Guestbook

Search the guestbook

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Siste 20 innlegg

Clark Pederson
Location: Saitama, Japan

4. oktober 2005 kl. 05:04
Yours is an excellent site and resource of information for me in studying Vik-i-Sogn and my ancestors, of which the name HONSI is listed several times (Per, Ivar, Kjell, Kjeld Guttormson HONSI / LILLEØREN and so on). My wife and I traveled through your area a couple of years ago but, at that time, I did not know it was the origin of my roots in Norway. I'll be back!
Comment: I am pleased to hear from a distant relative! Per, Ivar and Kjell Guttormson Hønsi are also my ancestors.

Nicolas Duault
Location: Frankrike, Normandie

6. oktober 2005 kl. 21:36
Hei i Vik!
Er du interessert i at jeg hjelper deg til å oversette siten din (som jeg ofte besøker) til fransk slik den allerede er til engelk & tysk, så bare si fra.
Hilsen fra en norsk-fransk reiseleder og filmoversetter.
Nicolas
Comment: Javisst! Eg tek kontakt...

tux
Location: bendix

11. oktober 2005 kl. 13:08
No har det lenge vore feil i tenesta på Vodl, kven tenestegjer der? Å i skrivande stund kan eg sjå at alle ver-postane er ute av funksjon !!! Har me fått ein epidemi?
Comment: Det som hende var at det vart ein elektrisk feil i kjellaren i vevmeistarstova, og fylgjeleg tok verstasjonen kvelden. Dette skjedde sjølvsagt kvelden før Vevmeistaren skulle reisa or bygdi og vera vekke i tre veker for fyrste gong på fleire år. Elles ser eg at det har smitta til fjellet ja, men denne gongen er det ikkje eg som er tylen. Til gjengjeld er verkameraet komme i ny knivskarp kvalitet i dag pga ny programvare på serveren.

Z
Location: på nettet

11. oktober 2005 kl. 18:54
Og kvifor i svarte er vevmeistaren vekke i tre veker i strekk? Fotoalbumet er ikkje oppdatert sidan 18.09.05, det er feil i alt som heiter vertenester og vevmeistaren berre stikk frå alt! Ja ja... Er det byrjinga på slutten av vikjavev som ein institusjon i livet til utflytta vikjer? Gir meistaren fan? Eg undrast.
Comment: Lyt berre audmjukt få minna om at sjølv om eg er vekke so er eg framleis allmektig på Vikjaveven, og har høve til å stengja heile arbeidsplassar ute. Ingen veit kor mange kritiske røyster eg har knebla på denne måten.

Z
Location: ein stad snart utestengt?

11. oktober 2005 kl. 21:33
Som eg før har nemnt her på veven er det viktig med nokre kritiske røyster rundt omkring, men eg vert jo truga med utestenging kvar gong eg vågar meg frampå. Var absolutt ikkje meiningen å hetsa vevmeistar eller vikjavev, berre stilla spørsmål ved kva som er so viktig at ein berre kan stikka av frå liv og virke i tre veker! At den før so sindige vevmeistaren kjem med trugsmål og omtalar seg sjølv i same vendingar som Idi Amin og likesinna ser eg på som nok eit teikn på at ikkje alt er som det skal.

tux
Location: bendix

12. oktober 2005 kl. 09:19
No må me ikkje gå laus på kvarandre her, har full forståelse for Z som sit på Kjeller og lengtar seg galen etter Vik. Substituttet var eit oppdatert vikjavev. Det kunne halde dei verste abstinensane på avstand, når bileta so kjem uregelmessig og forhalsvis skjeldan er det ikkje rart frustrasjonen kjem til syne på gjesteboka!
Gjesteboka har også vore lite i aktivitet i det siste, er det ein samanheng? Eller burde brukaren vera ansvarleg og ta initiativ til debatt og innlegg av ulikt slag?
Føler eg må støtte vevmeistaren også, det er ikkje enkelt å beskuldast for å vere lat når jobben går ut på å få olje på fat. Tilbake på gamle trakter, det må jo nesten vere verre å sitte på ei plattform enn å opphalde seg på Kjeller? Også 3 veker i gongen! Kanskje kunne det vore ein ide med ei fotoserie offshore? Folk kjenner vevmeistaren, men har også krav på å bli betre kjent med mannen bak linsa, olje-bikkja som snusar fram kronene for hvermansen

Darky
Location: In the ghetto

12. oktober 2005 kl. 09:33
Det er ein kapital ide Tux kjem med her!
Det er riktignok ei side om Vik dette, men det er no eingang slik at det er omtrent med Vikjer og Vik som det er med irar og Irland. Det er fleire av dei ute enn det er heime.
Så kanskje det er ei lise for sjela til andre Vikjer i Langtvekkistan og Timbuktu og andre farlige plassar å få sjå korleis andre utflytte Vikjer jobbar og sliter med å utvide pensjonsbingen vår.

Når det gjeld Ziggy så veit vi alle at han er litt på den revolusjonære sida. Så at vevmeistaren tek sine atterhald og er litt avventande til den fyren ser eg på som heilt normalt. Eg veit ikkje om det står noko om væpna overtaking av websider i Maos lille røde, men det er greit å vere føre var.

Vevmeistaren
Location: Oljeeventyret

12. oktober 2005 kl. 18:05
Då må eg få ynskja Z velkommen attende til fellesskapet etter ei kortare utestengjing. Ikkje nok til å få han til å luska slukøyra inn på Deichmanske, og oppheva i god tid før skiftet er slutt. Men kanskje tonen vert litt varare no? Eller har eg skapt ein hemnsjukt monster som ikkje gir seg før veven er tilinkjesgjort, serveren brend og hardisken overstrødd med salt so han aldri meir skal virka?

Z
Location: attende der eg høyrer heime!!

12. oktober 2005 kl. 20:26
Ein kortare periode?? Fan og! No veit eg korleis NOKAS-gjengen har det. Like gale å vera utestengd som innestengd seier no eg. Men vel attende ser eg at både Tux og Darky har vore her, godt å sjå at det er liv i gjengen. Men å tru at den kritiske røysta skal stilna på grunn av ein sanksjon som dette er å tru på julenissen! Samanlikninga med Idi var kanskje ikkje so borte i natta? Ellers vil eg skryta av at fotoalbumet er oppdatert i September og fyldige verdata!
Comment: Flott, etter omfattande utreinskingar på veven er det nesten berre positive røyster att. For å knyta vidare lojalitetsband vurderer eg å skjenka deg ei gåve, kanskje nok slikt som ei pils framfor peisomnen på Voll.

Tor
Location: Oslo

13. oktober 2005 kl. 13:15
På bakgrunn av dei siste dagars tillaup til konfrontasjonar mellom innskrivar og redaktør her i Vikjavev si gjestebok, ser eg ikkje anna råd enn å engasjere meg personleg. Som sjølvutnemnt leiar av UVFFFYPVV (utflytta vikjers foreining for full ytringsfridom på Vikjavev) registrerar eg ei farleg endring i Vv-redaksjonen si haldning til oss innskrivarar. Historisk sett har det vore relativt høgt under taket på desse sidene - i tråd med våre nasjonale tradisjonar. Derimot har dei siste dagars sensurering og utestengjing av skribentar leidd tankane til samfunn som vi normenn normalt ikkje assosierar oss med.

Danninga av UVFFFYPVV er første steg i å påverke Vv-redaksjonen tilbake i rett spor. UVFFFYPVV er i utgangspunktet ei ikkje-valdeleg og sakleg gruppering av idealistiske samfunnsengasjerte vaktbikkjer, solangt berre med ein formålsparagraf:


- EI FRI, UAVHENGIG OG USENSURERT GJESTEBOK -


Leiar gjer merksam på at ei overordna ikkje-valdeleg haldning raskt kan skiftast ut med meir effektive rammevilkår dersom dette gjer det nausynt.


Til slutt ei personleg senimental smørje, som står for mi eiga rekning, og ikkje skal sjåast i samanheng med UVFFFYPVV sitt arbeid:


- Gjesteboka treng skribentane som skribentane treng gjesteboka -
(Fritt etter Kari Bremnes' verk; "Hus treng folk som folk treng hus" )

Z
13. oktober 2005 kl. 14:12
Eg takkar for eit særs godt tiltak og støttar sjølvsagt UVFFFYPVV og den sjølvutnemnde leiaren i deira/vårt arbeid for ei viktig sak. Personleg føler eg det rørande at folk bryr seg i ei slik vanskelig tid, eg er akkurat kommen tilbake til vevs-samfunnet og det tek visst si tid før ein blir seg sjølv att etter å opplevd diktaturets kalde hand på tastaturet. Å logga seg på vikjaveven å få eit gult stygt bilete som gjer narr av deg rett i fleisen er ikkje akkurat noko som gjer godt for ein stakkar i aust.

Dette med at UVFFPVPPP skal vera eit ikkje-valdeleg sammensurium ser eg derimot ikkje heilt poenget med. Kva viss VUPFFPUUFP kunne gå ut med rak rygg og sei: "Her står valden i sentrum!" Eg kan ikkje skjøna at ein ikkje berre kan klemma til med ein springskalle og strypetak med ein gong. So kan ein heller moderera seg litt når ein får skikkelig oversikt over situasjonen. Men dette var no berre eit personleg ynskje. Eg støttar UPPFUUVPP uansett kva retning leiaren vel å traske i!

Tor
Location: Oslo

13. oktober 2005 kl. 20:06
Takk for støtte frå Z. Du får medlemsnummer 1.

I motsetnad til Vv-redaksjonen skal ikkje leiaren av UVFFFYPVV falle for tyranniets freistingar, men framelske ei foreining tufta på demokratiske prinsipp. Det vil seie at medlemmane sine meiningar skal late seg synleggjere gjennom foreininga sin politikk i praksis.

Under pkt.1, § 1 i UVFFFYPVV sine vedtekter står: "Skal ei vedtekt endrast, må oppslutning på meir enn 10% for vedtektsendring finnast stad"

Av medlem nr.1 sitt innlegg, kan leiar mellom linjene lese eit ønskje om vedtektsendring. Og vips - sidan vi solangt berre er to medlem - er vedtektsendringa vedteke med overveldande fleirtal. 50% for å vera presis. Leiar stemte imot, men til ingen nytte.

Dermed har allerie no UVFFFYPVV endra posisjon frå å vera ei ikkje-valdeleg sakleg gruppering, til ei sakleg gruppering med vald i sentrum.

Dette er demokrati i praksis.
Comment: Flott gutar! Og når organis(s)asjonen har vakse litt kan de starta ei eigi gjestebok, en tillitsvald kan få ansvaret for ho, den tillitsvalde blir redaktør med administrator-rettar, og før de veit ordet av det so har vaktbikkja bite seg sjølv i halen. Alle dyr er like, men nokre er likare enn andre. Høyrt det før?

Darky
Location: I eit land der springskallar er politisk godtatt argument

14. oktober 2005 kl. 09:46
Eg vil gjerne melde meg inn i UVFFFYPVV. Dette ser eg på som eit særs godt tiltak for å betre kvaliteten på ymse sider på veven.

Når det gjeld Ziggys gode forslag om å bruke nødvendig makt først for å få oversikt over situasjonen, så er det noko ein absolutt burde vidareføre til andre lag av samfunnet. Politi, helsevesen og geriatriske avdelingar vil kunne dra nytte av eit slikt vedtak.
Comment: Dette liknar meir og meir noko me har sett før. Ein idealistisk grunnleggjar og folkeforførar med gode hensikter. Folkeforføraren dreg til seg ustyrlege krefter som får veksa seg sterke under hans vern. Skal me læra av historia går grunnleggjaren ei grim framtid i møte.

Strending
Location: Bergen

14. oktober 2005 kl. 22:38
Her held eg med vevmeistaren. Det kan verta mange dyrkande samlingar av forstyrra vikingar ved foten av Fritjof-statua framover om dette ikkje vert tatt ved rota.

Gutar, høyr på vevmeistaren no. Dessutan, all denne subbe-fyringa - og då tenker eg ikkje berre på den omtalte peisen - kan stå i fare om de ikkje tilpassar dekan den reelle røynda her og jattar litt med når dét trengs.

Diane Millang Volk
Location: Sherwood, North Dakota USA

15. oktober 2005 kl. 04:35
Your website is great. I am doing some research on my family name of Millang and I keep coming up with different spellings. One thing I do know is that my great grandfather came from Vik I Sogn. His name was Joe J. Millang born Oct. 12, 1957. I can't go back any further with my research as I do not know his parents name. If anyone could help me it would be great.
Comment: Diane, your great grandfather was born Jon Johanson Rumohr Reutz at Holstad in Vik. His sister was Anna, my great grandmother, which makes you my third cousin. The reason for the fancy names is that this was on old family of officers, but Johan was a farmer.

JAEGER
Location: 95 MAGNY EN VEXIN

16. oktober 2005 kl. 15:59
bonjour
surfant sur le web pour projeter un voyage en norvège,j'ai découvert votre site très interessant
bravo pour le système de cartographie et tout le reste

cordialement
gérard

Ivar Karevoll
Location: Salhus,Bergen/ abergele wales ,uk

16. oktober 2005 kl. 22:52
We have been having some wonderful pictures from you for about three years now and have given your website to our family of karevolls in the states, hope that they have been in touch with you. As you will know, the karevoll farmhouse is no longer in existance but the area is still in the hands of the fosse family. We had intended to visit you in vik this year and to visit the museum and look up some relatives there but unfortunately most of our visit to norway this summer was spent in hospital. Keep the pictures coming and maybe next year(god willing) we will get to vik. best wishes dorothy & Ivar Karevoll

Ken Reynolds
Location: Barnet Herts. UK

17. oktober 2005 kl. 23:31
I visited Vik in 1963 when staying at Balstrand, coming over on the ferry fron Hella, I met a waitress when staying at Fagerness during my trip and we are still great friends and have many Norwegian friends with my subsequent visits 14 in all since. Great country and people.

Hogne
Location: Caracas - Venezuela

21. oktober 2005 kl. 23:59
Akkurat ferdig med arbeids her i Caracas og då er det ingen ting som er som å gå innom vikjaveven! I dag var det torden og ein skotveksling utanfor kontotet. Trur nok det var mange i denne byen som kunne tenkje seg å byte livet i Caracas (8-9 millionar folk under fattigdomsgrensa) med Vik.

Are
23. oktober 2005 kl. 13:48
Trur ikkje der er mangen som vil byta høve med meg i dag.
Caracas eller ei...

Lassis
Location: Nord om Hedlao

25. oktober 2005 kl. 03:03
KOR E DAI BLITT AO ?????

Ongadn so pikka pao døri og spraong !!

Ongadn så leitte itte tomflaske !!

Dei so sat pao lassabeinkjen !!

Dai so fiska pao kaien !!

Dai so sto pao Breilidhjørna kvar syndagsmorning !!

Dai so tomma itte kjye i Hoprao !!

Dansadn i Ungdomshuset på laurdagskveldadn !!

Filmen i Ungdomshuset på Syndajen !!

Rattkjelkadn,sparkadn og Olabiladn !!

Sigønaradn og fantapakkje !!

NEI DA E VISST INJEN SO GIDDE NÅKE LAINGER !!!!!!!!!

Z
Location: aust fy hedlao

25. oktober 2005 kl. 08:46
Dei site framfy EDB maskinao nett so deg!

Darky
Location: Vestanfor det meste

25. oktober 2005 kl. 13:40
Hah! Dar kom jaggu snjoen!

Er snjomælaren klar?
Comment: Snjomælaren stend der den, seddu. Litt meir til no, so hyler me i gang sesongen.

Vikjen
Location: Vik

25. oktober 2005 kl. 23:39
KOR E DAI BLITT AO ?????
Trur pikadeg du gløymde missemeen sitt friluftsmøte og ørebaonk kastinji.

tux
Location: bendix

26. oktober 2005 kl. 18:50
Har vevsmeistaren leigd inn fotograf? Har mannen som går med kvitskjorte i fjellet og hettegensar på jobbintervju vunne fram med sitt ønske om hyppigare oppdatering i fotoalbumet? Vaklar meistaren for presset om masseproduksjon? Vil dette forring kvaliteten? Mange spørsmål som krev svar. Og kva med ein ny utstyrsdebatt!!!

Vevmeistaren
26. oktober 2005 kl. 22:15
Riktig, Tux, no når eg er kommen i olja att har eg revurdert tidsbruken min, og restrukturert vikjavev-organisasjonen. Hittil har eg skilt ut feltarbeidet i eit eige selskap, Vikjavev Consulting, og sett ut fotograferinga til det, der eg sjølv sit med aksjemajoriteten. Slik har eg kunna operera med ein vevmeistarbil, vevmeistarheimekontor og vevmeistarkaffitraktar og hausta store skattefordeler. Men no når eg har komme i olja att har eg revurdert tidsbruken min og beslutta å outsource bilettakinga til eksterne ressursar. Slik frigjer eg interne ressursar til den kommande snjomælarsesongen.

PS: Vevmeistaren gratulerer mannen-som-går-med-kvitskjorte-i-fjellet-og-hettegensar-på-jobbintervju med dagen!

John Jackson
Location: Salt Lake City, Utah USA

28. oktober 2005 kl. 17:23
My Norwegian ancestors came from Trondheim. I lived in Bergen thirty-five years ago for two years. I was on the express boat from Bergen to Flaam just four weeks ago. It is fun to view the daily weather and light changes from your site. I would like to return to Sognafjordane as soon as possible, perhaps retiring in Norway.

Thank you for your pictures. I am an artist. I would like to spend one or two summers in Vik painting the landscape. Thanks for the good work. John

Petter Nåkkve Sæterdal
Location: Bergen

29. oktober 2005 kl. 07:43
Eg tokte da va fine haimasia do ha laga. So skodle eg sjao om eit tao dai mest spesiedle ordi va i danna ordlistao. Dao saog eg itte 'mjødni' - og fann da. Dao lyt eg saia eg vart imponirte.

Da e i Loster eg ha lert litt tao dinna dialekti.
Men so ha eg eit spørsmaol:

I bestemt form haite da soli, boki og mjødni, men so haite da jentao, kyrkjao og kanskje ordlistao. Men so ha eg vore litt i tvil om ordet 'tid'. Ska ein saia 'tii' elle ska ein saia 'tiao' elle kanskje 'tio' slek so dai gjere i Hordaland?
Kelais e grammatikken so styre endingadn te hokjønsordi ?
Comment: Regelen er at sterke hokjønnsord får i-ending, og svake får ao-ending. Sidan tid er eit sterkt hokjønnsord på linje med sol, bok og mjødn, vert det bøygt ti'i. Mange her i Vik bøyger og ordet som eit hankjønnsord: tid'n. Dette er ei form som er lånt frå konservativt bokmål, og ein kan høyra ho frå folk i alle aldrar.

I Sunnhordland seier dei 'tio' som du nemner, for der får både sterke og svake hokjønnsord o-ending. Mange andre hordalandsmålføre har æ-ending på sterke hokjønnsord: ti'æ, bokjæ, solæ.

Laurent
Location: France

29. oktober 2005 kl. 11:18
Fantastique. D'une part, la qualité des informations que l'on peut trouver sur ce site (relevés météo, statistiques, photos, etc.) et d'autre part, la mise en page de toutes ces données qui confère au site une convivialité hors du commun.

Félicitations. On sent le très grand professionnalisme, merci pour ce petit moment de plaisir que nous procure ce site.

Laurent - Melun - France.

Z
Location: i skoddeheimen i aust

31. oktober 2005 kl. 10:52
Eg vil takka vevmeistaren for lukkehelsinga på den store dagen som var i forrige veke. Eg har diverre ikkje vore innom her på nokre dagar då feiringa tok litt av og drog seg utover fleire dagar, men kjekt var det. Ellers ser eg at det vert gjort av eit lite nummer av prioriteringa mi når det gjeld klesbunad til ulike høve. At ein nyttar kvitskjorte i fjellheimen har vore oppe til diskusjon før, og eg står for at det er viktig å markera fest. For meg er ein tur i fjellheimen ein fest, difor kvitskjorta. Når det gjeld hettegensar på jobbintervju er det vel nokre vittige sjeler som vil seia at dette ikkje høyrer heime nokon stad. Men det får stå for deira rekning, ilag med ei slita dongeribukse er hettegensar eit behagelig plagg so kvifor ikkje?

På torsdag er eg attende i vesterled, er vevmeistaren krabba på land då?
Comment: Eg er heima på ubestemt tid, men slik i utgangspunktet kan me jo ta sikte på eit symposium til helgi. Raudtopp er heima og alt.

tux
Location: bendix

31. oktober 2005 kl. 13:57
Støttar Mannen-som-går-med-kvitskjorte-i-fjellet-og-hettegensar-på-jobbintervju. Fjellet er ein fest, og jobben er vorspiel med altfor låg musikk!

<< September 2005 -

October 2005

- November 2005 >>
2019 © Torstein Hønsi