Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

Hall-

["hall-]

Denne førelekken er bruka i fleire namn. Hallteigane (2 g), og Hallteigen (2 g) og dessutan i ein gong i Halvfarsteinen (hallfarsteinen). Siste namnet er greitt. Der har me den samansette førelekken hallfar av halvfare (hallfare) adj., men me legg merke til at namnet har aksent 1, der adjektivet har aksent 2. Trekomposita har ikkje sjeldan aksent 1, der me skulle ha venta aksent 2 (eller me kan sjå ovringa som overgang til aksent 1 ved synkope av ein mellomvokal).

Dei andre namna blir det vandare å føra tilbake til halv, gno. halfr adj., for halv har i samansetjingar alltid aksent 2. Skulle hall- her koma av halv og i eine høvet sa heimselsmannen at namnet visst kom av at dei berre hadde halve teigar der, kan me her ha eit døme på adjektiv som utmerkingslekk i stomnform, endå det ikkje endar på trykksterk vokal.

Elles må me helst rekna med at hall- kjem anten av gno. hallr m = skråning (no hall n) eller av gno hallr m = stein. Aasen har hall m = stein, ll blir ikkje differinsert til dl framfor ei staving som byrjar med konsonant.

I eitt høve må tydinga vera stein, Hallteigane på Seim. Der er rettnok dyrka no, men dei udyrka bakkane like ovanfor er uvanleg steinete, steinen har rasa ut frå fjellet ovanfor.

Hatlekolene eller Hatlekolane

["hatlekå:ledna el. "hatlekå:ladne]

Hatlekolene er nokre reiner på Skjørvo. Ein kan høyra begge uttalane. Eldre folk seier helst Hatlekolene, medan den mest vanlege uttalen no er Hatlekolane.

Den fyrste uttalen er den rett, for grunnordet er bf. pl. av gno. kola f = stad der ein brenn kol. Denne forma er ei nylaging og til ei eldre form i dativ pl.

Dei gamle sa jamt Hatlekolo, fortel Hermund Skjørvo.

Utmerkingslekken er gen. pl. av gno. hasl m.

Helga-

["helga-]

Helgadalen, Helgavatni og Helgahaugen ligg aust for stølane Fyrjane og Gravotn.

Førelekken kjem truleg av mannsnamnet Helgi gen. Helga. Når eg likevel nemner det her, er det fordi Tinghaug ikkje ligg langt i frå. Namnet kan vera samansett med gno. heilagr adj., men der har visst aldri vore funne kultminne som kan tyda på det.

Hunds-

['hUns-]

Hundsdalen er ein liten skrapeteig i Refsdal. Fyrstelekken er vel gno. hundr m (gen. hunds) - ein hund kan på eikor vis ha sett namn på staden.

Hunds- kan også vera bruka med tyding noko ringt, dårleg, slik at det ofte vert: Hundstrave m eller hundsvott m = ein skarve gut (desse orda har elles aksent 2). Hundsdalen tyder om så er, Skarvedalen, og det stemmer med naturtilhøva.

Hustre-

["hUstre-]

Finst i namnet Hustrekleiv (Stadheim). Dette ordet kan ikkje vera anna enn ei samansetjing av hus n og tred n. Namnet kan tyda tredet der det er hus, men heller tyder det tredet ved husa, heimetredet. Jamfør gno. hushagi m med tyding hamnehage nær gardshusa.

2000-2020 © Torstein Hønsi