Guestbook

Search the guestbook

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Siste 20 innlegg
<< August 2005 -

September 2005

- October 2005 >>

Z
Location: christiania

1. september 2005 kl. 20:44
Skapeleg folk drikke ikkje mjølk! Det er vatn i springen, trenge ikkje guffa nedpå den småekle kvite væska berre fordi bestefar din gjorde det! Potete er vel ikkje akkurat noko livsnødvendighet heller..?

Darky
Location: In a kingdom by the sea

5. september 2005 kl. 09:51
Det er som vanleg heilt korrekt observert fra Z's side. Mjølk er for kalvar, og poteter er i henhold til den seriøse og høgt akta forskaren Dr. Fedon Lindberg svært skadleg for helsa.

Me bør derfor utvise denne knoll fra vårt land, og atter gå tilbake til det kosthald me hadde før denne syndens grønsak blei ført til våre kystar av spanjolane.

Eit folk ikkje langt unna der eg bur blei lurt til å satse liv og helse på denne knoll, og her eit år så feila avlinga. Stakkarane visste ikkje kva dei skulle gjere, ikkje hadde dei poteter å ete sjølv, og når ikkje dei fekk ete poteter, så fekk jo ikkje grisene potetskrell og avfall å ete. Stakkars grisene svelt i hel, og menneska hadde ikkje energi til å passe på sauene som gjekk på beite. Tenk om nokon av dei berre hadde tenkt på å ete sauene og grisene i staden for poteter...

Oddgeir
Location: Potejæren

6. september 2005 kl. 18:47
Dette kallar eg ekte turglede!
Ein kan nesten sjå den barnlege glede som strålar av karane - eia var vi der - klar kandidat til Årets Turbilde!
Men biletet ser då ut til å vere frå inste enden av Stølsvatnet (eller er det eg som er heilt sveiseblind?). Eg forstår det då slik at turen ikkje har offisiell start når den startar, men når den vert offesielt starta - altso når ein fyrst får lyst på ei øl. Det kan jo vere både seint og tidleg, og er soleis heilt uberegneleg. For min del har eg av og til starta turen (offisielt) fyrst etter at eg kom heim att. Og no i helga hadde eg offersiell turstart heime for meg sjølv - kjeringa var i Bergen.

Jacob
Location: Nordstråndi

7. september 2005 kl. 06:55
Era nåken her so veit kå leinje smalahåva ska koka ??
Ska ha eit lystig lag i haust,,,og ke ska eg severa attaot ??
Tilbehør/drikka?
Takksam fy svar

Snårboddl
Location: Håve

7. september 2005 kl. 23:32
smalahåva ska koka i 2 tima ,,,,tongao 1 ein time,,,,attaot drikke du heimabrygg,,,,og t behør e nepe og pote

Z
Location: på jobb fleire dagar framover

9. september 2005 kl. 15:53
Ser at det vert stilt spørsmål med turstarten vår når me var til Dunis.. Turen vert offisielt starta når ein tek første øli, dette er noko alle turfolk bør vita. Kva ellers skal ein gå ut ifrå? Er turstart: Når ein byrja å planlegga turen? Når ein finn fram sekken? Når ein er ferdig å pakka? Når ein lukkar ytterdøri i heimen? Når ein set seg i bilen? Når ein går ut or bilen? Nei, for å sleppa alt slik tankeverksemd er turen offisielt starta når første øli er opna!! Å viss det er nokon som har vore på tur utan å drikka øl er det deira problem, slikt folk har i allefall ingenting på Dunis å gjera!

PS! Raudt og blått, gult og grønt. Eg gir fan! Viss det er eit parti som har eit punkt i valprogrammet om fri første veka i rypejakta vil eg vita om dei.

Oddbjorn Helgos
Location: Igalo Montenegro

12. september 2005 kl. 09:00
Hei
Det er veldig kjekt o kunne go inn po Vikjavev og sjo Vik i nuet, eg er inne kvar dag og sjekka veret heime. Dette er ei kjempegod side.
Oddbjorn

torby papierowe
12. september 2005 kl. 21:40
I surf and find your fantastic homepage, bookmarked it and will be back!!

vert
13. september 2005 kl. 00:58
^_^

Z
Location: i eit sosialdemokratisk samfunn

13. september 2005 kl. 07:53
God morgon! Då var det klart, dei navlebeskuande kapitalistane i regjeringsbygget med ein wanna-be prest i front må ut! Gratulerar med dagen kameratar!

Raudtopp
Location: Bendix

13. september 2005 kl. 09:20
Godt er det kamerat
prest og rikmannsfolk sitt talerøyr er ut.
Men dei brune fekk skummelt mange mandat
dei gneg om skattar og avgifter,
syt og klag, rasisme vil me ha og billig lut!

Darky
Location: I maktens korridor

13. september 2005 kl. 11:27
Prosentar, stemmer og vekslande mandat,
ropar dei frå Oslo med fanfare og song
Høgresida splitta utan eigen kandidat,
Bondevik er ferdig for denne gong.

(Pils i Søbbe, band IV - politiske observasjonar)

Z
13. september 2005 kl. 11:49
8 kr literen vil me ha
havet var ikkje varmt på hytta til Erling La

produserar du med overskot seie du? nei veit du kva!
du har mista jobben, du kan betre enn da!

men sitt du på rompa å flytta peng
då vil eg deg gjerne ha opp i mi seng

Hmm... eg lurer på kvifor me må gå
kanskje folk er smartare enn me håpa på?

Kari
Location: Djupt inne i områdeanalysa av Larvik by

13. september 2005 kl. 14:08
Fyrste gongen i gjesteboki på veven, detta e stort! Eg ville berre sei at da e ganske mykje stor poesi so bli produsert her pao dessa fantastiske sidene! Har de vurdert å gi ut noko av dette? Hadde nok blitt årets julegåve- hit hjå Breilid`en !

Raudtopp
Location: Bendix

15. september 2005 kl. 10:57
Idiotar det finst det i kvar ein krok
som høyrer på Hagen sin gjeng
dei gulpar og drit eit merkeleg kok
og ropar glupsk på endå meir peng

Kvifor kan eg ikkje ha meir enn ein bil?
Å hjelpe og trøste....naboen e homofil!
Ein neger passerte meg med flass i håret
Kunne han ikkje vore bonde og heitt Kåre!

Lat oss no pumpa opp den olja me har
pengar i lommen og flotte kar
og skulle det ende i masse rot
så gjer me som i Hagens oppsriftsbok
-eit nytt fellespiss i eiga brok!

Strending
15. september 2005 kl. 18:56
Hehe, poetane i Vik har forstått det! Rudolf Nilsen og Nordahl Grieg hadde vore stolte av dykk!!

Darky
Location: Filosofiens høgborg

19. september 2005 kl. 15:12
For å bruke Aristoteles sine ord; "Post coitum omne animal triste!"
Comment: So sant som det er sagt. Det mange ikkje veit er at utsegnet byggjer på Aristoteles sin eldre bror sitt lakoniske "Pre coitum omne animal umulius est"!

<< August 2005 -

September 2005

- October 2005 >>
2019 © Torstein Hønsi