Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

Uksen

["Uks*n]

Uksen er eit innmarksnamn på Hopperstad. Namnet må vera bf. sing. av okse m (gn. uxi eller oxi m). Men kvifor staden heiter så, veit ingen no.

Utle-

["Utle-]

Ordet har me i Utlebøen og Utlebøhammaren på Ovri, Utleteigane på Stadheim og Utlebrenna på Grønsberg.

Utmerkingslekken er sikkert utløe f. Dette appellativet bruka dei om løer dei hadde rundt om på garden og dei hadde ofte mange, for heimeløa var ikkje så stor.

Ein kunne og tenkja på adjektiva usleg (hjå Aasen) og usseleg (Ross). Men desse er ikkje i bruk i Vik. Om dei kan ha vore det og vore uttala med t, er uråd å seia (usseleg er bruka på Voss) men desse orda har vanleg ei tyding som ikkje høver i marknamn.

2000-2020 © Torstein Hønsi