Ordsamling | Grammatikk | Målføreprøve

Ordsamling

1188 ord frå Vik i Sogn

Føreord

albogaskot, eit /²albɔːgaskɔːt/
Eit albogarom, rom til å få leda albogane fritt. Døme: "Dar va slik trøyngd, da va lite rao te fao albogaskot" (HS).
alvelta, ei /²alːvelta, ²aʊlvelta/
Ålvelt stode, når sauene vert liggjande på ryggen og ikkje klarar snu seg (HR).
ampløy, ein /amplɔiː/
"Da e sliken amplåi me dessa ongadn" - tyder helst bråk (AIS). Kan komma av ampeløyse f 'det å vera uhindra, ikkje bunden med noko tilsyn'.
andjyrast, v /and¹jyːrast/ - normert andgyrdast
Kivast, kjeglast, serleg småtretta (HR).
andkræseleg, adj /²aŋkreːsɛlə/
Ufjelg, ufyseleg, uappetitteleg (HS). Av and- 'mot-' og kræsa v 'vera kræsen, velja seg fin og forkunn mat'.
anduga, v /²andʊːga/
Anka på, ottast for eitkvart; "Det er ikkje noko til å anduga på". Truleg for *andhuga (HR)
ansa, ei /²ansa/
Vending, umsut, røkting; eitkvart som ein skal taka vare på (HR).
aobyrgsla, ei /²aʊːbyrgsla/ - normert åbyrgsle
Ansvar (HS). Norrønt ábyrgsla f 'det at ein åbyrgslar for noko, borgar for noko, ansvar.'
aofelde, adj
På ferde. "Ho site i ro berre ai liti stund, so e ho aofelde atte" (AIS).
aogjeings, adj /²aʊːjaiŋgs/ - normert avgjengs
I ulag, ute av vanleg gjenge, or hengsli. Døme: "Da va fælt te' runamusk dar hadde vo', laose va øylagt å døri va komi aogjeings" (HS).
aokavla, adj /¹aʊːkavla/ - normert avkavla
Utkøyrd, daudtrøytt, radt tilinkjes (HS).
aokkerlægje, eit /¹aʊkːərleːjə/ - normert åkerlægje
Ækra, åker som er attlagd, attsådd (HS).
aol, ein /aʊːl/ - normert ål
Djup fure i botnen av ei elv (AIS).
aolaga, v pt /¹aʊːlaːga/ - normert avlaga
Tilskipa, "planglagt". Døme: "Da vart soleis aolaga atte me skulde reisa pao bærplukking syndan, so framt vere' vart te da" (HS). I andre målføre synest avlaga å tyda 'få i ulag, skipla'.
aolastokk, ein /²aʊːlastɔkː/ - normert ålestokk
Tverrbjelke under golvåsane (Vik, Fjærland, Aurland i So) (HR).
aoleites, adv /²aʊːlaiːtəs/ - normert avleites
Koma aoleites = kome or syne, kome or folkeaugo. Døme: "Da vart slik trakking å leitestebna ette kalvane vaore, dei va komne so ratt aoleites fyr' oss" (HS).
aoliv, eit /²aʊːleiːv/
Overliv på bunad, livstykke i underklede (AIS).
aomøra, v - normert avmødra?
Venja ungane av med å suga (AIS).
aorekjinne, ein /²aʊːrəc͡çinːə/ - normert årekinne
Tett, lang og beinvaksen åreskog. Sjå kjinne (HS).
aosnakka, /¹aʊːsnakːa/ - normert avsnakka
Avtala, "avgjort". Ha noko avsnakka = vera komne til semja um det, ha teke avgjerd um det (HS).
aotting, ein /²aʊtːeiŋg/ - normert åtting
Ogso fjæring. Tønnemål (AIS).
aotvæ, /²aʊtveː/ - normert åtvær
"Dei tykte aotvæ mæ meg" = dei tykte eg var ikkje som eg skulde, dei var misnøgde med meg. Sjeldhøyrt (HS). Ordet er og registrert i andre målføre frå Nordland til Jæren.
aplagard, ein /²aplagaːr/
Eplehage (AIS). Av apal m 'epletre'.
aplastart, ein /²aplastart/
Lite epletre (HS).
ardvangse, ein /²aːrvaʊŋgsə/
På skeiard, det som bryt laust. Jfr stadnamnet Vangsnes (AIS). Skjer.
asekaka, ei /²aːsəkaːka/
Fyrr i tidi brukte dei mykje å steikja nokre småe kakor av deig dei hadde sett gang (gjær) i. Desse kakone kalla dei asekakor. Vart steikte anten på omnen eller på ei bakstehella (HS). Av nynorsk asa v 'brusa opp, gjæra'.
aua, v /²eʉːa/
Kry, yrja. Sogn og Sunnfjord. Norrønt úa. (HR).
audvisst, adv
Spaklyndt, stillfarande, smålåten, bljug. Jamfør audvis (HR).
audvyre, eit /²eʉːdvyːrə/ - normert audvyrde
D-ljoden tydeleg uttala. Eit lite krek, ein misvekstring (av folk eller dyr). Noko som er lite vyrdt (HS). Norrønt auðvirði.
auger, adj /¹eʉːgr̩/
1) Når eitkvart var tungvint og ilt å vinna med, sa dei det var augert. Ja, ein kan høyra dette ordet endå, men likevel fælt sjeldan (HS). 2) Nifst (AIS). Nynorsk avug el. ovug adj 'bakvendt, omsnutt', norrønt ofugr. Frå Luster og Sogndal er nemnt uttrykket "slao me' auger hånd", slå med handbaken.
augna, v /²eʉgna/
Nytta augo mykje til stiring el. augnekast; "du sit og augnar det burt for meg", du sit og glor so du skiplar meg i det (HR).
augnapaodl, ein /²eʉgnapaʊdl̩/ - normert augnepål
Ein som glor, ein med glanande augo. Opphaveleg vednemne på ein Pål? Vik og Aurland (HR).
augnsynd, ei /²eʉgn̩søynd/ - normert augnesynd el. augnesyn
Det som ligg innanfor synsviddi. Synsrand, horisont. Døme: "Eg fyl'de dei mæ augo te' dess dei kom or augnsyndi, å siao veit eg ikkje kor da bar ao mæ dei" (HS).
aukje, ein /²eʉːkjə/ - normert auke
Raspeball, kan og nyttast som skjellsord: Din eukje (AIS). Heng saman med auka, 'veksa'.
aunale, adj /²eʉːnalə/ - normert audneleg
Irleg, tregeleg, harmeleg. Døme: "Dei drags' ao mæ både laust å fast, da va ratt aunale å sjao" (HS). Ordet er elles registert på Voss.
aurgrim, ein /²eʉːrgreiːm/
Ein som er grimut og skiten i andlitet, ein skitnesam kar. Kalling (HS).
avaot, eit /²aːvaʊːt/ - normert avåt
Uty, helst om insekt som gjer skade, lus og lopper. "Han fekk avaot pao seg". Kan ogso brukast som skjellsord (TH).
avdøgt, adj /¹aːvdøkt/
Høyet er avdøgt, segjer dei, dvs doggi har gått or det (HS).
aventas, /²aːvəntas/
Norrønt avæni n 'von til', fransk adventage. "Hann tykte ikkje da va nåke aventas me åss" - han tykte ikkje noko om oss, han hadde ikkje noko tru på oss (AIS).
avlett, adj /aːvletː/
Dette ordet har eg høyrt berre ein gong - av ein gamal mann som er død for lenge sidan. Når det var mat som var lite næring i, "lite å bita på", sa dei at maten var avlett, fortalde den gamle mannen (HS).
avrak, eit /²aːvraːk/
Ein som skeidar ut, mislukka individ (HS). Ordet er kjent frå heile landet. Heng saman med verbet 'å reke'. Frå Kyrkjebø er ført opp uttalen "ao:ra:k . Sjå ogso 'faorak'.
avretta, v /¹aːvretːa/
Når dei skjeftar t.d. ei øks, driv dei ein eller fleire kilar inn i enden på skaftet slik at øksi skal hanga betre på. Det kallar dei å avretta. I bygdemålet her vert ikkje dette ordet brukt i nokor onnor tyding, det eg kjenner til. I Indre Sogn heiter det aoretta (HS).