Guestbook

Search the guestbook

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Siste 20 innlegg

Oddvar Wold
Location: Stavanger

4. mars 2010 kl. 21:08
Fantastisk flott arbeid med å samla informasjon og bilder om stølane på Vikafjell. Har planer om å male akvareller her i sommar. Har tidligare malt Fossestølen.

Ron (Hovey) Eikaas
Location: Minneapolis, Minnesota USA

14. mars 2010 kl. 08:59
I thought it might be fun and interesting to get in touch with my ancestral home. The Hovey's that are my family left from Vik in 1841 or 1842 and arrived first in Wisconsin in 1842. My mother (Hovey) married an Eikaas. I am curious about whether some characteristics including genetics are still evident in Vik. My grandfather had red hair. There have been a lot of athletes
and scholars in the family. There seems to be a tendency towards a quiet demeanor. I'd enjoy communicating with anyone that is interested. Ron Eikaas

Ron (Hovey) Eikaas
Location: Mpls MN usa

14. mars 2010 kl. 09:03
My Email is [email protected]

Sognajenta i Stavanger
29. mars 2010 kl. 16:28
Hei
Saknar nye foto frå vevmeisteren. Saknar også betre gangsyn frå ein del folk som brukar gjesteboka di som søppelbøtte - med utruleg irriterande og sjølvdiggande vås om alt og ingenting (mest det siste)! Skjønar dei ikkje at det navleskuande sprøytet dei kjem med, i beste høve har verdi for ei handfull klovnar - og ingen andre? Det mest irriterande og skuffande er når dei held folk for narr, som er ærleg interessert i web'sida di - og som har noko reelt å koma med. Kan ikkje denne gjengen blogga seg imellom - og spare folk flest for gørra?

Likte sida di betre før, eg - då det kom inn mange flotte nye foto - og langt færre hjernetomme innlegg frå ordkløyvar-mafiaen. Så eg er ikkje så ofte inne lenger. Er redd for at det er fleire med meg som har rømt grunnen av same årsak. Veit at ein ikkje treng å stikke innom, men ein håper alltid at fordums prakt skal reisa seg av oska.
Sognajenta
Comment:

Faktisk er det like mange som er innom no som før, men eg må innrømma at det ikkje skuldast frekvensen på nye biletseriar. At eg la ut meir bilete for nokre år sidan skuldast delvis endringa i sivilstand - som småbarnsfar er det ikkje så mykje tid til å gå og sosa på fjellet. Fjellturane no til dags er helst kjappe trimturar på dei same stadene om att og om att. I tillegg jobbar eg med internett no, og då blir det helst til at eg gjer heilt andre ting utanom arbeidstida.

Faktisk var det meir syrlege kommentarar i gjesteboki før, men det var også meir seriøse så alt i alt var det nok meir substans før.


<< February 2010 -

March 2010

- April 2010 >>
2019 © Torstein Hønsi