Ordsamling | Grammatikk | Målføreprøve | Lydskrift

Ordsamling

1188 ord frå Vik i Sogn

Føreord

paobeiten, adj - normert påbeiten
Adj. Påhitten, initiativrik (HS). Sogn og Sunnfjord.
pesen, adj ["pI:s*n]
Når korn og grasvokstrar er granne og veike, segjer dei at det er pése (HS). Notert frå Dalane til Sogn.
pikka, v
Når kornet er so laust i aksi at det trys or når dei køyrerdet inn, segjer dei at det pikkar (HS).
pir, eit [pi:r]
Lite og sjukleg barn (HS). Hertil høyrer adjektivet piren 'sjukleg, veikhelsa'. Nordhordland og Sogn. Engelske målføre har peer 'grann, tunn, veik'.
pirast, v ["pI:rast?]
Erta, narrast, apast. Døme: "Dei laog å pirtest itt 'an" (HS). Av pira 'pirka, stikka so smått'. Fleire målføre.
piskri, eit ["pIskri]
Spøkeri, skrymt (HS). Sogn og Nordhordland.
platt,
Sjå platten.
platten, adj
Fredfull, hugga, roleg. Døme: "Han fekk slik undaletykk: 'an trudde berre 'an vart ikkje platten","Da va ein fæle rasabul mæ 'an voks, da va alderplatt mæ 'an" (HS).
pòka, ei ["på:ka]
Hud på svin, svord (Vik, Hafslo i So). Sjå toka og boka. (HR).
punt, ein [pUnt]
Fjellgras med lange stive strå, for hestane var det farleg å eta punt, då kunne dei få kolikk/turrbola (AIS).
purkegaong, ein - normert purkegang
16 veker, graviditetstidi for ei purke. Dai va vekke ain haile purkegaong (AIS).
pyk, eit [pY:k]
Sinne, tyte, hardt temperament. "D'æ pyk i dan karen", segjer dei um ein som er snøggsint, som fyk upp med eit skitsinne (HS). Notert frå Ryfylke til Sogn.
pyke, adj ['pYke] - normert pyk
Ross: "full av Pyk, kjæk, freidig, energisk, heftig."
pyltr, ein ['pYlt*r] - normert pylter
Eit knyte med klæde, ein bylt (HS). Ogso notert i Gudbrandsdalen og i Sunnhordland.
pynt, ein
Bjoda pynten = bjoda odden, setja seg til motverja, gjeva "det glatte lag" (HS).
pysja, v
Pysja på seg - ha på seg meir klede enn turvande (HS).
pytta, v
Stengja. Døme: "Han va innepytta". "Eg pytt' atte hole" o.s.b. (HS). Hallingdal, Valdres og Sogn.
2000-2020 © Torstein Hønsi