Ordsamling | Grammatikk | Målføreprøve

Ordsamling

1188 ord frå Vik i Sogn

Føreord

oks, ei /ɔks/
Aks (Vik i So), fleirtal ekse(r) (HR).
ome, ein /²oʊːmə/
Veik ljoske (Vik i So); ein ome av dagen (HR)
onsa, v /²ɔnsa/
Vera nyfiken, leggja seg burt i ting ein ikkje har noko med å gjera (HS). Frå Dalane til Romsdalen. Samansetjing av ansa v og onn f.
ordvik, eit /oʊːrveiːk/
Meiningsskilnad, ordskifte, tretta: "Eg kom i orvik mæ 'an", segjer dei når dei har vore i ordskifte eller tretta med nokon (HS). Eigentleg eit avvik i ordbruken. Tydingi 'trette' er særmerkt for Sogn.
orre, ein /²ɔrːə/
Eit slag drykkjekrus på skap som ein fugl (Vik i So) (HR)
orslo, eit? /²oʊːrsloʊː/ - normert ordslo?
Berre snakk, talemåtar, fint prat som ein ikkje meiner noko med. Dette ordet vert sjeldan høyrt, i alle høve er det mest berre gamle folk som brukar det (HS). Berre registrert her.
osa, v /²ɔːsa/
Vera uroleg, rastlaus. Kan ogso tydast å tala for mykje, segja ting som det skulde vore tagt med (HS). Frå Hardanger til Sogn. Samanheng med asa.