Ordsamling | Grammatikk | Målføreprøve | Lydskrift

Ordsamling

1188 ord frå Vik i Sogn

Føreord

augnapaodl, ein ["eugnapaod*l] - normert augnepål
Ein som glor, ein med glanande augo. Opphaveleg vednemne på ein Pål? Vik og Aurland (HR).
aukje, ein ["eu:kje] - normert auke
Raspeball, kan og nyttast som skjellsord: Din eukje (AIS). Heng saman med auka, 'veksa'.
aurgrim, ein ["eu:rgri:m]
Ein som er grimut og skiten i andlitet, ein skitnesam kar. Kalling (HS).
avaot, eit ["a:vao:t] - normert avåt
Uty, helst om insekt som gjer skade, lus og lopper. "Han fekk avaot pao seg". Kan ogso brukast som skjellsord (TH).
avrak, eit ["a:vra:k]
Ein som skeidar ut, mislukka individ (HS). Ordet er kjent frå heile landet. Heng saman med verbet 'å reke'. Frå Kyrkjebø er ført opp uttalen "ao:ra:k . Sjå ogso 'faorak'.
bauredl, ein ["beu:red*l] - normert baurel
Kallenamn laga til verbet baura 'bura seint og sinna ned mot jord, um stutar og kyr, når dei etter folketrui ser vardyvle (Sogn)'. Eit vardyvle var ei fylgjeånd, eit vette som fylgde eller gjekk fyre eit menneske (TH).
brælekodla, ei ["bre:lekådla]
Menneske som aldri gjev tol, som bræler med eitkvart støtt. Kalling (HS). Jamfør nynorsk kolle f 'hodyr utan horn, særleg av elg, hjort og storfe'.
budlekurre, ein ["bUdlekUrre]
Ein som snakkar ugreidt, er budlen i målet. Kure trur eg er gamalt namn på smalen. Når dei kallar på sauene segjer dei endå: "Kure - kuradne mine, dao!" (HS). Eg finn ikkje anna belegg for dette, men kurre er brukt som lokkeord på sau ogso i Nordfjord og i Austfold (TH).
bønalag, eit ["bø:nala:g]
Helst brukt ironisk. Når nokon brukar kjeften og bannar og englar, segjer dei gjerne: "Da va eit fint bønalag han brukte" (HS).
dauhengjast, v ["deu:hainGast]
Ikkje ta seg til med noko slag, vera heilt gjerandslaus (HS).
deigla, ei ["daigla]
Eit tungvint, dove og rote kvinnfolk (HS). Ei deigle er eigentleg eit 'kjærald til å bræda metall i' dvs. ein digel (TH).
didlefika, ei ["dIdlefI:ka]
Fara med didlefika - vera uppølt, arbeida meir enn ein hev godt av, arbeida for vellæte eller venskap (HS). Sjå fika.
didlefIm, adj ["dIdlefim] - normert dillefim
Vera didlefim - vera hundetru, "underdanig", krjupa og smeikja for deim ein har yver seg (HS). Ogso nedskrive i andre bygder.
dritefika, ei ["drI:tefI:ka]
Ironisk. "Da vart slik dritefika mydlo dei" - dei var unaturleg blide med kvarandre, gjorde seg til augetenarar for einannan. Slikt blidlæte og venskap plar ikkje vara lenge. Mykje bruka (OS). Sjå fika.
dritord, eit ["drI:to:r]
Fantord, "stikkpiller" (HS).
dryl, ein [dry:l]
Seinrøyven kar, ein som er lang og ulenkeleg og sein og stiv i rørslene (HS). Ogso kjent frå Hordaland og Ryfylke. Nyislandsk har drjóli 'stor og sterk kar'.
dunefukka, ei ["du:nefUkka] - normert dunfukke?
Eit kvinnfolk som fer med skur og bråk og likevel ikkje får arbeidet undangjort. Kalling (HS). Ei fukke var eit lite, trekanta segl framfor masti på jektene. Kva samanhengen er, veit eg ikkje (TH).
duvl, eit ['dUv*l]
Eit lite rundvakse og tjukkfalle kvinnfolk (HS). Dette må vera jamføring til nynorsk duvl n 'trestykke eller kagge som vert fest til garn eller linor i sjøen til å syna kvar dei stend', also ei blåse. Elles har Ross ført opp tydingi 'noko som hindrar eller er i vegen for arbeidet åt ein; serleg nytta kjælande til og um småborn'. Denne tydingi fann han på Voss og i Sogn.
dysting, ein ["dYsting]
Tankelaus galning, ei slya (HS). Ogso i andre målføre.
faorak, eit ["fao:ra:k?]
Evnelaust og duglaust menneskje som tek seg gale til, slær seg på sløys (HS). Truleg ei samanstilling av adj 'teiande, fåmælt, lite fyre seg, sturen' og avrak n, sjå det. Ein 'faoing' var på sognamålet ein 'styven stakkar utan makt og tiltak'.
faotøkje, eit ["fao:tø:Ke] - normert fåtøke
Ein som hev småe evnor, ei armod, olmose; serleg um ein som det ikkje er noko tak i, ein tufs (Vik, Aurland i So) (HR). Jamfør norrønt fátoki 'fatigdom'.
fetlingabjore, ein ["fetlingabjore]
Kalling. Eigentleg overlæret, pløsa i ein sko, jamfør fetling og bjore (TH).
fjufjakk, ein [fjufjakk]
Ein vimsete person som fjatlar bort dagen? (AIS)
flinhakje, ein ["fli:nha:Ke]
Flinsken kar, ein som flirer og ler åt folk (HS). Ein hakje eller hake tyder her ein skjelm, ei tyding som er notert i Fjordane og på Sunnmøre. Flinhakje er ikkje nedskrive andre stader.
frostbogje, ein ["fråstbå:je] - normert frostboge
Frosenpinne. Fleire målføre (TH).
, ei [fU:] - normert fud
Kyns-lemer (vulva), på hodyr, t.d. på marar; bakende og kynslemer (HR). Norrønt fuð- i sms.; jamfør islandsk fuð, nord-engelsk fud 'bakside, vulva'.
fuvette, eit ["fU:vette?]
Ein fjott, ein vetling, ein som er stutt-tenkt og lite fyre seg. Kalling (HS). Fyrsteleddet er truleg 'fùd', sjå det.
fydlevoa, ei ["fYdlevo:a]
Mange karar som går og vimar og held i kvarandre. Sjå voa (HS).
fækja, ei ["fe:Ka]
Sedlaust kvinnfolk, ludder. Sjeldhøyrt (HS). Nedskrive i Sogn og Fjordane, Hordaland og Ryfylke i omlag same tyding. Omlaging av 'vækje', som i trøndermålet sitt 'veikj'.
glòn, ei [glå:n]
Menneske som glor eller glanar ("glån" Vik i So), (HR). Til glana (eit norrønt *glon).
glòpur, ei ["glå:pU:r]
Ur med store hol millom steinane. Fleire målføre. I Sogn blei det og brukt skjemtande om ein slukhals, gløyp (TH, HR).
Graoamerri, f b ["grao:amerri]
Skjemtenamn på fengselet. Rida Graoamerri = koma "på huset", verta sett i fengsel (HS).
graokodla, ei ["grao:kådla] - normert gråkolle
Lus. Skjemtenamn (HS). Ordet har i andre målføre - ogso i Sogn og Fjordane - vore brukt om ei plante, visstnok myrull eller myrfivel.
greiva, v ["grai:va]
Ha mykje um hende, ha mykje å grisla med. Kan ogso tydast tilgjerdsla, at ein vil vera meir til mann enn ein er. Døme: "Han faor noke te' greiva med han so æ åleina badn å so rike so dei æ. "Han fór å greiva med so mykje papen, han tyktest visst væ noke" (HS). Berre notert her.
grytehund, ein
I ei rettsak på Hopperstad på 1600-talet blir ein mann stemna for å ha sagt til naboen at "du est een Grydehund". Det må ha vore svært nedsetjande, truleg ein hund som går og sleikjer gryter (TH).
hallkatla, ei ["hallkatla]
Eit gapande toske kvinnfolk (HS). Hallkatla var eit kvinnenamn i eldre tid, og er ein variant av Hallkjell. Den siste Hallkatla i Vik døydde i Nummedal på 1700-talet. Ei av desse kvinnene må ha utmerka seg so negativt at namnet vart eit skjellsord.
haltebjaongs, ein ["haltebjaongs]
Kalling om ein som haltar. Sjå bjaongsa (HS).
halvhempa, ei ["hallhempa]
Om kvinnfolk som vil gjera seg finare enn dei er. Egt. halvt "bondsk" og halvt finare kledd (AIS).
handafitl, eit ["handafIt*l]
Eit menneske som skal ha hendene i alle ting (HS). Norrønt fitla 'røyva med fingertuppane'.
haokjen, adj ["hao:Ken] - normert håken
Gløymsken, håttelaus, distrè. Ein haok = ein håttelaus og gløymsken kar. (HS). Denne tydingi ser ut til å vera spesiell for Vik og til dels Voss. I Indre Sogn er tydingi 'tosken, seintfattande'. I andre målføre tyder håken 'lang og mager; hol, slapp og sljo i andletet; holsvolten' eller berre jamt over nedfyre og medfaren.
haugatysja, ei ["heu:gatYSSja]
Huldrekvinnfolk, haugtussa. Er no mest berre brukt som kalling og tyder eit kvinnfolk som er folkesky, mannstygg, trollski (HS). Ogso brukt i Hordaland.
haugbu, ein ["heu:gbu:]
Einstøding, raring (HS).
herkjedl, ein ["herkjedl]
Rangvis og "egen" kar, ein som vil gå sine eigne vegar og som står på sitt anten det er vist eller gale (HS). Ikkje notert andre stader.
hops, eit
Narrevore, hakelaust menneskje, eit spjok. Kalling (HS). Ikkje notert andre stader.
jaosn, eit ['jaoss*n] - normert jåsn
Eit gloande forvite menneskje som fer og nasar og skal sjå kva folk har fyre seg (HS). Sermerkt for Sogn. Verbet 'jåsna' høyrer og til, men Ross har tydingi 'fara med narrestrek, fjasa dumt'. I slekt med det nordnorske 'josse'.
jøpa, ei
Frekk jentunge (AIS).
kaldglya, ei ["kallgly:a]
Kaldt ver med eit tunt skylag. Vart ogso nytta som kalling. Ei kaldglya - ein tungleg, kaldtekkjeleg kar (HS). Ogso notert frå Valdres i fyrste tyding. Adjektivet kaldglyen 'gråkald' høyrer til.
kaldun, eit - normert kalun, kallun
Når dei slakta (i gamledagar), flekte dei kyravembene (og smalavembene). Det som var innvendes i magesekken, kalla dei kaldun, det andre kalla dei sjao (skjå). Dette namnet vert ogso brukt som kalling. Eit kaldun er eit ureinsleg og kaldtekkjeleg menneskje. Døyr vekk (HS). Av latinsk opphav.
kaohodn, eit ['kao:håd*n] - normert kåhorn
Eit illske og nyve kvinnfolk. Kalling (HS).
kaossa, ei ["kaossa] - normert kåsse
Eit tjukkfalle, feitt tungvint menneskje (HS). Sermerkt for Sogn i denne tydingi, men svenske målføre har kåss n 'seinført menneske, ureinsleg kvinnfolk'.
kjaoster, eit ['Kaoster]
Ein som slit og strevar utan nokon verknad. Også nedsetjande om person som masar og tyt (AIS).
kjeigla, ei ["Kaigla] - normert kjegle
Eit vrangt og tvert menneskje (HS).
klagarspott, ein ["kla:garspått]
Ein som er leid å klaga til foreldri (eller andre) når hine ungane har vore etter han. Kalling (HS).
lakabodl, ein ["la:kabåd*l]
Sjå lakje (HS) og bodl.
lakabrok, ei ["la:kabro:k]
Sjå lakje (HS).
lakje, ein ["la:Ke] - normert lake
Ein stakkarsleg kar, ein lurv til kar. Kalling. Elles ymse utvekstrar, som: Lakabrok, travalakje, lakabodl o.s.v. (HS). Vanleg kalleord i fleire målføre, truleg etter fiskenamnet lake.
laongalaon, ei ["laongalao:n] - normert langelån
Når einkvan har lånt vekk noko som dei ikkje tenkjest få att, segjer dei gjerne: "Da verte loangalaoni detta, tvila meg fyre" (HS).
laongambar, ein ["laongambar] - normert langambar
Skjemtenamn på magen. Ha noko i langambaren - eta det upp (HS). Av ambar, eit spesielt trekjerald, frå latinsk amphora via nedertysk.
lavdeia, ei
Eit seinvore, duglust kvinnfolk, ei som sit mykje og laver (HS). Sisteleddet er deie 'tenestejente', same som i 'budeie'.
lusapysja, ei ["lu:sapYSSja]
Ureinsleg menneskje, ei som går unaudleg tjukt klædd og som sjeldan byter klædi. Kalling (HS).
meinkrok, ein
Prettesam kar, ein som er leid å gjera til meins for folk (HS).
migsøytla, ei
Ei/ein som ikkje kan halda på vatnet under svevn. Sjå søytla (HS).
mosavetrang, ein ["må:savettraong] - normert mosevetrang
Dette ordet vert no berre brukt til kalling. Upphaveleg tyder det visst eit årsgamalt fenadbeist som for det meste vart fødd med mose, og som hadde utsjånaden deretter. Som kalling tyder det eit stakkars krek, ein som berre sovidt heng i skinnet. Sers vanvyrdjande (HS). Sisteleddet vetrung av norrønt vetrungr 'årsgammalt dyr', ei avleiing av vetr 'vinter'.
mutlefu, ei [" mUtlefU:] - normert mutlefud
Eit menneskje som er vatle og lite fyre seg og ikkje får arbeidet frå nevane. Kalling (HS). Fyrsteleddet er mutla v 'arbeida smått, pusla'. Andreleddet er fud f 'bakende og kjønnslemmer på hodyr'. Sjå det.
mysla, ei ["mYsla]
Ein vetling, stakkar, ei olmosa (HS). Ogso notert i Telemark. Vanlegare i andre målføre er 'mysling' i same tyding. Norrønt mysla f, myslingr m, eigentleg 'liti mus'.
mætyre, eit ["me:tY:re] - normert mætyrde
Når einkvan var leid og slengen i kjeften og "skjenkte yverlag", ikkje sette nokon att, sa dei gamle: "Han ha eit mætyre te adle". ("Ei sleva te adle", sa dei og) (HS). Fyrsteleddet er mæta, sjå det, andreleddet er ei inkjekjønnsavleiing av ord. I Nordhordland er notert spityrde n.
nebbesild, ei ["nebbesIld]
Eit tunnvakse, langleitt og kvassnasa kvinnfolk. Kalling (HS). Fiskeslaget horngjele.
raonggjera, ei ["raongje:ra] - normert ranggjere
Eit rangvist menneske, ein kranglefant (HS). Sermerkt for Indre Sogn.
raosbæra, ei - normert rådsbære?
Eit kvinnfolk som vil rikja og rå, styra både stakken og broki (HS).
rasabul, ein ["rasabU:l]
Ein villstyring, uregjerleg krabat (HS). I Gudbrandsdalen er notert 'råsåbål' i same tyding, som kan vera same ordet. Ordbøkene har fleire døme på negative samansetjingar med bul; ugagnsbul (Nordhordland), ulukkebul (Nordfjord) og herjabul (Sogn).
rasanderua, ei
Viltert kvinnfolk (HS).
reianderøv, ei ["rai:anderø:v]
Ungar som ikkje sit i ro, eller strebarar som må gjere noko heile tida (Tone Merete Lillesvangstu).
reieskjit, ein
Yngste guten i eit syskinlag (HS). Fyrsteleddet må vera reir.
rotareigla, ei ["rå:taraigla]
Lang og keidsam soga som det ikkje er noko poeng i (HS).
rubodl, ein ["ru:båd*l] - normert ruboll
Kalling. Jamfør bodl (TH).
rutlekodla, ei ["rUtlekådla]
Ein som ikkje har kjeftarhald, ein som fortel alt han høyrer og ser (HS).
saobyrsa,
Skjemteord. Skjota med såbyrsa - fisa (HS).
sauasjuga, ei
Eit menneske som det står liten age av, ein som ingen lyder (HS). Av sjuga 'jaga, skremma ved å seia "sju!".'"
seingjarøyta, ei - normert sengjerøyte
Ein som har lite arbeidstrott, står seint upp um morgonane og elles held seg mykje i sengi (HS). Jamfør rjota 'snorka'. "Han liggje og ryte og søve".
skivrei, ei - normert skivreid
Eit kvinnfolk som er karsleg i fakter og ferd, ei som er mykje fyre seg og ikkje reknar so mykje med sømd og fin framferd (HS).
skjemdavètte, eit ["Sjemdavette]
Uvyrde menneskje, ein som fer soleis åt at han er til skam både for seg sjølv og andre (HS).
skòbb, eit [skåbb]
Eit kvinnfolk som er mykje fyre seg, ubljug, frekk (HS).
skrubbelur, ein [skrUbbe'lU:r]
Kalling. Ein grovsleg og rusken kar (HS).
skundao, ["skUndao]
Skjemtenamn på livsykje, diarè. Dørlikkao var eit onnort skjemtenamn på denne sjukdomen (HS).
sleva, ei ["sle:va]
Slengord. Han fekk ai sleva itte seg. Sjå og mætyre (HS).
sliskjen, adj ["slISSjen] - normert slisken
Søt, smeikjen, "innsmigrande", smiskjen (HS).
slobeist, eit ["slobaist]
Sjå sloe (HS).
sloe, ein ["slo:e]
Lat, doven, kar som går og larkar og ikkje legg strå i kross. Døme: "Han gaor dar å drege seg, dan store, laonge sloen, å gjer' ikkje gaongande gott". Elles ei lang rad med kallingar: Rotasloe, slobeist, slotrog, slotryedl o.s.b (HS).
slotrog, eit ["slo:trå:g]
Sjå sloe (HS).
slotryedl, ein ["slo:try:ed*l]
Sjå sloe (HS).
slups, eit? [slUps]
1) Snjoslups. Våt snjo, halvt snjo og halvt regn. 2) Skamlaust og ufyse kvinnfolk (HS).
slya, ei ["slY:a]
Eit likesælt og vyrdlaust mannfolk, ei ukjura (HS).
slyen, adj ["slYen]
Likesæl, avleiden, "sløv" (HS).
slørp, ei [slørp]
Eit skamlaust kvinnfolk (HS).
snakeraps, ein ["sna:keraps]
Ein som for og snoda og snaka kring gardane. Kunde og tyda ein som var særleg snak og ikkje var til tru (at han kunde stela) (HS). Av snak adj 'grådig, hæken'.
snipa, ei ["sni:pa]
Eit gjerrug kvinnfolk, ei som ikkje gjev vekk noko (HS).
solrøven, m b ["so:lrø:ven] - normert solreven
Tyngsle og trøyttleik, hug til å lata seg, som fell på ein i solskinsver. (Eigentleg skjemt., solvarmen vert samanlikna med ein lurande rev). (Vestl, Tel, Hal, Val). "Eg er redd solrøven tek oss" (TH)
soprei, ei ["so:prai:]
Umsynslaust kvinnfolk, ei som gjer reint bord, som sopar i veg og ikkje ser seg fyre (HS).
spjok, eit [spjo:k]
Narrevore menneske, helst slike som vil fara med stormannsfaktor og klæder seg "narraktigt" (HS).
sprakasigle, eit
Eit kveikjande snøggsint menneske (HS). Jamfør at spraken (einer) logar fort opp når han vert kveikt.
stundaredde, adj ["stUndaredde] - normert stunderedd
Døme: "Han æ kje stundaredde", vert sagt um slike som ikkje tek det so nøgje um dei hefter vekk stund av arbeidstidi (HS).
surasigga, ei ["su:rasIgga]
Eit surt, påbere kvinnfolk. Kalling (HS).
svèrka, ei ["sverka]
Eit vitlaust, hysterisk kvinnfolk, "en furie" (HS).
svòrbit, eit ["svå:rbI:t]
Avåt, "utøi". Eit svòrbit kan ogso tyda ein som er gniten, småleg, um seg etter vinning på alle leider (HS).
svultasao, ei ["svUltasao:]
Svolting, ein som aldri vert mett. Kalling (HS).
søtatonga, ei ["sø:tatonga]
Ein som er fin og søt i pratet, ein som smigrar og smeikjer og ikkje meinar noko med det, eit "falskt" menneskje" (HS).
tanngjisk, ein - normert tanngisk
Ein som fliner og ler åt folk. Kalling (HS).
tavr, eit ['tav*r]
Ein som er lite for seg. Eit tavr ti å eta, sa dei. Sjå tavra (HS).
tavrety, ["tavrety:]
Vart nytta om huslyd som var lite fyre seg, lite tiltakssame (HS).
tjon, [Ko:n]
Ein duglaus person (AIS). Jamfør tjona.
tòa, ei ["tå:a] - normert tode
Jente som ikkje var til noko (AIS). Jamfør tò.
tòbrok, ei [tå:brok]
Møkabrok, ein vaol (AIS). Mannfolk med lite vilje og tiltak i, ein som ikkje kjem seg til med noko og som lite veit kva han vil. Kalling (HS). Serleg ein som gjeng seint og stygt (HR).
tokje, ein ["to:Ke] - normert toke
Ein evnelaus og tankelaus kar, ein fåming, idiot (HS). Ogso i Hordaland og Sunnmøre.
tokkaløysa, ei ["tåkkalåi:sa] - normert tokkeløyse
Tosket menneske som hugsar lite (AIS).
travalakje, ein ["travala:Ke] - normert travelake
Sjå lakje (HS). Ogso travalarkje.
tufl, eit ['tUf*l]
Eit fåtenkt og fådugeleg kvinnfolk, eit stakkarsting (HS).
turrnavar, ein ["tUrrna:var]
Mindre begåva person. "Han va ein turrnavar i skulen". Frå Sunnhordland er ordet navar notert i tydingi 'tufs, sæling'. Eigentleg er det ein handbor (TH).
tvèrrkjeksa, ei ["tverrKeksa]
Ubeinig menneskje. Ogso eit trettekjært menneskje, ei ranggjera (HS).
tyl, ein [ty:l]
Ordboki si forklaring 'styving, tosk' er ikkje heilt dekkande, då høver Oddvar Torsheim si forklaring "intelligent tosk" betre. Sunnmøre, Fjordane, Sogn og Voss (TH).
typsa, ei ["tYpsa] - normert tyfse?
Klædefilla. Ordet vert og brukt um eit kvinnfolk som lyt tvoga og arbeida og likevel er lite umtykt (HS).
tysl, eit ['tYs*l]
Eit tankelaust, fåtenkt og fådugeleg kvinnfolk (HS).
utre, eit ["u:trI:]
Eit rangvist, ubyesamt menneske (HS). Sogn og Hardanger. Eigentleg eit vride eller lite brukande tre el. trestykke.
vaol, ein ["vao:l] - normert vål
Ein person som er vanhjelpen til noko. Sjå vaola (HS). Sogn, Sunnfjord, Sunnmøre o.fl.
vaolebrok, ei ["vao:lebrok] - normert vålebrok
Hjelpelaust menneske. Kan nyttast når det er noko vedkomande ikkje får til. Sjå vaol, vaola (HS).
vaolekalv, ein ["vao:lekalv] - normert vålekalv
Sjå vaol (HS).
vaolende, ein ["vao:lende] - normert vålende
1) Velende, Matrøyr (HR). 2) Skjellsord om person som det er lite med (AIS). Nyislandsk vélindi (völendi) n i fyrste tyding.
velfarreis, ei
Siste reis. Ordet vart mykje nytta ironisk. Når einkvan hadde gjort ei fæl velta eller eit godt spikk, sa dei gjerne at han hadde gjort velfarreisi si (HS).
vèsa, ei
Eit veikt og karakterlaust menneske, ein stakkar (HS). Ogso i Nord-Norge.
ødla, ei ["øddla]
Eit yverdrive elskverdig menneske (HS). Sogn, Voss og Hardanger.
ørbudla, ei ["ø:rbUdla]
Fara i ørbudla. Vera "oprømt", tala slik at folk ikkje skynar kva ein meinar (HS).
2000-2020 © Torstein Hønsi