Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

Perle-

["perle-]

Perlekjelda på Tryti er borte no - nyevegen øydela ho - men namnet lever att i Perlegota og Perlehaugen.

Utmerkingsordet kjem sikkert av perlu obl. kasus til perla f, som må ha funnest ved sida av eller vera ei seinare nylaging til gn. perl f = perle.

At dei gamle sette stor pris på kjeldevatn, vitnar dette fine namnet om, for her nett attmed Hopra var dei aldri plaga av vassløyse.

Pikk-

["pikk-]

Pikkhaug er ein kvass, framstikkande fjellknause i Fjærestad-lidi. Namnet må koma av pik m = ein spiss bergtopp (Ross). Den korte i'en og lange konsonanten er truleg berre vitnemål om ein mindre tydeleg uttale.

Pik m er bruka i norske fjellmamn ved sida av pigg m. "Norske Innsjønamn" Busk f. har Piktjernet.

Pila-

["pi:la-]

I fjellsida over Tenål er den gamle reidevegen mura og mint inn i ein fjellhamar. Ovanfor og nedanfor går han i krokar, men her er han bein. Den vesle vegstrekkja her heiter Pilagalden. Grunnordet er gald m i tydinga veg. Utmerkingslekken er truleg pilar gen. til pil f. Gamalnorsk har berre pila f = spiss odd, men pil f må ha vore ei sideform. Namnet må staden ha fått fordi vegen er rett "bein som ei pil".

Her veks ikkje pil, så namnet kan ikkje ha samanheng med det. Etter O. Rygh N.G. I s. 239, skal dette trenamnet elles vera lite nytta i stadnamn.

Putla-

["pUtla-]

Putlasete og Putlasetholene heiter området sør for Storehaug, der Vik-Voss-vegen går no før han kjem til skardet heimom Ovrisfjellet. Putlasete skal ha vore støl. Det som særmerkjer staden, er dei mange små haugane og holene. Putla- har truleg samanheng med pusla vb og pusl n, i målføret putla og putl og også som adj. putleg (utt. putle). "Det er så putleg til å gå" = der er så seint og vanskeleg å gå fordi terrenget er ujamt "ein putlen veg" = ein sein veg å gå. Adjektivet kan og setjast til eit terrengnamn: ein putlen bakke. Putlasete skulle då tyda stølen der det er "putle" terreng, slik det altså også er. Jamfør namnet Tubbesete som var ein støl som låg eit lite stykke ifrå.

2000-2020 © Torstein Hønsi