Guestbook

Search the guestbook

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Siste 20 innlegg
<< August 2002 -

September 2002

- October 2002 >>

Linda Vibeke Holstad
Location: 6893, Vik i Sogn

4. september 2002 kl. 13:27
Hei!

Eg ynskjer å bruka eit bilete av Vetle-Grungen i ein artikkel eg har skrive. Korleis ser du på dette? Er det greitt? Gje melding attende snarast.

Harald A. Lein
Location: Norge

14. september 2002 kl. 17:47
Hei !

Flotte sider !

Vedr. stadmamn i Vik; ved garden "Lein" i Skogn, Nord-Trøndelag, ligg også garden "Leine".

Vevmeistaren
Location: Norgje

25. september 2002 kl. 22:46
Vevmeistaren vil kommentera eit par tidlegare innlegg i gjesteboki. Svaret kjem noko seint, men det skuldast igjen problem med postgangen. Den fyrste postløparen kom for nær ei vossa og kom i klammeri med vessene, den andre måtte få heim sauene og ta opp poter før han kunne leggja i veg til by'n.

Helge Tenol-Tuxen skreiv:
"Hyggelig bilete frå middagen på hytta, det er ikkje mykje so manglar der. God mat,raudvin, stearinlys, flott utsikt og eg meinar å sjå eit lett raudbluss i andlete på den eine karen, kanskje kan de vere den sterke vårsola, men får vel eigentlig ein følelse av at det er noko meir. Det gnistrar jo!"

Svar: Her er det sannsynlegvis noko gale med skjerminnstillingane dine. Gå inn i Vindofsen og juster raudtonen ned slik at andletet til underskrivne held ein jamn, koparaktig fargetone.



Are Totland skreiv:
"Det verkar som lauparen skrytealbumet ditt har "slete seg" i yverkant. Slik det er no ser det rett og slett noko sjuskete ut! Vonar dette vert retta sporenstreks!?

Orsak!
Det visar seg at det er eg sjølv som tullar. Lauparen ligg greitt i sporet sitt heilt til eg byrjar "å rulla", då vasar det seg til og heile greia "sporar av". Dette får eg sjølvsagt ta på eiga kappe."

Svar:
wikipedia.com tek på det sterkaste avstand frå rulleknappar og anna nymotens fiksfakseri. Nettstaden forsvarer eit cyberklassisistisk websyn og tek til orde for å frysa utviklingi innanfor edb (elektronisk databehandling) på 1995-nivå. Ein vil med dette oppmoda alle vikjavev-lesarar til å begrensa utstyret sitt til klassisk mus, skjerm, tastatur og sånn here kasse på golvet.

<< August 2002 -

September 2002

- October 2002 >>
2019 © Torstein Hønsi