Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

Feigger-

["faigger-]

Feiggerdalen er på Holstad. Ein gong har her vore ei lita grovasitla, men ho er vekkveita. Dalen er trong med reiner på sidene, men likevel ikkje så trang og djup som ein dal som ligg ved sida av, her renn ei grov. Sett frå naturtilhøva kan faigger godt vera fager, for endå om staden ikkje har krav på å kallast så, er han i alle høve fin samanlikna med den andre dalen. Fager vert og elles bruka i namn på stader som ikkje er altfor vakre. Fagergjela t.d. er ei grov nede i eit trangt, bratt gjel.

Formelt vert det verre å forklara faigger av gno. fagr, det er i så tilfelle det einaste døme eg har funne på overgang a>ai framfor g, og noko sideform fegr til fagr kan ein visst ikkje rekna med har funnest. Derimot vert e>ai framfor g, faigger kan koma av gno. fegri, (komparativ bruka i samanlikning mellom to). Då skulle me rett nok ha venta aksent 2, men kanskje har me her eit døme på aksent 1 med synkope av ein mellomvokal (jamf. Ekre: "Stadnamn frå Midt-Jotunheimen" s. 14.). Elles er det vanleg at orda held på aksent 2 ved slik synkope.

Aksent 1 let seg derimot fullt ut forklara om Feigger- kjem av gno. fegardr m -inngjerding for feet. Lydleg er Fegarddal>Feiggerdal heilt regelbunden med bortfall av d og reduksjon av a i svært trykklett stode. Etter naturtilhøva kan ein godt rekna med at dalane ved sida av - der er eit par mindre i tillegg til den førnemnde - har vore beitemark vår og haust - dei var til for få år sidan inngjerda med sprakegjerde - og at Feiggerdalen såleis tyder dalen ved sida av fegarden. (Jamf. namn som Fesgjerdet i Nummedal og Fesevollen på Tenål).

Fese

["fI:se-]

Fesevollen må vel ha fått namn av gno. fe (gen. fjar). Genitiv -s har me og i Fesgjerdet i e'en er truleg ein innskotvokal for å letta uttalen. Staden som ligg tett nedanfor den bratte Tenålsmarki, er truleg ein gamal mjølkeplass.

Her er inga grov som kan ha heitt *Fisa eller liknande.

Fre-

['fre:-]

Fregardshola og Fregardsholegrøvene er stadnamn i Hola.

Fre- kan mogeleg koma av gno. fridr adj ved lægjing av i>e. Frid i stadnamn vert elles uttala fri: Frihaugane, Frileinene, men lange namn vert ofte uttala mindre tydeleg enn korte. Eg har også høyrt Frihaugane uttala Freheugadne, rettnok av folk som er tilflytta garden for 50-60 år sidan.

Mest truleg kjem Fre- av gno. fræfr adj (også frjor adj) = grøderik jord. Aasen har fræv adj = "frugtbar" som har spirekraft". Ut frå naturtilhøva vil den tydinga høva best, for her er god jord.

Gardsnamnet Frøhol N.G.I s. 37 forklarar O. Rygh av frjor adj. = grøderik.

2000-2020 © Torstein Hønsi