Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

Ygnes-

["Ygnes-]

Ygnesdal heiter fjellstølen til garden Tryti. Stølen ligg i eit trangt dalføre med bratte fjell på båe sider. Ei nokså stor elv renn gjennom dalen. Ho renn i fossar og stryk bortsett frå på 3-4 stader nede i dalen. Lenger oppe, der folk som skulle til Arnafjordfjellet og Eksingedalen og Modalen, måtte gå over henne, var, før vegen kom, berre eit vad, og det heitte karakteristisk nok Styggavadet.

Utmerkingslekken i stølsnamnet er nok opphavleg eit namn på elva. Elva må ha heitt Ygn og vera laga av adjektivet gn. uggr med ni- suffiks, der i'en har verka omlyd. Suffikset ni vart ved sida av nó bruka til å laga elvenamn jamfør J. Sverdrup sin artikkel i "Mål og minne" om elvenamnet Vefsn.

Namnet "den farlege" eller "den skræmelege" måtte vera eit råkande namn på Ygnesdala. I regnver "flyg" ho fort opp, og då kan ho bli så stor at ho ikkje er til å vada over på sandgrunnane nede i dalen ein gong.

Den tid dalen fekk namn, må elvenamnet ha vore oppfatta som hankjønnsord, eller og kan genitiv s'en ha kome inn seinare ved analogi.

2000-2020 © Torstein Hønsi