Ordsamling | Grammatikk | Målføreprøve | Lydskrift

Ordsamling

1188 ord frå Vik i Sogn

Føreord

gagl, ein ['gag*l]
Flokk. Ein rjupegagl t.d. (HS). Dette ordet er nedskrive berre i Vik og i Fjærland. Ei 'gagl' er på nynorsk og norrønt ei villgås, og truleg er vårt ord ei samantrekkjing av eit eldre ord for 'ein flokk med villgjæser', t.d. ein 'gaglflokk'.
gagla, v ["gagla]
Gagla seg ihop = flokka seg. Mykje brukt (HS). Danna til ordet ovafor.
gandunge, ein ["gandonGe]
Sureple, eple av ein vill apal (HS). Denne tydingi, samt tydingi 'trollsleg, lei unge' er notert berre i Sogn.
gandur, ei ["gandU:r]
Tettpakka ur av småstein, forhekst ur (HS).
gaongegraut, ein ["gaongegreu:t] - normert gangegraut
Når einkvan var svært tidgjengd, for og rak i dørene støtt og stendig sa dei gamle at han (eller ho) turvte få gaongegraut = eit spitemål av graut (HS). Same ordet og talemåten er ogso oppført frå Masfjorden.
gaongevit, eit ["gaongevI:t]
Døme: "Han ha gått gaongevit" = han fører seg godt millom folk, han har vit å føra seg slik at han ikkje vert til låtteløgje (HS). Berre notert i vik.
gardverja, ei ["ga:rverja]
Tre som er planta attmed ein gard (eit gjerde) (HS). I denne tydingi er ordet notert berre i Vik. Det er mogeleg at det opphavleg har tydd 'gardvord, gardnisse, tuftekall' slik som det framleis gjer i Valdres, og sidan har fått vår meir trivielle tyding.
gardvånd, eit ["ga:rvånd]
Tilfang som ein laga gjerde av, gjerne åre eller sprake. Merk og våndateine (åleteine) og våndaripe (AIS). Sogn og nordover. Av vånd 'liti stong, grann kjepp, tein', norrønt vond.
gasna, v ["gasna]
Glana og strekkja hoka fram. "Han flyg å gasna"; "stao å gasna"; "ka æ da du gasna itte?". Berre frå Vik (HR).
gaupn, ei ['geupp*n]
Dette ordet har eg aldri høyrt anna i samanhengen: "Han gaupa pao" og "dørgaupni". Her skulde det helst tyda: Det som døri grip, femner. Eller kanskje rett og slett døropningi (HS). Ei gaupn er i andre målføre ei 'handflate med halvt innkrøkte fingrar, ein handfull', soleis og i norrønt. Bygdenamnet Gaupne ["gåpp*n] kjem av det.
gjei, eit [jai:] - normert gei
Huglag, lune. "Han va i slikt fljugande jäij", han var so uppglødd, uppegst (Voss); "han kom i slikt gei" (Voss, Vik i So) (HR).
gjeipla, v ["jaippla] - normert geipla
Gjera geipor, grimaser (HS). Rekkja tunge.
gjeita, ei ["jai:ta] - normert geite
Det lyse treet som ligg nærast borken på nåletrei (AIS). Heller vanleg elles i landet.
gjeivl, ein ['jaivv*l] - normert geivl
Hard luftstraum, lufttrykk. Døme: "Da va slike jeivl ao skriao atte da reiste mæ husi. Dei segjer elles at det er geivl av ølet når det går (er kome i gjæring) (HS).
gjelv, ein [jelv]
Luftstraum, snoe. "Ein kalde gjelv frao døri, framaføre skreeao, ette dal'n" (HR).
gjera goe navra,
Gjera lite og inkje (AIS).
gjeraforlaus, adj
Vera gjeraforlause = ikkje ha noko å ta seg til med, daudhengjast, vera radt arbeidslaus (HS).Ordet er notert i Sogn og Sunnfjord. Fyrsteleddet er gjerefar n 'arbeid, teneste', ogso nedskrive elles i Sogn og Sunnfjord.
gjerknip, ein
Eit ambod som vert brukt når ein gjørdereit bidne med tregjord (HS).
gjerslemun, ein ["jerslemU:n]
Tilvekst, utvikling, det som eit ungdyr kan "gjera seg", koma seg til dess det er fullvakse (HS). Ordet er elles notert i Hemsedal.
gjil, ein [ji:l] - normert gil
Øl som står i gjæring, jamfør Jilsao (AIS). Merk uttalen med trong i som i pil.
gjina, v ["ji:na] - normert gina
Gapa etter agn. Ølmheim har tydingi glo på (AIS).
gjira, ei ["jI:ra] - normert gira
Uroleg trå eller hækne; ihuga, brennhug; òg uro, øsing. "Han hadde slik gira pao seg"; "ho kom i slik gira" (HR).
gjisa, v ["ji:sa] - normert gisa
Flina, le stillt og hædande (HS).
gjygna, v ["jYgna] - normert gygna
Nidstira, tøygja seg og stira sers forvite (HS). I andre målføre heiter det helst 'gyna'.
gjyngja, v ["gynGa] - normert gyngja
Strekkja hals framyver og stira (Vik i So). "Han sto å gyngde so äen hane" (HR).
gjyringamun, ein ["jY:ringamU:n] - normert gyrdingamun
Når ein laggar lagar ein det gjerne so at bidnet vert noko vidare i den eine enden enn i den andre, slik at gjordi vert trangare til lenger ho kjem innpå. Det kallar dei gjyringamun (HS).
gjytta, ei ["jYtta] - normert gytte
Aasen: gjøtt- "Huulning, Hule" (AIS). Brukt om tronge stader i terrenget.
gjøyster, ein ['jåister] - normert gøyster
Blåster eller framfusing i åtferd og framføring (Vik o.fl. i So). "Han kom mæ slik´e gøyster"; "d'æ slik´e gøyster or han" (HR).
glaomøygd, adj ["glao:måigde] - normert glåmøygd
Vera glåmøygd, stira skremd og forviten samstundes (HS). Nedskrive i Sogn og Gudbrandsdalen. Uttrykket er nok gamalt, for islandsk har glámeygður 'glasøygd' (á uttalast ao).
glett, ein [glett]
Einskild veik ljod (Vik i So). "Aen glett (tao bjødlo)" (HR).
glòn, ei [glå:n]
Menneske som glor eller glanar ("glån" Vik i So), (HR). Til glana (eit norrønt *glon).
glòpur, ei ["glå:pU:r]
Ur med store hol millom steinane. Fleire målføre. I Sogn blei det og brukt skjemtande om ein slukhals, gløyp (TH, HR).
glott, ein [glått]
Stå på glott, stå og kika gjenom eit op (Vik i So), (HR). Jamfør fær. glottur 'op millom skyene'.
glupsa, v ["glUpsa] - normert glupsa, glufsa
Glupsa utor seg - forsnakka seg, segja noko som skulde vore usagt (HS). Denne tydingi er ogso kjent frå Vest-Agder.
glysja, ei ["glYSja]
Liti riva, sprekka, t.d. millom tvo plankar i ein vegg (HS). Hans Ross har ført opp dette ordet i Vik og Aurland i tydingi 'glytt millom skyene, klår flekk'. Avleidd av norrønt glys n 'glim, pynt, stas'.
gløsoks, ei ["glø:såks]
Tomt aks (Vik i So); mest nytta i fleirtal ("gløsekse(r)") (HR).
gnadd, ein [gnadd]
Tett samanpakka småstein, svært små stein som sit støtt i jordi (HS). Nett denne tydingi er berre notert i Vik, men ordet tyder elles i alle målføre noko hardt. Til dømes ein bergnabb, ein stubbe, ein hard kar eller frosi jord. Uttrykket 'gnaddande hard' er og vorte brukt. "Raud-auren og gnadd-i-gnadd".
gniten, adj ["gnI:t*n]
Gjerrig, nøgjereknande i pengesaker (HS). I ordbøkene er ordet berre oppført frå Sogn og Hordaland. Når bergensarane i dag brukar dette ordet er det vel ei arv frå innflytta strilar.
gode, ein ["go:e]
Det beste, den beste luten; òg um eignaluter. "Noke tao hans goo`a" (dat?) (Vik i So) (HR). Norrønt góði 'gode ting, lunnende, godvilje, venskap'.
godlaoten, adj ["go:lao:t*n]
Umgjengeleg, "elskverdig". Kan ogso tyda å vera ein godfjott (HS). Elles nedskrive på Austlandet. Av norrønt góðlátr.
godliv, eit ["go:li:v]
Eit godmenne, eit menneske som ein kan "gjera både synd og sælabot på" som ein segjer her (HS). Berre notert her.
gòna, ei [gå:na]
Strid vindflage; ogso regnbye. "No kjemme da ei gåna pao Liabakkjen". Vestlandet (TH).
gospa, v ["gåspa]
Snakka gape og framfust. Sjå gospen (HS). Elles på Sørvestlandet heitte det 'gaspa'. Formi gospa er notert på Voss. Islandsk gaspra 'skvaldra'.
gospen, adj ["gåspen]
Framfus, open, gapen. "Han gospa utor seg både likt å ulikt", segjer dei um ein som ikkje har kjeftarhald, ein som ikkje tegjer med noko slag (HS).
gota, ei ["gå:ta]
Lang og bratt bakke i ein veg. Hatlekolgotao o.s.b. (Namn som er i bruk her i bygdi) (HS). Vanleg i fleire målføre. Av dette kjem ogso gardsnamnet Goteviki.
grannaveitla, ei ["grannavaitla] - normert granneveitsle
Gjestebod åt grannefolki, helst i joli og andre høgtider (HS). Nynorsk 'veitsle' kjem av norrønt veizla 'yting, hjelp, gjestebod'.
Graoahuse, n b ["grao:ahu:se] - normert Gråahuset
Fengselet i Vik, som tidlegare var grått på let (HS).
Graoamerri, f b ["grao:amerri]
Skjemtenamn på fengselet. Rida Graoamerri = koma "på huset", verta sett i fengsel (HS).
graokodla, ei ["grao:kådla] - normert gråkolle
Lus. Skjemtenamn (HS). Ordet har i andre målføre - ogso i Sogn og Fjordane - vore brukt om ei plante, visstnok myrull eller myrfivel.
grapsa, v ["grapsa]
Grapsa til seg - riva til seg, umsynslaust, riva til seg med båe nevar, vera um seg på alle kantar, riva og slita til seg (HS). Kjent frå heilte Sør-Vestlandet. Frå nedertysk 'grapsen' i same tyding.
grapsen, adj ["graps*n]
Flink å bruka nevane. Døme: "Han æ grapsen te slaost" (HS).
grebben, adj ["grebben]
Stygg i andletet (AIS).
greipa, v ["grai:pa]
Gripa etter (AIS).
greiva, v ["grai:va]
Ha mykje um hende, ha mykje å grisla med. Kan ogso tydast tilgjerdsla, at ein vil vera meir til mann enn ein er. Døme: "Han faor noke te' greiva med han so æ åleina badn å so rike so dei æ. "Han fór å greiva med so mykje papen, han tyktest visst væ noke" (HS). Berre notert her.
grene, eit ["gre:ne]
Rovdyrbøle, hi. Røvagrène (Revgrène) - revehi, rev med ungebøle. Dette ordet vert ogso brukt i ei onnor meining. "Da æ eit fæle grène" segjer dei um ein huslyd (eller ei grend) som syndast og held jualevnad (HS). I andre målføre helst i formi 'gren'. Det har vore føreslege at gardsnamnet Grønsberg kjem av dette.
grepja, ei ["grepja]
Gyrma, røra, blaut "masse". Døme: "Dei rotna so sturtande fælt potetna da aore, me va' kje komne te jul før binjen va i ei grepja" (HS). Elles nedskrive i Masfjorden og Aurland.
gretla, v ["gretla]
Gretla i seg. Eta mykje og stygt (HS). Ordet er ikkje notert utafor Sogn, anna enn varianten 'gresle' i Valdres.
gridlete, adj ["grIdlIte]
Småflekkut, myrjut. Dei segjer t.d. at ein sau er "gridlete um hove" når han har tett-i-tett med småe svarte eller brune flekkjer i andlitet (HS). Berre notert her.
grim, eit [gri:m]
Fin nedburd av snø eller regn, med veik vind (jamfør snøgrim, regngrim) (Vik i So, Vo) (HR). Til grime. Jamfør shetlandsk grima 'tunt snølag'.
gris, ein
Kornband.
grisesnjedle, ein
Sjå snjedle (HS).
grjona, v ["gr(j)o:na]
Gje kyrne grjon (mjøl).
grjotla, v ["grjotla]
Sjå gretla (HR).
groande, adv ["gro:ande]
Groande driten. Fælt driten (so driten at det kunde gro og veksa i det?) (HS).
groe, ein? ["gro:e]
Groe fyr navlen. Når ungane skreik og bar seg, sa ofte dei gamle: "Da staor kje pao, dæ groe fy navlen" - navlestrengen hadde grodd til (HS).
grov, adj
1) Snild, hjelpsam. "Han va so forgrove" minnest eg ei gamal kona sa um ein som hadde vore snild mot henne. 2) Grom, grus, gjæv. Døme: "Da va slike grove folk". "Da skulde no væ so grovt da, mao'eta". Sjeldhøyrt (HS). Dette er ei merkjeleg tyding, vanlegvis tyder 'grov' det stikk motsette, nemleg 'ufin, ubljug, skamlaus, uhøvisk'. Kanskje ei eldre samanblanding med 'grom'?"
gru, adj [gru:e]
Aasen: "Gruv - ludende, nedbøiet, fremadbøiet". Han e grue (AIS). Sjå ogso gruherte.
gruflete, adj ["grUfflIte]
Ujamn yta med grèper og småe hol. Gruflete mark, eit gruflete sva osv (HS). Berre notert her i denne tydingi.
gruhentle, adv [gru:'hentle]
Forsterkande adverb. "Gruhentle bratt og fælt" (TH).
gruherte, adj ["gru:herte] - normert gruvherdt
Døme: "Han æ so gruhèrte" = går frambøygd, lutar i herdane (HS). I Hardanger har dei 'gruvaksla' i same tyding. Fyrsteleddet er gruv adj 'lutande, som er bøygd ned eller framyver'. Jamfør norrønt grúfa 'luta, bøya seg framover'.
grymja, ei ["grYmja]
Samanrørd myrje, røre, serleg av snø og grus (Vik, Fjærland o.fl. i So) (HR). Jamfør shet. grum, hop av småe ting; grums, uklårleik, myrker; sv. målf. grum, innmat i fisk, botnfall, dsk. grums, gyrme.
grysja, v ["grYSSja]
Grysja i seg - eta mykje frukt. Når beisti et mykje råe potetor eller næpa eller rått gras, segjer ein at dei grysjar seg (HS). Ogso nedskrive i Hordaland i same tyding.
grytehund, ein
I ei rettsak på Hopperstad på 1600-talet blir ein mann stemna for å ha sagt til naboen at "du est een Grydehund". Det må ha vore svært nedsetjande, truleg ein hund som går og sleikjer gryter (TH).
grøhold, eit
Han ha eit godt grøhold = lettgrodd, såri gror snøgt til att. Slikt slag talar dei um alt grøhold (HS). Formi 'grohold' er vanlegare elles i landet. Hold tyder 'kjøt'.
grøypa, v ["gråi:pa]
Grovkarda ull, blanda svart og kvit ull (AIS).
gugga, v ["gUgga]
Dette ordet er mykje brukt her. Same tyding som hjå Ivar Aasen (HS), dvs. 'taka uppatt ordi sine so det verkar trøyttande; ikkje få ordi vel fram; tyggja på ordi'.
2000-2020 © Torstein Hønsi