Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

Leine-

["lai:ne-]

Leinehovden er øvst i Fjærestadlidi, ikkje langt frå Hovden. Leine - kan koma av gn. hlein f (sjå grunnord) og vera eit vitnemål om at der har vore eit stadnamn *Lein som no er borte. Nokon annan samanheng mellom hovde m = rundt fjellhamar og lein f = lett hallande terreng er vanskeleg å tenkja seg.

Leine- kan og koma av gn. lein f = kvile i ro og tryggleik (Fritzner), for ikkje langt i frå er ein støl og eit stykke bak Eggi er ein annan støl. Ved Leinehovden er dei fleste bakkane nedanfor, og ei hvile kan trengjast.

Lens-

['lens-]

Lenshamrane er eit hamralag i Hopperstadmarki. Namnet er vandt å tyda. Ei mogeleg tolking er at det har samanheng med gn. lena = få overlata til bruk, og vera genitiv av gn. len n med same tyding. Aasen har lena vb (N. Bergh) = overlata til bruk. Til stor nytte kan desse hamrane aldri ha vore, men i ei trang tid var det mon i alt. Her skal i alle høve ha vore ein husmannsplass her oppe i marka, kanskje har husmannen ein gong fått bruksrett til hamrane. Namnet kan og koma av den germ. stammen hli- = halla, skråna. Det kan vera ei n- avleiing laga på det såkalla svinntrinet, medan lein f er laga med n-suffiks på 0-trinet. Aasen har lina vb = halla seg det vert bruka i måføret uttala lena,- uttalen e i lens - kan vera ei vanleg lægjning framfor konsonantgruppe. Namnet må då tyda hamrane som hallar framover.

Les-

['le:s- og 'less-]

Lesdalen er eit bruk og Lesengi ei inngjerdsle på Seim. Namnet kjem truleg av gn. hlè n = leid, ly. Der er nokre haugar utom Lesdalen som visst liver noko for austavinden som kan vera strid heim Seljedalen, Stadheim og Tenål.

Appellativet le n vert bruka endå t.d. i uttrykket "i le for vinden". Aasen har le n i tyding leside = side som vender frå vinden (sjøspråk)

Lesjøen (Norske Innsjønamn uppl. f. s. 125) har livd mot nord av eit fjell. Hellquist tolkar det svenske namnet Låen av g.sv. ld n = livd, ly eller av g.sv. læ(n) adj. = mild, linn.

Levra-

["lIvra-]

Levravatnet ligg sør for Storavatnet, tilsides med fjellstølen Kvanndalen, og vel 1000 m.o.h. Namnet må vera jamføringsnamn til lever f gn. lifr f., gen. lifrar. Det er noko langvore på skap.

Frå svensk har eg notert Leversjøen ( "Närkes sjønamn" s. 68) som blir tolka av lever. "Norske Elvenavn" har Levra (Rennebu) som Sophus, Bugge meiner har samanheng med lifr f og at namnet kan førast attende til tjukt elvevatn som levra blod. Vatnet i Levravatnet er reint og klårt, så jamføringsnamn av det slaget kan ikkje Levra- vera.

Lofringa-

["låffringa-]

Lofringahaugane er eit 1188 m høgt fjell på vestsida av Storavatnet - på kartet står Muravatnet, eit nytt namn som skal vera etter nokre selmurar like ved, det namnet blir lite og inkje bruka -. "Norske Elvenavn" har Lovravand, i Vik, Sogn nær Vossegrændsen". Dette kan ikkje vera namn på anna enn Storavatnet. Lofringahaugane og oppskrifta "Lovravand" i "NE" talar sterkt for at Storavatnet er eit nyare namn, og vatnet vart noko demt då fyrste kraftverket i Vik vart bygt for snart 50 år sidan, det er mykje truleg at vatnet skifte namn då.

Førelekken Lofring- i Lofringahaugane kan tyda på at vatnet har heitt Lofringen mot dette står då Lovra- i NE. Lofring- er vanskeleg å forklara på andre måtar og me skulle ha venta omlydt rotvokal, om då ikkje suffikset -ing i seinare tid har tevla ut eit tidlegare avleiing med -ung.

Eg meiner suffikset ing opphaveleg ikkje høyrer heime i namnet, men har kome inn i seinare tid, slik det no t.d. held på å gjera i stølsnamnet Ygnesdal, no seier svært mange Ygningsdal. Og når -ing- kan snika seg inn i eit namn som er så kjent og så mykje bruka, måtte det di lettare koma inn i *Lofrahaugane, serleg når vatnet skifte namn, og det vart åleine om Lofranamnet.

Gardsnamnet Lovre i Jelsa (N.G. X) er truleg same namnet det er einaste norske namnet eg har funne å samanlikna med. Magnus Olsen forklårar Lovre av gn. Lofri, lint maskulinum, som han meiner opphavleg må ha vore namn på fjorden. Namnet set han i samband med gamalrisisk luf = slapp, matt Lofri = "den slappe, dorske".

Det svenske namnet Lovene som finst to stader vert av Ivar Lundahl tolka av urgerm *luf- eller *lub-, altså same rota som M. Olsen rekna med i gardsnamnet Lovre. Lundahl meiner at grunntydinga av luf- = hengja slapt ned, og ved tydingsoverføring har så ordet vorte bruka om bratt terreng, og endeleg om staden som ligg ved ein bratt bakke, eit bratt fjell e.l. Etter Lundahl tyder gardsnamnet Lovre staden som ligg i bratta eller som er omgjeven av bratt terreng.

Om Lovra-namnet vårt fyrst har vore knytt til Storavatnet, vil ei slik tyding høva her og. Vatnet er omgjeve av høge fjell på alle kantar, så nær som akkurat der elva renn ut. Om komposisjonsvokalen a i N.E. er rett, vil det vera enklast å forklåra namnet som eit lint hankjønnsord *Lovri, *Lofri som opphaveleg må ha vore namn på vatnet.

Mot ei slik tolking har ein innvenda at mange vatn her på denne kanten av Vikjafjellet ligg i innsøkk med fjell på alle kantar. Dette er ikkje meir karakteristisk for Storavatnet enn for mange av hine. Men lyt difor og sjå på korleis namnelekken Lovra høver på elva som renn ut or Storavatnet. Denne elva- som visst nok er den største på Vikjafjellet - kastar seg utfor eit par stup med det same ho renn ut or vatnet, sidan renn ho så godt som heilt flatt heim heile Endredalen. Den smale dalen med dei bratte fjellsidene understrekar di meir kor flatt ho renn. Her ville luf- med tydinga "roleg" eller kanskje "den som stilnar av etter kvart" høva svært godt. Difor meiner eg det må vera rettast å tolka Lovra- frå eit namn på elva her. Formelt må namnet då vera laga med suffiks -ra, og elva må på gamalnorsk ha heitt *Lofr (gen. Lofrar) då a'en i Lovravand talar mot ei linn form av elvenamnet. Dei germanske suffiksa -ra (n) og ro (n) finst i ei mengd ord (Hellquist: Etymologisk ordbok s XXXIX) Erik Brevner ("Närkes sjönamn" s. 110 og 111) at dei serleg finst i innsjønamn, men elvenamn som Bitra, Dipra, Glitra, Glutra, Gokra o.f. (alle frå N.E.) tyder på at det også må ha vore nytta til å laga elvenamn med.

Lua-

["lu:a-]

Luaklanten er eit fjell over Åse. Derifrå lua (= bles på lur) dei i eldre tider. Ei gamal budeie fortel at i hennar tid lua dei derifrå og heim til Åse. Det høyrest så godt derifrå for det er fjell attanfor. Gamle folk seier endå lua vb om å blåsa på lur og også om å ropa. Lua- kjem truleg av gn. ludr m = lur, (også stokk, stang til vanlag) frå Sogn har Aasen lu m = lur. Namnet kan knapt koma av gn. luda = ljoda, men kanskje av ei sideform luda. Eller også kan det koma av *lùdra vb - laga til lùdr m. Når r'en er fallen bort i ludr og ludra, kan det vera for å unngå samanfall med lura vb (gm. ludra). Bortfallet av -r i ludr må ein vel helst sjå som ei fylgje av at r var fallen i ludra.

Lyknings-

["lYknings-]

Finst i to namn Lykningsgrovi som er merkesgrov mellom Holstad og Voll, lenger nede mellom Voll og Hønsi heiter ho no Hønsigrovi, og Lykningsteigen som må ha fått namn etter grova. Førelekken har truleg anten samanheng med gn. lykna vb = bøya seg eller gn. lykna vb = enda, slutta. Eg vil tru at fyrste tydinga har mest for seg, for det sermerkte med grova er at ho lagar fleire store buktingar. Lykningsteigen ligg ved ei slik stor bukt, ei anna bukt laga Neset (som høyrer til Voll) dette namnet viser at dei har vore merksame på det sermerkte ved grova.

Sjølvsagt kan me ikkje sjå bort frå lykna = enda. Det vert vel då rettast å tolka namnet slik O. Skjerven gjer det ("Bygdeboki for Vik" I) som eit skiljenamn mellom dei to soknene Hove og Hopperstad. Om så er må namnet ha vore gjeve med synsstad frå den eine av soknene. Ei slik namnegjeving er sjølvsagt mogeleg, men me skulle ha venta Merkesgrovi, Skilgrovi eller liknande. Desse namna er elles vanleg bruka, jamf. N.E.

Eit anna spørsmål, som kan vera verd å ta med, er om namnet er så gamalt at det ein gong sette grensa for ei større eining t.d. ein storgard. (t.d. Voll-Hove-Vange). Formelt kan nemleg Lykning- gå tilbake til ei germansk rot *luk- = "tillsluta", stengja (Hellquist) med -ning-suffiks. Namnet kan opphaveleg ha hatt ei form med eit anna suffiks jamfør lykt f = ende med suffiks t<-idó.

Lånings-

["lå:nings-]

Låningshagen er heimestøl til nokre av bruka på Tryti.

Fyrste lekken kan ikkje vera anna enn gn. lon f. I gamalnorsk har dei visst berre funne ordet bruka i tyding langt hus, husrekkje, og det er umogeleg at lån her kan vera nytta i den tydinga. Hjå Aasen finn me lån f = "et løselig oppsatt Hus", og dette høver godt for vårt namn. Låningshagen tyder då "den hamnehagen som har hus" eller "som merkjer seg ut på grunn av hus". Låning f kunne og tenkjast å vera eit appellativ bruka om mindre og lauseleg oppsette hus. Jamfør namnet Lånefjorden i same herad der førelekken må vera lon = stort hus, husrekkja.

2000-2020 © Torstein Hønsi