Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

Mannspaen

["mannspa:en]

Såleis lyder namnet no, men opphavleg har det vore Mannsbanen. Det er namnet på eit høgt fjell vest for fjellstølen Ygnesdal. På vestsida er fjellet hoggbratt eit par hundre meter utføre. Her skal nokre modøler som var på veg til Arnafjord, ha gått seg utføre ein gong i tida. Segna om dette ulukkeshendet lever både i Modalen og i Vik.

Meia-

["mai:a]

Meiavoll finst to stader i Vik. Der veks ikkje skog på sjølve flatane no, men i reinene rundt om veks der mykje bjørkeskog, og slik har det nok vore på sjølve vollane og.

Namnet må koma av gn. meida (gen. pl. av meidr m.) Det er vandt å seia noko om den opphavlege tydinga. Me kan her ha meidr = tre på rot, men mest truleg tyder meia tre på rot som kan brukast til sledemeidar. Treslaget bjørk tyder på det.

Midlang

["mIdlaong]

Nokre skogteigar oppe på Seimsfjellet heiter Midlangsteigane, her er og Midlangsflaten.

Garden Midlang (gn. 35) mener Rygh må ha heitt Myrlangr med tydinga "garden ved enden av ei lang myr". Dette tolkar han ut frå dei to eldste skrivemåtane me har for Midlang.

Det som er vanskeleg å forsona seg med ved denne tolkinga, er at adj. langr er bruka substantivisk med eit substantiv som utmerkingslekk - me skulle ha venta Langemyr. Adjektivet langr har eg ikkje funne bruka som substantiv i gn., men det er sjølvsagt ikkje noko prov for at det ikkje kan ha funnest. Lydmessig kan Midlaong forklårast av gn. Myrlangr gjennom dei vanlege overgangane rl>dl og a>av framfor -ng men delabiliseringa av y>i ville vera eit sersyn, serleg i samband med m. Også ut frå naturtilhøva let Myrlangr seg forklara som namn på garden Midlang. Garden ligg på vestsida av elva Hopra og femner frå Bø til Fjærestad som kanskje har høyrt til Midlang sin gong i tida. Ned etter langs elva - mellom elva og dei bratte bakkane i dalsida - er det nokså flatt heilt frå Balvoll til Fjærestad. Her må det ut frå naturtilhøva - jamf. dei nemnde bakkane med svært få grøver - ha vore myr.

Derimot kan knapt Myrlangr liggja til grunn for Midlang på Seimsfjellet. Her er ikkje noko lang myr, jamf. også at det ikkje finst noko namn Midlangsmyri. Dette provar sjølvsagt ikkje at gardsnamnet Midlang ikkje kan koma av Myrlangr, dei kan godt ha ulikt opphav.

Me- og Mid- i stadnamn vert av granskarane vanleg førde attende til gn. medal-, mid, og sidan eg har vanskar med formelt å godta Myrlangr som opphav til Midlang, kan eg tenkja meg gardanamnet Midlang laga såleids: Namnet kan fyrst ha vore *Lang-myrr. Den opphaveleg store garden (der er 7 bruk no, og kanskje har også Fjærestad høyrt til) kan ha vore delt, og ein mann vart buande på *Midlangmyrr. Dette var eit langt namn, og ved trykklett uttale av siste leden kan han ha vorte apokopert. At garden to gonger (og i dei eldste kjeldene me har) er skriven Myrlangr, kan forklarast såleis: Tradisjonen har visst å fortelja at myr skulle finnast i namnet - naturtilhøva var og eit tydeleg vitnemål om det, etter at myr var fallen bort i uttalen, sette dei "myr" innatt i framenden av namnet, der uttalen kunne tyda på at det før hadde vore.

Førelekken i Midlang på Seimsfjellet er visseleg gn. mid-. Her skal det vera så på lag halvgått frå Seim og til øvste garden i Feios. Namnet kjem vel av ei samansetjing av Midlang- og eit substantiv, truleg eit app. for veg, stig e.l. Folk kan ha tykt at det var lang veg mellom dei to stadene og har kalla vegen etter det. Midlang tyder då midtveges på den lange vegen.

Mor-

[må:r-]

Denne utmerkingslekken finst i eitt namn, Morkleivi. Førelekken må vera gn. mordr = mår, endå uttalen ikkje tyder på det, for o framfor -rd vert vanleg uttala ou. Denne uttalen har me i Morfella - eit stadnamn og heimelsmannen opplyste for det at før nemnde dei dyret mour og ikkje mår.

Uttalen for dette ordet ser ut til å vera ulik i Sogn. A.B. Larsen har uttalen mor og moor for Luster og Hafslo, mår for Sogndal, Leikanger, Balestrand, Hyllestad og Lavik og mour att i Gulen. Uttalen maor som A.B. Larsen har og Vik, kan i alle høve ikkje vera rett.

Mutre-

["mUtre-]

Mutrehaugane er i fjellstølen Vikjadalen. Namnet må koma av mutra vb. som Ross har med tydinga "halda seg avsides" frå Sogn, med same tydinga har Aasen det frå Hallingdal. Verbet må vera ei r-utviding til det meir vanlege muta= løyna, søkja gøymestad. Frå gn. har Fritzner á mutur = i løynd.

Namnet er uskjøna for korkje muta eller mutra er bruka no i Vik med slik tyding.

Haugane har nok fått namnet for di kyrne lett har kunna løyna seg bak dei.

Myse-

["mY:se-]

Finst berre i Mysevollen og Mysestokken som har fått namn etter Mysevollen. Mysevollen ligg ved Hopra og er nedste hyrna av Hønsigardane.

Namnet er ikkje lett å tyda. Ein kunne tenkja på gn. myse f = mysa, motsett osten i sur mjølk. Namnet må då sikta til våt, sur jord, og slikt er her og. N.E reknar med myse f som førelekk i elvenamnet Mysuholta.

Namnet har og koma av ei avlydsform *mus- til mose m, gn mosi, med omlyd, y i myse må koma av gn.y<u som samstavar med den korte o'en i mosi.

Truleg er dette den rette tydinga. Folk vil ha det til at det var så mykje mose her, og mosen nytta dei til å tetta timmerriver o.l. med, å mysja kalla dei det.

Vått og myrlendt var det alle stader her så det måtte vera eit dårleg utmerkingsord.

Endeleg kan namnet koma av eit bortgløymt namn på grova som kløyver vollen i to. Grova kan ha heitt *mysa ei ion- avleiing til ein stomn mus- som finst i musa, mysja = kviskra, mumla (Aasen). Grova som er stor ofte, renn mest heilt flatt og greier vel ikkje laga anna enn kviskrelydar. (Jmf. dei mange norske elvenamna med føreled mus-, sjå N.E. s.166, Rygh set dei rett nok i samband med mus f, gn. mus f).

Målsete

["maollse:te]

Målsete er fjellstøl for nokre bruk på Hønsi og i Bø. Stølen ligg ved den gamle kløvjevegen mellom Vik og Mørkdalen. Her er eit vatn, Målsetvatnet, som var det største på Vikafjellet, også før det var oppdemt. På Målsete renn elva Målseta i vatnet. Ho er vanleg ikkje stor, men ho flyg fort opp i regnver. Lenger ute renn elvane Fossa og Hestavolla i vatnet.

Utmerkingslekken mål- kan koma av gn. mal n som kunne tyda så mangt. Ein god slump svenske stadnamn inneheld i fylgje tolkarane same ordet, og dei tyder der oppmælt eller tilmælt jordstykke. Denne tydinga kan me sjå bort ifrå her.

Den einaste tydinga som kan høva av gn. mål = måltid, matamål. Stølen må om så er, ha fått namnet fordi folk som for reidslevegen kvilde og åt her. På den måten blir Målsnes i same heradet forklara (N.G. XII A. Kjær), men medan Målsnes har aks.1, har Målsete aks.2, og må i tilfelle vera laga av gen.pl. av mál n.

Ein kunne vera freista til å tru at dette store vatnet midt i farleida må ha hatt eit namn eldre enn stølsnamnet. Kan utmerkinslekken i Målsete vera henta frå eit namn på vatnet? Nokon annan peikepinn om eit tidlegare namn på vatnet finst i alle høve ikkje. Gn. mol f = stein- og sandbanke- som så mange norske innsjøar og gardar har fått namn etter i fylgje N.G. (td. Måløya, Fister BX, Målsjøen, Klæbu B XIV og Målneset i Kvæfjord B XVII), ville ikkje ha gjeve uttalen maol men maol eller mal (av genitiv sing. malar).

Magnus Olsen tolkar fjord- og bygdenamnet Malangen (arkiv for Nordisk Filologi B XXII s.104 o.f. og N.G.) av *mal- som finst i gn. malr m = pose, sekk. Gardsnamna Målsnes, Målsjord og det opphavlege elvenamnet Målselv meiner M. Olsen kjem av hovudforma *malh- som ved bortfall av h vart mal-. Til stønad for at stomnen opphaveleg har hatt h, fører M. Olsen opp g. høgtysk malaha f = veske av ler. Også gardsnamnet Molvik (uttale med rein å og aks. 2) tolkar M. Olsen av stomnen *Malh- (N.G. XI Hosanger). Han meiner at det er fjordane som har gjeve opphav til namnet. Dei skal vera lange og smale og vidare inst enn ytst.

Det same kan ikkje seiast om Målsetvatnet. Før det var demt, var det mest heilt rundt. Men ein sekk er også rund, og dessutan ligg det som i ei rund gryte med høge fjell på alle kantar. Om denne tolkinga er rett, må namnet på vatnet ha hatt linn form gn. *máli<*malhan.

(Også Molvik i Hosanger har, som før nemnt, aks 2, og kanskje er her også grunnlag for ei jamføring med gardsnamnet Målen som og har aks 2 (sjå N.G. I s.81)).

2000-2020 © Torstein Hønsi