Dialect words
1188 words from Vik i Sogn, Norway
Prologue
Samlingi byggjer på Hermund Skjørvo si samling publisert på 1950-talet og Arne Inge Sæbø si samling frå 1970-talet. I tillegg er Olav Skjerven si samling frå Bygdaboki teken med, og nokre ord har eg føydd til sjølv. Til slutt søkte eg gjennom Hans Ross si ordbok frå 1800-talet etter ord som han har notert i Vik.
Der eg har kunna har eg føydd til opplysningar om opphav,
utbreiing og slektskap til andre ord og andre språk og
dialektar. Til dette har eg nytta Grunnmanuskriptet,
setelarkivet til Norsk Ordbok og Nynorskordboka. Desse grundige
kjeldene ligg ute på nettet på adressa www.dokpro.uio.no. Eg har
også føydd til ei rimeleg presis gjengiving av uttalen i IPA-lydskrift. På nokre ord føreslær eg normering slik at dei kan gli lettare inn i skriftleg samanheng samt at det blir lettare å slå opp i andre ordbøker.
Torstein Hønsi, Heidrun/Haltenbanken 14. juli 2003
vaksande, eit
/²vaksandə/
Vaksande måne = dei tvo fyrste månekvartali (
HS).
vana, ein
/²vaːna/
- normert vanad
Ubya, skade. Døme: "Lat guten væ, han gjer ikkje noken vana". Sjeldhøyrt (
HS). Av eit
*vanaðr til norrønt
vana, øydeleggja, skamfara; jamfør norrønt
vanan f 'skamfaring'.
vandafaren, ein
/²vandafaːrn̩/
Ein som er vandsam og leid å matstella (
HS).
vandavegjes, adv
/²vandaveːjɛs/
Fara vandavegjes = gå til spille, verta øydt til ingen nytte, vera stole (
HS).
vannesa, ei
/²vanːeːsa/
Fjøl nede på ei dør som hindrar vatnet i å trengja inn. (
AIS).
vanngjerast, v
/²vanːjeːrast/
Vanveksa seg, "utvikle" seg i uheppi leid (
HS).
vannkant, ein
/²vanːkant/
"Skår eller hulning i kanten, f.eks. på en planke; et sted hvor der ikke er heel eller fuld kant" segjer Ivar Aasen. I denne tydingi er ordet brukt i bygdemålet her og. Dessutan er det brukt i ei onnor tyding (
HS).
vannmeigd, ei
Når eitkvart mislukkast eller gjekk galne vegen, sa dei at "da va vannmeigdi i da". Sjeldhøyrt (
HS).
vaog, ei
/²vaʊːg/
- normert våg
vaogagar, ein
/²vaʊːgagaːr/
- normert vågegard
Gard etter ei ufs eller eit harmralag til trygd for buskapen (
HS).
vaol, ein
/²vaʊːl/
- normert vål
Ein person som er vanhjelpen til noko. Sjå vaola (
HS). Sogn, Sunnfjord, Sunnmøre o.fl.
vaola, v
/²vaʊːla/
- normert våla
Vatla, fjaka o.s.b. Ikkje få arbeid frå hendene. Eit vaol, hjelpelaust, vatlevore, levande (
HS).
vaolebrok, ei
/²vaʊːləbroʊk/
- normert vålebrok
Hjelpelaust menneske. Kan nyttast når det er noko vedkomande ikkje får til. Sjå vaol, vaola (
HS).
vaolekalv, ein
/²vaʊːləkalv/
- normert vålekalv
vaolende, ein
/²vaʊːləndə/
- normert vålende
1) Velende, Matrøyr (
HR). 2) Skjellsord om person som det er lite med (
AIS). Nyislandsk
vélindi (völendi) n i fyrste tyding.
vaottera, v
- normert votera?
Verdsetja, "vurdere". Vyrdja. Sjeldhøyrt (
HS).
vasskrumme, adj
/²vasːkrʊmːə/
- normert vasskrum
Truten og stiv i nevane av væta og kulde (
HS).
vegavàre, adj
/²veːgavaːrə/
- normert vegvar
Når ein hest går og småskvett og ikkje er å lita på etter vegen, segjer dei at han er vegavar (vegvar) (
HS).
veiende, eit
/²vaiːəndə/
Fremste tverrtreet på ein slede eller kjelke (
HS).
velfarreis, ei
Siste reis. Ordet vart mykje nytta ironisk. Når einkvan hadde gjort ei fæl velta eller eit godt spikk, sa dei gjerne at han hadde gjort velfarreisi si (
HS).
velvoren, adj
/²vɛlvɔːrn̩/
Raust, romhendt. "Han kom velvoren dan karen" = han kom god, han kom ikkje tomhendt" (
HS).
vera ao felde, adj
Dativrest som tyder vera på ferde, ute att, særleg om noko gale (
AIS).
Vèraokji, f b
- normert Ver(r)åki
Mjølkevegen (
HS). Eigentleg 'Vetterråki', jamfør det vanlegare
Vetterbrauti 'vintergata, mjølkevegen'.
veratapse, ein
/²veːratapsə/
Liten ver. Sjå tapse (
HS).
vèsa, ei
Eit veikt og karakterlaust menneske, ein stakkar (
HS). Ogso i Nord-Norge.
vetlavinna, ei
/²vetlavinːa/
Fånyttig arbeid, arbeid som ein tjonar seg vekk med (
HS).
vètt, eit
/vetː/
Eggi åt spyfluga. (Indre Sogn: vitt) (
HS).
vetterstøda, ei
Sjø-aure som vert verande i ferskvatn um vinteren (
HR).
vidkvorven, adj
/²veiːkvɔrvən/
Som treng stort rom (Vik i So) (
HR).
vikkel, eit
Ørlite merke, teikn etter noko. Døme: "Saore hadde grott so fint atte da synte berre eit lite vikkel i hui itte da" (
HS).
vimen, adj
/²veiːmən/
Som kjenner seg vimlen; elgen, vimlen (Vik i So) (
HR)
vimren, adj
/²vimrn̩/
Som vil brjota seg; som lett vert vimlen (Vik i So). Vimren for brjostet (
HR).
vindblaome, ein
/²veindblaʊːmə/
- normert vindblåme
Svarte, stygge stormskyer. (Blåme: mørk regnsky) (
HS).
visarkjering, ei
/²veisarc͡çeːreiŋg/
Spåkjerring, trollkvinna (
HS).
viska, v
Knyta høy og halm i buntar for kyrne. "Viska ain vondedl" (
AIS).
vitra, ei
/²vitra/
Tidend, melding, greide; nyss (
HR). Norrønt
vitra.
voa, ei
/²vɔːa/
- normert vode
Ugreide, rot, røre (
HR). M.a. brukt i samanhengen: Ei togavoda, ei snørevoda, ei sladrevoda, ei fyllevoda o.m (
HS). Ei fyllevoda = mange fulle karar som går og vimar og held i kvarandre.
vòk, ei
/vɔːk/
- normert vok
Hol i isen på eit vatn (
AIS).
vòl, ein
/vɔːl/
- normert vol
Slagvòl, handvòl. Nytta til å berja korn (
AIS).
vond, eit?
/vɔnd/
Emne, tilfang til eit sprake- eller risvedgjerde. Ordet er elles kjend, men ikkje frå desse kantar (
HS).
vondagar, ein
/²vɔndagaːr/
- normert vondagard
Emne, tilfang til gjerde av sprake eller risved (
HS).
vondedl, ein
/²vɔndədl̩/
- normert vondel
Samanvondla høy. Jamfør viska (
AIS).
vospa, ei
/²vɔspa/
Tog eller tråd som er kome i ugreida, er vorte ihopvasa (
HS).
vovje, ein
/²vɔvjə/
- normert vodve
Gno. voðvi - kjøtrik muskel (
AIS).
vægje, eit
/²veːjə/
Når dei tala um einkvan, som det stod sers age av, sa dei ofte: "Da va vægje med dan karen". Dette ordet held på å døy ut (
HS).
vøykalivet, n
/²vɔiːkaleiːvə/
- normert veikelivet?
våfråst, ei
24. mars (
AIS). Av 'vårfrost'?