Ordsamling
1188 ord frå Vik i Sogn
Føreord
Samlingi byggjer på Hermund Skjørvo si samling publisert på 1950-talet og Arne Inge Sæbø si samling frå 1970-talet. I tillegg er Olav Skjerven si samling frå Bygdaboki teken med, og nokre ord har eg føydd til sjølv. Til slutt søkte eg gjennom Hans Ross si ordbok frå 1800-talet etter ord som han har notert i Vik.
Der eg har kunna har eg føydd til opplysningar om opphav,
utbreiing og slektskap til andre ord og andre språk og
dialektar. Til dette har eg nytta Grunnmanuskriptet,
setelarkivet til Norsk Ordbok og Nynorskordboka. Desse grundige
kjeldene ligg ute på nettet på adressa www.dokpro.uio.no. Eg har
også føydd til ei rimeleg presis gjengiving av uttalen i IPA-lydskrift. På nokre ord føreslær eg normering slik at dei kan gli lettare inn i skriftleg samanheng samt at det blir lettare å slå opp i andre ordbøker.
Torstein Hønsi, Heidrun/Haltenbanken 14. juli 2003
aogjeings, adj
/²aʊːjaiŋgs/
- normert avgjengs
I ulag, ute av vanleg gjenge, or hengsli. Døme: "Da va fælt te' runamusk dar hadde vo', laose va øylagt å døri va komi aogjeings" (
HS).
aolastokk, ein
/²aʊːlastɔkː/
- normert ålestokk
Tverrbjelke under golvåsane (Vik, Fjærland, Aurland i So) (
HR).
aoliv, eit
/²aʊːleiːv/
Overliv på bunad, livstykke i underklede (
AIS).
avretta, v
/¹aːvretːa/
Når dei skjeftar t.d. ei øks, driv dei ein eller fleire kilar inn i enden på skaftet slik at øksi skal hanga betre på. Det kallar dei å avretta. I bygdemålet her vert ikkje dette ordet brukt i nokor onnor tyding, det eg kjenner til. I Indre Sogn heiter det aoretta (
HS).
beiteskia, ei
/²baiːtəʃjeiːa/
Dørkarm (
AIS). Beiteskiene er dei to ståande stokkane på sida av døri i eit laftahus.
bjakse, ein
/²bjakːsə/
Vegg, bløyg, kile. Årette i eit skaft. Sjeldhøyrt (
HS).
blinding, ein
/²blindeiŋg/
Trenagle som held i saman stavane i eit trebidne (
HS). Blindnagle.
brasa, v
/²braːsa/
Lodda med messing. Gjeva t.d. stålbjøllor ei tunn "forgylling" med messing (
HS). Vanleg i nynorsk, jamfør ogso engelsk brass 'messing'.
byrsl, eit
/¹byrsl̩/
- normert byrgsel
Lås eller anna stengsel for ei dør, ei grind, ei kista eller liknande (
HS). Kjent i denne tydingi berre frå Sogn, og mest som hokjønnsord. Jamfør nynorsk
byrgsel f 'innberging, serleg um høy og korn' og norrønt
byrgja v 'stengja'.
duvlunge, ein
/²dʊvloʊnɟ͡jə/
Trenagle som held i saman timbra i ein vegg (
HS). Nynorsk
duvlung,
dublung.
gjeita, ei
/²jaiːta/
- normert geite
Det lyse treet som ligg nærast borken på nåletrei (
AIS). Heller vanleg elles i landet.
gjyringamun, ein
/²jyːreiŋgamʊːn/
- normert gyrdingamun
Når ein laggar lagar ein det gjerne so at bidnet vert noko vidare i den eine enden enn i den andre, slik at gjordi vert trangare til lenger ho kjem innpå. Det kallar dei gjyringamun (
HS).
halshakje, ein
Hake til å halda tømmerstokkane i ro og dra dei i hop (
AIS).
halvtekkja, ei
/²halːtekːja/
Aasen: "Et Tag som ikke har Møning, men kun udgjør en Skraaflade fra en høiere til en lavere Væg" (
AIS).
hikstingarom, eit
/²hiksteiŋgarʊmː/
Slarkerom, ledingarom, det romet det t.d. må vera millom kausen og skruemori (møtriken) um ei kjerrehjul skal kunna snu seg rundt (
HS).
innopen, adj
/²einːɔːpən/
Når ei trestomn er innhol.
inntru, adj
/²einːtriʉːə/
Når ei trestomn er frisk tvert igjenom segjer dei her at han er inntrue (
HS).
kaldesmed, ein
/²kaldəsmiː/
Ein som klakkar med smedarbeid og ikkje hitar (varmar) jarnet. Hædande namn på ein smed som er duglaus (
HS).
kaose, ein
/²kaʊːsə/
"Bøssing" i eit kjerrehjul (
HS). I andre målføre heiter dette kause.
laskaklommer, ei
Skrueklemma som dei festa leret i når dei skulle sy (med tvibysting) (
HS).
maot, eit
- normert måt
Verkty ein nytta når ein bygde tømmerhus, ein sette merke på stokkane som skulle liggja oppå kvarandre, og hogg etter streki (
AIS). Norrønt
mát 'verdsetjing, skyn, form'. Jamfør svensk
mäta.
méda, v
/²miːa/
Setja merke når ein nytta maot (
AIS).
myggja, ei
- normert mydje?
Mose som ein hadde mellom upløgd material, t.d. i tømmerhus (
AIS).
rim, ei
/riːm/
Aasen: "Stong, Spil". Lagar ribbene i ei grind (
AIS). Norrønt
rim f 'spildre, båtrip'.
samløypa, ei
/²samːlɔiːpa/
Når det ikkje er noko al i furetimberet, segjer dei at det er "berre samløypa" (
HS). Sogn.
saumdrèjèdl, ein
- normert saumdregel
Spikraslag, stokk som dei spikrar bordkanten fast i (i eit løeskjentil) (
HS). Norrønt
dregill m 'band, remse, hårband'.
skjeiaklommer, ei
/²ʃjaiːaklɔmːər/
Form dei nytta når dei laga hornskeier (
HS).
skofot, ein
/¹skoʊːfoʊːt/
Aasen: "Fodtøi, Sko og Strømper tilsammen" (
AIS).
skoning, ein
/²skoʊːneiŋg/
Jednskoning. Aasen: "Beslag, Bekledning". (
AIS).
slumpatjukke, adj
/²slʊmpac͡çʊkːə/
- normert slumpetjukk
Når t.d. eit bord er ujamt skore, slik at det er tjukt sume stader og tunt sume stader, segjer dei at det er slumpatjukt (
HS).
snèband, eit
/²sniːband/
Skråbinding millom stav og alestokk i ei løe (
HS).
spènsl, eit
/¹spənsl̩/
- normert spensel
Parsperrone i eit hus, dei tvo sperrone som står til møtes (
HS).
spøna, ei
/²spøːna/
Små spon, spon som er spikka med kniv. Dette ordet vert aldri brukt om øksespon eller høvlespon. Øksesponen kalla dei ofte skoraspon. Gamalt ordtak: Sprek eller spøna. "Da fanst korkje sprek eller spøna" (
HS).
stedling, ein
/²stedleiŋg/
- normert stelling
Stillas (
AIS). Ogso andre stader.
svarva, v
/²svarva/
Svinga rundt, dreia. (
AIS).
svarvebeink, ein
/²svarvəbaiŋk/
- normert svarvebenk
tarvende, ein
/²tarvəndə/
Verkty, reiskap (
AIS). Elles nedskrive på Voss, Hardanger og Hallingdal. Norrønt
þarfendi n pl 'naudturvelege ting'.
tekla, ei
/²tekla/
Også ei diksel. Hammar til å ta ned gjordi på tønner med (
AIS).
turla, v
Dette ordet har eg aldri høyrt anna i samanhengen "turla og spinna". "Ho sat å turla og spann". Dei la visst noko slikt i det, at det gjekk seint med spinningi, og at det vart lite snu på tråden (
HS).
vannesa, ei
/²vanːeːsa/
Fjøl nede på ei dør som hindrar vatnet i å trengja inn. (
AIS).
vannkant, ein
/²vanːkant/
"Skår eller hulning i kanten, f.eks. på en planke; et sted hvor der ikke er heel eller fuld kant" segjer Ivar Aasen. I denne tydingi er ordet brukt i bygdemålet her og. Dessutan er det brukt i ei onnor tyding (
HS).
veiende, eit
/²vaiːəndə/
Fremste tverrtreet på ein slede eller kjelke (
HS).