Guestbook

Search the guestbook

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Siste 20 innlegg
<< March 2005 -

April 2005

- May 2005 >>

Feltskjorta
Location: Skapet

1. april 2005 kl. 00:01
Vil gjerne sende ei helsing til alle feltskjorter der ute! I morgon fer eg til fjells for å gjere nytte for meg. Alt ligg til rette for ein fin tur. Stølsheimen here I come!!!

Z
Location: back on duty

5. april 2005 kl. 09:24
Heisann hoppsann! Eg ser at karadn har vore til Dunevollen, men det er ein ting eg set store spørsmålsteikn ved... Utstyret!! På det eine bilete kan ein tydelig sjå ein mann i feltskjorte og ein i hettegensar (?), trass i dette er smilet på plass. Dette er som kjent total uakseptabelt i den norske fjellheimen! Kvar er gravalvoret? Og kvar er GTRXwoolsuperantisvett-plagga? Kom desse to tilbake frå turen, eller var dette det siste me såg til desse to karadn? (solbrillene såg ikkje ut til å ha nakkestropp, nasepolstring, automatisk solkremdyse, antidoggfunksjon eller noko anna av det ein kan forventa heller!!)

Stril?
Location: Nord på Sotra

6. april 2005 kl. 13:50
Ser at det er nokon karar som har hatt ein strålande tur til Dunevollen. Eg skulle gjerne ha vore med, men eg er nok ein slik forståsegpåar som berre pratar om andre sine turar...
I innlegget til "Z" so stiller han seg kritisk til utstyrsvalet karane har gjort til denne ekspedisjonen.
Ut i frå det eg kan sjå so er begge karane utstyrt med goretex av aller dyraste slaget. I tillegg so har dei teke med seg lune gode bomullsplagg til å ta på når dei sit i ro i solveggen. Eg reknar med at sopassa fjellvante karar har med seg ullundertøy, om veret skulle slå om? (Eg veit at ein av karane på bileta har lovprisa ullplagg tidlegare, då han gjekk seg vill og fekk ei kald natt ute i regn og blåst)

Eg trur desse karane har fylgt godt med på utstyrsdebatten på dette ypperlege forumet. Dei har det rette utstyret, og all grunn til å gleda seg.

God tur!

Rune Amundsen
Location: Norge

8. april 2005 kl. 11:07
Jeg kom egentlig bare hit fordi jeg søkte på navnet til my old buddy Atle-Patle på verdens-veven. Men når jeg først er her må jeg si at det er supre sider mann! Stao pao!

mannen
10. april 2005 kl. 21:22
Og når alle trudde at snjomælarkonkurransen nærma seg slutten slo vergudane til, og skapte ny spenning. Med den nedbøren som er no og minusgrader på fjellet vil nok mælaren snart stige over 253 cm.
Comment: Sant! Ein lærar på Flatbygdi skule tippa 254 cm og har følt seg sikker på seieren i nesten ein månad. Vil han klara seg? Føl med på snjomælaren framover!

Ron Halse
Location: New York

15. april 2005 kl. 20:58
Thank you. My family and I are visiting in June and enjoyed the picures. We can not wait to see your beautiful country in person.

Jarle Skjerven
Location: Hammerfest

15. april 2005 kl. 23:08
Hei!

Ser at våren er i ferd med å innta Vik. For meg som bur i Hammerfest, er det nok enno ein månad før eg kan leggja om til sommardekk.

Håpar vikjene får ein fin vår og forsommar, og at Finnmark følgjer opp litt seinare!

PS: Til alle Liverpool-fans frå Vik: Grattis med semifinale i CL!

Mvh Jarle S.

Torstein
Location: Vodl

16. april 2005 kl. 17:21
Eg trudde ingenting kunne overraska meg lenger, men jammen kom ein Prügelknabe frå fjordstroka bak Bergen og detroniserte den fjellvande læraren frå Flatbygdi. Stikk den nye snjomælar-kongen av med den endelege sigeren? Kan snjomælarkurva halda fram å peika oppover i det endelause? Heng med!

Vevmeistaren

Are
17. april 2005 kl. 14:47
Skulelærarar skal brukast til alt. Er du i stuss på t.d. eit viktig årstal eller eit eller anna obskurt paringsrituale frå dyreverda, er telefonnummeret til din tidlegare skulelærar alltid nyttig. Allikevel, når det gjeld å forutseie den eksakte snødjupna (per meter), strekk denne generelle basiskunnskapen ikkje til. Dette er no demonstrert via denne ypperlege konkurransen.

Tor
Location: Oslo

17. april 2005 kl. 22:22
Are; Med sneipen i munnen og hagla langs hofta trekte du av. Og traff. Det står respekt av slikt. Akkurat no er du i klasse med Chuck Norris.
Men ikkje kom dragande med noko vissvass om at dette var kald beregning basert på kunnskap og tungt hjernearbeid. Det tek berre glansen.
Sol deg, Are! Sol deg!

Torstein
Location: Søbbejordet

19. april 2005 kl. 09:05
Vil berre kunngjera at dei siste hendingane har sådd tvil om kor vidt denne elitistiske størst/best/djupast-fokuseringa er moralsk riktig i ein slik barnehage som dette. Eg har difor beslutta ei regelendring i snjomælar-tevlinga, slik at vinnaren no vert plukka ut på sokalla idealmål. I fylgje dette sosialdemokratisk korrekte prinsippet går sigeren til bror min, Jomar, som tippa 264 cm, nøyaktig det same som gjennomsnittet av alle forslaga. Noko som for øvrig følest heilt rett sidan eg har lånt (og teke opp) et utal plater hjå han opp gjennom åra.

Are
19. april 2005 kl. 16:04
No er du på tynn is, Torstein. Misforstå meg rett, men eg vil nødig sjå eldstebror din stammande, med nedslege blikk og med nervøs skraping med foten forklarande at, jau, han vann snjomælarkonkurransen, men rett nok på "idealdjupn".
Det bur mykje godt i deg, Torstein, men her er eg redd du gjer bror din ei bjørneteneste.

Tor
Location: Oslo

19. april 2005 kl. 17:47
Her er eg heilt einig med Are. Sjølv om argumentasjonen ikkje heng på greip, og han opererar med høgst vikarierande motiv, er konklusjonen grei.
Ein kan ikkje endre spelereglane etter at tevlinga er komen igang. Slik er det og ferdig med det.

Men for all del...du må gjerne kåre ein "idealvinnar" så mykje du vil for meg, men det vil berre vera ein fjotte-pris i mine auge. Vinnaren er og blir han kom nermast. Flaks eller dugleik - det spelar ingen rolle. Vinnar er han kosso.

Torstein
Location: Vodl

19. april 2005 kl. 17:57
Orsak, eg meinte ikkje at vinnaren skulle vera den som kom nærast gjennomsnittet av forslaga, men den som kom nærast standardavviket på 78 cm. Her ser det ut til at Tor kan stikka av med sigeren!

Darky
Location: by the sphire

19. april 2005 kl. 18:26
Tenkjer det er den som først når vevmeistarens korrupsjons-terskel som stikk av med sigeren...

Jomar Hønsi
Location: Aust for Elva

20. april 2005 kl. 03:02
Eg vil hermed streng imøtegå alle opphavsmenn til usaklege nepotistiske insinuasjonar. Inntil å går var eg overtydd om at eg hadde tippa 250 cm, og hadde gjeve opp sjølv om eg alltid og i alle samanhengar reknar meg som den moralske vinnar, uansett høgda på staven eller kvaliteten på konkurrentane.

Apropos: det lyt vera lov for einkvar konkurranseutlysar å koma med statistiske opplysningar om tevlinga, sjølv om det skulle involvera medlemmer av slekta. Kva ville bli sagt dersom vevmeisteran og underteikna vart observerte på Dampen snakkande med kvarandre? Minst like graverande som det var då Frank Rijkaard snakka med Anders Frisk i pausen på ein fotballkamp i det Katalonske kjerneland.

Vevmeistaren på www.honsi.org (ilter)

Z
Location: reaktoren

22. april 2005 kl. 06:53
Har høyrt rykter om at Tux har fått gjort eit nytt forsøk i tippekonkurransen. Eit sympati-forsøk som vevsmeistaren so fint kalla det. Som kjent bomma han stygt, med sine småfrekke 7 cm første gangen. 18. April la han inn eit nytt tips, denne gangen på heile 23 cm. Viss eg har skjønt reglane rett vart det nok skivebom denne gangen og!

Are (Eg er ikkje ty...)
24. april 2005 kl. 13:19
Er det berre meg, (har følt meg litt uvel i det siste), men kan ikkje Vik, reint visuelt (assosiasjon), minna vagt om ei skjøge på rygg med beina peikande i retning nord?
PS! Eg snakkar om oversiktsbiletet frå Storesvingen.

Ziggy
Location: nightshift

25. april 2005 kl. 00:55
Det er IKKJE gårteks i dessa gamasjane! Kun eit par leggar som la bak seg milavis på trått føre i skoddeheimen!

Tankane til Are om den vakre bygda vår vitnar om eit sjukt sjukt sinn.....

Torstein
25. april 2005 kl. 18:56
Til deg som har dumpa spylevæske i Sognefjorden: du må ikkje tru at ingen legg merke til det!

Gandatroddle
Location: Klyv

27. april 2005 kl. 02:41
Ja ja,,,,,,har vore ein periode å spikra palla.
Kan tru eg sakna strikkatrøyao.Kaldt va dar og.Fekk nesten naglasprettao.
E de ferdige med denna her snjomaolaren no?
Syrjele greie detta dar tykkje eg.
Faor ta meg ein tur pao stråndi å samla rek ved.

Hels na Lovisa
Comment: Dissar du snjomælaren?!?

Joan
Location: Oxford

28. april 2005 kl. 10:31
Sorry to write in English. Please - does anyone know what the strange white 'tent' type thing is in the foreground. It is looks to cover one whole field.
Thanks ever so.
From me and my sister, Helen. We absolutely adore the web site. The photos are just wonderful.
J

Darky
Location: In an englishspeaking environment

28. april 2005 kl. 15:14
I do believe that "tent-like" object in the foreground is a cover over a strawberry field, to protect the plants from birds and insects etc.

Any prizes for me winning this contest, mr. webmaster??
Comment: Quite close, however not accurate. The plastic covers a raspberry field so that the berries will ripen earlier. Raspberries are better paid in early summer.

Dag M Vagnby
Location: Grane Nordsjøen

29. april 2005 kl. 01:29
Hei Torstein.

En flott vev du har.
Husker du da vi jobbet sammen på WestDelta, og viste meg sidene dine..
Hilser fra Jose Sisniegas......
Du har en flott side som presenterer Vik på en flott måte.
Får en gammel Sognastudent til å lengte tilbake.
Tar med meg Mr Heen i sommer og kommer en tur med Kajakk.
Men jeg er IKKE imponert over fiskebildet ditt, er det virkelig ikke større Røye i Vik??

Dag M Vagnby
Comment: Det var ei stemme frå fortida! Våren 2001. Ta med ein kajakk til meg og så får me sjå om eg klarar å halda balansen på dei greiene der.

Joan
Location: Oxford

29. april 2005 kl. 10:36
Dear Torstein and Darky,
Thank you for writing back. I'm sure those raspberries will be delicious.
Torstein - the new photos are just splendid!
Best wishes,
Joan

Z
Location: noreg

30. april 2005 kl. 12:59
Innlegg i gjesteboka på eit uforståeleg språk er galskap. Kven fan er det som vil ha gjester frå utlandet?? Utanlandsk har ingenting her på sjølvaste vikjaveven å gjera! Viss ikkje folk kan norsk får dei halda seg vekke, og at vevmeistaren har begynt å lefla med denne horrible trenden er nærmast ein skandale! Snart kjem vel EU å regulerar heile jævla vikjaveven! Dei er sikkert ikkje arbeidsfolk heller! Kjem her for å skriva i gjesteboka berre fordi det er gratis! Snart tek dei over heile vikjaveven tenke eg, då kan de sitta der med EU-glosene dykkar. Verken fugl eller fisk igjen i heile nasjonen!!

Are
30. april 2005 kl. 14:25
Samtykkjer! Eg ventar på den dagen vevmeistaren tillet samnorsk! Då loggar eg meg av!

<< March 2005 -

April 2005

- May 2005 >>
2019 © Torstein Hønsi