe som ifølge Valebrokk bør lukte øl etter lunsjpausen og kan vri og vende på sanninga berre for å tene meir pengar. I tillegg kan dei provosere og røske litt opp i oppfatningane til den staute Ola Dunk berre på f.. Dette likar eg. Men det er jo ikkje alle forunt, derfor vert vel tiltrua til lauget mindre enn andre grupper. Hadde ein lærar lukta bayer etter storefri og byrja å fable om at Jesus var ein notorisk playboy som elska fjosfestar og knipsing av E kun for å få elevane til å verte meir mottakelege for bodskapen hadde det vel vorte rabalder? (Og du hadde fått ei god sak).

(Men de er vel over SAS pilotane på lista?)

Darky
Location: South of the River

4. oktober 2007 kl. 20:43
Nei, hadde SAS-pilotane prøvd seg på lyrikk, epikk og drama, for ikkje å snakke om prosa over høgtalaranlegget så ville det nok blitt rabalder! Dei har vel nok med å lese rutetidene sine, og ellers køyre bussen sin.

"Skomakar, bli ved din lest" vart me tidleg inndoktrinert av statsinstitusjonen NRK i våre barneår. Mest kvar jul kom det ein tvilsom tusseladd med eit absurd forhold til tøfler og barnesko inn i tv-ruta vår og minna oss på nettopp dette. Det er kanskje difor det blir slik oppstandelse når ein oppdagar at det er andre enn journalistar som kan ha fått denne "nådegåva" som Noffelen kallar det.

Det er forøvrig fint å sjå at folk engasjerar seg i ein debatt om rettskriving. Men det er knappast nokon som ikkje har fyllt 30 som har ytra seg her, og det er vel kanskje dei me skulle ha spurt om nyare sedvane når det gjeld forkortingar. SMS-generasjonen er vel dei som har overteke journalistane si rolle som språklege pådrivarar og motor. I ei tid når Gud (TM) og kvarmann kan ha sin blogg og gjere journalisten sitt arbeid utan det kritiske blikket til ein redaktør som støtte er det ikkje lenge før språket er på full fart til helvete i ei handlevogn.

Noralv
Location: Viebøen

5. oktober 2007 kl. 10:11
Pilotgjengen i SAS flaksar nok framleis himmelhøgt over oss radiotryna. Journalistane har i årevis skrapa botn – i lag med bilseljarar. Men eit søk i Google (sic, Z) viser at renommeet har betra seg. I fjor hadde me hoppa opp til tredje sisteplass, ein plass me delte med telefonseljarane. Eit par streikar til no, Tor, så skal du få kjenne ølgeisen i nakken.

Jyggri
Location: Seim

6. oktober 2007 kl. 13:52
Saog brabilde ao deg og ho Eli.....mao spyrja om da e dai gamle beksaumstøvladn han Jomar hadde pao 70 talet,,,du ha pao deg ??

Fyventa svar
Comment: Det er yngstemanns lodd.

Tony Marthinussen
Location: bergen

7. oktober 2007 kl. 01:27
hei og god kveld.

Mitt navn er Tony Marthinussen. innehaver av et nyetablert firma som heter Norgestur.no

Ønsker kontakt med innehaver av denne hjemmeside og mer info om rappen og vatnane.

Du kan kontakte meg via informasjon jeg har lagt ifra meg.

Mvh Tony Marthinussen

Ivan
Location: Italy

11. oktober 2007 kl. 12:13
very nice pictures and very beautiful country that i'd like to visit with my family. greetings from Sardegna. Ivan

Ultrasyd
Location: France

11. oktober 2007 kl. 12:48
Hei!
I'm from France and visited Norway in july 2007. I passed through Vik. I'm working on a web site about my trip, and so I was looking for information about the places I went.
I really liked the Skjelingavatnet lake and the road between Vik and Voss. That's how I founf your site.
Is it true that Holedalen is a name of a place along the road 13, between Voss and Vik ? I can't find information about it. It's where the road climb before Skjelingavatnet, when coming from the south.
I will look your maps because Google Map has no details.
Your site is very well done, full of useful information. I learnt a lot of thing. And thank you for french and english translations!
I will place a link to your site when mine is finished
Thank you!
Comment: Thank you,
Yes, Holedalen is before you drive up to the mountain from the south.

Tina DuFresne
Location: Cottage Grove, Minnesota USA

12. oktober 2007 kl. 05:56
Thank you! My great grandparents were Ole Olsen Hove and Lussi Jonsdatter Fjaerestad. Seeing the pictures of the farms and reading a little of the history of the area meant a lot to me. -Tina

Z
Location: der arabarane et sild

16. oktober 2007 kl. 09:53
Eg har ein liten ting eg lurer på, tenkte at eg kunne søka svar frå den kunnskapsrike menigheten her inne på vikjaveven. Eg er av den oppfatning at ein kan seia "det er ikkje forhold" når det er snakk om ein mobiltelefon som er utanfor dekningsområdet. Min argaste diskusjonspartnar meinar bestemt at det kun finst dårlige og gode forhold, viss ein ikkje har dekning må ein sei "utanfor dekning". Det er jo greitt, men eg meinar altso at ein kan sei at "det ikkje er forhold" også. Skal ein driva med isfiske på eit vatn utan is er det jo ikkje dårlige forhold for isfiske. Det er ikkje forhold for isfiske i det heile. Kva meinar de vyrde godtfolk?
Comment: Eg seier som Sylfest kvar gong ein eller annan flisespikkar set spørsmål(steikn) ved ein uttrykksmåte: "Språket er dynamisk!". Nye uttrykk kjem og går. Ord endrar meining. I gammalengelsk kunne blac tyda både 'svart' og 'kvit'. I norrønt tydde hljóđ både 'lyd' og 'stillheit'.

Borgny
Location: Hopra

16. oktober 2007 kl. 10:37
Eg har og eit spørsmål eg lurer på, vyrde godtfolk. Når ein møter ein buss som "ikkje er i rute"
betyr dette at han "ligg litt bakpå", dvs han er forseinka og prøver å henta seg innatt? Eller har han rota seg vekk frå ruta si? Skal han ikkje ha passasjerar i det heile? Kva er det då han fere og reke itte?

snjomannen
Location: blaofjedle

17. oktober 2007 kl. 17:06
hey har du sjekka snjomelaren? er da so kan svara pao om da er noke rypa å sjao pao fjedle i aor?

Heddis
Location: Berg1 (fancy)

19. oktober 2007 kl. 00:14
Korleis veit Sylfest at adle so stidler spørsmaol spikka fliser?

Er det snjomålaren eller den lettare homoerotiske smilyen so skal gi svar på om rypene er til fjells iår?

Au, stakk meg pao ei flis.

Z
Location: venterommet, klar for avgang til ein by i gullrus

19. oktober 2007 kl. 12:37
Sylfest veit alt! Når vevmeistaren refererar til ein slik kapasitet ser eg på denne diskusjonen som avslutta og seier med god samvit at det ikkje er forhold.

Skal du sjå kamp i helga Heddis? Ute på byn? Eg er klar for å vera med på å sjå på livet.

Helsing dynamisk språkutviklar.

Heddis
Location: Vent er ommet

19. oktober 2007 kl. 17:49
Trur ikkje eg gidda å sjå kampen, no har eg venta i 34 år, so då kan eg venta litt til. Trur eg.

Heddis
Location: Bergen (tradisjonel)

20. oktober 2007 kl. 02:27
Eg fekk ein jævla god ide. Nesten ikkje prega av raudvin, menmed ein god porsjon kald lapskaus. Du anar nok greiene. Parma skinka kjem frå griser fora opp på griser som får i se mysa frå parmesanost produksjon, då kan vel smale til fårikål eta kål som ikkje kjem i salg?
Dette sluttar ikkje her, neidå, det geniale er at all denne elendige musikken no for tida blir kalla indie, ka med at smalen får i seg denne avfallsmusikken og går direkte til Rogan Josht kjøt?
Heilt genialt. Nisje verksemd? Spør Heddis!

tux
Location: Børve

20. oktober 2007 kl. 14:55
Godt for kjøt-musikk kan vere kva Heddis?

Chris Banford
Location: Zermatt

21. oktober 2007 kl. 12:18
Hi Torstein!

Just wanted to post my thanks for your fantastic *Unsharp Mask for PHP*. It is really very, very slick and a fantastic help in my current project!

If you ever make it down to Zermatt (skiing/climbing/paragliding/biking) please drop me a line so I can buy you a few beers

Cheers,
-Chris

Heddis
Location: Bergen

27. oktober 2007 kl. 02:59
Angels and Daemons er sterkt undervurdert!

Are
Location: Bergen

29. oktober 2007 kl. 12:11
Demons and Wizards, musikk med STAKE.

Strending
Location: Bergen

29. oktober 2007 kl. 20:58
Eg reserverer herved 239 cm i snjomælarkonkurransen. Eg opnar eit snjomælarkonkurransevindauga i slutten av november der eventuelle interessentar kan kjøpe 239 cm frå meg, men det vert ikkje billeg! Kåringa av 239 cm som komande snjonivå er nemleg eit resultat av kontinuitet på alle plan og å ha bygd snjoball på snjoball i mange sesongar! (også kalla Sysifos-arbeid).
Comment: Hugs at 20% av inntektene på bookmaking rundt Snjotippen skal gå til allmennyttige formål. Eg reknar med det skal halda til ein par-tre nye turlagshytter.

Gunhild Brekke
Location: Lunner

31. oktober 2007 kl. 09:12
Hei!!
Sit på jobben i Lunner og snik meg til ein oversikt over alle bileta frå Vik...og byrjar nesten å grina!! EG VIL HEIM!!! Det blir altfor lenge mellom kvar gong og det er lett å gløyma alt som finns der. Så kjem du med bileta dine, din snik !!! Og då er det gjort.
Skal no heldigvis heim neste helg. Har forvilla meg inn på austlandet, og det dug jo berre ikkje det forstår vel alle!!!
Nydeleg bilete av deg og fruen!! Og så måtte eg le høgt av Noralv som dansar på snøen!!
Her i Lunner jobbar eg no som helsesøster, det er ein jobb som kan anbefalas. Stort sett bles eg opp gratis kondomar med nasen og syng gamle frekke sjømannsviser. Ingen klager så langt.

Nei, no tek eg snart med meg dotter mi og kjem heim!! Hurra!! Me sjåast nok.

<< September 2007 -

October 2007

- November 2007 >>
2019 © Torstein Hønsi