Guestbook

Search the guestbook

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Siste 20 innlegg
<< November 2004 -

December 2004

- January 2005 >>

Oddgeir
Location: Oseberg

2. desember 2004 kl. 04:47
Etter eit behendig forsøk av vevmeisteren på å vri debatten vekk frå dei eigentlege fakta, nemleg den magnetisk induserte pertubasjonen av rom-tida som er observert på Nonhaugen, lyt eg komme med nokre ytterlegare kommentarar:
Ein lyt stille strenge krav til korleis ein måler stauren når måleresultata skal publiserast på webben. Når ein soleis måler snødjupna, so ligg det ei implisitt tolking av måleresultata som krev nøyare ettertanke. Korleis er vevmeisteren so sikker på at det er snøen som vert djupare? Grav han fram stauren kvar gong? Neppe. Det som faktisk vert observert er at stauren vert kortare og kortare utover vinteren, for so å verte gradvis lengre utover våren (dette fenomenet er velkjend frå andre samahengar og). Om sommaren er den lang heile tida. Dette KAN sjølvsagt ha samanheng med varierande snødekke, men dette veit ein altso ikkje heilt sikkert utan å finne spaden fram ved kvar måling. Og kva skjer mellom målingane? Nettopp. Etter mitt syn reflekterer dei sokalla snjokurvene heller ei relativistsik forkorting (den tidlegare nemnde Lorentz-kontraksjonen) av målestaven, som tydelegvis kan korrolerast med sesongvariasjonane. Dette er effektar som normalt kun kan observerast ved hastigheiter nær lyset, kanskje er kontrolløren for snar i vendinga?

Z
Location: vår kjære reaktor

2. desember 2004 kl. 09:35
I og med at det er litt interesse for fangstrapportar her vil eg oppsummera helga for alle vitjarar på sida her. Me var vel ein 3 - 4 mann på hytta denne helga vil eg tru. Me fekk tak i nokre brune små, desse var ikkje mykje å legga til modning so dei vart fortært samme helga. I kombinasjon med eit par gyldne ryper (eller grouse som det som fint heiter) som hadde teke turen over frå Skottland vart det ei særs velukka jakthelg. Utpå natta kom det visstnok fleire jegrar på besøk også, men i og med at eg satt heilt inne ved veggen (vekk frå døra) veit eg ikkje om dette er alvor eller kun lause rykter som svirra i hyttemiljøet. Når det gjeld orren flaug det i alle fall ingen forbi vindauget dei gangane eg kikka ut. Alt i alt ei flott helg i fjellheimen, og me labba heim full av vage minner. Takk...

roland og renate
Location: bamberg, tyskland

2. desember 2004 kl. 16:32
Hej, herzlichen Dank fuer die informative Seite. Es sind wunderbare Erinnerungen an traumhafte Urlaube in Norwegen. Speziell in VIK mit seiner phantastischen Stabkirche.

Tusind takk og glaedelig jul
Comment: Es freut mir sehr dass Vik Ihnen so gut gefallen hat. Würde gerne nach Bamberg fahren um ein Schlenkerla Rauchbier zu trinken.

tux
Location: bendix

2. desember 2004 kl. 19:14
Drøymer meg tilbake til den tida då eg kunne køyre over Vikafjellet, kikke meg rundt, og med overbevisning sei til mine medpassasjerar: "Fy faen kor lite snø det er i år! Så lite snø har eg ikkje opplevd på fjellet på denne tida av året! Eller..........eg hugsar...var det i 87-88??? Meeei...."
Det var tider det!



Z
Location: NFF

3. desember 2004 kl. 09:44
Du verkar som ein svært røynd sjåfør, men so vidt eg veit har vel aldri du hatt sjansen til å køyra over fjellet på snøføre før??

Cato pato utgått på dato
Location: kontor 3.1.100

3. desember 2004 kl. 14:54
Ah.. vinteren 88, ja. Det var ein fin vinter. Skiflyging dreiv vi med da, ja. Opptil fleire titals meter. Så snø må det ha vore. Kanskje ikkje i slike mengder som mælaren viser i 2000, men alt over to meter snø er jo sløsing.




Darky
Location: Ein mørk stad

14. desember 2004 kl. 00:20
1. Det er påfallande at fotoalbumet ikkje har vorte oppdatert sidan oktober.

2. Debatten om Tom Cruise kontra Øl Krus kan nok ha teke si tørn

3. Diverse skammelege påfunn frå ymse fuglar ute i nordsjøen og i luftflåten bør ikkje få hindre vevmeistaren i å bringe utanlandsfarne hugvreingande bilete frå heimtraktene. Jolekvelden nærmar seg styggeleg, og hugen etter heimstaden er sterkare enn nokonsinne, så no trengs det nokre nye bilete. Lat snjomælar vera snjomælar, og lat vevmeistaren ta leicaen i fatt og fange mang eit kodak-moment.

Z
Location: på post

14. desember 2004 kl. 06:36
Vevsmeistaren har ein ikkje høyrt noko frå sidan 30. Nov., og då var han på Søbbejordi ser eg her i gjesteboki! Kva som har skjedd nede på Søbbejordi denne kvelden kan ein vel berre tenke seg til. Alle som har vore innom kjedlarstova ein mørk Novemberkveld veit at det er ingen stad for amatørar. No ser eg ikkje på vevsmeistaren so nokon amatør i nokon samanheng, men kjedlarstova kan verkeleg ta pusten frå nokon og einkvar. Har sjølv vore med på nokre samankomstar der nede, og som oftast endar det i forferdelse. Der nede har eg sett ellers oppegåande og anstendige menneske få store koordineringsproblem. Enkle ting som sko, dørhandtak og trappetrinn blir voldsomme hinder når ein skal prøva å komma seg derifrå. Prøver ei syndig sjel å ringa etter taxi er sjansen svært liten for at det kjem noko bil. Og hadde sjefen sjøl vore med her ein kveld i dei tider me pyntar med gule kyllingar hadde han ikkje greidd å stå opp igjen allereie 3. dagen! At eit fotoapparat eller to kan forsvinna under slike tilhøve ser eg heller ikkje på som nokon umogeligheit. Men at vevsmeisteren kjem attende er eg rimelig sikker på!

Vevmeistaren
Location: Voll

14. desember 2004 kl. 08:17
Ein lyt understreka at Vevmeistaren har arbeidsplassen sin på Søbbejordi, og at meteorologiske og astronomiske forhold gjer det vanskeleg å ha seg ut og fotografera.

Z
Location: nok eit nattskift

15. desember 2004 kl. 01:13
Ja ja... Brått var det liv i skrotten ser eg! Men dette var sørgjeleg tynne forklaringar meister! Dei fleste som har frekventert nattelivet i indre Sogn dei siste 15 åra veit at ingen kan ha arbeidsplassen sin på søbbejordi. Hitom barnehagen kanskje, yve meieriet ja, men ikkje PÅ søbbejordi!! PÅ desse jordi er det kun plass til Søbbe Fellowshit Foundation som er ein institusjon der ein møtest for å diskutera viktige ting, ingen er tilsette her.

Darky
15. desember 2004 kl. 08:47
Støttar Z heilt og haldent her. Dessutan, desse "atmosfæriske" forholdi vevmeistaren snakkar om, kva er det? Han let seg vel ikkje skremma av ein liten flau bris og litt regn?

Comment: Med atmosfæriske forhold siktar ein til at solskiva er langt under horisonten når ein kjem frå arbeid. Ein kan jo ikkje fotografera i myrkre. Med mindre ein brukar blitz, Gud forby.

Are
Location: Bergen

15. desember 2004 kl. 19:58
Arbeid? Er det det du kallar det? Sitje inne på eit kontor og trykkje på ein knapp, flytte nokre papir og lepje i seg pulverkaffe. Narr meg ikkje til å le!
Comment: Du får det til å høyrast so enkelt ut. Faktisk trykkjer eg på mange knappar. Og ofte mange samtidig (t.d. Ctrl + Alt + Del).

Gro Anita
Location: Bergen

16. desember 2004 kl. 21:51
No kjenner eg meg heime.

Imponerandes jobb du har gjort her. Må innom sida di med jamne mellomrom for å sjå på gamle trakter.

Vevmeistaren
Location: Vodl

16. desember 2004 kl. 23:03
Viss det held fram å regna
kjem elveforbygningen til å ryka.
Viss det held fram å regna
kjem elveforbygningen til å ryka.
Når elveforbygningen ryk
har eg ikkje nokon stad å vera.

Fæle, gamle elveforbygningen
lærde meg å kyta og klaga.
Fæle, gamle elveforbygningen
lærde meg å kyta og klaga.
Har det som trengst
for å få ein fjedlagap til å forlata heimen.

Å vel, å vel, å vel...

Jomar Hønsi
Location: Hovudstaden

17. desember 2004 kl. 21:33
Ja, det var jaggu på tide med asynkron, antisemantisk poesi på vikjaveven.

Tordivedln surra,
kjeringji e sur,
soli løyse seg opp i sine eigne pikslar,
fy fan, fy fan, fy fan

Are
18. desember 2004 kl. 07:09
eg kan i grunn slutta meg til hylekoret. rim, ream diktverk og hovvudverk. Høyr!
Tvikrok og tvilande, eplekjekk sider. Utkrullad bringekrage, raudleten kremmar. kjør til høgre sa han, skutens leutenant...

Heddis
Location: aosen

20. desember 2004 kl. 18:33
Folk mao prøva å halda focus her ine, da e altfy lite snakk om øl, tatta, og musikk. fy ikkje å snakka om bil. Detta uhorvelege viktige temaet bli totalt yvesitt. Snjomelar? Pjåt han opp i fålet å sjao om du faor utslag!
Comment: Kjem an på kor stort røvhol ein er. Innsendaren ville kanskje slå rekorden frå vinteren 2000.

Heddis, no atte
20. desember 2004 kl. 18:35
Pao dan andre siao, eit døme pao synkron antisemittisk poesi hadde vore artigt!

Heddis
20. desember 2004 kl. 20:00
Pao tide at nåken faor eit brunauga ut pao eteren via innstalasjonen til vevmeistaren?

Andreas
Location: Haag, Nederland

20. desember 2004 kl. 22:55
Det er en fantastisk web site dere har!
Gratulerer fra Nederland (uten sno dessverre......)

tux
Location: bendix

23. desember 2004 kl. 11:12
Vindus-viskaren bak i bilen har begynt å prate! Og eg har gløymt spyle-veska!

ingrid :)
23. desember 2004 kl. 20:30
mammen sa at eg måtte skriva i gjesteboki di, fø dao vart du gla :P

men go jul å gått nytt aor!!!


Svein
26. desember 2004 kl. 20:03
Verkameraet har periodevis sidan 7.12 vist eit strå som stikk inn i biletflata oppe i venstre biletkant.

Kan nokon ta å røska vekk dette strået slik at ein kan få ro i sjela?
Comment: Hadde ein ikkje visst betre kunne ein tru at du leid av juleskjekjedl'n. (Jamfør Ordsamlingi: http://vikjavev.com/vikjamaal/ordsamling.php?ordsoek=juleskjekel).

Vikjavev-teamet vil utgreia strå-problemet nærare når høvet byr seg. Før ein føretek seg noko må ein sjølvsagt samla inn eit solid datamateriale og søkja etter samanhengar kring kva tidsintervall strået viser eller ikkje.

Gonil
Location: Kirkenes

30. desember 2004 kl. 18:58
Hei ditt heldige vikja-menneske!!
har nett fore oppatt til Finnmark itte ei fantastisk jul i Vik!!
Og da e seigt!
Eg fekk likso ikkje kontakt med so mange på hotellet i år, då eg var i litt dårleg form med sparkande liv i magen...
Men eg blei no sjekka litt opp av ein hyggjeleg Årdøle,so eg klaga ikkje!!
Og so såg eg nett i bakhovudet ditt på øyri når du stengde butikken på tysdag!!
Ville no berre få sagt godt nyttår til deg og dine, eg satsar på lang sommarferie i Vik med ungen viss allt går bra!!
Håpar me sjåast mei då!!
Helsa alle!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

<< November 2004 -

December 2004

- January 2005 >>
2019 © Torstein Hønsi