Ordsamling | Grammatikk | Målføreprøve | Lydskrift

Ordsamling

1188 ord frå Vik i Sogn

Føreord

ødd, ei [ødd]
Vera i ødd = vera ivrig, uppglødd, "fyr og flamme" (HS). Sogn og Sunnfjord.
ødla, ei ["øddla]
Eit yverdrive elskverdig menneske (HS). Sogn, Voss og Hardanger.
ødleblid, adj ["øddlebli:]
Søtblid (HS).
økkel, eit
"Vokster", kjøtklump - helst i andlitet eller andre stader i hovudet (HS). Samanheng med auka, veksa.
ørbudla, ei ["ø:rbUdla]
Fara i ørbudla. Vera "oprømt", tala slik at folk ikkje skynar kva ein meinar (HS).
øva, v ["ø:va]
Øva seg = veksa, "heve" seg. (Ross: eva seg) (HS)
øva seg, v ["ø:va se:g]
So vidt rikka seg? Mest um båt som med naudi greider båregang og motvind. "Baot'n kann 'kje øva seg yve baoredna eingaong" (HR).
øye, adv ["åi:e] - normert øgje, øge
Veldig, uvanleg. "Da va øye artigt å sjao", "Da va no øye te mas". Av adjektivet øgjen 'skræmeleg, fæl, øgjeleg' (TH).
øyelaust, adv ["åi:eleust]
Uvanleg, veldig (HR). Sjå øye.
øygle, adj ["åigle] - normert øgjeleg
Nifst, kaldsleg. Når dei står uppe på eit høgt flogfjell og ser utfyre, segjer dei det er øygle (HS). Fleire målføre.
2000-2020 © Torstein Hønsi