Dialect words
1188 words from Vik i Sogn, Norway
Prologue
Samlingi byggjer på Hermund Skjørvo si samling publisert på 1950-talet og Arne Inge Sæbø si samling frå 1970-talet. I tillegg er Olav Skjerven si samling frå Bygdaboki teken med, og nokre ord har eg føydd til sjølv. Til slutt søkte eg gjennom Hans Ross si ordbok frå 1800-talet etter ord som han har notert i Vik.
Der eg har kunna har eg føydd til opplysningar om opphav,
utbreiing og slektskap til andre ord og andre språk og
dialektar. Til dette har eg nytta Grunnmanuskriptet,
setelarkivet til Norsk Ordbok og Nynorskordboka. Desse grundige
kjeldene ligg ute på nettet på adressa www.dokpro.uio.no. Eg har
også føydd til ei rimeleg presis gjengiving av uttalen i IPA-lydskrift. På nokre ord føreslær eg normering slik at dei kan gli lettare inn i skriftleg samanheng samt at det blir lettare å slå opp i andre ordbøker.
Torstein Hønsi, Heidrun/Haltenbanken 14. juli 2003
udaom, eit
/²iʉːdaʊːm/
- normert udåm
Uskap, styggedom. Døme: "Da va noke te sjao ein slike fot so han drogst mæ". Han hadde hogge seg i knesjeli å so sette da seg udaom i saore" (
HS).
uhitt, adj
/²iʉːhitː/
Uvandt å finna vegen, lett å finna fram (
HS).
uhøgt,
/²iʉːhøkt/
Uhøveleg lite i samsvar med det ein er van med. Døme: "Da æ uhøgt fy' henne å arbeia, ho so ikkje ha vo' vand å gjera noke" (
HS).
uksatapse, ein
/²ʊksatapsə/
Liten ukse. Sjå tapse (
HS).
ulder, ein
Vrimmel, myriade. Sjeldhøyrt (
HS).
ulen, adj
/²iʉːln̩/
Når kjøt (helst) var lite salta og det hang i eit rom med lite trekk eller luftskifte, vart det ofte som ein myglasmak av det. Då sa dei gamle at det var ult (
HS). Sogn og Voss.
umloga, ei
/²ʊmːlɔːga/
- normert omloge
Buska under gjøringane på eit høy- eller halmlass (
HS).
umskot,
/²ʊmːskɔːt/
- normert omskot
Når eitkvart har brotna av, og endane har kome forbi einannan, segjer dei at det har kome um skot, eller at endane har kome um skot (
HS).
umun, ein
/²iʉːmʊːn/
Lite atterslag, skadeleg verknad. Ein gamal mann fortalde meg denne stubben: Det var tvo hardhausar av det gode gamle slaget, som var komne i havsnaud. So sa den eine: "Me faor prøva be". "Å dæ æ kje noken nytte i da fyr' oss, tvila meg fyre", sa den andre". "Jau, me faor no prøva. Da kan ikkje gjera noken umun." (
HS).
undaoslag, eit
/²ʊndaʊslaːg/
- normert undanslag
undesetna, ein
/²ʊndəsetna/
- normert undersetnad
Underlag, stød, grunnlag. Døme: "Da vanta kje pao atte merri hadde goe nokk bul, men da sto atte pao undesetnaen" (= beinsetnaden) (
HS).
undesette, adj
/²ʊndəsetːə/
- normert undersett
"Da staor kje pao han, han e so gott undesette", segjer dei gjerne um ein som har ervt eller lagt seg upp mykje pengar (
HS).
unòpe, adj
/²iʉːnɔːpə/
Nok, rikeleg. "Unope me mat" - mykje mat (
AIS). Nynorsk
nopen = 'særs nøyen, knapp, knipen'.
uppefloten, adj
/²ʊpːəflɔːtn̩/
- normert oppefloten
Upprådd, ibeit. Døme: "Eg sto uppefloten fy' ljao" (
HS).
upptètt, adv
- normert opptidt?
Granska, utgreidt, lagt klårt upp i dagen (
HS).
urga, v
/²ʊrga/
Trega, ha vondt av eitkvart (
HS). Sogn.
usjaodle, adj
/²iʉːʃjaʊdlə/
- normert usjåeleg
Uflidd, rusken, lite sjåande (
HS). Ogso andre målføre.
uta, v
(uka). Køyra ein hest attlengjes, ryggja (
HS).
utre, eit
/²iʉːtriː/
Eit rangvist, ubyesamt menneske (
HS). Sogn og Hardanger. Eigentleg eit vride eller lite brukande tre el. trestykke.
utslàma,
- normert utslama
Avgjord, daudtrøytt, utsliten av arbeid (
HS). Sogn og Hordaland.
utsvar, eit
Avgift, leigegodtgjerdsla for jordveg eller tufter (
HS).
uværige, adj
/iʉːveːrigə/
- normert uverdig
Ulag, vantrivnad. "Eg æ so uværige med da" = eg er ikkje tilfreds med det, eg trivst ikkje med det. (Han er uværig, ho er uværig) (
HS).