Guestbook

Search the guestbook

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Siste 20 innlegg

Broghild
4. august 2010 kl. 14:53
hoho moro å sjå på verkameraet når det fer folk og vasar i Storesvingen. Reality, likso.

Peris
10. august 2010 kl. 10:00
Dine innlegg er som alltid veldig omtenksom og uptodate. Bare ett spørsmål - hvordan kan du velge emner for artiklene dine på en slik måte at de alltid tiltrekke brukernes interesser? Jeg er også en blogger, men fikk ikke en slik suksess så langt ...
Comment: Du est en russisk tullemaskin, pell deg ut frå heimesida mi!

Are
Location: uteggjes

15. august 2010 kl. 21:47
Vyrde godtfolk!
Etter den naudsynte uppreinskinga me var vitne til i samband med gjestebokikette, kan ein no skrolla seg attende umlag 4 månader berre på bokji si framside.
Eg vil retta ei oppmoding til alle brukarane av sida om å halda fram sjølvsensuren, og om mogeleg strama ytterlegare inn. Lukkast dette, kan me på sikt oppleva å kunna skrolla oss eit heilt år attende i tid, eller meir...
Eg vil retta stor takk til "sognajente i Stavanger" for kvalitetshevinga, og allereie no ynskje alle ei god jul, og eit godt nytt år!

Darky
Location: Over himlingane er betongen alltid grå

23. august 2010 kl. 15:41
Eg tenkte eigentleg å gjere som Are føresler, men så kom eg jo på at eg var nøydd til å fortelje folk om dette. Ellers vil jo ingen vite at eg faktisk sit her og sjølvsensurerar meg sjølv til den store gullmedaljen!

Tenke seg til, hadde det ikkje vore for denne sjølvsensuren, som har vore beinhard, ja, nær gått på helsa laus, så ville det truleg komme ymse tull og tøys rett som det var. Eg kunne til dømes ha raljert over desse sauebøndene som set ut 8 sauer på ei utmark inngjerda med eit 50 cm høgt gjerde. Midt i ulveterritoriet. Og som klagar på at ulven tek sauene. Det hadde vore freistande å gjort noko av det samme, på parallelle baner. Samle alle Oslo's narkomane i eit sprøyterom, legg ein halvkilo heroin på bordet, legg ein serviett over og gå ut. Bli så djupt såra og vonbroten når du så kjem inn att etter tre-fire dagar og finn ut at stoffet ditt er vekk.

Eller, eg kunne ha raljert noko kaldigt over kor idiotisk det er å kjøpe kraft frå tyskland for å gi elektrisitet til eit gasskraftverk som kunne ha produsert den straumen dei treng sjølv, i tillegg til å levere straum FRA ytre hordaland og innover. I staden så må ein få tilført kraft produsert av den særs miljøvenlege kolkraft-industrien i på kontinentet. Det er jaggu bra me har politikarar som tek dei viktige miljøspørsmåla, og ikkje spelar om politisk gevinst på dei...

Eg kunne ha komme med sure oppgulp om så mangt, men sidan det er eit uttrykt ynskje frå vyrde lesarar av gjestebokji at den kun skal innehalda helsingar frå amerikanarar på jakt etter sine røter og russiske robotar, så får det heller vere....

Men no har eg altså sensurert meg, så dette får de ikkje høyre NOKO som helst om! Så det så!

Ellers tykkjer eg at Z burde sende eit utdrag frå skipsloggen, Tux ei fjør frå siste rypa han skaut, og vevmeistaren burde få fiksa usb-kabelen til kameraet sitt, slik at han får lagt ut eit bilete eller to.

Z
Location: Under kjølen er sjøen alltid blå

25. august 2010 kl. 19:46
Der var gode gamle Darky attende i manesjen. No har gjesteboka vore medvitlaus i heile sumar so det var godt å sjå. Håpar det vert litt meir aktivitet her no når det haustast, og folket gøymer seg innomhus.

Det er ikkje mykje som står i loggen Darky, men eg kan melda om svært humpete føre i Skagerak i dag. Sensitive data som posisjon, fart og destinasjon kan eg diverre ikkje legga ut til skue for heile ålmenta. Ein har trass alt terror trugsmålet liggande i bakhovudet heile tida når ein skal hente såpe i Sunnfjord.

<< July 2010 -

August 2010

- September 2010 >>
2019 © Torstein Hønsi