Mykje skriveri om snømengden på fjellet, men lite folk å sjå der oppe. Då er verksemda på veven heller større. Lurer på korleis dette har seg? Er det det moderne friluftsmenneske som pratar? Skiboks på taket, det må ein jo ha! Eit perfekte symbolet på det moderne friluftsmennesket! Latterleg med eit par ski! Må ha skare-ski, kartongsnø-ski, pudder-ski, djupsnø-ski, grovkornasnø-ski, fjorårssnø-ski, nysnø-ski, storbakke-ski, brattbakke-ski, bakke som går mykje ned og så litt opp før ned-ski, og så bortetter-ski! Ikkje rart ein treng skiboks! Gjerne trekk på alle fire hjula slik at me kan få med oss snøskuteren. Kjellaren er også full av utstyr til ulike friluftsaktivitetar. Kleskapet renn snart over i flotte tekstilar som skal ivareta deg når du er ute å ferdast i den ville naturen.
Mange som lever på gamle bragder. Den gongen du sov i telt i hagen!Uhuuu! Vanskeleg å gløyme, spesielt då mjelkebilen køyrde så fort forbi at teltet nesten klappa i hop!
Røvi e tung og fingrane lange,
skjorta og skoa så altfor trange
skulle også ha kjøpt meg ei vantett brok
nei faen heller, eg blir heime og skriv i Torstein si gjestebok
Kom å ta meg! Om du finn meg, der eg knappe 10 cm over bakken leitar etter soveposen som passar meg og kuldegradene på Dunevollen.
|