Guestbook

Search the guestbook

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Siste 20 innlegg

Bernise Maldonado
Location: Puerto Rico

1. juli 2006 kl. 04:26


hi

i'm from Puerto Rico and i am looking information about norway and find this great site. if someone can give me more information about norway can be great. this site is fantastic!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

sorry for my english. jaja.
Comment: http://es.wikipedia.org/wiki/Noruega

Phill
Location: argentina

6. juli 2006 kl. 01:12
Jeg er så glad for at dere finnes.
Takk!

Angel Maria
Location: Sevilla (España)

6. juli 2006 kl. 23:49
Os buscaba en Internet y lo logré. ¡Os encontré!

Desde hace algún tiempo, mi esposa y yo, planeabamos visitaros.

Tras empezar a conoceros, estamos realmente impacientes por arrivar a vuestra hermosa tierra.

Recibid un fuerte abrazo.

Angel

Pettersen
Location: Oslo

10. juli 2006 kl. 12:34
Hei!
Meget bra side du hadde her. Sinnsykt mange fine bilder. Koselig å bla igjennom for en ihugga jeger.
Ps! Lurte på hvilket kamera er det du bruker til bildene dine!?
Mvh Pettersen
Comment: Takk for skryt! Eg bruker eit Canon EOS 300D med kit-linsa. Til zoomobjektiv har eg ei Canon 100-400 mm L IS (frå i vinter av).

Are
Location: Garp

12. juli 2006 kl. 08:21
"Eg bruker eit Canon EOS 300D med kit-linsa. Til zoomobjektiv har eg ei Canon 100-400 mm L IS (frå i vinter av)"

- Kva brukar du det til?
(Snart to månader sidan fyrre uppdatering.)
Comment: Eg brukar det til å stikka opp i r...a på frekke innskrivarar.

Darky
Location: BC B2, IDC, D15, IR

12. juli 2006 kl. 08:29
Han nyttar det vel til pynt på peishylla.

tux
Location: børvis

12. juli 2006 kl. 11:29
Vokt deg Darky, eller so nyttar han deg på peishylla, med heile apperaturen opp i brunauga!

Are
Location: Garp

12. juli 2006 kl. 13:01
Sakleg, morosam og ørlite frekk! Dette må du tola, din fjant!
Ellers ei flott vevside du har snikra saman!
Stå på!

Tor
Location: RadissionSAS-bryggen

12. juli 2006 kl. 15:08
Ja, detta må du tåle Torstein.
Ikkje at eg vil slutte meg til koret som ukritisk gaular etter fleire bilete, men det er eit interessant tema reint prinsippielt. Samfunnet i dag er no ein gong slik at fornying er påkrevd for å halde seg inne i varmen. Fornyinga i seg sjølv er faktisk mykje viktigare enn det faktiske innhaldet.
Dette kan vi mykje om i SASBraathens, og difor drit vi i innhaldet og berre endrar litt på menyen. Heile tida.

Z
Location: hemmelig

12. juli 2006 kl. 17:43
Eg tykkjer tux byrjar å verte litt vel tøff i trynet. Er det etter at han vart gift og var midtpunktet for ei heil forsamling han tykkjer han er komme slik i posisjon? Eller er det "sigeren" med bismak frå fiskesprett-konkurransen i Hamlagrøvatnet? Ikkje veit eg, men å byrje å herje med ein stakkars ire som stiller seg kritisk til at det tek eit kvartal å knipse nokre bilete tykkjer eg er å trampa langt over streken.

Eg kan opplysa lyden her inne om at vevmeistaren vart observert på uterangen til den einaste ostebaren i landet i dag. Han sat å supa bringebærjuice, og såg ut som om han ga jamt fan i heile fotografiieringa. Eg kan også sei at mannen frå kjedlaren samt Heddis sat å supa dei edle raude dråpane. Eg sat med hue i kråa å smugkikka, eg trur ikkje dei såg meg.

Darky
Location: med brunauga godt pressa mot stolen

12. juli 2006 kl. 18:12
Når det gjeld yppinga til Raudtopp så kan me vel lett jekke han ned eit par-tre hakk om halvanna veke. Rævkrok i bakkane oppi mjølbøra, så tenkje eg han lære kvar skapet skal stå.

Ellers er det særs interessante avsløringar du kjem med, Z.
Så vevert og assisterande fotograf sit og supar raude dråpar og gnavlar ost i lag med tvilsomme folk frå eit heilt anna fylkje, medan det sit sambygdingar i utlendigheit og ROPAR etter nye bilete? Ke fan!! Ta no eit bilete frao åstabaren dao, da e no pinadeg betre enn å gao utan...

Stian
Location: Bergen

12. juli 2006 kl. 21:28
No må de sjå til å leggja ned stridsøksa folkens! Ta heller fram kameraet,da er meldt fint ver i helga! Og då tenkte eg meg ein fotosafari til Hang! Med kamera, linser, god mat og ein god dram! Ingenting so ein fin kveld ved Hangelvi. Ønskjer andre fotointresserte hjartelig velkomne

Vevmeistaren
Location: Vevmeistarstova

12. juli 2006 kl. 22:40
Ålreit, smågutar, no har eg klesst ut nokre bilete.

Lindenhofer Kai-Olaf
Location: Deutschland

13. juli 2006 kl. 13:22
Seit Jahren kommen wir nach Vik um dort Urlaub zu machen.Mit eurer Webcam und euren Bildern macht ihr uns eine große Freude so können wir auch wenn wir keinen Urlaub machen immer in Vik mal reinschauen.Am 27.07.06 kommen wir wieder für drei Wochen nach Vik Camping. Liebe Grüße Fam. Lindenhofer

tux
Location: børvis

14. juli 2006 kl. 11:34
Der kjem båten!
I mangel på fornuftige svar og tidspress.........der fer han att!

Z*
Location: inkognito

16. juli 2006 kl. 16:32
Fer han bakigjøno?






* Ein luring brukar Z sitt namn for å skapa forvirring

Marina
Location: Os

17. juli 2006 kl. 10:34
Heisann

Kjempe flott side !
Fant link til siden din hos www.connie. no (utvandret sogning

Hilsen
Marina

Z
Location: i eit samfunn i forfall

17. juli 2006 kl. 11:14
No gir eg meg ende yve! Kva fan er dette? Ein falsk Z er innpå gjesteboka. Eg krev at vevmeistaren slettar dette tulleinnlegget med ein gang, eg blir øsen og forbanna når folk snik seg inn på ein slik ubehøvla måte. Kvar er moralen når ein mann ikkje kan vera trygg på behalde sitt eige navn, medan han snorkar litt på sofaen ein ettermiddag?

Helsing den ekte Z

Z
Location: I lyd-hagjen

17. juli 2006 kl. 13:37
Eg snorkar ei på sofaen! Du finn meg spankulerande og plystrande med skreppa mi langs livets veg. Andre wannabe-Z ar kan ta lærdom ved å følgje på, å ause av mi kunne.

Ikkje det minst forvirra

tux
Location: mjølbøra

17. juli 2006 kl. 19:31
"– Pasientene som har alvorlig snorkesyke kan våkne inntil 100 ganger i timen i løpet av en natt. Men fordi de bare er våkne i noen få sekunder, husker pasientene ikke at de har vært våkne. Disse pasientene har veldig dårlig søvnkvalitet, og blir derfor slitne og ukonsentrerte. Mange kan falle i søvn mens de spiser, prater eller kjører bil."
Snorkar på sofaen ein ettermiddag??? Stiller meg svært skeptisk til denne Z som påberopar seg orginalitet. Køyrde bil med, i mine auge, den ekte z i går, og eg kunne ikkje høyre eit einaste drag som minna om snorking.

Micha
Location: Köln, Deutschland

17. juli 2006 kl. 21:40
Suuuper Site! Vielen Dank

Darky
Location: I draumeland

18. juli 2006 kl. 15:33
Eg har jobba nattevakter med den einaste sanne Z, og veit at den karen LETT kan snorke på ein sofa!

Og i ein stol. Og på ei celle-seng. Stort sett overalt der snorking kan utførast.

Thomas
Location: Köln

18. juli 2006 kl. 22:30
Hallo Torstein,

Deine Homepage ist der absolute Knaller. Es macht wirklich Freude sich durch die einzelnen
Rubriken zu bewegen.

Gruß
Tom

Marilyn D
Location: South Carolina USA

20. juli 2006 kl. 23:12
You have answered my prayers for a way to enlarge my graphics in this way. Be assured that I will use your script on my next page.
Thanks so much.
All Blessings and Peace

John J.
Location: The Rocky Mountains

22. juli 2006 kl. 01:43
Jeg leste nylig i flertall arkiv om byen her at Ole Bull spielte hans fiolin akkurat her på byen i Rocky Mountainene i konsert i løpet av den siste del av 1800 årene. Siden det er ikke noen hit og dit som ville være glad i det i det hele tatt, (selv om det var mange her som likte ham da) tenker jeg kanskje at jeg kunne gjette på snø-mål om snøen som kan ses fremdeles på Rocky Mountains her på 21 Juli, 2006. Jeg gjetter at det er svært lite av det, fra det som jeg kan se høyt der oppe, men det er det alikevel. John J.

Harlen Flexhaug
Location: USA- Phenix City, AL.

22. juli 2006 kl. 21:19

massimo
Location: Italia

22. juli 2006 kl. 23:37
Hallo, ich war in Aalesund und Oslo: super
Ich schreibe aus der Toskana. Lucca !
www.coloritoscani.it
Ciao
Massimo

gjøran tefre
Location: vik

24. juli 2006 kl. 14:42
hallo. jobbar i storesvingen.raset på voss jer at me ikkje får so monge jestar idag gjøran tefre

NN
Location: Utlandet

26. juli 2006 kl. 21:24
Synd at dan eine so er dum nok til å betala blodpris for ein kaffikopp og ei vaffla desverre ikkje kom....
Comment: Prøv sjølv å bora etter vatn, trekkja ein straumledning midtlies og investera i forskriftsmessig kjøken. Oppå desse kostnadene legg du so nypris for eit stort hus og timeløn til undanståande innskrivar. Ta denne summen og divider med tal vaffelhjarter du trur du kjem til å selja over eit visst tidsrom. Legg so på skattar og avgifter, og vips so har du din eigen vaffelpris!

Nancy Holstad
27. juli 2006 kl. 08:10


Greetings from San Diego, California, USA!

I was lucky enough to visit Vik i Sogn one year ago this week, along with 25 other members of the U.S. Holstad Family. We met all of our wonderful Holstad relatives there -- Asbjorn, Guttorm, John and their families. A Trip of a Lifetime that we will never forget. Visiting this wonderful Vik i Sogn website and viewing photos of beautiful Vik and the Holstad Farms is definitely the next best thing to being there!

Until I return, Mange Takke for this website!

XOXO,
Nancy Holstad :} -- Uff-Da!!!

NN
Location: Utlandet

27. juli 2006 kl. 19:32
Jammen ha dei berre tenkt å selja ei vaffla dao....?
Comment: Du har gløymt å lesa oppgåva skikkeleg. Eg siterer: "...divider med tal vaffelhjarter du trur du kjem til å selja...". Det vert NG til deg, NN.

tux
Location: børvis

27. juli 2006 kl. 19:47
Lurer då på kor mykje vaffla kostar når me gløymer alt anna som ligg i prisen? Og kva med syltetøyet? Er det visuelt smuss-tillegg for knottaplasten? Kan du gje meg svar på dette vevsmeistar? Dessutan, kva skal me med knottaplast og vaffler når me kan sitje framfor pc`en med øl og Tapas og nyte det same vidunderlege synet?

Are
Location: kvevs

28. juli 2006 kl. 05:37
Eg har sagt det før, og gjentek det no: Øl og PC er ein stygg kombinasjon. Her har Tux overfokusert på øllen og lete tapasen sigle sin eigen sjø. Resultatet er at han inviterar seg sjølv inn i vevmeistaren sin private grillfest! Der vevstein briljerar med strengt matematiske termar som forvirrar opponenten kjem tux dragande med usamanhengande vrøvl med null truverd.

Darky
Location: Dar han høyre heima!

28. juli 2006 kl. 17:28
Jau, strålande ide, Tux! So kan me selja sprayboksa me ekta skogsduft frao Vik, og montera usb-drevne vifte ti datamaskinao vaor, slik at me kan fao eit lite vinddrag me lukti heimateifrao og me da sama!

NN
Location: Utlandet

28. juli 2006 kl. 20:54
Jau, men da er jo da eg seie! Dei dividerer med EIN....

Darky
Location: her langs fjorden

28. juli 2006 kl. 21:27
Gaor fint å dividera med ein! Da e NULL ein ikkje ska dividera (elde akkedera) med.
Bortkasta tid begge dele...

Meche
Location: South America

28. juli 2006 kl. 22:05
Hi, i was looking something that zoom the image in javascript to my friend and i found your page. It is great i think my friend will be happy with it.

I write you because i want to say that i like your page a lot.
kind regards
Meche

Heddis
Location: Søbbekjedlaren

29. juli 2006 kl. 03:41
Itte mi meining gaor da ikkje an å over fokusera(ord deling) pao øl attme edb apparate! Her pao garen ete me flattbrø å spekjakjøt å me kadla da ikkje fy tapas elde meze berre fy å visa at ein ha våre i syden. Mat e gått, ferdig me da, samma fan ke da heite, å da e øl og. Helst attme edebeen.(rima pao missemeen) Heimabryg å flattbrø me spekje kjøt å pylsa e endao bere ti fjels(elde kvels)

Rognald
29. juli 2006 kl. 03:49
Eg ha ikkje nåken formeininga i detta virrvarre her.

Darky
Location: legal alien again...

31. juli 2006 kl. 18:28
Eg vil berre påpeike at "5 chicks and Cato" var suverent best i første omgang på quizen, og at det kun var arrangørens spekulering i mitt alkoholkonsum som gjorde at sigeren glapp på oppløpet!

Z
Location: midt på vestlandet

31. juli 2006 kl. 19:08
Eg kan informera Darky om at det er godt mogeleg de var best i første omgang, me var i alle fall av dei dårligaste (ilt å innrømma). Men i andre omgang var "Gro e skadd" desidert best utan å få utteljing i heile teke grunna inkompetente rettarar! Eg seie ikkje at me hadde vunne, men at me skulle vore lenger oppe på lista kan det ikkje vera mykje tvil om! Ei stor takk til tux og hans beste halvdel for ein god quiz.

Når det gjeld tapas må eg sei meg einig med Heddis at å strø om seg med slike trendy ting og ord berre for å verka so ein globetrottar er merkelig framferd. Ein kan jo alltid hosta opp nokre utanlandske namn for å verka viktig. Ein kunne til dømes ha prøvd å funne ut kva pizza og chips heiter i utlandet (viss dei har slikt der), teke på seg eit par nye jeans, sneakers og blazer å so reist på vorspiel/party/nachspiel og brilijert med sine nye utanlandske gloser! Nei, lat oss behalda målet utan å forsøpla det med ord som tapas!

<< June 2006 -

July 2006

- August 2006 >>
2019 © Torstein Hønsi