Guestbook

Search the guestbook

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Siste 20 innlegg
<< October 2008 -

November 2008

- December 2008 >>

Pierre
Location: NANCY

4. november 2008 kl. 01:36
Génial !! HighSlide JS continue à évoluer: actuellement version 4.8. Je vais tester immédiatement.

Mille merci renouvelés.

Best regards.

Pierre.

Красный утюг
Location: Moscow, Russian Federation

4. november 2008 kl. 22:43
Thank you for your great work (highslide)!!!!
I try it and it work, and work good.


Red utug,
with love from Russia

Darky
Location: kvite veggar, grøne gardiner

7. november 2008 kl. 13:28
Det er lystig å sjå at det pågår ein rasande(!) festleg debatt om husbygging i Vik. Eg trudde det var slik at store deler av vestlandet var rasfarleg, ikkje berre Tenål og oppi hogget der. Er tidsperspektivet langt nok så kjem vel både seimshesten, gunnarseter og ovridsdammen til å rase ut, og vetle-øyri glir vel på fjorden om nokre tusen år. Det er pinadeg best me flyttar alle hus opp på kongshaug før det er for seint!

Borghild
Location: AttmedSøbbe

7. november 2008 kl. 15:26
Då blir det berre meg att så om slikt skjer er de velkomne på kaffi og sveler!

Keith
Location: usa

8. november 2008 kl. 16:10
This is a truely wonderful site!!! All the site specific pictures are great!! We were in Balestrand a couple of years ago and I wish we would have found your area to visit also, maybe "next" time. Thanks for taking all the time and putting so much the information into this site.

Strending
Location: Bergen

11. november 2008 kl. 14:52
Ser snjomælaren har vakna til live att. Eg vil berre seie at eg var fyrst om å tippe 270 cm som maks for komande sesong...

Pierre
Location: Nancy, France

11. november 2008 kl. 17:37


I tested last night the automatic slideshow mode of the new version of Highslide JS (4.0.8). "Caramba", it works pretty well with my different navigators (excepted little bugs with Internet Explorer 8 béta 2: not a surprise, this test version explodes a lot of pages if compatibility mode is not "on" !). The code is smart and easy to edit. God job!

"La java norvégienne" is a smooth dance !

Darky
Location: I kjedlaren

11. november 2008 kl. 22:32
Eg tippar 274 i år!

Ferekletten
Location: Høyanger

13. november 2008 kl. 12:45
Me nærmar oss "den søte Juletid", og i det høvet rauk eg atter ein gang ut for ein diskusjon med folk som ikkje snakkar/forstår "den rette dialekta".

Under diskusjonen kom det jo fram, at me i Vik omtalar romjula som Lof(f)rao.
Har nytta diverse søkemogelegheiter for å finne opphavet/tydinga av ordet, men finn det ikkje.

Har nokon forslag?

Are
Location: Språkteigen

13. november 2008 kl. 20:22
Her er vi truleg vitne til eit "språk" i oppløysing. Loffra(o) istaden for romjul, eller meir graverande nepe istaden for kålrabi. To døme som kvar på sin måte illustrerer degenerasjonen i sognespråket.
Løysinga med nepe er særleg graverande, då ein i sitt uvitande einfald har blanda kulturplanta kålrabi saman den gamle, nærast ubrukelege nepa (vert knapt nytta til dyrefor). Ein føyser vekk alle velmeinte innvendingar og held fram med denne infantile overforenklinga. Truleg det grovaste tilfellet ein kjenner til, tett fylgt av rogalandsbonden sine "jordeple"!
Når det gjeldt "loffra(o)" er det heile berre trist, og tankane går til den akselererande språkoppløysinga vi ser i Danmark:

Det er all grunn til å rope varsku!

Vevmeistaren
Location: Byn

14. november 2008 kl. 09:34
Are, sogningane viste tidleg målmedvit då dei tok tak i den danskepresten kalla "Kaalrabi" og sa "detta minner meir om ei nepa". At dette skjedde fleire hundre år før Norsk Språkråd vedtok at televisjon heller skulle heita fjernsyn, vitnar om eit usedvanleg oppegåande folkeslag som ikkje tek drit frå nokon. Det er ikkje å undrast over at både Sylfest'n og Einar Førde har sprunge ut or dette folket.

PS: Eg er i byn, er du klar for ein kaffidrope?

Ferekletten: lofra skal visst komma frå norrønt lappardagr, kva no det måtte bety. Det hugsar eg ikkje, men eg har sett det i ei ordbok så eg skal sjekka det når eg kjem heim. Ordet må i alle fall inn i ordsamlingi her på veven. Eit søk på "lappardag" på Google kom ikkje opp med noko vitigt, og Google lurde på om eg meinte "leppard".

Location: U.S.A.

22. november 2008 kl. 21:47
We visited Vik in 2003 and I appreciate the remembrances of the scenery. However, I miss the people of Vik and I would appreciate more of them in further updates to the web-site. My direct impression is that Norwegians are not as stoic, unemotional or as cold as many may have assumed. My daughter married a citizen of Vik and my two grandaughters are forever linked to Vik, Norway.

Borghild
Location: AttmedSøbbe

24. november 2008 kl. 12:09
Stoiske, kalde og ufølsomme? Det er me vel!
Comment: Eg kan ikkje snakka for andre, men eg prøver i alle fall so godt eg kan å vera det.

Darky
Location: Anten ha eg dobbelskjerm, eller so ser eg dobbelt! Hjelpe meg!

24. november 2008 kl. 15:38
Dette er noko som ligg i blodet, det kalde og stoiske blodet vårt.
Medan verdas daglige kaos rasar forbi i eit vanvittig tempo finn eg ofte at eg kjenner meg svært så stoisk, nesten på grensa til apatisk. Eit mellomstadie, som man kanskje kan kalle "teke ting med knusande ro". Men ikkje heilt på "gir nett faen"-stadiet. Det blir litt meir Aurland enn Vik.

Z
Location: under flagget

25. november 2008 kl. 16:34
Dette er gode eigenskapar! Viss ferdarfolk frå andre land har byrja å få eit anna syn på oss får me berre gå i oss sjølve og gjera noko med det. Viss me skal byrje å snakke utanlandsk og smile og le berre det kjem nokre travarar langvegs frå for å sjå på landet vårt tykkjer eg at det går for langt. Og kva kaos snakkar du om Darky? Eg har sett opptil fleire bilete frå andre land og der ser det fint ut. Folkøl og billig snus har dei visst og.

Strending1
Location: Bergen

27. november 2008 kl. 13:16
Honen pitle, detta var stilig snjomælar!
Comment: Takk so mykje. Powered by Vevmeistaren sjølv. Det er prototypen til det neste produktet mitt. Målgruppa er sjølvsagt snjomælarnettsider over heile verda (her bør kirketaket.com kjenna si besøkelsestid).

Darky
Location: Attme kvilestaden til Jernhesten.

27. november 2008 kl. 13:54
og det er ikkje måte på til informasjon ein kan få frå slike snjomælarar.
Statistikk viser at det sidan 2000 har vore 5 "gode" år, og 4 "dårlige".

Dei 4 "dårlige" har variert frå 105 til 165 i maksdjupn, medan dei 5 "gode" har spenn frå 259 til 340 i maksdjupn.

Dette viser heilt klart at når det først kjem over halvanna meter med snø, så kjem det i bøtter og lass. Eller, at vessene er oppe på fjellet og stjel snø til alpinanlegga sine. Metervis med snø.

Folk bør vere statistikken bevisst når dei no skal legge inn sine tips for årets snjomælarkonkurranse! Sidan det var eit brot i fjor, så skal det bli eit magert år på fjellet i år, med omlag 136 cm med snø på maks.

Fø da staor i statestikkjen so dao mao da vera sant...

arne sunde
Location: rosendal

29. november 2008 kl. 22:59
Som utflytt vikje er eg stadig innom Vikjaveven og gjesteboki. No ser eg eit spørsmål om kva
tyding lof(f)rau kan ha. Dette ordet må vera ganske lokalt og ikkje kjent mange stader. Eg fekk forklart eingong at det kjem frå (gamalnorsk?) laupardagar, dagar som ligg (går, renn) mellom jul og nyår. Finst det andre forklaringar?
Comment:

Laupardag høyrest ut som ei god forklaring. Nynorsk etymologisk ordbok set det i samanheng med løyvesdag, ein dag då ein har lov å arbeida:

Lopradag (dag som anses for hviledag el. halv helligdag, f. e. "andendag", Snm, loffredag Nfj, lappardag So, loffradagane dagene mellem jul og nytaar, Sfj So). Synes at maatte hænge sammen med gno. isl. leyfisdagr dag hvor arbeide er tillatt (se løyve), men de sterke forvanskninger er ikke let at forklare.


<< October 2008 -

November 2008

- December 2008 >>
2019 © Torstein Hønsi