Ordsamling
1188 ord frå Vik i Sogn
Føreord
Samlingi byggjer på Hermund Skjørvo si samling publisert på 1950-talet og Arne Inge Sæbø si samling frå 1970-talet. I tillegg er Olav Skjerven si samling frå Bygdaboki teken med, og nokre ord har eg føydd til sjølv. Til slutt søkte eg gjennom Hans Ross si ordbok frå 1800-talet etter ord som han har notert i Vik.
Der eg har kunna har eg føydd til opplysningar om opphav,
utbreiing og slektskap til andre ord og andre språk og
dialektar. Til dette har eg nytta Grunnmanuskriptet,
setelarkivet til Norsk Ordbok og Nynorskordboka. Desse grundige
kjeldene ligg ute på nettet på adressa www.dokpro.uio.no. Eg har
også føydd til ei rimeleg presis gjengiving av uttalen i IPA-lydskrift. På nokre ord føreslær eg normering slik at dei kan gli lettare inn i skriftleg samanheng samt at det blir lettare å slå opp i andre ordbøker.
Torstein Hønsi, Heidrun/Haltenbanken 14. juli 2003
aokkerlægje, eit
/¹aʊkːərleːjə/
- normert åkerlægje
Ækra, åker som er attlagd, attsådd (
HS).
aplagard, ein
/²aplagaːr/
Eplehage (
AIS). Av apal m 'epletre'.
aplastart, ein
/²aplastart/
ardvangse, ein
/²aːrvaʊŋgsə/
På skeiard, det som bryt laust. Jfr stadnamnet Vangsnes (
AIS). Skjer.
avdøgt, adj
/¹aːvdøkt/
Høyet er avdøgt, segjer dei, dvs doggi har gått or det (
HS).
berja, v
/²bɛrja/
1) Slå, banka. "Berja flokar" 2) Treskja korn. 3) Berja på: driva på, ta hardt til med. Bøying ["berja - 'be:re - "barde - bart]. Norrønt
berja (
HR).
bisk, ein
/bisk/
Frukost. Sogn, Sunnfjord, Voss og Valdres. Vel frå eldre dansk
bidsken, same tyding, av tysk
Bisschen (
TH).
bulaug, eit
/biʉːleʉːg/
Når dei hadde silt mjølki slo dei litegrand vatn gjenom silen (silhåret). Dei kalla det å bulauga (
HS). Av
lauga v 'vaska'. Elles kjent frå Voss og Sunnfjord, men der som hokjønn.
bulega, ei
/²biʉːleːga/
Visse stader kyrne plar liggja og kvila (på støl, i beite) (
HS). Kjent ogso frå Fjordane, Sunnmøre og andre stader.
dalesteig, ein
/²daːləstaiːg/
Ein utmarksteig som det kosta ein dalar å få slegen når ein skulde leiga slåttekar. Dei rekna på 6 dagslætte i ein dalesteig. Ein teig som var berre helvti so stor kalla dei ein
halldalesteig . Elles nemnde dei slike teigar etter kor mange mark det kosta å få dei slegne. Ein
tvomarkateig , ein
femmarkateig , ein
aottamarkateig o.s.b. (
HS). Andre namn var middagssletta , eit stykke som ein skulle vera ferdig med til middag. Eindagssletta og tvodagssletta var og nytta (
AIS).
dodla, ei
/²dɔdla/
- normert dolle
Liti høybyrd (
HS). Denne tydingi er og kjend frå Takle i Ytre Sogn.
dragslegota, ei
/²draksləgɔːta/
Lang og bratt dragsleveg i utmarki eller i lidi (
HS). Fyrsteleddet er 'dragslede', ein slede som dei brukte til å køyra ved og høy med.
einbølt, adj
/²aiːnbøltə/
Einsleg, t.d. ein einbølt gard (
AIS).
einhending, ein
/²aiːnhendeiŋg/
Orv som ein held med ei hand (
AIS).
fare, ein
/²faːrə/
- normert farde
Hinne, snerk eller tjukt lag på væske, særleg mjølk og myse (
AIS). Islandsk
farði 'mygla skorpe i mjølkekjerald'.
fere, ein
/²feːrə/
Når dei sår korn (handsår) merkjer dei upp åkeren i strimlor so breide som kornet vinn spreida seg for kvart kast. Dette gjer dei anten med ei pikka (eit grev) etter seg eller ved å dra eine foten i åkeren. Dette kallar dei å gjera fère (
HS). Ogso nedskrive
potefere, eplefere, vassfere frå Indre Sogn. Heng saman med
fòr f.
flo, ei
/floʊː/
Lag i kornstabel, ei høgd med kornband (
AIS).
fodne, f Fl.
/²fɔdːnə/
- normert forner
Fleirtal, i eintal hokjønn
fodna (forne). Fjorgamalt visna gras, slikt som ikkje har vore slege (
AIS).
forskot, eit
/²fɔrskɔːt/
Lengd på plogfor. Pløgjer ein langsetter ein åker som er lang og smal, får ein eit langt forskot. Pløgjer ein på tvert, vert det kort forskot (
AIS).
framekst, adj
/framːekst/
Når stråi i ein kornåker var bra jamlange, sa dei gamle at kornet var framekst (
HS). Elles berre nedskrive i Vågå. Føreleddet
fram vil sei 'like langt fram', og etterleddet
ekst er omlydt av 'aks, kornaks'.
fydling, ein
/²fydleiŋg/
- normert fylling
Før slo dei i fydlinga, dvs. så mykje som trengst for å fylla ei hes (
AIS).
førekrakk, ein
/²føːrəkrakː/
Ein planke eller eit tjukt bord med føter i den eine enden. Vert bruka når dei fører upp - bind kornet på staur (
HS). Elles berre notert frå Leikanger.
gardverja, ei
/²gaːrvɛrja/
Tre som er planta attmed ein gard (eit gjerde) (
HS). I denne tydingi er ordet notert berre i Vik. Det er mogeleg at det opphavleg har tydd 'gardvord, gardnisse, tuftekall' slik som det framleis gjer i Valdres, og sidan har fått vår meir trivielle tyding.
gardvånd, eit
/²gaːrvɔnd/
Tilfang som ein laga gjerde av, gjerne åre eller sprake. Merk og våndateine (åleteine) og våndaripe (
AIS). Sogn og nordover. Av
vånd 'liti stong, grann kjepp, tein', norrønt
vond.
gløsoks, ei
/²gløːsɔks/
Tomt aks (Vik i So); mest nytta i fleirtal ("gløsekse(r)") (
HR).
grjona, v
/²grjoʊːna, ²groʊːna/
Gje kyrne grjon (mjøl).
halvdalesteig, ein
/²halːdaːləstaiːg/
Ein teig det kosta ein halv daler å få slege. Sjå dalesteig (
HS).
hardmale, adj
/²haːrmaːlə/
Når mjølet er noko grovt og det kjennest noko hardt i klypa, segjer dei det er hardmale (
HS).
heimafylgja, ei
/²haiːmafylja/
Medgift, det som ei nygift kona fekk med seg når ho flytte frå foreldri og heim til mannen sin, t.d. beist, klede, husbunad o.m. (
HS).
helda, ei
/²helda/
Bøyle som vert nytta til å stramma med (
AIS).
hever, adj
/¹hevɛr/
Når dei sådde hallreint = helvti bygg og helvti havre, og det auka på med havren etterkvart, sa dei gamle at kornet "slo seg hevert" = det vart for mykje havre i det (
HS). Kjent frå fleire målføre. Avleidt av 'havre'.
hit, ei
Skinnsekk til å ha korn i (
AIS).
hjedlbrot, eit
/²jedl̩brɔːt/
- normert hjellbrot
Hjell er staur el. fjølelag over bjelkane i løa, kunne nyttast til å turka hå på (
AIS).
husagong, ein?
/²hiʉːsagaʊŋg/
Gå husagong = fara yver alle husi, ta husi for trom. Når einkvan heldt gjestebod og synte gjestene husi sine, sa gjerne dei gamle at dei gjekk husagong. Kan ogso tyda ransaking, visitering (
HS).
hylma, v
/²hylma/
Skjera av kornet for høgt på stråi. Som substantiv, ei hylma, tyder ordet halmstubb som står att etter at åkeren er skoren (
AIS).
hæra, ei, v
Aasen: "tresket, urensket Korndynge" (
AIS).
hæresaold, eit
/²heːrɛsaʊld/
Såld nytta til å renska kornet (
AIS).
ile, ein
/²eiːlə/
Stein som vert nytta til søkkje (
AIS). Norrønt
íli, same tyding.
jarseta, ei
/²jaːrseːta/
- normert jordsete
Det høyet som var under i høystabben, det som låg nedpå tufti (
HS). Vanleg i formi 'jordsete'. Formi 'jar-' er elles notert på Sunnmøre og kjem av genitiven 'jarðar'.
jord, ei
/joʊːr/
Dei gamle kalla jamt eit gardsbruk ei jord. T.d. Hopperstad var ein gard; men kvar einskilt bruk på garden var ei jord. Dei sa: Helj-Ola-joredna, Aodn-Ola-joredna, Eirik-Ola-joredna, Fremmand-Ola-joredna o.s.b. (
HS).
kaldbol, eit
/²kaldboʊːl/
Pøysa, vatssig, kaldvæta, i åker og eng (
HS). Frostabol er kjent frå Eksingadalen om ein stad der grasroti er øydelagd av frost.
kaldsig, eit
/²kaldsiːg/
Vass-sig i åker eller veg (
HS).
kaldun, eit
- normert kalun, kallun
Når dei slakta (i gamledagar), flekte dei kyravembene (og smalavembene). Det som var innvendes i magesekken, kalla dei kaldun, det andre kalla dei sjao (skjå). Dette namnet vert ogso brukt som kalling. Eit kaldun er eit ureinsleg og kaldtekkjeleg menneskje. Døyr vekk (
HS). Av latinsk opphav.
kast, eit
/kast/
Kornband som dei bind saman på stauren når dei fører upp (
HS).
kjeringahelda, ei
/²c͡çeːreiŋgahelda/
Når ein gjørder ei byrd (helst høybyrd) slik at ein får helda fram på nakken når ein tek byrdi på seg, segjer dei at ein får kjeringahelda (
HS).
kjærva, ei
/²c͡çɛrva/
Knippe, bunt av t.d. lauvkvistar til for (
AIS).
knipleband, eit
Band nytta til å festa troene til staurane på ei troehes (
AIS).
kodl, ein
/¹kɔdːl̩/
- normert koll
Mjelkekådl, mysekådl, vætekådl. 1) Bidne som ein bar på ryggen. 2) Kan og tyda topp på forskjellige ting, t.d. smør. Spretta kådl - vil seia at ein sette eit merke i toppen på smøret, det måtte unge jenter gjera elles vart dei ikkje gifte (
AIS).
kodnmæle, eit
/²kɔdn̩meːlə/
- normert kornmæle
Aasen: "Maalekar for Korn", 16-17 kg (
AIS).
kova, ei
/²koʊːva/
Eit tunt lag som har turka til, t.d. av sveitte og skit. "Da la seg kova pao svaittaplaiggje" segjer dei når ein kløvhest har sveitta mykje og sveitte og skit har lagt seg under baossa eller sveitteplagg. Når ein slær i steikjande solskin, vil det gjerne leggja seg eit tunt lag (av høy, gov og sevja) på ljåen. Da segjer me gjerne at det legg seg kova på ljåen (
HS). Kova kunne og vera kvade eller harpiks i sognamålet, og tydingi til Hermund Skjørvo er vel ei jamføring til det. Frå norrønt
kváði.
kovraokker, ein
/²kɔvraʊkːɛr/
- normert kovråker
Liten åker som tenarane eller borni hadde avlingi av - attåt løni (
HS). Ross forklarer det som ein 'åker som ein kårmann eig og soleis ikkje hev i føderåd'. Berre frå Vik. Fyrsteleddet er kovra 'vinna, tena', kovra seg 'tena seg noko, koma til velmakt'. Lånord frå latin over fransk.
kovver, ein
Same som kovraokker.
kvednaraos, ei
/²kvɛdnaraʊːs/
- normert kvernarrås
Rås, renne som er mura eller gravi frå kverndammen og til sloket ("kvednaraos" Aurland, Vik i So) (
HR).
lag, eit
So mange kornbundel som dei kunde leggja ned um gongen i låven når dei barde (
HS).
laoakatt, ein
/²laʊːakatː/
- normert låvekatt
Når einkvan kom inn på låven med same den som barde (treskte) var fri med siste laget (sjå ovanfyre) av loi, tok gjerne sistnemnde tusti um halsen på den som kom og klemde til. Det kalla dei å gjeva låvekatt (
HS).
laupebufor, ei
/²leʉːpəbiʉːfɔr/
Når uveret legg slik til at dei må røma or fjellet med kyrne um hausten fyrr den vanlege buførdagen er komen, segjer me dei gjer laupebufor (
HS).
lauvstjøl, ein
/²leʉːʃjøːl/
Kvistelaus og berkt grein av bartre ("læustjøl" Vik i So, "løu(v)sjøl" Har) (
HR). Jamfør stjøl.
lim, ein
Avkvista greiner av lauvtre, som borken vert avskaven til fôr; oftast i sms. askelim (Vik, Leikanger i So) (
HR). Jamfør norrønt
lim f 'kvist, grein', og
lim n (kol.) 'greiner, kvister, ris på tre'.
lo, ei
Aasen: "Korn i uttørket Tilstand, Korn og Halm tilsammen" (
AIS).
lolægje, adj
Når kornet låg lengei loi sa dei gamle at det var lolægje (
HS).
lona, ei
/²lɔːna/
Gamalt namnt på tjøra. Det var gamal skikk å ha tjøra på varmen jolaftan. Det kallar dei å lona varmen. Ei gamal segn (på vikjamål med gamal svip): "Da va ei jenta so hadde vorte ute fyr' ein huldakar, han gjekk pao husk te 'ne, forstaor'u, a ho vist' ikkje si arme rao kåleis 'o skulde verta fri 'åno. Jau, so ein kveld huldakaren va dar sa 'o da mæ 'åno, atte bjødlekjyri deira va vorti so undalæ, da va vist "elsk" um 'an kunde vita ei rao fyr' da? "Jau", sa 'an, "du ska bruka tybast å lona, da ha hjelpt både ku å kona". Jentao ho brukte raoi sjøll, ho, kan du vita, å dao vart huldakaren vekk. Men ein kveld ittepao høyrd'ho maol' ass: "Truare va eg mæ deg elde du va mæ meg, tvi vore deg!"" (
HS). Denne segni var kjend i fleire bygder, og rimet lona/kona er bevart. Elles er det kun i Vik at dette ordet er sagt å ha vore i bruk generelt.
læsta (seg), v
Kornet læstar seg - kornet spirer godt (
HS).
løypa, ei
/²lɔipa/
Laupe, skorfeste. "Gao seg i løypa", gå seg i skorfeste (Vik i So) (
HR).
markateig, ein
Teig det kosta ei mark å få slått (
AIS).
mata, v
Kornet mata - mognast, mergast, fastna (
HS). Vanleg i fleire målføre.
matjord, ei
Feit jord, uppgjødd jord. Kan ogso tyda rett og slett moldjord (
HS). Fleire målføre. Islandsk
matjörð.
meislag, eit
1/2 kløv, so mykje som ein kan ha i ei kløvmeis (
HS).
middagssletta, ei
Eit stykke med slått som skulle vera ferdig slege til middag (
AIS).
mydlolag, eit
- normert mellomlag
1. Skilje millom tvo kornslag eller kornet av tvo åkrari ei kornlo (
HS). 2. Kontant utjamning i ein bytehandel (HS).
nava, v
/²naːva/
Hogga ned greiner or eit tre når ein lauvar (
HS).
naving, ein
/²naːveiŋg/
Det som då står att når ein har hogge greinene av eit tre når ein lauvar (
AIS).
nerv, ei
/nɛrv/
Einskilt flak av never (Vik i So, Sfj) (
HR). Norrønt
næfr.
nykkja, v
/²nyc͡çːa/
Gro, brydda, um vokstrar. "Da fere te nykkja i aok´rn" (
HR). Jamfør nyislandsk
hnykkja 'krøkja, neigja'.
oks, ei
/ɔks/
Aks (Vik i So), fleirtal ekse(r) (
HR).
orre, ein
/²ɔrːə/
Eit slag drykkjekrus på skap som ein fugl (Vik i So) (
HR)
pikka, v
Når kornet er so laust i aksi at det trys or når dei køyrerdet inn, segjer dei at det pikkar (
HS).
rakepilt, ein
Liten, rå vedkubb som dei lagde inn i røykomnen um kveldane og raka glør og eimyrja yver so varmen skulde halda seg til um morgonen (
HS).
ramost, ein
Gamalost (
AIS). Vestlandet, Hallingdal og fleire.
raoslag, eit
/²raʊːslaːg/
- normert råslag
Kjøt av nyleg slakta dyr (
AIS). Fleire målføre.
rikula, ei
/²reiːkiʉla/
- normert rirkule
Utvokster på tre, ekstra sterk, mykje nytta til å dreia ting av (
AIS). Fyrsteleddet har samanheng med
vri. Fleire målføre.
rina, adj
Når mjølk eller mysa har vore um å surna, segjer deiat det har rina (
HS).
ripel, ein
/²reiːpədl̩/
Aasen: "Ripel - en Strimmel, et langt og smalt Stykke, f. Ex. Skogarripel" (
AIS).
rivla, v
Rivla i høyet, raka lett, jamna det utyver med ei riva. Rivla møki, sa dei og når dei hadde breidt møk på marki og jamna ho utyver med ei riva (
HS). Ogso frå Hardanger og Voss. Danna av
rive f.
rjomamysa, ei
Utskild mysa når rjomen esjar. Sjå skjyrmysa (
HS).
ru, ei
/riʉː - ¹riʉːnaʊ/
Vår-ulli på sauene. Fleire målføre. Islandsk
rú f 'grov eller gamal ull' (
TH).
ru-såld, eit
Såld som dei sålda kornet igjenom i gamle dagar (fyrr dei fekk seg dryftemaskinor) (
HS).
rue,
- normert rude
Ugrasfræ som vert reinska or kornet når dei dryfter det (gjer uppor) (
HS).
rulta, ei
/²rʊlta/
Høyvelta. Kan og tyda lite, tjukkfalle kvinnfolk (
HS).
rynna, ei
/²rynːa/
Det er 10 kjervar i ei rynna (
AIS).
ræka, v
/²reːka/
Flytja ein grand på kornbandi med tusti når ein treskjer (INhl, Vik i So, Va, Rbg) (
HR).
røyrband, eit
/²rɔiːrband/
Band nytta til å binda ei einskild troe til stauren, jamfør Knipleband (
AIS).
røyve, eit
/²rɔiːvə/
Avklipt ullham av ein sau. Udlaråive - ull som er pakka i hop (
AIS). Feld.
salsa, ei
/²salsa/
1200 kvm, 6 mælesland (
AIS). Eigentleg eit
såld-så. Sogn og Voss.
saobil, eit
/¹saʊːbiːl/
- normert såbel
Det bilet ein skal så bygg. Etter gamalt hev ein visst såbil (viss dato). Det ymsar noko etter som gardane ligg nær sjøen eller langt til dals. (Lengst til dals var det 5. mai og nærast sjøen 25. mai) (
HS).
saodogg, ei
Fint regn når ein sår kornet, eller straks etterpå (
HS).
segje, eit
/²seːjə/
Avrunda merke i saueøra (
HR). Heng kannhenda saman med roti i sag, sigd.
silhår, eit
/²seiːlhaʊːr/
I gamle dagar bruka dei silhår å sila mjølki gjenom. Det var bunde av håri av ei kyrerova. "Da leke so silhaor", segjer dei endå um noko som lek fælt (
HS).
siruna, ei
/²seiːrʊːna/
Kornstrå som veks opp når "åkeren er nedlagd" og ikkje vinn mognast so tidleg som det andre kornet (
HS). Vanleg i fleire målføre. Av
sid 'sein' og
rune m 'renning'.
skalætte, adj
Når beisti var vandsame, åt det beste av maten og let det andre liggja, sa dei gamle at dei var skalætte (
HS).
skaok, ei
/²skaʊːk/
- normert skåk
Brukt bl.a. til å køyra ved på (
AIS).
skaoragaong, ein
/²skaʊːragaʊŋg/
- normert skåragang
Gå skåragang = stå fleire mann etter einannan og slå med langorven og kappast um kven som er beste ljåkaren (
HS).
skarafydlingen, m
/²skaːrafydleinɟ͡jən/
- normert skarafyllingen
Bestefar min fortalde denne gamle segni. I tidi straks fyre svartedauden var folkesetnaden i landet so stor at ikkje alle kunde finna buplass og leveveg på flatbygdene. Då vart det mange som busette seg i utmarki og i lidene. Denne tidbolken kalla dei skardafyllingen (
HS).
skjærd, adj
/¹ʃjɛrdə/
Skjerande, som øver til å skjerast, mogen so skurdarbeidet kann taka til, um korn el. Kornåker. I dei fleste målføre heiter det skjær.
skoglægje, adj
/²skoʊːgleːjə/
Når timberet har lege lenge (hogge) i skogen segjer dei at det er skoglæje (
HS).
skrapeslaott, ein
/²skraːpəslaʊtː/
- normert skrapeslått
Gras frå ugjødsla eng, frå skrinne rabbar (
AIS).
skru, ein
Øvste bunten av rjåen (
AIS).
skyrmysa, ei
/ʃjyːrmy.sa/
Når osten og mysa skilst utan koking, kallar dei den mysa skyrmysa. Rjomamysa kallar dei det når rjomen esjar og skil ut mysa (
HS).
skyrslutr, eit
/²ʃjyːrslʊtr̩/
Noko ein har skolt or ein skyrså, grisedrikka. Sjå slutr (
HS).
smørlaup, ein
/²smøːrleʉːp/
snar, eit
/snaːr/
Når dei sterkte talgi, laga dei til ei vidjehempa som dei sette ned i talgi (medan ho var bråi) og hengde henne uppetter når ho hadde storkna. Denne vidjehempa kalla dei snar, eit snar (
HS).
snjedla, ei
/²ʃnjɛdla/
Vart sett rundt tranten på grisene når dei vart dregne ut for å slaktast. Sjå trantavijja (
HS).
snjedle, ein
/²ʃnjɛdlə/
Grisesnjedle, liten jarnring som dei sette i grisetrynet so ikkje grisen skulde få rota (
HS).
stèrkeknost, ein
Blanding av riven gamalost (ramost) og rjome, tilsett med salt. Fatost (sjå Garborg: "I heiane") (
HS).
stia, v
/²steiːa/
Gje husdyri fôr, stella i fjosen. Sogn, Hordaland og Ryfylke. Norrønt
stía 'stengja lambi av frå møderne sine', (norrønt
stía f 'kvi, garde til småfe') (
TH).
stripla, v
Gjera ei liti fòr. Dei sa t.d. at dei stripla potetene fyrste gongen dei hakka på dei (hyppa) (
HS).
strukka, ei
/²strʊkːa/
Brynebutt, slire el. kopp med vatn i til å bera brynesteinen i når ein slær (
HR).
stuttorvslætte, ei
/²stʊtːɔrvsletːə/
Slåttemark som berre kunne slåast med stuttorv, slått der det var bratt eller kronglete å koma til (
AIS).
støa, ei
/²støːa/
Aasen: "Underlag i Kornstabelen i en Lade" (
AIS).
sula, ei
/²siʉːla/
Aasen: "Gaffelformig Kløft hvorpaa man ophaler Fiskesnøret". (
AIS).
svåla, ei
/²svɔːla/
- normert svole
sæhar, adj
/seːhaːr/
- normert sædehard
Når ein åker er skrinn eller turr og lett, segjer dei han er sæhard = han treng mykje såkorn (
AIS).
taog, ei
/taʊːg/
- normert tåg, tæger
Rot på tre som vart kløyvd og nytta til å stramma ljå med. Fleirtal 'tægje' (
AIS). Vanleg.
tapse, ein
/²tapːsə/
Ein liten veratapse, ein liten uksatapse o.s.b. = liten rusken lurv (
HS).
tò, ei
/tɔː/
- normert tod
Tøde, gjødsla mark (
AIS). Norrønt
taða. Ordet
tadle, talle heng og saman med dette.
todagssletta, ei
Ein slåtteteig det tok to dagar å slå. Også eindagssletta (
AIS).
tògras, eit
/tɔːgras/
Gras frå gjødsla mark. (
AIS).
troa, ei
/²troʊːa/
Vassrette spilane på dei gamle trohesjane, før ein fekk streng (
AIS).
tunskaol, ei
/²tiʉːnskaʊːl/
- normert tunskål
Når dei heldt gjestebod, brudlaup eller andre veitslor i gamle dagar, tok dei mot gjestene ute i tunet med ei ølskål. Denne skåli kalla dei tunskåli (
HS).
tveggjemælland, eit
Ein åker som er so stor at det trengst 2 mælar korn til utsæd i han (
HS).
tvihending, ein
/²tveiːhəndeiŋg/
Ljå som ein held med begge hender (
AIS).
ulen, adj
/²iʉːln̩/
Når kjøt (helst) var lite salta og det hang i eit rom med lite trekk eller luftskifte, vart det ofte som ein myglasmak av det. Då sa dei gamle at det var ult (
HS). Sogn og Voss.
umloga, ei
/²ʊmːlɔːga/
- normert omloge
Buska under gjøringane på eit høy- eller halmlass (
HS).
utsvar, eit
Avgift, leigegodtgjerdsla for jordveg eller tufter (
HS).
vaog, ei
/²vaʊːg/
- normert våg
vaogagar, ein
/²vaʊːgagaːr/
- normert vågegard
Gard etter ei ufs eller eit harmralag til trygd for buskapen (
HS).
veratapse, ein
/²veːratapsə/
Liten ver. Sjå tapse (
HS).
viska, v
Knyta høy og halm i buntar for kyrne. "Viska ain vondedl" (
AIS).
vond, eit?
/vɔnd/
Emne, tilfang til eit sprake- eller risvedgjerde. Ordet er elles kjend, men ikkje frå desse kantar (
HS).
vondagar, ein
/²vɔndagaːr/
- normert vondagard
Emne, tilfang til gjerde av sprake eller risved (
HS).
vondedl, ein
/²vɔndədl̩/
- normert vondel
Samanvondla høy. Jamfør viska (
AIS).