Ordsamling | Grammatikk | Målføreprøve | Lydskrift

Ordsamling

1188 ord frå Vik i Sogn

Føreord

asekaka, ei ["a:seka:ka]
Fyrr i tidi brukte dei mykje å steikja nokre småe kakor av deig dei hadde sett gang (gjær) i. Desse kakone kalla dei asekakor. Vart steikte anten på omnen eller på ei bakstehella (HS). Av nynorsk asa v 'brusa opp, gjæra'.
bauredl, ein ["beu:red*l] - normert baurel
Kallenamn laga til verbet baura 'bura seint og sinna ned mot jord, um stutar og kyr, når dei etter folketrui ser vardyvle (Sogn)'. Eit vardyvle var ei fylgjeånd, eit vette som fylgde eller gjekk fyre eit menneske (TH).
brotlé, eit ["brå:tlI:]
Når gamle folk tala um grindi (eller ledet) på gamle Hopperstad-kyrkjegarden, sa dei aldri kyrkjeporten eller kyrkjegrindi. Dei sa Brotlée. Døme: Eg møtt'an ne' mæ brotlée", eller "Dao eg kom neaot brotlée". Folk i 60-70 årsalderen brukar dette ordet endå um grindi på Hopperstadkyrkjegarden (og truleg kyrkjegarden på Hove), men aldri um grindi på nye-kyrkjegarden (HS). Dette er vel helst eit regelrett stadnamn, sjå forklaring der.
eitretrodl, eit ["aitretråd*l] - normert eitretroll
Det var gamal tru at ein laut eta oskegraut um oskedagen, vilde ein fria seg for eitretrodli. Med eitretrodl meinte dei truleg orm og kvefs og anna avåt som har giftig bit eller stikk (HS). Av nynorsk eiter 'svidande (giftig) væske frå dyr'.
feigdadraum, ein ["faigdadreu:m]
Draum som varslar um feigd, daude. Dei gamle trudde - og det er visst mange som trur det enno (1950) - at drøymde ein t.d. um ei opi grav, grønt gras, kvite blomar eller kvite klæde, skulde ein snart spyrja einkvan død. Ein slik draum kalla dei feigdadraum (HS).
feigdafugl, ein ["faigdafUgg*l]
Fugl som varslar død (AIS).
feigdaknapp, ein ["faigdaknapp]
Kvitkløver (HS). Jamfør trui ovafor. Dette namnet på kvitkløveren er ikkje oppskrive andre stader.
gaongegraut, ein ["gaongegreu:t] - normert gangegraut
Når einkvan var svært tidgjengd, for og rak i dørene støtt og stendig sa dei gamle at han (eller ho) turvte få gaongegraut = eit spitemål av graut (HS). Same ordet og talemåten er ogso oppført frå Masfjorden.
huldabrend, adj ["hUldabrende] - normert huldrebrend
Det hender stundom at kyr som er svarte med ei kvit sletta etter ryggen får det kvite skambrent av soli, slik at hudi flaknar av og det vert store sår. Dette kalla dei gamle huldabrent. Dei trudde fullt og fast at kyri hadde vore i haugen og vorte skambrend av huldrene. Dei hadde endåtil ei motråd mot sjukdomen: dei brende eld under kyrne um sumaren (HS).
kjyrkjebust, ei ["KYrKebust] - normert kyrkjebust
Når det draup undan kyrkjebusti joledag um morgonen skulde det verta godt kornår, sa dei gamle. Kva er so kyrkjebusti? Det tyder visst noko meir enn kyrkjeufsi. Stavkyrkja på Hopperstad er tekkt med spon, og denne sponen er tjørebrædd. Under ufsi heng det ørsmå joklar av storkna tjøra. Eg er komen til det at det er dette dei gamle kalla kyrkjebusti (HS). Bust kan tyda 'møne' i andre målføre.
laoakatt, ein ["lao:akatt] - normert låvekatt
Når einkvan kom inn på låven med same den som barde (treskte) var fri med siste laget (sjå ovanfyre) av loi, tok gjerne sistnemnde tusti um halsen på den som kom og klemde til. Det kalla dei å gjeva låvekatt (HS).
lona, ei ["lå:na]
Gamalt namnt på tjøra. Det var gamal skikk å ha tjøra på varmen jolaftan. Det kallar dei å lona varmen. Ei gamal segn (på vikjamål med gamal svip): "Da va ei jenta so hadde vorte ute fyr' ein huldakar, han gjekk pao husk te 'ne, forstaor'u, a ho vist' ikkje si arme rao kåleis 'o skulde verta fri 'åno. Jau, so ein kveld huldakaren va dar sa 'o da mæ 'åno, atte bjødlekjyri deira va vorti so undalæ, da va vist "elsk" um 'an kunde vita ei rao fyr' da? "Jau", sa 'an, "du ska bruka tybast å lona, da ha hjelpt både ku å kona". Jentao ho brukte raoi sjøll, ho, kan du vita, å dao vart huldakaren vekk. Men ein kveld ittepao høyrd'ho maol' ass: "Truare va eg mæ deg elde du va mæ meg, tvi vore deg!"" (HS). Denne segni var kjend i fleire bygder, og rimet lona/kona er bevart. Elles er det kun i Vik at dette ordet er sagt å ha vore i bruk generelt.
skarafydlingen, m ["ska:rafYdlinGen] - normert skarafyllingen
Bestefar min fortalde denne gamle segni. I tidi straks fyre svartedauden var folkesetnaden i landet so stor at ikkje alle kunde finna buplass og leveveg på flatbygdene. Då vart det mange som busette seg i utmarki og i lidene. Denne tidbolken kalla dei skardafyllingen (HS).
spottamerkje, eit ["spåttamerKe] - normert spottemerke
I gamle dagar hadde dei sjeldan merkjesgardar millom eigedomane sine. Og då kunde det henda at ein som var munasjuk og snak av seg slo um merket, slo meir enn han åtte. Når det høvde seg so hadde dei gamle til vis å slå spottamerkje åt slike, dei etla att ei liti rand langsetter merket som dei "gav" snakingen. Det vart halde for å vera ein stygg "forsmedelse" (HS).
trollkonesopedl, ein ["trållkå:neso:ped*l] - normert trollkonesopel
Tett vase av småe greiner - helst på leggen av ei bjørk (HS).
trollkonespya, ei ["trållkå:nespy:a]
Dei gamle trudde at trollkjerringane so å segja kunde konsentrera trollskapen i ei spya. Kom nokon yver ei slik spya som ei trollkjerring hadde lagt or seg, skulde spya brennast på ein eld som var uppgjord med ved av 9 ymse treslag (tresortar). Då tok ein makti av trollskapen samstundes som trollkjerringi laut koma og sjå på at spya hennar vart brend (HS).
umun, ein ["u:mU:n]
Lite atterslag, skadeleg verknad. Ein gamal mann fortalde meg denne stubben: Det var tvo hardhausar av det gode gamle slaget, som var komne i havsnaud. So sa den eine: "Me faor prøva be". "Å dæ æ kje noken nytte i da fyr' oss, tvila meg fyre", sa den andre". "Jau, me faor no prøva. Da kan ikkje gjera noken umun." (HS).
2000-2020 © Torstein Hønsi