Ordsamling | Grammatikk | Målføreprøve

Ordsamling

1188 ord frå Vik i Sogn

Føreord

borre, ein /²bɔrːə/
Aasen: "Burre, Urt med små Haker paa Blomsterhovedene" (AIS).
gagl, ein /¹gagl̩/
Flokk. Ein rjupegagl t.d. (HS). Dette ordet er nedskrive berre i Vik og i Fjærland. Ei 'gagl' er på nynorsk og norrønt ei villgås, og truleg er vårt ord ei samantrekkjing av eit eldre ord for 'ein flokk med villgjæser', t.d. ein 'gaglflokk'.
gagla, v /²gagla/
Gagla seg ihop = flokka seg. Mykje brukt (HS). Danna til ordet ovafor.
gandunge, ein /²gandoʊnɟ͡jə/
Sureple, eple av ein vill apal (HS). Denne tydingi, samt tydingi 'trollsleg, lei unge' er notert berre i Sogn.
grene, eit /²greːnə/
Rovdyrbøle, hi. Røvagrène (Revgrène) - revehi, rev med ungebøle. Dette ordet vert ogso brukt i ei onnor meining. "Da æ eit fæle grène" segjer dei um ein huslyd (eller ei grend) som syndast og held jualevnad (HS). I andre målføre helst i formi 'gren'. Det har vore føreslege at gardsnamnet Grønsberg kjem av dette.
hyvakse, eit
Dun som veks på tre (AIS). Av hy, noko lode. Norrønt .
jasageit, ei /²jaːsajaiːt/
Hohare (AIS). Sjå jase
jase, ein /²jaːsə/
Hare. Vestlandet og indre Austlandet. Norrønt hjæsi, nytta som tilnamn (TH).
kratlen, adj
Kratleskog, småskog, "forkrøbla" skog (HS).
kratleskog, ein
Sjå kratle (HS).
kvaoe, ein /²kvaʊːə/ - normert kvåde
Kvade, harpiks (HR).
kveldsøva, ei /²kvɛlsøːva/
Kveldsvæve; løvetann (Vik, Underdal i So) (HR).
lævesja, ei
Stendigt grønt tekke av mose eller gras yver ei liti kjelde som aldri frys til (jamfør tidvesje) (Vik i So) (HR). Jamfør 'læ' og 'vesje' (tekket tykkjest ihopfløkt).
myla, v /²møyːla/
1) Småflina, dra på smilen (HS). 2) Når fisken er sovidt upp i vass-skorpa at det vert ein liten ring i vatnet etter han, segjer dei at han myler (HS). Berre i Sogn. Begge tydingane heng saman med mule m
nebbesild, ei /²nebbəsild/
Eit tunnvakse, langleitt og kvassnasa kvinnfolk. Kalling (HS). Fiskeslaget horngjele.
nordanskredla, ei /²noʊːraskredla, ²noʊːraʊskredla/ - normert nordanskrelle
Ein trekrjupar (Vik i So) (HR). Ross oppgjer ikkje uttalen, men det er truleg at 'nordan-' vert til [no:ra-] eller ["no:rao-].
nòta, ei /²nɔːta/ - normert note
1) Brennenote, brennenesle. 2) Um ein spræk kar (Vik, Luster i So) (HR).
punt, ein /pʊnt/
Fjellgras med lange stive strå, for hestane var det farleg å eta punt, då kunne dei få kolikk/turrbola (AIS).
skarrfugl, ein /²skarːfʊgl/
Skararjupe (Vik i So) (HR).
skårakong, ein /²skɔːrakoʊŋg/ - normert skorakung
Plante det vert laga krydder av (AIS). Bergmynte eller oregano (origanum vulgaris).
steindylp, ein /²staiːndylp/
Fugl som dylpa når han sit, dvs. rykkjer med hovudet (AIS).
to(l)kn, ei /tɔkn̩, tɔlkn̩/
Gjelle (AIS). Ogso i andre målføre.
trollkonesopedl, ein /²trɔlːkɔːnəsoʊːpədl̩/ - normert trollkonesopel
Tett vase av småe greiner - helst på leggen av ei bjørk (HS).
tvinytla, ei /²tveiːnytla/
Tvo neter (nøtter) som har vakse saman til ei (HS).
vètt, eit /vetː/
Eggi åt spyfluga. (Indre Sogn: vitt) (HS).
vetterstøda, ei
Sjø-aure som vert verande i ferskvatn um vinteren (HR).