Gardar og bustader i Vik i Sogn

Bilete og litt info om gardar i Vik.

I denne delen av Vikjavev.no har eg samla bilete av ein del gardar i Vik. Målet med dette er sjølvsagt fyrst og fremst å ha noko på putla på med, dernest å forsøkja å visa korleis det eigentleg ser ut på garden - kanskje spesielt for norsk-amerikanarar som har røter i Vik og generelt er veldig interesserte i slikt. Eg bruker kart og oversiktsbilde og delvis 360º panoramabilete for å visa korleis garden ligg i landskapet, og foto frå ymse vinklar for å visa tunskipnaden. Mange av bilda er tekne med sterk zoom-linse frå næraste fjell og ser ut nærmast som flyfoto. Hus og tun som ikkje høyrer til den aktuelle garden har eg gjort uskarpe på bilda.

Gard og bruk
Omgrepa gard og bruk kan virka forvirrande. Gard blir ofte brukt om eit enkelt gardsbruk. I tillegg blir omgrepet brukt om ei gruppe enkeltgardar som har same namn og matrikkelnummer og opphaveleg har vore ein enkelt gard - som til dømes Hønsi, Hove, Orvedal og alle dei andre gardane på menyen til venstre. Mange vil finna det naturleg å kalla dette grender. Men tradisjonen i lokalhistorien på Vestlandet er altso å kalla den enkelte garden for eit bruk og matrikkelgarden eller namnegarden for ein gard.

Tunskipnad
Dagens tunskipnad med gardstun og bustadhus spreidde jamt utover jordbrukslandet skil seg mykje frå korleis det såg ut for 200-150 år sidan. På den tidi var husi samla i klyngjetun, slik at t.d alle bruk på Hønsi hadde husi sine samla på eit lite areal der Jenstunet ligg i dag. Eigedommane til kvart bruk var små teiglappar som låg innimellom dei andre bruka sine teigar. Dette systemet med klyngjetun og teigblanding var oppstått som eit resultat av at garden var delt opp mellom sysken fleire gonger. Når to sysken delte garden, bygde gjerne den eine seg fyrst ei ny stova medan dei delte på driftsbygningane, etterkvart bygde dei seg nye hus og til slutt var gardane heilt skilde. Teigane blei delte ein og ein. Det ville ikkje vera rett viss den eine sonen fekk ein god kornteig på Flåten og hin fekk ein skrapeteig i Marki - difor blei begge delte i to. Hønsi som var ein enkelt gard på 1500-talet hadde på slutten av 1800-talet vorte delt opp i seks bruk - få i høve til mange andre gardar - og teigane var berre nokre små lappar. I løpet av siste halvdel av 1800-talet blei det gjennomført jordskifte på dei fleste gardane i Vik, slik at kvart bruk fekk færre og samanhengande teigar, og bøndene flytte ut frå klyngjetunet og bygde seg eigne tun på eigedommane sine.

Skrivemåte
Skrivemåtane for gardsnamni kan skilja seg noko frå det folk er vande med frå telefonkatalogen, men det er viktig å skilja mellom stadnamn og etternamn. Etternamni i Vik er ofte baserte på eldre dansk rettskriving - og feilskriving! Skrivemåtane eg bruker er rette i høve til Statens Kartverk sine Forskrifter for skrivemåte av stadnamn, som slær fast at stadnamn skal skrivast i høve til dagens nynorske rettskriving og lokal nedarva uttale.
Vik frå Øvstegalden
Bøadalen frå Veberg
Framfjorden
Bøadalen frå Varpet
2019 © Torstein Hønsi