Dialect words | Grammatics | Dialect sample

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway

Prologue

jaosn, eit /¹jaʊsːn̩/ - normert jåsn
Eit gloande forvite menneskje som fer og nasar og skal sjå kva folk har fyre seg (HS). Sermerkt for Sogn. Verbet 'jåsna' høyrer og til, men Ross har tydingi 'fara med narrestrek, fjasa dumt'. I slekt med det nordnorske 'josse'.
jarseta, ei /²jaːrseːta/ - normert jordsete
Det høyet som var under i høystabben, det som låg nedpå tufti (HS). Vanleg i formi 'jordsete'. Formi 'jar-' er elles notert på Sunnmøre og kjem av genitiven 'jarðar'.
jasageit, ei /²jaːsajaiːt/
Hohare (AIS). Sjå jase
jase, ein /²jaːsə/
Hare. Vestlandet og indre Austlandet. Norrønt hjæsi, nytta som tilnamn (TH).
joka, v
Tyggja seint og mødesamt, ha munnen so full av mat at ein lite vinn tyggja (HS). Elles ukjent i denne tydingi.
jomfruspene, ein /²jʊmːfriʉspeːnə/
Liten kyrespene (eller sauespene) som det ikkje er mjølk i (HS).
jongje, ein /²joʊnɟ͡jə/ - normert junge
Matjunge. Matkniv, bordkniv. Dette ordet kan ein høyra ein hendegong enno - av svært gamle folk. Elles døyr det vekk (HS). Ordet var heller vanleg i bygdemåli, og er notert i fleire av nabospråki våre. Frå nedertysk.
jord, ei /joʊːr/
Dei gamle kalla jamt eit gardsbruk ei jord. T.d. Hopperstad var ein gard; men kvar einskilt bruk på garden var ei jord. Dei sa: Helj-Ola-joredna, Aodn-Ola-joredna, Eirik-Ola-joredna, Fremmand-Ola-joredna o.s.b. (HS).
jualibna, ein /²jiʉːaleibːna/ - normert jualivnad
Syndeliven, huskestova, lurveliven (HS). Ordet er og notert i Hardanger, og jualeven på Voss. Av verbet jua 'skrika, skråla'.
juleskjekjedl, ein /jiʉːləʃjeːc͡çədl̩/ - normert juleskjekel
"Dagen derpå" etter julefeiring (HS). Ein skjekel er ei skjelving, av verbet skaka. Engelske målføre har shackle 'skjelva'.
jura, ei
Talgi (feittet) kringum juret på ein sau eller ei kyr (HS).
jurfriskje, ein /²jiʉːrfriʃʃjə/
Når kyrne tek til å laga seg: gjera jur, segjer dei ofte at det tek til å verta jurfriskje under deim (HS).
jutalygn, ei /²jiʉːtalygn/
Stor lygn, kjempelygn (HS). Av jute 'storlygar, skrønemakar', avleidd av 'jøtul'
jøpa, ei
Frekk jentunge (AIS).