Ordsamling | Grammatikk | Målføreprøve | Lydskrift

Ordsamling

1188 ord frå Vik i Sogn

Føreord

kaldbol, eit ["kaldbo:l]
Pøysa, vatssig, kaldvæta, i åker og eng (HS). Frostabol er kjent frå Eksingadalen om ein stad der grasroti er øydelagd av frost.
kaldesmed, ein ["kaldesmI:]
Ein som klakkar med smedarbeid og ikkje hitar (varmar) jarnet. Hædande namn på ein smed som er duglaus (HS).
kaldglya, ei ["kallgly:a]
Kaldt ver med eit tunt skylag. Vart ogso nytta som kalling. Ei kaldglya - ein tungleg, kaldtekkjeleg kar (HS). Ogso notert frå Valdres i fyrste tyding. Adjektivet kaldglyen 'gråkald' høyrer til.
kaldhiskje, adj ["kaldhISSje]
Kaldhiskje ver - gråkaldt ver eller kaldt regnver (HS). Sjå hiskjen.
kaldsig, eit ["kaldsI:g]
Vass-sig i åker eller veg (HS).
kaldun, eit - normert kalun, kallun
Når dei slakta (i gamledagar), flekte dei kyravembene (og smalavembene). Det som var innvendes i magesekken, kalla dei kaldun, det andre kalla dei sjao (skjå). Dette namnet vert ogso brukt som kalling. Eit kaldun er eit ureinsleg og kaldtekkjeleg menneskje. Døyr vekk (HS). Av latinsk opphav.
kallsask, ein - normert kalvsask
Rundt trebidne med eitt hald, brukt til å gje drikka i til kalvar (AIS). Jfr ask, bidne.
kallslæje, ein - normert kalvslægje
Etterburd (AIS).
kallsyra, ei
Mjølk som skal surna, mjølki må ha det varmt (AIS).
kambakaka, ei" ["kambaka:ka]
Sjå bøkja (HS).
kaoa, v ["kao:a] - normert kåva
Ta etter noko gong på gong og ikkje nå i det. Døme: "Katten kaoa mæ labben". "Ho heldt pao å kaoa mæ rivao". "Han sto å kaoa uti lukti" osv. (HS). Finst i same tyding i fleire målføre, og i islandsk káfa.
kaobresta, ei - normert kåbreste
Bresta kokt av geitemysa (HS). Fyrsteleddet kan vera kode f 'råmjølk'. Ordet kodravle 'dravle av råmjølk' er notert på Jæren.
kaohodn, eit ['kao:håd*n] - normert kåhorn
Eit illske og nyve kvinnfolk. Kalling (HS).
kaose, ein ["kao:se]
"Bøssing" i eit kjerrehjul (HS). I andre målføre heiter dette kause.
kaossa, ei ["kaossa] - normert kåsse
Eit tjukkfalle, feitt tungvint menneskje (HS). Sermerkt for Sogn i denne tydingi, men svenske målføre har kåss n 'seinført menneske, ureinsleg kvinnfolk'.
kast, eit [kast]
Kornband som dei bind saman på stauren når dei fører upp (HS).
kjaka, v ["Ka:ka]
Reida til, heta kring kjakane. Døme: "Du var vær' te' eg skulde ta å kjaka deg, ditt ugaongstre dar du staor!" (HS).
kjaksa, v ["Kakksa]
Gjera dårleg arbeid, slå ujamt og stygt, hogga eit hogg her og der hitt (HS). Vanleg i vestlandsmålføre. Hertil høyrer kjaks n.
kjaonkla, v ["Kaonkla] - normert kjankla
Gøy, skjenna, trettast (HS). Notert i Valdres og Sogn. Usikkert opphav.
kjaoster, eit ['Kaoster]
Ein som slit og strevar utan nokon verknad. Også nedsetjande om person som masar og tyt (AIS).
kjeftarhald, eit ["Keftarhald]
Sjå gospen (HS).
kjeftslita, ei ["kjeftslI:ta]
Ein som er fæl å bruka kjeften, ein som ikkje er god å målbinda (HS). Ei slita (merk open i) var i sognamålet ein 'seig, trottig arbeidskar; mager, men seig skapning (mann, hest)'. Norrønt slita f.
kjeigla, ei ["Kaigla] - normert kjegle
Eit vrangt og tvert menneskje (HS).
kjeika, ei ["Kai:ka]
Aasen: "Vridning, Stivhed i Legemet af langvarig Bøining" (AIS).
kjeivleg, adj ["Kaivle]
Ross: "Keiveleg" eller "vreden, tvær, forkeert, fortrædelig" (AIS).
kjeringahelda, ei ["Ke:ringahelda]
Når ein gjørder ei byrd (helst høybyrd) slik at ein får helda fram på nakken når ein tek byrdi på seg, segjer dei at ein får kjeringahelda (HS).
kjeringaskjyle, eit? ["Ke:ringaSjY:le]
Gjera kjeringaskjyle = halda handi yver augo mot soli, laga "solhylla" (HS). Skyle n 'skjul, vern; brot, skygge på luve'. Norrønt skyli.
kjevje, adj n ["Kevje]
Trongt, knugande. Døme: "Eg laut kasta trøyao, da vart for kjevje mæ so mykje klæ naor eg skulde te å arbeida" (HS). Notert i Hordaland om emmen mat. Eigentleg 'kjøvande'.
kjinne, ein ["KInne] - normert kinne
Tett, lang og beinvaksen skog. Ein aorekjinne, ein bjørkekjinne osb. (HS). Berre notert i Vik.
kjipprykkjast, v ["KIpprYKKast] - normert kipprykkjast
Takast, kramsast, prøva krefter. Sjeldhøyrt (HS).
kjiren, adj - normert kiren
Når ulli var uvanleg fin og småkrulla, sa dei gamle at ho var kjiri. Slikt slag sa dei kyrne var kjirne i håri, når håri var fine og mjuke og småkrulla (HS). Notert berre i Vik.
kjydlaok, eit ["Kyddlao:k] - normert kyrlag
Eit tal på seks stykke, ein halv tylft; mest um småfe; seks sauer (som vert rekna jamgodt med ei ku) (i formi "kydlaok" Vik i So); (skjemt.) um folk, serleg um born (So, Nhl). Norrønt kýrlag, 'det som er jamgodt eller jamverdt med ei ku'.
kjylja, v ["KYlja] - normert kylja
Kjøla, kjennast kaldt ["Kylja - 'KY:le - "kUlde - ha: kUlt] (HR).
kjyngja, v ["kynja] - normert kyngja
Svelgja seint og med møde (AIS). Ogso i andre målføre. Islandsk kingja, sluka, svelgja.
kjyrkjebust, ei ["KYrKebust] - normert kyrkjebust
Når det draup undan kyrkjebusti joledag um morgonen skulde det verta godt kornår, sa dei gamle. Kva er so kyrkjebusti? Det tyder visst noko meir enn kyrkjeufsi. Stavkyrkja på Hopperstad er tekkt med spon, og denne sponen er tjørebrædd. Under ufsi heng det ørsmå joklar av storkna tjøra. Eg er komen til det at det er dette dei gamle kalla kyrkjebusti (HS). Bust kan tyda 'møne' i andre målføre.
kjyrta, v ["KYrta] - normert kyrta
Roa, dempa. "Eg prøvde kjyrta pao'an". Sjeldhøyrt (HS). Ikkje notert andre stader. Må vera ei omdanning av kyrra, notert i same tyding i Sogn og Hordaland. Norrønt kyrra til adjektivet kyrr 'roleg', jamfør tilnamnet til Olav Kyrre.
kjyrva, ei ["KYrva] - normert kyrve
Kjerve, det å vera stiv i segane av di ein hev forrøynt seg eller hev site for lenge i same stode (i formi "kyrva" Vik i So). "Bøta kyrva", valda at ein vert stiv i foten, med å bøta sokken på foten (HR).
kjyrven, adj ["KYrven]
Ross: "kjerven - stiv og usmidig, tildels tung og stiv av mange Klæder" (AIS).
kjysta, v ["KYsta]
Jaga på nokon, t.d. sauer (AIS).
kjyta, v ["Ky:ta] - normert kyta
Lova trugande, truga med (Vik, Luster, Aurland i So, Ma, NGbr). "Kyta stemning, dengjing, illt" (Sogn) (HR).
kjærva, ei ["Kerva]
Knippe, bunt av t.d. lauvkvistar til for (AIS).
kjæse, ein ["Ke:se]
Magesekk som ein nytta til osteløype (AIS). Fleire målføre. Lånt frå latin cáseus 'ost', jamfør engelsk cheese 'ost'.
kjøl-lenda, adj ["Kø:lenda]
Når ein øyk har kvast og "avskytande" kryss, segjer dei at han er kjøl-lenda (HS).
kjøyna, ei ["kjåi:na] - normert køyne
Kvise. Fleire målføre (TH).
klagarspott, ein ["kla:garspått]
Ein som er leid å klaga til foreldri (eller andre) når hine ungane har vore etter han. Kalling (HS).
klam, ein
Møde, strev (HR). Notert berre i Vik.
klama, v ["kla:ma]
Mødast, ljota hjelpa seg med liti råd, vøla noko som lite er umvøla verd (HS). Notert berre i Vik, Aurland og Sogndal (HR).
klaotra, ei ["klaottra] - normert klåtre
Stor vorta (HS). Ogso nedskrive i Valdres, Sunnfjord og Nordhordland.
klauafeitt, eit
Feitt som dei koka utor smalaføtene og som dei m.a. bruka til rokkesmurning (HS).
klauvhelte, ein ["kleu:helte]
Sjukdom i klauvene so beisti haltar av det (HS).
klauvtrakk, ["kleu:trakk]
Skit som kyrne eller andre klauvdyr trakkar upp millom klauvene sine (HS).
kleisen, adj ["klai:s*n]
Ugrei (i tale). Hann e klaisen - han snakkar ugreitt (AIS).
kleneleggen, m b ["klI:nelaiGGen] - normert kleineleggen
Smal-leggen" (HS). Adjektivet klein vart i Indre Sogn uttala [klI:n].
kljuga, v ["kl(j)u:ga]
Kliva (HS). Bøying ["kl(j)uga - 'kly:ge - kleu:g - ha: "klå:g(j)e]. Dette verbet er berre notert i Vik og Fresvik. Nyare ogso klyga i samsvar med lydutviklingi ju>y. Av norrønt kljúfa.
klutasnepe, ein
Snipp av ein klut. Sjåsnepe (HS).
kløna, v
Kløna seg. Kliva i tre eller fjell og bratt ulende, og lite få fot-feste (HS).
knaosa, v ["knao:sa] - normert knåsa
Gjeva ein sers veik skråvande ljod, som når ein tred på turr mose, um lag d.s.s. tysja, tusa, òg gnurka, sangra (HR).
knelta, ei
Koma i knelta = koma i beit, verta ille ute (HS). Vanleg på Vestlandet.
knipleband, eit
Band nytta til å festa troene til staurane på ei troehes (AIS).
knitla, v ["knItla]
Knatla, knatta (Vik i So) (HR).
knitt, n ["knItt]
Kne. Fleirtal knitti, jamfør hermet "ilt i knitti". Sogn, Voss og Nordhordland (TH).
knodl, ein ['knåd*l] - normert knoll
Rund fjellknaus, låg og rund fjelltopp (HS).
knolt, ein [knålt]
Stein som ligg oppi dagen (AIS).
knurv, ein [knUrv]
Ein som har stogga for tidleg i voksteren og todna til soleis. "Liten å knurven" segjer dei (HS). Ogso i andre målføre.
knurven, adj
Sjå knurv (HS).
kodde, ein ["kådde]
Stor pute (AIS).
kodl, ein ['kådd*l] - normert koll
Mjelkekådl, mysekådl, vætekådl. 1) Bidne som ein bar på ryggen. 2) Kan og tyda topp på forskjellige ting, t.d. smør. Spretta kådl - vil seia at ein sette eit merke i toppen på smøret, det måtte unge jenter gjera elles vart dei ikkje gifte (AIS).
kodnmæle, eit ["kåd*nme:le] - normert kornmæle
Aasen: "Maalekar for Korn", 16-17 kg (AIS).
kolikk, ein?
Hestesjukdom, utførselsgangane tetnar til. Også torrbola f (HS).
kosa, v
Gissa. Dette ordet er mykje nytta endå, og segjer på lag det same som "bedømma", "anslå" osb. "Eg skal kosa pao atte sauen æ 25 kjilo". "Eg ha kosa pao 5 dagsarbeid" osb (HS). Dette ser ut til å vera ei sermerkt tyding i Vik, gjerne påverka av kjosa 'velja, kåra, røysta på, koma med framlegg om'.
kova, ei ["ko:va]
Eit tunt lag som har turka til, t.d. av sveitte og skit. "Da la seg kova pao svaittaplaiggje" segjer dei når ein kløvhest har sveitta mykje og sveitte og skit har lagt seg under baossa eller sveitteplagg. Når ein slær i steikjande solskin, vil det gjerne leggja seg eit tunt lag (av høy, gov og sevja) på ljåen. Da segjer me gjerne at det legg seg kova på ljåen (HS). Kova kunne og vera kvade eller harpiks i sognamålet, og tydingi til Hermund Skjørvo er vel ei jamføring til det. Frå norrønt kváði.
kovraokker, ein ["kovraokker] - normert kovråker
Liten åker som tenarane eller borni hadde avlingi av - attåt løni (HS). Ross forklarer det som ein 'åker som ein kårmann eig og soleis ikkje hev i føderåd'. Berre frå Vik. Fyrsteleddet er kovra 'vinna, tena', kovra seg 'tena seg noko, koma til velmakt'. Lånord frå latin over fransk.
kovver, ein
Same som kovraokker.
kragafeita, ei
Eit feittlag på halsen hjå smalen (HS).
krak, eit [kra:k]
Koma i krak - koma ut av jamvekt, missa fotfestet, koma i ugreida. "Da kom i krak fy'an" segjer dei gjerne når einkvan skal fortelja noko og ikkje fær greidt fram det han vil fortelja (HS). Dette er vel helst i overført tyding og kan hengja saman med kreka 'kjrupa, kravla, slepa seg fram'.
krakereigla, ei ["kra:kerai:ggla]
Ei urimeleg lang soga med lite samanheng i, og gjerne noko utruleg (HS).
krakleveg, ein
Ujamn, småsteinutveg, tett med svingar og småe motetak (HS). Av krakla 'kravla seg fram, arbeida seg fram med møde, kraka'.
kraokao, f b ["krao:kao] - normert kråka
"Strålen" (i ein hestehov) (HS).
kraola, v ["krao:la] - normert kråla
Kravla, bukta seg, vri seg. "Dar laog ein aongelsmakk å kraolte". Vert mykje brukt i samanhengen aola og kraola. "Da aolte og kraolte adle stad'ne" (HS). Vanleg i nynorsk.
kratlen, adj
Kratleskog, småskog, "forkrøbla" skog (HS).
kratleskog, ein
Sjå kratle (HS).
kratleveg, ein
Ujamn, småsteinut veg (HS).
krèdlen, adj ["kreddl*n] - normert krellen
Reinsleg, fin på det, vansamt på maten (HS). Ogso notert i andre målføre.
krua, v ["kru:a]
Svulma opp, t.d. om is (AIS). Andre stader ogso kry, krya. Islandsk krúa.
krøyle, adj n ["kråi:le]
Trongt og ilt å hjelpa seg. Ordet vart nytta um t.d. ei grend når husi stod tett innpå eit anna, eller um ein slåtteteig med mykje og stor stein og skog. "Da æ so krøyle", sa dei. Ordet var mykje brukt fyrr; men no er det mest vekkgløymt (HS). Kjent frå Vik, Voss og Modalen.
kul, eit [kU:l]
Dei gamle tala um eit vindkul. Når einkvan har drukke seg full, segjer dei: "Han ha eit godt kul". Vert og nytta um eit sinne- eller lunerid (HS). Merk uttalen med open u. Brukt over heile Vestlandet, men vanlegvis som hokjønnsord. Berre Sogn og Sunnfjord har halde på inkjekjønnsformi som i norrønt kul n 'gust, veik vind'.
kulpastein, ein ["kUlpastai:n]
Liten, rund stein (AIS).
kuren, adj
Ikkje frisk, lite fart i ein, vil helst sitja (AIS). Vestlandet og fleire.
kusa, ei ["ku:sa]
Klase av blomar o.l.; liten krull av tre (Vik, Lærdal o.fl. i So) (HR).
kut, ein
Når eit ungdyr (helst smågris) har fått vantrivnad og sluttar å veksa, segjer dei at det har fått kut på seg (HS).
kvaoe, ein ["kvao:e] - normert kvåde
Kvade, harpiks (HR).
kvednaraos, ei ["kvednarao:s] - normert kvernarrås
Rås, renne som er mura eller gravi frå kverndammen og til sloket ("kvednaraos" Aurland, Vik i So) (HR).
kveldbisk, ein ["kvellbIsk]
Kveldsmåltid (AIS). Sjå bisk.
kveldsøva, ei ["kvelsø:va]
Kveldsvæve; løvetann (Vik, Underdal i So) (HR).
kveredl, ein ["kvI:red*l]
Kvirvel, hårkvirvel (AIS).
kvigjor, ei - normert kvidgjord
Aasen: "Buggjord i en Hestesæle" (AIS). Islandsk kviðgjörð, same tyding. Kvid er eit gamalt ord for buk.
kvirlasaor, eit ["kvIrlasao:r]
Djupt, rundt sår (helst eit som har svolle) (HS). Må komma av kvervel.
2000-2020 © Torstein Hønsi