Guestbook

Search the guestbook

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Siste 20 innlegg

Christoph
Location: Eindhoven

1. januar 2010 kl. 02:15
nette Seite, wünsche viel Erfolg und
Schöne Grüße,
Marie.

Darky
Location: I ovalen

5. januar 2010 kl. 18:25
I det noverande klimatiske klimaet er det kanskje på tide å bransje ut snjomælaren? Det er no så stort snøfall i England at det er "Breaking News" på Sky News, og då burde kanskje London få sin eigen snjomælar, eller kjepp, om du vil?
Comment: God ide, men det kan vera vanskeleg å finna ein plass i London som viser eit representativt snjodjup.

Z
21. januar 2010 kl. 10:11
Mange gode tipp å sjå på lista her ja. Ser med glede at Tux endelig får vist sitt intellekt då han har greidd å klatta nedpå 3 siffer i fin rekkefølge, utan bindestrekar, semikolon eller andre distraksjonar. Darky gjer som dei gamle damene med lottorekka si, og slår til med eksakt dei same tala som føregåande tevling, og mannen i kjedlaren daskar til med eit kulerundt tal i einsam majestet. Det einaste som er sikkert her er at tevlinga i Vancouver vert som ein parantes å rekna.

Når det gjeld dette med personvern kontra yrtringsfridom tykkjer eg verkeleg at vevmeistaren skal verta litt rundare i kantane etterkvart. Eg veit dette har vore oppe i plenum før, men verda er i endring. Dette bør vevmeistaren og vikjavev-samfunnet ta inn over seg. Viss det til dømes dumpar ned ein karikatur-teikning av ein pode i Vik i innboksen din, vil du då med handa på hjarta sei at du ikkje vil publisere materialet? Vil dette verta avgjort frå sak til sak? Eller vil du med hovudet høgt heva legga fila inn her so meinigmann kan kikke? Sjølvsagt kan det verta litt trøbbel for den ansvarlege i ettertid, som snø i eksospotta, fjerning av solsikkefrøa frå fuglebrettet eller sabotering av vindmålaren med til dømes ei vifte, men alt i alt trur eg at det er på høg tid at personvernet vert svekka.
Comment: Kva er alt dette vaset med ytringsfridom? Eg har aldri lagt skjul på at Vikjaveven er totalitær. Eg er endåtil stolt av det. I eit samfunn der samarbeid og forståelse og anna tidkrevjande dill breier om seg og albogeskotet vert mindre og mindre for den som vil noko, firer ikkje eg ein tomme når det gjeld veven min. Eg har før sagt at eg er lovgjevande, dømmande og utøvande makt i ein og same person her på veven. Du har sjølv fått smaka pisken min då du vart utvist frå veven, og det uroar meg at du enno ein gong manar til oppreist. Neste gong lyt du kanskje greia deg meir enn ein dag utan veven.

Marc Hansen
Location: Wisconsin USA

22. januar 2010 kl. 03:44
I was delighted to re-find your excellent site. I have Vik on my mind because I have been working on Orvedal genealogy, and having all the farm pictures is really a gift. If you would like to have them, I have jpgs of the gamle huset that was still standing when we first visited in 1972. We are friends of Bestefar Rasmus og Bestemor Ingrid, and were delighted to have Eli visit us on one of their many expeditions to the norsk mid-west. We send our best regards to all of you. Keep up the good work!
Comment: Thanks Marc! Eli says hello too.

Z
Location: på frifot

22. januar 2010 kl. 13:14
Det var det eg var redd for. Tida er endå ikkje mogen for å ta opp igjen denne ordvekslinga skjønar eg. Når ein vert truga med pisken får ein legga ballen død. Men eg sit her i mitt eksil og overvakar kva som skjer, det får du ha i bakhovudet når du svingar pisken på stakkarane i gata.

"Eg har til hensikt å gjere dette landet til eit demokrati. Dei som er imot havnar i fengsel."
Joao Baptista Figueiredo

Tor
Location: Skytta

25. januar 2010 kl. 10:45
Eg ser at snjotippen 2010 overgår alle tidlegare tevlingar når det gjeld oppslutnad, og mange havnar på same estimat. Dette er demotiverande. Alle som har vunne i lotto veit kor morosamt det er å dele millionpotten med 20 andre kolleger på tippelaget.

Kva med å innføre desimalar i avlesinga? Teknologien er no so avansert at dette skulle vera mogeleg.

Eit anna virkemiddel kan vera å avgrense antall påmeldte. Dette kan i første augekast verke radikalt, men går ein inn i listene kan ein sjå at enkelte tevlarar let seg freiste til å føre opp særs unge familiemedlem som sjølv korkje kan lese eller skrive. Det finnes faktisk eksempel der tevlarar er so unge at dei knapt har vore ute ein vinterdag før, og korleis skal desse då kunne gje eit anslag basert på livserfaring og empiri?

Dette er bortimot ei organisert form for svindel, der ein aukar familiens vinnarsjansar på bekostning av andre rettskafne tevlarar.

Føresler dermed innføring av desimalar, og ei nedre aldersgrense på seks år.

Jens
Location: Vikøyri

25. januar 2010 kl. 21:17
Han Tor har eit poeng når han sler fast at det er mange som har tippa det same, men det er óg mange ledige tal innanfor utfallsrommet til snjomælaren. Frå ein vitskapelege ståstad er det heilt uhaldbart å nytta desimalar. Til det er snjomælaren for unøyaktig og avslesningsfrekvensen for låg. Det er like tullete med desimalar på snjomælaren som tusendelssekund i klassisk langrenn med intervallstart.

Når det gjeld avgrensing av talet på tipparar, er det utan tvil teknisk og moralsk sett enklast å avgrense til tippararne til Sognenettabonnentar. Det er trass alt me som sponsar gåvekortet.

Tor
Location: Skytta

26. januar 2010 kl. 12:02
Kjære Jens!

Målet med tevlinga er å kåre ein vinnar, ikkje 20 vinnarar.

Frå ein vitenskapleg ståstad er eg einig i at bruk av desimalar i forbindelse med snødjupn kan vera uheldig. Men det er ikke vitskapsmenn som analyserar desse grafane. Med all respekt for vevmeisteren og hans metodikk, så kan det diskuterast om dei avlesne snødybder verkeleg representerer snøforholda på Vikafjellet. Grovt sett - sjølvsagt, men eksakt? Neppe. Det kan som følgje av tilfeldigheiter skilje fleire meter snø innan eit snevert kvalitativt likeeins areal. For ikke å snakke om kvalitativt ulike areal, der forskjellen på å plassere målestaven på ein forblåst topp kontra nedi ei fokkegrop kan bety eit snøfritt Vikafjell alternativt fleire meter snø.

Så frå ein vitenskapleg ståstad kan ein faktisk diskutere bruken av både centimeter og decimeter i avlesinga.

Spørsmålet er - kvar skal vi trekke grensene.

I denne tevlinga skal vi kåre ein vinnar. Ein vinnar som dei neste tolv månadane kan smykke seg med tittelen "årets mester", og resten av livet nyte ein respekt som det er dei ferraste forunt. Ein bragd som ein på dødsleiet kan sjå tilbake på med stoltheit og varme, og med ro tre inn i dødsriket - vel vitande om at ein er ein fjellmann, heil ved - tvers igjennom.

Opplevelsen på dødsleiet blir noko heilt anna dersom det er 19 andre fjellmenn som trør der ute.

Dersom vevmeisteren myser litt ekstra og har sola i ryggjen når han les av målestaven er eg sikker på at han klarar å treffe på millimeteren.

Når det gjel det andre forslaget er det heilt på trynet.

Z
Location: ikkje på sognanett

26. januar 2010 kl. 14:50
Ja til desimalar. Mange.

Når det gjeld å tippa i namnet til nokon som ikkje veit kva sjnotippen er, noko som har dukka opp dei siste åra, so lurer eg på kvar grensene går? Kunne eg ha tippa i namnet til alle slektningar? Søskenbarn og onklar i byn som heller ikkje veit kva sjnomælaren er for noko? Kva med kameratar utan direkte blodsband? Går grensa ved menneske? Kunne eg ha tippa i namnet til eit kjæledyr? Kva med gjenstandar? Kan ei god cd-plate legge inn eit tipp?

<< December 2009 -

January 2010

- February 2010 >>
2019 © Torstein Hønsi