Guestbook

Search the guestbook

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Siste 20 innlegg
<< May 2004 -

June 2004

- July 2004 >>

Cato
Location: Snart ute av Sverige

7. juni 2004 kl. 13:30
Da va dao voldsomt ti budlevêr da skulde bli no dao.

Eg reknar med at dei høge herrar har sytt føre at det blir godvêr dei kommande vekene. Med slike viktige evenemang og festivas i vente så må veret vere på topp!


Pål Løland
Location: Bergen

11. juni 2004 kl. 21:14
hei Vikafjell-folk.. Har vært på ski der oppe praktisk talt hver helg siden april - og en finere opplevelse har jeg knappt hatt.Har stort sett gått til varden på Grøndals-fj., men etterhvert som jeg spør \´kjentfolk\´ om hva denne toppen heter, får jeg så ymse svar Mener det er det høyeste pkt.i området. Kan noen gi noe(n) navn ? greit for en bergenser å vite hvor han har forvillet seg. Ser været flesker seg til nå, så det er vel bare komme seg i bilen imorgen og. Ha en fin sommer- godtfolk
Comment: Kva andre alternativ har du då? Eg har berre høyrt Grøndalsfjellet.

Pål Løland
Location: Bergen

13. juni 2004 kl. 22:41
nei,jeg har ikke noe alternativ - derfor jeg spør her ..men en kar fra Myrkdalen jeg traff der oppe ca 4 uker siden, og som virket som han stort sett brukte fritiden sin oppe der, fortalte gammel historie om noen sauer el. geit som døde der !?! Derav et navn som startet m S.. en sliten by-tulling klarte ikke memorere dette. Var som proklamert oppe nå lør+søn. Lør var der ikke ETT eneste menneske å se. Ingen spor. Artig. Idag, var der 2 til, søte damer m og uten shorts
Comment: To dalbotnar innunder Grøndalsfjellet heiter Store og Vetle Skadbotnen. Det var sikkert desse han sikta til, eller eit tilsvarande namn på fjellet. Namn på Skad- er veldig vanlege i fjelli her og kjem som regel av at husdyr har komme ut for eit uhell og gått til dei evige beitemarker.

Gunhild Brekke
Location: Kirkrnes

17. juni 2004 kl. 12:39
Hei Toborstebein!!!
Ikkje særleg overbevisande røvarspråk eigentleg men men.
Sit på jobb og det er rævva, og så såg eg på bileta dine av Vik og lengtar heim...
Forbanna at eg ikkje får kommt i bursdagsfeiring på laurdag, de får sikkert ein strålande dag!!!
Til lukke med utstillinga, eg snakka med han hin og forstod det var ein suksess!!! Gode greier.
ARRRGGHHHH!!!!! Plikten kaller!!! Faen.
Snakkas!!!!!!!!!!!!!!

Z
20. juni 2004 kl. 00:50
Heisann! Eg forlangar at bilete frå feiringa i natt blir lagt ut på desse sidene! Eller har de vortne gripne av kapitalismen og gitt Se & Hør eineretten? Uansett er vevsmeisteren vorten ein offentlig person no, og då har verdssamfunnet krav på å sjå kva som eigentlig foregår når han skal feira 30 års dag ilag med vetle spretten.
Comment: Vevmeistaren hadde aukande problem med autofokusen utover laurdagen, difor vert biletstoffet frå feiringi begrensa til nokre få bilete frå båtturen i Fidnafjorden.

Oddgeir
21. juni 2004 kl. 18:46
OK, Are!
Den går austover!
Bøyer meg i støvet.

ærbødigst,
Oddgeir
(detronisert geografikonge)

Captain SvarteCato
21. juni 2004 kl. 23:37
Gjennomsnittskurs SSØ = 157½°, for å vere pinleg nøyaktig.

Munninga på Stillehavskysten ligg ca. 27 sjømil aust for Atlanterhavsmunninga.

Man må med andre ord snu og seigle ca. 27 sjømil tilbake. Likevel kallar tullingane det ein snarveg! Pffsch!

Takke meg til Magellan-stredet!

Jomar Hønsi
Location: Oslo

22. juni 2004 kl. 16:15
Eg er etter denne ulukkelege hendinga overtydd om att Akerselva startar i Oslofjorden, renn oppover til Maridalsvatnet og at eg bur på Vestkanten. Må berre bøya meg i støvet. Lovar å aldri meir meina noko offentleg om geografiske spørsmål.

Z
24. juni 2004 kl. 09:54
Skjønar at det er mange so har litt problem med kanalkunnskapen her. Eg veit ikkje kva Panama er, men sist eg høyrde om denna berømte kanalen gjekk han frå Skien til Dalen i Tokke kommune. So vidt eg veit er dette i Telemark, og at folk greier å blanda inn Stillehavet her vitnar jo om total mangel på geografi kunnskap!

Linnert
28. juni 2004 kl. 10:09
Gratulerar med vellukka utstilling - mammen sa det var kjempegreier og det mammen seier, det er sant.

Oddgeir
28. juni 2004 kl. 21:21
Stopp ein halv her, vi er ikkje heilt ferdig med geografi-timen enno! To karar prøvde å innbille meg at Cornwall er eindel av Wales her forrige helg (jamfør diskusjon om mørkt øl attmed geitefloren has Lars i Finden). Eg skal ikkje nemne namn, men han som målbar slike totalt fråverande kunnskapar var tilfeldigvis frå Samnanger. Overdommaren, som støtta dette skoddepreiket, er ein utflytt Vikje, no busett i Oslo, og med fartstid frå England! Eg seier ikkje meir... Dette er heilt bort i staur og veggjer, dei som gidd sjekke, kan jo konstatere at dei grensar jo ikkje til kvarandre eingong (på land i alle fall). Ha! Det synest meg meir og meir klårt at tilfellet Panama var et reint lukketreff frå Quiz-snikkaren i Samnanger.

So!

Jomar Hønsi
Location: Oslo

28. juni 2004 kl. 22:40
Ein lyt vyrdsamt be innsendaren vera presis når han trekkjer generelle linjer mellom skoddepreik og utflytta vikjer busette i Oslo. Dette utsagnet er særs belastande for dei utflytta vikjene som faktisk IKKJE vasar rundt med skodde-dottar framom augene, folk som tvertimot betraktar verda med ørneblikk, som med usvikeleg teft og til eikvar tid kan greia ut om skilnaden på aust og vest, rett og vrangt, Wales og England.

<< May 2004 -

June 2004

- July 2004 >>
2019 © Torstein Hønsi